Saksframlegg Arkivsak: 14/1657-39 Sakstittel: KOMMUNEREFORMA Saka skal behandlast av: Formannskapet Kommunestyret Rådmannen si tilråding til vedtak: K-kode: 001 &25 Kommunestyret tar saka til orientering Grunnlagsdokumenter: Brev frå Fylkesmannen 24.08.2015: Kommunereforma i Rogaland status og vidare prosess Brev frå Kommunal og moderniseringsdepartementet 28.10.2015: Videre arbeid med kommunereformen Brev frå Sola kommune 03.11.2015: Invitasjon til møte om videre arbeid med kommunestruktur Svar frå ordførar på brevet frå Sola kommune 05.11.2015. KST-sak 23/15 (mars 2015): Kommunereformen, status og framdrift. Ikkje vedlagt KST-sak 65/15 (august 2015): Kommunereformen rapport fra første del av felles utredningsarbeid, beslutningsgrunnlag for videre framdrift. Ikkje vedlagt http://minnyekommune.no/ Bakgrunnen for saka: Randaberg kommune behandla kommunereforma fyrste gong i KST-sak 48/14 i juni 2014. Då vart eit forslag om å sjå på samarbeid mellom kommunane Randaberg, Rennesøy, Finnøy og Kvitsøy avvist. Kommunestyret vedtok og at Randaberg kommune er robust nok til å fortsatt vera eigen kommune. Kommunestyret i september 2014 behandla to saker som hadde med kommunereforma å gjera og vedtok i KST-sak 50/14: «Randaberg kommune ønsker ikke på nåværende tidspunkt å ha samtaler med andre kommuner» I KST-sak 69/14 i oktober 2014 vedtok kommunestyret:
«Randaberg kommune blir medlem av Jærrådets arbeid med «Kommunereformen og kommunestrukturprosessens analysearbeid». Det forutsettes at kommunegrenser ikke er en del av dette arbeidet.» I KST-sak 23/15 i mars 2015 la rådmannen fram arbeidet som var gjort og planane framover til orientering. I KST-sak 65/15 i september 2015 la rådmannen fram ein felles rapport om kommunereforma i forhold til dei åtte kommunane som arbeidde saman med dette etter initiativ av Jærrådet. Rapporten såg på kommunereforma i regionen ut frå tre ulike perspektiv: Kommunen som samfunnsutviklar Kommunen som lokaldemokratisk arena Kommunen som tjenesteytar og myndighetsutøvar I tillegg såg rapporten på dei økonomiske verknadane av ulike samanslåingsalternativ. Rådmannen var i saka positiv til å gå vidare med utgreiing av alternativet med minst kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Kommunestyret fatta fylgjande vedtak: «Randaberg kommune fortsetter som egen selvstyrt landbrukskommune. Randaberg kommune vil fortsette det godt etablerte regionale samarbeidet. Vi takker for samarbeidet med Gjesdal, Hå, Klepp, Sandnes, Sola, Stavanger og Time om en utredning av ulike alternativer til kommunesammenslåing. Randaberg kommune vil ikke ta initiativ til flere samtaler eller utredninger.» Med nytt kommunestyre frå oktober i fjor er det naturleg å ta opp igjen ei så viktig sak. Denne saka går gjennom kva som har skjedd sidan august i forhold til reforma, både nasjonalt og lokalt. Saksopplysningar: Brev frå Fylkesmannen Fylkesmannen i Rogaland sendte 24. august 2015 eit brev til kommmunane om status og vidare framdrift. Hovudsaka i brevet er innbyggarinvolvering. For Randaberg kommune som ikkje greier ut kommunesamanslåing er dette uaktuelt. Det blir og peika på at nye folkevalde bør få informasjon om kommunereforma. Denne saka gjer dette for nye politikarar i Randaberg kommune. Brev frå Kommunal- og moderniseringsministeren Kommunal- og moderniseringsministeren sendte 28. oktober 2015 brev til alle kommunane om vidare arbeid med kommunereforma. Der blir det og peika på behovet for at nye folkevalde får informasjon om reforma. Brevet viser milepelar framover mot 2020 og innleier med sitat frå Kommuneproposisjonen for 2016: «at alle kommunar skal ta aktivt del i kommunereforma. Dette inneber blant anna å ha dialog med nabokommunar, utgreie å
vurdere aktuelle alternativ for så å ta stilling til om og i så fall kva kommunar ein inskjer å gå saman med innan 1. juli» (2016) Kommunar som vil slåast saman frå 1.1.2018 måtte gjera vedtak før 31.12.2015 Dei andre må gjera vedtak innan 1. juli 2016 for å etablera ny kommune frå 2010 Fylkesmannen skal vurdera kommunestyrevedtaka og gje tilråding om kommunestrukturen i heile fylket etter 1. juli 2016 Departementet vil legga fram ein proposisjon for Stortinget våren 2017 om den samla kommunereforma. Parallellt med denne vil regjeringa følga opp arbeidet med å gi nye oppgåver til større kommunar, og forslag om redusert statleg detaljstyring. Det er og eit kapittel om økonomiske verktøy og verkemiddel. Dei økonomiske konsekvensane av ulike samanslåingsalternativ i Sør-Rogaland er vist i rapporten som er lagt fram i KST-sak 65/15. Kommunereforma hos nabokommunane Sola kommune inviterte 3. november 2015 ordførarane i Stavanger, Sandnes og Randaberg til møte om vidare arbeid med kommunestruktur. Etter å ha drøfta dette i Formannskapet takka ordføraren i Randaberg kommune nei til invitasjonen med bakgrunn i vedtaket i KST-sak 65/15. Det blir lagt ut informasjon om arbeidet til Stavanger, Sandnes og Sola med kommunereforma på internettsida http://minnyekommune.no/. På denne sida kan ein og følga prosessen på Jæren. Finnøy kommunestyre behandla kommunereforma i desember 2015, og rådmannen innstilte på at Finnøy kommune skulle ta initiativ til å ta naboprat med Rennesøy kommune, Randaberg kommune og Kvitsøy kommune. I vedtaket blir saka tatt til orientering, og Finnøy har ikkje tatt kontakt med oss for diskusjon om kommunereforma. Stortingsmelding om byregionar I 2017 vil det bli lagt fram ei stortingsmelding om byregionar og samspillet mellom by og land. Kommunal Rapport spør i ein artikkel om dette den 24/9-2015 om dette betyr noko for kommunereforma. Kommunal- og moderniseringsminister Sanner svarer: «Mange av kommunegrensene i byregionene er utdatert, hverdagsregionen hvor folk bor og arbeider er ikke tilpasset grenser trukket opp for minst 50 år siden. Så ingen får kjeft av denne statsråden hvis programmet brukes til å tenke nytt om hvordan byregionene kan henge bedre sammen» I ettertid har det i media blitt spekulert i om denne meldinga kan legga grunnlaget for å bruka tvang i kommunesamanslåinga i byregionar der ein kommune ikkje er med dei andre på samanslåing. Om dette eventuelt vil gjelda Randaberg kommune dersom kommunane Stavanger, Sola og Sandnes vil slå seg saman, er eit åpent spørsmål. I brevet frå Kommunalog omderniseringsministeren i fjor haust skriv han: «Både regjeringen og stortingsflertallet har gitt uttrykk for at kommunereformen bygger på frivillighet og gode lokale prosesser. Unntak fra frivillighetsprinsippet kan likevel være aktuelt i helt speseille situasjoner for at enkeltkommuner ikke skal kunne stanse endringer som er hensiktsmessige ut fra regionale hensyn»
Nytt inntektssystem Kommunal- og moderniseringsdepartementet sendte i slutten av desember 2015 ut ei høyring om nytt inntektssystem for kommunane. Høyringsfrist er 1. mars 2016. Den store endringa som er foreslått er at departementet foreslår ein modell for å skilla mellom «frivillig» og «ufrivillig» små kommunar. Dette gjer dei med å innføra eit strukturkriterie som baserer seg på kor langt innbyggarane i kommunen i gjennomsnitt må reisa for å nå 5.000 innbyggarar (i eigen kommune eller nabokommune). Strukturkriteriet blir brukt både til å gradera basiskriteriet og til å «behovsprøva» småkommunetillegget. Folkerike kommunar får tapet på strukturkriteriet kompensert (og vel så det) med at større del av rammetilskottet blir basert på folketal. Ulike reknestykke på effekten av endringa har blitt vist i ulike medie. I nokre reknestykke kjem Randaberg kommune ut med litt marginal reduksjon. KS har laga ei utgreiing som viser effektane for alle kommunane med ulike premisser lagt til grunn. Jamfør internettlenka: http://www.ks.no/fagomrader/okonomi/kommuneokonomi/effekter-av-forslag-til-nyttinntektssystem/. Her er tapet for Randaberg kommune mellom 7 og 8 mill. kr over ein femårsperiode. Departementet og KS skal ha felles samling om høyringsforslaget den 27. januar der rådmannen og økonomisjefen i Randaberg kommune (og 2-3 andre) vil delta på vegne av dei andre kommunane i Rogaland. Rådmannen vil etter denne samlinga legga fram ein grundigare sak om høyringsforslaget til politisk behandling. Høyringsforslaget finn du her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nytt-inntektssystem-for-kommunene-ut-pahoring/id2467950/ Rådmannen si vurdering: Rådmannen tilrådde i KST-sak 65/15 i september i 2015 at Randaberg kommune skulle arbeida vidare med å vurdera ein storkommune saman med Stavanger, Sandnes og Sola som eit alternativ til å fortsetta som eigen kommune. Rådmannen såg denne storkommunen som ein reell reform som samler storbyområdet. Rådmannen skreiv og at alternativet med samanslåing med øykommunane i nord og vest ikkje er eit godt alternativ. Dette fordi Randaberg kommune har anna kultur og historie enn øykommunane, og fordi Randaberg kommune ikkje treng å voksa for å kunna fortsetta som sjølvstendig kommune. Rådmannen meiner fortsatt dette, men når Kommunestyret har vedtatt at Randaberg kommune ikkje skal vurdera alternativ til å fortsetta som eigen kommune, så blir denne saka bare lagt fram til orientering. Randaberg kommune vil ikkje få noko eiga folkehøyring om ulike alternativ (eigen kommune eller ferdig framforhandla «storkommune»). Me har heller ikkje planlagt spørreundersøking slik om kommunane Stavanger, Sandnes og Sola nå skal gjennomføra. Det betyr at valget i 2015 var det høvet innbyggerane hadde til å påvirka kommunereforma for Randaberg kommune sin del. Det er ikkje behov for ny sak om kommunereforma før 1. juli 2016 (som er frist for vedtak om kommunesamanslåing). Vedtaket i KST-sak 65/15 vil vera det som blir sendt til Fylkesmannen som Randaberg kommune sin konklusjon i forhold til kommunereforma.
Dersom Rennesøy og Finnøy tar initiativ til å vurdera samanslåing med Stavanger og ønsker Randaberg kommune med på dette, så vurderer rådmannen det slik at Randaberg kommune bør takka nei til eit slikt initiativ. Ein slik kommmune løyser ingen av Stavanger kommune eller regionen sine utfordringar på overordna planlegging og samfunnsutvikling. Dersom øykommunane treng å slå seg saman med ein større kommune for å møta framtida, kan dei gjera det utan at Randaberg kommune treng vera med. Sjølv om nokre av innbyggarane i ein slik ny større Stavanger kommune vil måtta reisa gjennom Randaberg kommune for å komma til sentrum, vil kommunen likevel framstå som fornuftig geografisk, og Rennesøy og Stavanger har alt i dag felles grense på Austre Åmøy. Rådmannen ser ikkje at innbyggarane i Randaberg kommune har meir å tena enn å tapa på å bli innlemma i Stavanger kommune. Dersom utgreiinga til Stavanger, Sandnes og Sola konkluderer med ny større kommune, og folkehøyring og politiske signaler tyder på at dette kan bli ein realitet, meiner rådmannen at det er fornuftig at Randaberg kommune vurderer den nye kommunen som eit alternativ til å fortsetta som før. Rådmannen vil i så tilfelle legga fram ei ny sak for kommunestyret før 1. juli 2016. Saksbehandler: Per Blikra Tjenesteområdesjef: Særutskrift: