Helse Fonna Postboks 2170 Fellestenester Politisk sekretariat Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad 5504 HAUGESUND Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. 2012/2166-4 Dykkar ref. Dato 28.09.2012 Plan for psykisk helsevern i Helse Fonna - Høyringsuttale Kommunestyret hadde saka føre i møte 27.09.2012, sak 2012/68. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Med helsing Mette Guddal utvalssekretær
Side 2 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2012/2166-1 Gunn Tove Petterteig Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2012/113 Formannskapet 13.09.2012 2012/68 Kommunestyret 27.09.2012 Plan for psykisk helse i Helse Fonna. - Høyrings uttale Innstilling frå Rådmannen: - finn mykje positivt i planen. Det er bra med robuste fagmiljø og at ein satsar på polikliniske og ambulerande team som kan bistå kommunane. At ein satsar på brukarstyrte senger ved Distrikts psykiatriske senter (DPS) er førebyggjande og til god hjelp for. - For er det viktig med ein akutt post knytt til Valen sjukehus. - Kommunen meinar at Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) med rehabilitering/ habilitering burde vore meir fokus på i planen. Behandling i Formannskapet den 13.09.2012 Delt ut på møtet: Uttale frå råd for funksjonshemma møte 23.08.12 Uttale frå eldrerådet møte 05.09.12 Innstillinga samrøystes. Innstilling frå Formannskapet den 13.09.2012 - finn mykje positivt i planen. Det er bra med robuste fagmiljø og at ein satsar på polikliniske og ambulerande team som kan bistå kommunane. At ein satsar på brukarstyrte senger ved Distrikts psykiatriske senter (DPS) er førebyggjande og til god hjelp for. - For er det viktig med ein akutt post knytt til Valen sjukehus.
Side 3 - Kommunen meinar at Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) med rehabilitering/ habilitering burde vore meir fokus på i planen. Behandling i Kommunestyret den 27.09.2012 FRAMSETTE FORSLAG FRÅ: Hildegunn Eiane Aarthun (Krf): Kommunen meiner at det må vera større fokus på tverrfagleg spesialisert rusbehandling og rehabilitering i tida framover enn det som går fram av planen. vil peika på at Valen har gode føresetnader til å gje eit slikt tilbod både utifrå opparbeidd fagleg kompetanse og den geografiske plasseringa som gir høve til å nytta området omkring. Når det gjeld ei vidare funksjonsdeling mellom DPSa, må ei slik deling evt. gjennomførast slik at intensjonen bak desse sentra, geografisk nærleik for pasient til dagtilbod / poliklinikk blir i varetatt. Kjell Yri (V) / Marit E. Totland (Krf): Døgntilbodet for Barne- og ungdomspsykiatrien på Stord må framleis lokaliserast på Stord, om tilstrekkeleg kompetanse er tilstades. RØYSTING: Innstillinga samrøystes vedteken Aarthun sitt forslag samrøystes vedteke Yri / Totland sitt forslag samrøystes vedteke Vedtak frå Kommunestyret den 27.09.2012 finn mykje positivt i planen. Det er bra med robuste fagmiljø og at ein satsar på polikliniske og ambulerande team som kan bistå kommunane. At ein satsar på brukarstyrte senger ved Distrikts psykiatriske senter (DPS) er førebyggjande og til god hjelp for. For er det viktig med ein akutt post knytt til Valen sjukehus. Kommunen meinar at Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) med rehabilitering/ habilitering burde vore meir fokus på i planen. Kommunen meiner at det må vera større fokus på tverrfagleg spesialisert rusbehandling og rehabilitering i tida framover enn det som går fram av planen. vil peika på at Valen har gode føresetnader til å gje eit slikt tilbod både utifrå opparbeidd fagleg kompetanse og den geografiske plasseringa som gir høve til å nytta området omkring. Når det gjeld ei vidare funksjonsdeling mellom DPSa, må ei slik deling evt. gjennomførast slik at intensjonen bak desse sentra, geografisk nærleik for pasient til dagtilbod / poliklinikk blir i varetatt. Døgntilbodet for Barne- og ungdomspsykiatrien på Stord må framleis lokaliserast på Stord, om tilstrekkeleg kompetanse er tilstades.
