Vurdering av motsegner til arealdelen mars 2011 - Framlegg til vidare prosess 1. Motsegner til hyttebygging Frå Landbruksavdelinga, Fylkesmannen: 1.1 Lundarvollen, SH 42 (innspel nr. 42) Innstilling frå rådmannen var å ikkje godkjenne området ut frå strategien om ikkje ta i bruk nye område for hytteutbygging, samt omsynet til skogbruksinteressene (område med middels og høg bonitet) og at området ligg eksponert mot Totak. Motsegna frå FM byggjer på konflikt med skogbruket, og at ein opnar opp for hyttebygging i område som ikkje er teke i bruk til dette føremål tidlegare. Råd om vidare prosess: Ta motsegna til følgje. Tilsvarande område ved Øymarki (Ragnhild Kjelland) vart avslege. Området leggjast inn som LNF område. 1.2 Grungedal, SH 43 (innspel nr. 28) Innstilling frå rådmannen var å ikkje godkjenne innspelet av omsyn til m.a. landbruksinteresser, nærleik til dyrkamark, busetnad, vatn, potensielt rasområde og E134. Planutvalet gjekk inn for innspelet. Motsegna frå Fylkesmannen byggjer på konflikt med dyrkamark, men det ligg føre fleire andre konflikter. Råd om vidare prosess: Ta motsegna til følgje. Området leggjast ut til LNF område. 1.3 Roe i Øyfjell, SH 19 (innspel nr. 47) Innstilling frå rådmannen var å gå inn for dei to tomtene, fordi ein fann at alternativet sør for vegen var lite i konflikt med landbruksinteresser, men at det ligg i nærleiken av kulturlandskapet. Det ligg ei hytte i same området. Motsegna frå Fylkesmannen byggjer på konflikt med Kulturlandskap/ jordbruk. Råd om vidare prosess: Dialog med Fylkesmannen for å finne ei løysing. Marginalt område for jordbruk. 1
1.4 Haugestøylmarki, SH 44 (innspel nr. 42) Innstilling frå rådmannen var å ikkje godkjenne innspelet, ut frå strategien om ikkje ta i bruk nye område for hytteutbygging, samt omsynet til skogbruksinteressene (område med middels og høg bonitet). Motsegna frå FM byggjer på konflikt med skogbruket, og at ein opnar opp for hyttebygging i område som ikkje er teke i bruk til dette føremål tidlegare. Råd om vidare prosess: Ta motsegna til følgje. Området leggjast inn som LNF område. 1.5 Våmarvatn, SH 26 (innspel nr. 24) Innstilling frå rådmannen var å godkjenne innspelet, som går ut på å fortette i eit område som i dag er lagt ut til spreidd hyttebygging, med gjeldande reguleringsplan. Motsegna frå FM byggjer på at dette gjeld eit veldig stort område som òg inneheld skoginteresser. Motsegna gjeld difor avgrensinga av området. Råd om vidare prosess: Endre avgrensinga av SH - området, slik at ein tek ut enkelte ubygde delar med skoginteresser. Dialog med grunneigar og FM om dette. 1.6 Åsbrekk, byggjeområde F8 (innspel nr. 17) Innstilling frå rådmannen var å leggje ut eit område på eigedomen til Ragnhild Kjellande sør for eks hyttefelt ved Gravastøyl. Innspelet gjaldt ynskje om byggjeområde ved Øymarki (ut mot Totak) og vest for gjeldande hyttefelt ved Gravastøyl. Begge desse var mindre eigna av omsyn til å ta i bruk nye område, INON, terreng, eksponering m.m. Ein lag difor inn eit område ein meinte var betre eigna ved Åsbrekk. Kielland har i høyringsperioden kome med nytt innspel om at området ved Gravastøyl er lite aktuelt pga mangel på vegsamarbeid. Motsegna frå Fylkesmannen byggjer på konflikt med skogbruk. Råd om vidare prosess: Ta motsegna til følgje. Grunneigar ynskjer òg ei anna plassering. LNF område. 1.7 Øygarden, byggjeområde F9 (innspel nr. 59) Innstilling frå rådmannen var å leggje ut området til byggjeområde. Gjeldande reguleringsplan for hyttebygging frå før. Alt teke i bruk til hytter, men ligg nær gard og kulturlandskap. Motsegna frå Fylkesmannen byggjer på konflikt med skogbruk. Råd om vidare prosess: Dialog med fylkesmannen for å kome fram til ei løysing, vurdere landbruksinteressene. Marginale landbruksinteresser, uproduktiv skog. 2
Frå Miljøvernavdelinga, Fylkesmannen: 1.8 Rusbu 139/4, SH område for to tomter (innspel nr. 12) Innstilling frå rådmannen var å ikkje gå inn for innspelet, grunna nærleik til villreinområde, sårbart landskap og eit relativt lite utbygd område. Motsegna frå Fylkesmannen byggjer på konflikt med nasjonale interesser, randsona til villreinen sitt leveområde, samt inntil Bjortjønn fuglefredningsområde. Råd om vidare prosess: Ta motsegna til følgje. Området leggjast inn som LNF område. 1.9 Grønnuten 98/1 motsegn til dei 8 nye tomtene (innspel nr. 38) Innstilling frå rådmannen var å ikkje gå inn for vidare utbygging i området, utover dei 6 ubygde tomtene, grunna nasjonale interesser villrein. Motsegna frå Fylkesmannen byggjer på konflikt med nasjonale interesser, villrein og viktig trekkområde. Råd om vidare prosess: Ta motsegna til følgje. Området leggjast inn som SH område med høve til å byggje på dei 6 ubygde tomtene. 1.10 Torva 148/4 SH område for 4 nye tomter Innstilling frå rådmannen var å ikkje gå inn for innspelet, grunna nærleik til fuglefredningsområde, samt at området er relativt urørd og utan veg/ infrastruktur fram. Motsegna frå Fylkesmannen byggjer på konflikt med nasjonale interesser, historisk villreintrekk, samt nærleik til Bjortjønn fuglefredningsområde. Råd om vidare prosess: Ta motsegna til følgje. Området leggjast inn som LNF område. 1.11 Bykleheia 96/4 Denne motsegna byggjer på feil grunnlag, noko som Fylkesmannen er gjort kjent med. Innspelet om 4 hytter ved Sæsvatn vart ikkje lagt inn i arealdelen. 3
2. Motsegn vedkomande risiko og sårbarheit 2.1 Motsegn frå bredeskapsavdelinga, Fylkesmannen, samt NVE Fylkesmannen er av den oppfatning at resultatet av vurderingane av risiko og sårbarheit (ROS) i KU, ikkje i tilstrekkeleg grad er fylgd opp i planframlegget, og har med bakgrunn i dette motsegn til planen. NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har motsegn med same grunngjeving. Dei to motsegnene vert difor vurdert/ handsama i lag. Fylkesmannen og NVE ynskjer primært at potensielle rasområde merkast av på plankart som hensynssoner. Grunnen til at dette ikkje er gjort, er at plankartet blir lite lesbart då hensynssonene vil ta veldig mykje plass i ein kommune som Vinje. Alternativt nemner dei det å lage eit eige temakart med hensynssone ras på. Ein har drøfta motsegna med NVE. Det er som nemnd fleire måtar å løyse motsegna på, det er berre å finn rette metoden som er god nok for FM og NVE. Det kan òg vere andre måtar enn dei som er nemnde: Ramse opp område som område som må undersøkjast nærare med omsyn til ras, eller leggje inn omsynssoner på kartet i området som er lagt inn med høve for ei eller anna utbygging (SH, SBY o.l.). Råd om vidare prosess: I dialog med Fylkesmann og NVE kjem ein fram til ein metode som tilfredstiller krava. 3. Kulturminne: Krav + faglege råd - Fylkeskommunen 3.1 Endring i føresegner Fylkeskommunen har bedt om følgjande endring i føresegene til planen (i ramme): Merknader som MÅ takast til følgje (grunn til motsegn mot planen frå Telemark fylkeskommune): Under punkt 1.6 i generelle føresegner må siste setning endrast til: Ved bygging av vegar og ved frådeling av hyttetomter og bustadtomter der det ikkje ligg føre plankrav, skal regional kulturminneforvaltning ha saka til uttale før vedtak vert fatta. I tillegg må denne setningen takast med under punkt 1.6: Alle tiltak som kjem i direkte berøring med eller ligg i nærleiken av kulturminne eller kulturmiljø freda etter kulturminnelova skal sendast regional kulturminneforvaltning for uttale, jf. Pbl 11-9 pkt. 7. Desse setningane må leggjast inn som føresegner, ikkje som retningsliner. 4
Råd om vidare prosess: Dette er i hovudsak ei oppretting/ presisering av føresegnene, og bør vere uproblematisk. 3.2 Hensynssoner - kulturminne Fylkeskommunen gjev fagleg råd om innlegging av hensynssoner kulturminne for 3 område, med tilhøyrande retningsliner (uttale frå FK i kursiv): I tillegg ber vi Dykk ta med tre omsynssoner i planen. To omsynssoner (omsynssone 1 og 2) etter pbl 11-8 c) med føremål bevaring av kulturmiljø, og ei omsynssone etter pbl 11-8 c) med føremål bevaring av kulturmiljø og landskap. Omsynssonene er ikkje ei freding av områdene, men er ei markering av område med tett samling av viktige automatisk freda kulturminne og stort potensial for funn av uregistrerte automatisk freda kulturminne (omsynssone 1 og 2), og område med gardsanlegg av nasjonal og regional verdi (omsynssone 3). Oppretting av omsynssoner vil føre til ei meir føreseieleg sakshandsaming i områda. Formålet med å sette området til omsynssone c er at det i kommuneplanen kan gjevast retningsliner som begrenser verksemd, set vilkår til tiltak og om prosedyrar for sakshandsaming for søknad om tiltak. Omsynssone 1, Vinjar Området har svært tett samling av automatisk freda kulturminne, frå steinalder, jernalder og mellomalder. Dei automatisk freda kulturminna femner om både gravhaugar, flatmarksgraver, kolgroper, kokegroper, steinalderlokalitetar, ståande bygningar frå mellomalderen, og eit ødegardsanlegg som truleg kan daterast attende til jernalder/mellomalder. Vinjar er til ein viss grad utsett for utbyggjing grunna nærleiken til barneskule og kyrkje. Høghastighetsbanen som er på planleggjingsstadiet er teikna inn i dette området på plankartet. Retningsliner til omsynssone 1 Omsynssone c) med føremål bevaring av kulturmiljø. Ved handsaming av byggjesøknader og søknader om tiltak i landbruket skal regional kulturminneforvaltning ha saka til uttale før vedtak. Omsynssone 2, Sæsvatn I området mellom austsida av Sæsvatn og Nybu er det ein høg konsentrasjon av funn knytt til jern- og kolframstilling. Det er og avdekka ei jernaldertuft på ein eldre stølsvoll i området. Dette er ein sjeldan kulturminnekategori i Telemark med høg kulturhistorisk verd. Det er ein klar kulturhistorisk samanheng mellom kulturminna i området, og dei viser til utstrakt bruk av området opp gjennom jern- og mellomalderen. Dei registrerte kulturminna fordeler seg på to konsentrasjonar. I kommuneplanen er området tenkt sett ut til spreidd hyttebygging, noko som vil føre til press på eit verdefullt kulturmiljø med høgt potensial for funn av uregistrerte automatisk freda kulturminne. Retningsliner til omsynssone 2: Omsynssone c) med føremål bevaring av kulturmiljø. Ved handsaming av byggjesøknader og søknader om tiltak i landbruket skal regional kulturminneforvaltning ha saka til uttale før vedtak. 5
Omsynssone 3, Lognvik Omsynssone 3, Lognvik, har ei tett samling med kulturminne av nasjonal, regional og lokal verdi. Lognvik-gardane og Lognvik-saga ligg tett mot eit område som er utsett for spreidd hyttebygging. Lognvik Søre, ID 86812, bør visast som egen omsynssone D innan for omsynssonen, for å vise vern etter kulturminneloven. Retningsliner til omsynssone 3 Omsynssone c) med føremål bevaring av kulturmiljø og landskap. Nybygg i omsynssonen skal trekkast vekk frå og utformast med omsyn til eksisterande busetnad og skal ha god estetisk utforming i seg sjølv og i høve til omgjevnader. Vegetasjonspreget i omsynssonen skal oppretthaldast. Ved handsaming av byggjesøknader og søknader om tiltak i landbruket skal regional kulturminneforvaltning ha saka til uttale før vedtak. Det er laga kartutsnitt for dei aktuelle områda, der omsynssonene er lagt inn (vedlegg). Råd til vidare prosess: Dersom vi skal ta inn desse hensynssonene for kulturminne i planen, må dei sendast til dei aktuelle grunneigarane på høyring i den ekstraordinære høyringsrunden. Ein legg spørsmålet fram ope for planutvalet. 6