Prospekt ved sal av Odda skule og barnehage Prospekt ved sal av Odda skule og barnehage 2687 Bøverdalen, g.nr. 123, b.nr. 3 og 13 i Lom kommune Gjestfri og nyskapande Lom kommune skal selje tidlegare Odda skule og barnehage. Det er viktig for kommunen at den nye eigaren tek i bruk eigedomen på ein slik måte at det skapar næringsaktivitet og arbeidsplassar i bygda. Interesserte kjøparar blir derfor beden om å koma med bod som også inneheld ei skildring av kva for aktivitet dei ser for seg på eigedomen. Lom kommune Midtgard 2686 Lom Telefon: 6121 7300 Epost: post@lom.kommune.no http://www.lom.kommune.no Lom kommune har eit næringsfond som kan brukast til bedriftsutvikling. Her kan du søkje om stønad til tiltak som marknadsføring, marknadsundersøking, produktutvikling, kompetanseheving og investering i utstyr. Les meir om ordninga på www.lom.kommune.no under næringsliv. Ved vurdering av boda vil Lom kommune leggje vekt både på pris og på den aktiviteten som det vert lagt opp til. Dei to elementa vil bli vektlagt med 50% på kvar. Sal av eigedomen vil bli avgjort av formannskapet i Lom kommune.
2 Prospekt ved sal av tidlegare Odda skule og barnehage Gymnastikksal med scene
Prospekt ved sal av tidlegare Odda skule og barnehage 3 1 Fakta om eigedomen Eigarform: Sjølveigar Type: Tidlegare skule og barnehage Byggjeår: 1969 Bruttoareal: Underetasje 601m 2, 1. etasje 450m 2, til saman 1.052m 2. Tomteareal: 10.520m 2 Renovert: Nytt hovudtak i 2003, el-kontroll i 2009 og påviste feil og manglar er retta. Eigarskifteforsikring: Nei Kommunenr.: 514 Gårdsnr.: 123 Bruksnr.: 3 og 13 På eigedomen står bygg som vert nytta av Bøverdalen idrettslag og som ikkje er med i salet. Rikeleg med parkeringsplassar på eigedomen. 2 Innhald Underetasje: Hall og gangareal Tre klasserom/barnehage Tekjøken Kopirom To garderobar med dusj/ wc Fem wc Tre lagerrom Teknisk rom Første etasje: Gymnastikksal med scene Eitt klasserom og eitt aktivitetsrom/klasserom Grupperom Gangareal Ventilasjonsrom Tre lagerrom 3 Plassering av eigedomen Eigedomen ligg praktfullt til nær elva Bøvra i Bøverdalen og med fantastisk utsikt mot bygda Leirmoen. Det aller beste utgangspunktet for turar og aktivitetar i Jotunheimen. 4 Nærområdet Det er 2km til Galdesand med samfunnshus, kafè og butikk og 22km til kommunesenteret Fossbergom med barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, bakeri og eit godt utval av butikkar og spisestader. Lom er nasjonalparkkommune og Fossbergom er ein av fem nasjonalpark-landsbyar i Noreg. I sommarhalvåret er det stor tilstrømming av turistar og eit yrande folkeliv. 5 Byggjemåte Grunn og fundament: Støypte fundament med såler. Fasade, barnehage og kontor i den næraste delen Fasade, barnehage Fasade baksida, barnehage i næraste delen Fasade baksida, sett frå vest Primære bygningsdelar generelt: Støypte og murte veggar med etasjeskilje i betong.
4 Prospekt ved sal av tidlegare Odda skule og barnehage Ytterveggar: Isolert bindingsverk med utvendig ståande tømmermannspanel, betongveggar der terrenget er fylt opp. Takkonstruksjon: Sperrer med taktro, papp og stålplater. Vindauge: Dei fleste frå byggjeåret, nokre av vidauga i barnehagedelen er av nyare dato. Fasade, gymnastikksalen er her Fasade, med balkong utanfor gymnastikksal Frå inngangspartiet (hallen) Ytterdører: Frå byggjeåret. Himlinger: Panel, betong eller plater, nokre himlinger er malte. Overflater på golv: Skifer i hall, fliser i garderobar, belegg i dei fleste rom eller betonggulv. Trapper: Trapper er utført i betong. Balkong: Det er balkong på eine gavlveggen utanfor gymnastikksalen. Vatn: Røyropplegg frå byggjeåret. Oppvarming: Huset er varma opp med elektrisitet. Ventilasjon: Det er installert luftbehandlingsanlegg for delar av byggjet. Elektrisk anlegg og ljos: Frå byggjeået. Telefoni og alarm: Det er opplegg for telefon i kontordelen. Brannalarm i delar av byggjet. Uteområde: Asfalt i køyreveg og grasmark/plen elles på området. Sjå takst for meir informasjon. Gangareal utanfor kontor og barnehage 6 Standard og vedlikehald Eigedomen er normalt vedlikehalde med standard frå byggjeåret. Vindauge: Dei fleste frå byggjeåret, nokre av vidauga i barnehagedelen er av nyare dato. Ytterdører: Frå byggjeåret.
Prospekt ved sal av tidlegare Odda skule og barnehage 5 Vatn: Frå byggjeåret. Det har dei siste åra vore to vasslekkasjer. Den første er utbetra, men etter den siste vasslekkasja i korridor er skaden avdekt, vatnet avstengt og røyra er blåst/tømt. Ein må rekna med kostnader til utbetring/fornying av røyrinstallasjon. Oppvarming: Ein må rekna med kostnader til ubetring/fornying. Ventilasjon: Det er installert luftbehandlingsanlegg for delar av byggjet. Dette er frå byggjeåret. Ein må rekna med kostnader til ubetring/fornying. Ei av fleire trapper i bygget Elektrisk anlegg og ljos: Frå byggjeåret. El-kontroll utført i 2009, påviste feil og manglar er retta. Ein må rekna med kostnader til ubetring/fornying. Telefoni og alarm: Det er opplegg for telefon i kontordelen. Brannalarm i deler av byggjet. Anlegget må oppdaterast. Sjå takst for meir informasjon. 7 Parkering Rikeleg med parkeringsplassar på eigedomen. WC jenter 8 Veg, vatn og avlaup Privat avkøyring og tilkomst til eigedomen frå Bøverdalsvegen. Kommunal hovudleidning for vatn og avlaup fram til tilknytingspunkt på eigedomen. 9 Oppvarming Huset er varma opp med elektrisitet. 10 Servitutt Bøverdalen idrettslag skal ha tinglesen rett til å ha laftahus (godkjent oppført som oppbevaringshus for idrettslaget og skulen ved fullmaktsvedtak 16.05.1990). Bøverdalen idrettslag skal også ha tinglesen rett til tilkomst og parkering i tilknyting til ljosløypa. Elvesæter skal ha tinglesen rett for leidning og tilknytingspunkt for avlaupsleidning og vedlikehald av desse. Godkjent i Hovudutval for teknisk sektor (sak 115/95 09.06.1995). Lom kommune skal ha tinglesen rett til hovudleidninger for vatn og avlaup fram til tilknytingspunkt på eigedomen. Garderobe med dusjanlegg Teknisk rom
6 Prospekt ved sal av tidlegare Odda skule og barnehage 11 Regulering Området for Odda skule er i gjeldande reguleringsplan for Odda-Leirmo regulert til offentleg føremål. Ved eventuelt sal av eigedomen og bygget vil det naturleg bli anna aktivitet og bruksføremål. Dette vil utløyse krav om omregulering som kan skje i privat eller offentleg regi. Kjøpar kan når som helst engasjere fagkyndig konsulent og foreslå omregulering etter sine behov. Dersom kommunen skal gjennomføre omregulering må dette prioriterast opp mot det øvrige planarbeidet i kommunen, det er dermed usikkert når dette kan skje. Ved anna bruk av bygget er det i medhald av Plan- og bygningslova krav til søknad om bruksendring. Søknad om bruksendring i medhald av forskrift om byggesak (SAK 10). Krav til byggverk dersom hovudombygging i medhald av forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK10). Ved søknad om bruksendring vil kravet til sikkerhet i bruk som brannkrav vera sentralt. Det kan søkjast om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan saman med søknad om bruksendring. Dette kan vera realistisk måte å gå fram på dersom ny aktivitet ikkje medfører behov for store bygningsmessige endringar og/eller verksemd med overnatting. Vedtak om dispensasjon har ofte vilkår og tidsavgrensing. Lom kommune kan ikkje forskotere resultatet av planprosessar, søknad om bruksendring eller søknad om dispensasjon. 12 Takst Marknadsverdi: Kr. 1.400.000 13 Diverse Alle innvendige og utvendige arealopplysningar er henta frå takstdokument. 14 Overtaking Etter avtale. Bileta over er frå ulike klasserom og aktivitsrom 15 Visning Det vil bli ei felles synfaring av eigedomen måndag 26. november 2012 kl. 12-16. 16 Bodgjeving Det er viktig for kommunen at den nye eigaren tek i bruk eigedomen på ein slik måte at det skapar næringsaktivitet og arbeidsplassar i bygda. Interesserte kjøparar blir derfor bedne
Prospekt ved sal av tidlegare Odda skule og barnehage 7 om å koma med bod som også inneheld ei skildring av aktivitet og arbeidsplassar dei ser for seg at det kan bli på eigedomen. Ved vurdering av boda, vil Lom kommune leggje vekt både på pris og på den aktiviteten med arbeidsplassat som det vert lagt opp til. Dei to elementa vil bli vektlagt med 50% på kvar. Skriftleg bod med skildring av aktivitet skal leverast i lukka konvolutt merka Bod Odda skule og må vera framme hos Lom kommune Servicetorget Midtgard 2686 Lom seinast 6. desember 2012 kl 12:00. Opninga av boda vil ikkje vera offentleg. Tilbydarar må vera budde på å koma til Lom kommune måndag 10. desember for å presentere og forhandle om bod. Lom kommune vil krevja forkjøpsrett om eigedomen vert seld vidare innan 10 år etter overtaking og vil og krevja rett til å kjøpe attende eigedomen til verdijustert salspris om det vert mindre aktivitet eller færre arbeidsplassar enn det som er skildra i bodet. Dersom det ikkje kjem inn akseptable bod på eigedomen, vil Lom kommune kunne avvise alle bud og avbryte salsprosessen. Sal av eigedomen vil bli avgjort av formannskapet i Lom kommune etter ei samla vurdering kor elementa pris og skildra næringsaktivitet med arbeidsplassar tel 50% kvar. 17 Seld som han er Eigedomen vert seld i den forfatning han er ved visning og salet skjer etter avhendingslova 3-9: Enda eigedomen er selt som han er, eller med liknande atterhald, har eigedomen likevel mangel der dette følger av 3-7 eller 3-8. Eigedomen har også mangel dersom han er i vesentlig ringare stand enn kjøperen hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesum og tilhøva ellers. Kjøper kan difor ikkje påberope seg andre bestemmelser etter avhl. kapittel 3, enn dei reglar som er ufravikelege i forbrukerforhold, jfr. avhendingslova 3-9, jfr. 1-2 (2). På bakgrunn av dette vert alle interessenter oppfordra til å setje seg inn i alle dokument og til å undersøke eigedomen nøye, gjerne saman med fagkyndig før bud vert gjeven. 18 Pris I tillegg til kjøpesummen kjem: 2,5 % dokumentavgift av kjøpesummen, kostnader med tinglysing av skjøte og pantobligasjon(ar), evt panteattest. Bileta over er frå rom for den tidlegare barnehagen og frå klasserom
8 Prospekt ved sal av tidlegare Odda skule og barnehage - Situasjonskart