Side 4 Saksutgreiing: For å vise at planen også omfattar eit tilbod til pasientar som er avhengige av rusmidlar er det ønskeleg å kalle planen Plan for rus og psykisk helsevern Barne og ungdomspsykiatrien (BUP) meinar det er rett å styra mot eit robust og sterkt fagmiljø. Dette er viktigare enn reiseavstand når det gjeld innlegging. Rådmannen meinar det er bra at den polikliniske verksemda som blir utført ved BUP blir styrka. For er det viktig at eit slikt poliklinisk tilbod blir gitt så nær brukaren som mogeleg. For pårørande er det viktig at ein får koma raskt til når det viser seg at barnet/ ungdommen har behov for utreiing/ behandling eller når situasjonen heime ikkje lenger er tilfredstillande og ny eller endra behandling bør setjast i verk. opplever at terskelen for å koma til poliklinisk, er høg. For Kvinnherad er det viktig at Helse Fonna kan tilby døgnopphald i vanskelege saker. Desse sakene er få, men viktige for kommunen å få hjelp i. Det kan dreie seg om medikament tilpassning, endring på medikament eller ved evaluering av behandling. Vi ser at samhandlinga mellom kommunen og BUP kunne vore betre og det er viktig at ein legg opp til gode samhandlingsarenaer slik at kommunen og BUP får ein felles forståelse for eventuelle problem. Vaksen psykiatri Sjukehusnivå For er det viktig at det er ein akutt post knytt opp mot kvart sitt sjukehus med dei styrker det omfattar. Det kan dreia seg om pasientar som treng ekstra ressursar for å bli stabiliserte, eller som treng tvangstiltak for å koma over den akutte krisa. Distrikt psykiatriske senter (DPS) ser svært positivt på at ein skal oppretta brukarstyrte senger og ambulant verksemd i alle Distrikt psykiatriske sentera (DPS) i Helse Fonna. Brukarstyrte senger er eit tiltak som har vist seg å vera førebyggjande og ei god hjelp for kommunane. I planen er det sagt lite om funksjonsfordeling mellom DPSa, for kommunen er det viktig at dei alle har utreiingskompetanse på relativt vanlege sjukdommar. ECT- behandling (Elektrokonvulsiv terapi) blir gitt pr. i dag i Haugesund. Våre pasientar må då reise til Haugesund og overnatte for å få ein slik behandlingsserie. ser svært positivt på at også Stord Sjukehus blir gjort i stand til å utføra denne behandlinga, slik planen legg opp til. For sine innbyggjarar betyr dette at behandlinga kan skje poliklinisk og folk kan bu heime medan dei får behandlinga. Planen skisserar eit sjukdomspanorama som viser at psykisk helse og rus er aukande. Det er spesielt blant unge mellom 16 og 24 år. Alkohol blant eldre er i vekst og at legemiddelassistert rehabiliterte tenester er aukande. Den seier også noko om auke i depresjon og angst. For
Side 5 er det viktig at tenestene i spesialist helsetenesta er i stand til å møta desse endringane. Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) Bergen har etablert eit rusakutt tenestetilbod med avrusning og stabilisering. Dette tilbodet har vist seg å vera vellykka. Helse Fonna bør vurdera å sjå til Bergen for å utvikla eit liknande tilbod. I dag vel, jf. pasienten sin rett til fritt sjukehusval å tilvise pasientar til Bergen då dei mellom anna kan tilby meir saumlause behandlingstiltak i form av akutt avrusing og stabiliseringsopphald for denne pasientgruppa. Ei av dei store utfordringane i høve rusbehandling er at det ikkje plass umiddelbart når pasienten er motivert for behandling. Ein blir ståande på ei venteliste og når ein endeleg får plass, er motivasjonen borte. Lange ventelister og liten kapasitet på avrusning fører til unødig lidingar for ei pasientgruppe som vert svært sjuke og der fleire ikkje greier å nyttiggjera seg behandlinga den dagen slikt tilbod ligg føre. saknar eit behandlingsopplegg i TSB der rusmeistring vert jobba aktivt med. For kommunen er det også viktig at pasientane får relevant behandlingsplass innan rimeleg tid. Mangel på særleg akutt avrusing og stabiliseringsopphald gjer at kommunen tilviser pasientar til Helse Bergen og elles kjøper denne type tenester hjå private aktørar utanfor kommunen. TSB rehabilitering/ habilitering har mest nytteverdi når pasienten er motivert og har vore gjennom eit behandlingsopplegg som styrker pasienten sin rusmeistring og vidare eit tett samhandlande fokus mellom pasient spesialisthelsetenesta og kommunen for støtte til å fremje tilhøyrsle, sjølvstende og meistring av eige liv. synest planen kunne fokusert meir på dette feltet og spesielt sidan dette blir eit område i vekst. Med fokus på brukar brukarperspektivet - rusmeistring med det det inneber som behandlingstilnærming - og tett samarbeid med kommunen for vidare støtte og oppfølging etter endt behandling er avgjerande. Eit slikt tilbod ville vore svært teneleg for Kvinnherad om det blei lagt til Valen sjukehus eller til Folgefonn DPS. Sidan dette er ein rus- og psykiatriplan saknar at det også vert vist til Nasjonale og regionale føringar, mellom anna Stortingsmelding nr.30 -Se meg Ytre Sunnhordland samhandlingsteam (YSS) er eit svært godt tilbod og hjelper kommunane godt. meinar dette hadde vore ein god modell for alle DPSa. Alderspsykiatri Kommunane treng i større grad koordinert/spesialisert hjelp i høve til eldre med kombinerte rus/ demensproblem. Der det har vore eit langvarig rusproblem med alkohol som igjen gjer at personen misser fysiske, kognitive og mentale funksjonar og vert tidleg (60-70 år gamle) hjelpelause/demente på alle måtar i kvardagen sin. Det er difor viktig at alderspsykiatrien har kompetanse til å hjelpa kommunane på dette området. Det er også viktig når kommunane sender ein pasient til utreiing og det blir nødvendig med fleire spesialiserte sjukehus undersøkingar, at det då er alderspsykiatrisk eining som vidaresender pasienten til andre undersøkingar (somatikk). ønskjer å understreka viktigheten av dette. Det er viktig at gode samhandlingsarenaer blir etabler i kommunane med demensteam og sjukeheimslegane slik at vi får ein felles forståing for våre arbeidsområde.
Side 6 Konklusjon finn mykje positivt i planen. Det er bra med robuste fagmiljø og at ein satsar på polikliniske og ambulerande team som kan bistå kommunane. At ein satsar på brukarstyrte senger ved alle DPSa er førebyggjande og til god hjelp for For er det viktig med ein akutt post knytt til Valen sjukehus. Kommunen meinar at TSB med rehabilitering/ habilitering burde vore meir fokus på i planen. Uttale frå Eldrerådet: Uttale frå Rådet for dei funksjonshemma: Økonomisk konsekvens: Miljømessig konsekvens: Vedlegg: