på vegne av barn og unge



Like dokumenter
på vegne av barn og unge

Fra ung ufør til føre var Haugesund

Mot til å se evne til å handle Sola Bernt Netland og Marit Ness

48 Fråvere og fråfall i skulen

HAUGALANDSLØFTET Frå ide til prosjekt! Sigmund Lier, rådgjevar Tysvær kommune

YSS BrukerPlan TI HLøftet BTI. noe for helse torget?

Fagsamling Prosjektleder Marit E. Ness

HAUGALANDSLØFTET. - På vegne av barn og unge

Midtveisevaluering av Haugalandsløftet. Sammendrag av rapporten for prosjektperioden

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Haugalandsløftet Haugalandsløft

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Samhandling mellom opplæring og helse Statped Vest sitt bidrag

Mot til å se evne til å handle

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

PPT no og i framtida.

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Saksbehandler: Linda Velle Sjøen Arkiv: A24 Arkivsaksnr.: 15/4202

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

VEDTEKT av februar 2007

Framlegg til planprogram

Referat frå møte

Frå tre små til ein stor.

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Møteinnkalling Formannskapet

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Tverrfagleg samarbeid i skulen

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

/0,)1- 9 -jut, ' 1)15. Avtale mellom Bokn kommune, Helse Fonna HF og Høgskolen Stord / Haugesund. Felles FoU eining for samhandling (FOUSAM)

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

PPT-organisering i Sogn Oppsummering og tilråding frå prosjektleiar

Barnehageplan for Vinje kommune

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KOMPETANSEKATALOG del I 2000 / 2001

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar Venke Johansen og Inge Nordhaug

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Tysvær kommune - erfaringar med tverrfagleg arbeid. Sigmund Lier - rådgjevar Tysvær kommune

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

Jeg/vi gir ikke tillatelse til at barnehage overfører informasjon om Namn: Etternamn: Fødselsdato: til skole.

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Rådmannsutvalet Førde

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Eit utviklingsprogram for folkevalde- og administrative skuleeigarar

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

OVERORDNA AVTALE OM SAMHANDLING MELLOM DET KOMMUNALE BARNEVERNET OG DET STATLEGE BARNEVERNET I REGION VEST

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2014/15

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kva. Statped Vest. kan tilby regionen? Steinar Sandstad. Statped Vest. 6. februar 2009

Transkript:

HAUGALANDSLØFTET på vegne av barn og unge HAUGALANDSLØFTET SKAL FØRE TIL AT BARN OG UNGE FÅR UTNYTTA RESSURSANE SINE OG BLI GODT INKLUDERT I DET ORDINÆRE OPPLEGGET I BARNEHAGE OG SKULE

4 hovudområde for innsats i Haugalandsløftet: Kompetanseheving Kvalitetssikring Fornying/forenkling Tverrfagleg og fleirfagleg samhandling Fokusområde i kommunane: Utvikla barnehage, skule og hjelpeapparat som ein heilskap Tidleg innsats Leggja til rette eit læringsmiljø som er tilpassa det einskilde barnet Rett kompetanse og strategisk bruk av kompetansen som organisasjonen alt har Betre læringsutbyte Utviklingsarbeidet skal visa igjen der barna oppheld seg i barnehage og skule God organisering

Haugalandsløftet 10 kommunar på Haugalandet samarbeider om Haugalandsløftet. Prosjektet er eit forskingsbasert kompetansehevingsprosjekt retta mot barnehage, skule og PPT. Prosjektperioden varer fram til sommaren 2017. Første undervegsevaluering er planlagt hausten 2014. Bakgrunn for prosjektet: Tal på barn som mottek spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning i barnehage og skule er høgt på Haugalandet. Haugalandsløftet skal føre til at barn og unge får utnytta ressursane sine og bli godt inkludert i det ordinære opplegget i barnehage og skule. Kommunane ønskjer forskingsbasert kompetanseutvikling for å oppnå betre kvalitet. Kommunane har ønskje om å kunna tilby meir tverrfaglege tenester på dei arenaene barna er. Satsingsområde: I Haugalandsløftet har ein brukt ein del tid på å kartleggja innanfor kva område barnehage, skule og PP-teneste treng meir kompetanse. Den allmennpedagogiske kompetansen skal styrkast ved etterutdanning, systematisk bruk av nettverk, kurs, rettleiing m.m. Det er semje i kommunane om at ein må prioritera fokus på kompetanse innanfor desse områda i Haugalandsløftet: Rettleiing Pedagogisk leiing Relasjonskompetanse Kartleggjing og observasjon av barn. Oppfølgjing med rette tiltak Danningsomgrepet Analyse- og vurderingskompetanse Strategisk planleggjing Endrings- og innovasjonskompetanse Psykisk helse og rusførebyggjande arbeid

Kva skjer i kommunane? Innsatsen skal setjast inn på eit tidleg tidspunkt i barnet si utvikling for å oppnå størst effekt og førebyggja skeivutvikling. Barnehage, skule og PP-teneste disponerer mange kartleggjingsverktøy som vert nytta til å undersøkja barn sine vanskar. Kartleggjinga må følgjast opp av rette tiltak frå fagpersoner på ulike nivå, som og må syta for at tilsette nær barnet får den naudsynte kompetansen som barnet treng. Lærarar og førskulelærarar skal ta profesjonelt ansvar for eigne mogelegheiter og avgrensingar ut i frå god vurderingskompetanse og oversyn over kva som er mogeleg å tilby barnet. PP-tenesta i regionen har fokus på å spisse rettleiingskompetansen slik at ein i større grad arbeider systemretta for å optimalisera barnet sitt lærings- og utviklingsmiljø. Helsestasjon og barnevernteneste er viktige samarbeidspartnarar i alle kommunar, og er med i mange av tilboda som blir gjevne i kompetanseløftet. Samarbeidspartnarar i prosjektet tilbyr utdanning, kurs og rettleiing som er nøye tilpassa. Førskulelærarar, lærarar og tilsette i PP-tenesta får tilbod om å ta del i nettverk med andre i og utanfor eigen organisasjon. Det skal vera tett oppfølgjing i alle ledd for å sikra implementering av kunnskap og gode haldningar. Haugalandsløftet har fokus på barnehageog skuleeigar si rolle i kvalitetssikringa av barn sine utviklings- og læringsmiljø. Kommunane vel satsingsområde som ein arbeider systematisk med over tid. Nye tiltak og satsingar som blir valde, skal ikkje komma i tillegg til det ein allereie gjer, men gje ny og betre praksis. Foreldre er viktige for barn si utvikling og læring. Difor er foreldre ein sentral del av satsinga. Foreldre vil få tilbod om kurskveldar og foreldrerettleiing.

Samarbeidspartnarar I Haugalandsløftet er det mange samarbeidspartnarar som tek del. Statped Vest er fagleg og økonomisk bidragsytar i prosjektet. Høgskolen Stord/Haugesund, KoRus Vest, Stavanger og Helse Fonna (BUP) er faste deltakarar i den interkommunale prosjektgruppa. Helsestasjon, barnevernteneste, foreldre, interesseorganisasjonar og fagforeining tek og del i prosjektet. I styringsgruppa for prosjektet sit rådmenn, Statped Vest, Helse Fonna og Høgskolen Stord/Haugesund. Organisasjonskart: Styringsgruppe rådmenn, Statped Vest, Samhandlingssjef HF, HSH Barnehage-, skule- og PP-leiar nettverk Prosjektsekretariat: Prosjektleiar Haugalandsløftet og TI koordinator KoRus Vest Interkommunal prosjektgruppe: Repr. frå kommunane, Statped Vest, Helse Fonna (BUP), KoRus Vest, Høgskolen Stord/Haugesund, Utdanningsforbundet Referansegruppe med repr. frå ulike samarbeidsfora Kommunale prosjektgrupper, inkl. repr. frå Statped Vest og foreldre Prosjektarbeid i den einskilde barnehage Prosjektarbeid i den einskilde skole

Haugesund Ønskjer du meir informasjon om Haugalandsløftet? Ta kontakt med prosjektleiar Marit Ness e-post: marit.ness@haugalandsloftet.no tlf.: 52 75 70 70 / 951 49 783 www.haugalandsloftet.no www.facebook.com/haugalandsløftet www.wallacedesign.no worums trykkeri Vindafjord Etne Bokn Utsira Suldal Sauda