Prosjektet starta opp hausten 2010, og dette skoleåret har seks klassar vore involvert i prosjektet:

Like dokumenter
Tidleg start med skriving på «den andre målforma»

Profesjonsskriving på nynorsk

Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik

Tidleg start med skriving på «den andre målforma»

Tett på praksis Eit forskings- og utviklingsarbeid om tidleg start med skriving og lesing på nynorsk og bokmål

Vel nynorsk for barnet ditt!

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Nynorsk i lærarpraksis

Studieplan 2009/2010

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Vurderingsrettleiing 2012

Torgeir Dimmen Moderne nynorskundervising. Oslo

Vurderingsrettleiing 2011

Mange vegar til målet

Tiltaksplan. nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

felles fag på 6. og 7. årssteget

Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk Sofie E. Holmen, Høgskulen i Volda Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga,

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

NORSK Årsplan for 10. klasse

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

NORSK Årsplan for 10. klasse

NORSK Årsplan for 10. klasse

Årsplan i norsk, skuleåret

Dei mest relevante formuleringane for oss

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Frå novelle til teikneserie

Digitale ferdigheiter med "Søk og finn"

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Strategiar i sidemålsundervisinga

Pensumliste Norsk 623/Norsk 2, emne A: Språkhistorie og talemål. Haust 2017

Årsplan i norsk for 6. klasse

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Årsplan i norsk 8a og 8b 2017/2018

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Med to målformer i klasserommet

Veke Kapittel Delmål Arbeidsbok/Kopiark Kompetansemål i læreplan 34 Bli kjent med språkboka og leseboka LV s. 4

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Årsplan i norsk for 8. klasse

Vi lever av kunnskapen

Del l: Om modellen. Del 2: Lokal plan trinn NYNORSKMODELL. Holmlia skole, Oslo kommune

Årsplan i norsk for 8. klasse

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

SKOLE - HJEM SAMARBEID

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker )

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Årsplan i norsk, skuleåret

Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk

Studieplan 2008/2009

Årsplan for Norsk

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Årsplan i norsk for 8B

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Årsplan i norsk for 8. klasse EMNE:

Årsplan i norsk for 8. klasse

Då eg lerte å lese va det akurat som vera blei snud opp ned.

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Norsk. Trinn: 9. trinn

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

FORSLAG TIL ÅRSPLAN 8. TRINN (ukenumre og ferier varierer fra skoleår til skoleår og må justeres årlig)

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Årsplan for Norsk

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

SLIK HAR DEI DET DER

Høyringsfråsegn om forskrifter om rammeplan for femårige grunnskulelærarutdanningar

Halvårsplan, hausten 2011

Årsplan i norsk, skuleåret

Kursrekke Bergen kommune Skriftlig eksamen i norsk 2014 Marit Røine 30. oktober 2013

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Det er ei ny verd som har opna seg! Vegar inn i den nynorske barnelitteraturen

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Vurderingsrettleiing 2011

Om forholdet mellom læringsutbytteformuleringar, arbeidskrav, arbeidsformer og vurderingsformer

Årsplan i norsk for 6. klasse

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10.

Tjenester levert iht. oppdrag fra direktoratet. Tjenester levert iht. oppdrag fra direktoratet. Dokumentasjon er overlevert direktoratet iht.

TILSYNSRAPPORT. Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform. Klepp kommune

FELLES NASJONALT TILSYN FRISKOLESAMLING HJALMAR ARNØ, FYLKESMANNEN I ROGALAND

MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR LOVEN, INNSØKING OG RUTINAR

Transkript:

Rapport frå prosjektet Tidleg start med skriving på begge målformer for skoleåret 2010-2011 Av Hilde Traavik (Høgskolen i Bergen) og Benthe Kolberg Jansson (Høgskolen i Østfold) Prosjektet starta opp hausten 2010, og dette skoleåret har seks klassar vore involvert i prosjektet: Tre tredjeklassar ved Våland skole i Stavanger (hovudmål: bokmål) To femteklassar ved Brattholmen skole utafor Bergen (hovudmål: bokmål i den eine klassen, nynorsk i den andre) Ein sjuandeklasse ved Våland skole i Stavanger (hovudmål: bokmål) Alle tredjeklassane (frå hausten 4. klasse) og begge femteklassane (frå hausten 6. klasse) vil halde fram med Tidleg start med skriving på begge målformer. Frå hausten 2011 vil også ein femteklassse ved Hjortsberg skole i Halden delta. Det er gjort avtale med lærar, og det er klarert med rektor at klassen kan delta i prosjektet. Målsettinga med prosjektet er å undersøke effekten av systematisk arbeid med lesing og skriving på begge målformer på barnesteget, med særleg fokus på at elevar med bokmål som hovudmål skal utvikle nynorskkompetanse. Vi spør: Hossen utviklar elevane seg som skrivarar når dei skriv både nynorsk og bokmål? Blir det utvikla ein «klasseromskultur for språklæring»? Hossen posisjonerer elevane seg som nynorskskrivarar? Samarbeidet med skolane Brattholmen Samarbeidet mellom Hilde Traavik (HT) og Brattholmen skole var allereie etablert gjennom eit tidlegare prosjekt, men hausten 2010 blei det etablert eit nytt skoleprosjekt knytt til Tidleg start med skriving på begge målformer. Dette prosjektet involverer som nemnt to parallellklassar på femte trinn skoleåret 2010 2011, og det vil halde fram også når elevane blir sjetteklassingar. Vi håpar også å kunne følgje klassane til dei i 2013 2014 blir ungdomsskoleelevar, for å finne ut om vurderingane elevane då får i sidemålet, kan seie noe om kva langsiktig nytte elevane har hatt av prosjektet. I bokmålsklassen er det 25 elevar, og foreldra til om lag 20 av dei har gjeve tillating til at borna deira kan vere med i prosjektet. Dei elevane som ikkje er med i prosjektet, vil seinare truleg bli brukt som kontrollgruppe. Bokmålsklassen sin tidlege start med nynorsk har som grunnpilar at elevane har fått samfunnsfagsbøker på nynorsk, og at læraren gjennomfører mye av tavleskrivinga i samfunnsfag på nynorsk. Ho prøver også å gjere elevane språkleg medvitne gjennom kontrastiv undervisning, der ho viser og forklarer likskapar og skilnadar mellom bokmål og nynorsk. Elevane blir oppmoda til å skrive på nynorsk når dei skal svare på oppgåver i samfunnsfagsboka, men feila dei naturleg nok gjer, blir ikkje retta. 1

I tillegg til samfunnsfagsbøker på nynorsk, har klassen, takk vere deltakinga i prosjektet, fått eit bra utval småbøker på nynorsk, både fagtekster om samfunnsfaglege emne og skjønnlitterære tekster. Læraren har rapportert at elevane kosar seg med å lese i og løyse oppgåver frå desse bøkene, og at ingen kommenterer at dei er på nynorsk. Dette kan tyde på at elevane er blitt så vande med å lese og skrive på nynorsk at negative haldningar (som ikkje er mindre vanlege i bergensområdet enn i andre delar av landet) langt på veg har forsvunne. I nynorskklassen er det 15 elevar, og alle foreldra har samtykka i at elevane kan vere med i prosjektet. I denne klassen går prosjektet først og fremst ut på å følgje utviklinga av elevane sine ferdigheiter i skriving og lesing, med tanke på å undersøkje om elevane utviklar ein dobbel skriftspråkskompetanse i opplæringsmålet nynorsk, men også i bokmål, som dei ikkje får eksplisitt opplæring i før på ungdomssteget. HT har i løpet av skoleåret besøkt begge klassane tre gonger og hatt møte med klasselærarane i etterkant. Ho har observert undervisning, og sjølv stått for små økter med kontrastiv undervisning og lese høgt for elevane frå nynorsk kvalitetslitteratur. Ho har også intervjua dei fire fokuselevane i kvar av dei to klassane. Her kom det fram at dei fleste syntes det var kjekt, eller heilt ok å lese og skrive på det andre målet, og alle meinte dei seinare ville ha nytte av å ha lese og skrive på det som ein gong skal bli sidemålet deira. Samarbeidet mellom Benthe Kolberg Jansson og Våland skole blei etablert i løpet av hausten 2010. Dette samarbeidet tok utgangspunkt i eit skoleprosjekt som lærarteamet i 2. klasse hadde starta opp skoleåret 2009-2010, og som dei hadde fått midlar til frå Nynorsksenteret. Prosjektet var tverrfagleg (norsk, RLE og samfunnskunnskap), og dei brukte storyline som metode. Tittelen på prosjektet var Frå norrønt til nynorsk. Måla i prosjektet var knytt til både fagleg innhald og til utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter. Elevane skulle også gradvis prøve ut skriving på nynorsk gjennom å kople lesing og skriving, og gjennom kontrastivt arbeid med målformene. Skriving på begge målformer er også integrert i norskfaget. Våland Benthe Kolberg Jansson (BKJ) har gjennomført tre skolebesøk i løpet av skoleåret: 27. september (da det også var møte med rektor), 1.-2. mars og 19.-20. mai. På møtet i september blei BKJ informert om arbeidet i prosjektet og planane framover, og ho var i alle tredjeklassane og snakka med elevane. Rammene for samarbeidet og utgangspunktet for søknaden til NSD (Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste) blei også drøfta. Da prosjektet var godkjent av NSD, blei samtykkeskjema m.m. sendt til skolen, og lærarane delte ut og samla inn signerte skjema frå dei føresette. Det var stor oppslutning om prosjektet. På skolebesøket 1. og 2. mars var det konsentrasjon om sjuandeklassen på Våland skole. Desse elevane hadde tidleg på barnesteget (2. 4. klasse) deltatt i prosjektet Haugtussa som barnelitteratur der dei blant anna prøvde ut skriving på nynorsk. Etter 4. klasse hadde det ikkje vore arbeidd særskilt med skriving på nynorsk, men spørsmålet var om det kunne sporast noen effekt av prosjektet tidleg på barnesteget. Det blei derfor sett av tid til å skrive to tekster under dette besøket: 2

ei på bokmål og ei på nynorsk. BKJ hadde også møte med lærarteamet i tredje klasse, og det blei bestemt kva elevtekstar som skulle samlast inn som dokumentasjon. Under besøket 19. og 20. mai brukte BKJ mye tid i klassane (observasjon), og det blei gjennomført intervju med fire elevar og med alle dei tre lærarane på tredje trinn. Det blei også samla inn fleire relevante elevtekster. Det er samla inn eit omfattande elevtekstmateriale, men vi konsentrerer oss om representative fokuselevar, som er valt ut i samråd med klasselærarane. I tillegg er det altså gjennomført intervju med elevar og lærarar, og både Traavik og Jansson har vore på fleire skole- og klassebesøk. Arbeidet med tekstanalysane er i gang. I første omgang kartlegg vi kva skrivekompetanse elevane ser ut til å ha innafor ulike sjangrar. I analysearbeidet tar vi utgangspunkt i relevante kompetansemål i læreplanen i norsk i LK06, men vi brukar også tilleggskriterium slik at vi får eit ganske godt bilde av kva kompetanse den enkelte eleven viser i dei enkelte tekstene. Vi samanliknar også tekster som elevane skriv på hovudmålet med tekster dei skriv på sidemålet. Noen førebels resultat Tredje klasse Elevane i tredjeklassane har ikkje skrive mange tekster på nynorsk, men dei har prøvd ut skriving på nynorsk gjennom avskrift og kortare tekster. Ei av dei første lengre tekstene var eit eventyr, som dei skreiv om lag halvvegs i skoleåret. Etter å ha analysert og samanlikna dette eventyret med ein grøssar som elevane skreiv omtrent samtidig, er det grunn til å seia at det ikkje ser ut til at utprøvande skriving på nynorsk legg dempar på skriveglede eller på evne til å komponere ei forteljing. Det ser også ut til at elevane i like stor grad varierer ord- og uttrykksmåtar i nynorsktekstene som i bokmålstekstene. Det er stor variasjon i skrivekompetanse i klassane, og det er også variasjon i hossen dei posisjonerer 1 seg som nynorskskrivarar. Vi har sett på posisjonering både gjennom innhald og gjennom språkformelle trekk. To eksempel på posisjonering på grunnlag av språkformelle trekk kan vera illustrerande: Elev C er ein sterk elev 2 som oppsøker hjelp i skrivearbeidet både på skolen og heime. Eleven skreiv eit langt eventyr på to A4-sider, og totalt var teksta på 316 ord. 273 av desse orda er skrive rett 55 av dei har særeigen skrivemåte på nynorsk. Av dei orda som ikkje er skrive rett, er om lag 30 skrive på ein måte som viser at eleven gjør forsøk på å skrive nynorsk. Sett inn i ein tabell ser det slik ut: 1 Omgrepet posisjonering er henta frå Sigmund Ongstad, som har utvikla omgrepet med utgangspunkt i teoriane til Mikhail Bakhtin. Sjå for eksempel: Ongstad, Sigmund 2004. Språk, kommunikasjon og didaktikk. Norsk som flerfaglig og fagdidaktisk ressurs. Bergen: Fagbokforlaget, LNU 2 Fokuselevane blei i samarbeid med lærarane og på grunnlag av eit ganske breitt tekstmateriale fordelt på tre grupper: over middels, middels sterke og under middels. Dette blei gjort for å få eit representativt utval. 3

Tabell 1 skrive rett Nynorsk skrivemåte rett Bokmålsk skrivemåte rett avvik Forsøk på nynorsk skrivemåte 218 55 5 12 Noen av dei er utprøving av nynorsk. Eks.: hendane 26 Ord der stavemåten ikkje er felles med bm. Eks.: mykkje, stjåle (perf. part. av stele) Først og fremst legg ein merke til at denne eleven skriv svært godt i samsvar med rettskrivingsnormene til å gå i 3. klasse. Eleven har fått noe hjelp da ho arbeidde med teksta, men den hjelpa ho har fått, har ho sjølv oppsøkt aktivt 3, og dermed framstår ho som ein motivert skrivar også når ho skriv nynorsk. Svært mange ord har felles skrivemåte på nynorsk og bokmål, men ho har også skrive flesteparten av orda der nynorsk skil seg frå bokmål, rett. I tillegg prøver ho aktivt ut nynorsk skrivemåte (jf. dei to siste kolonnane). Vi ser altså at denne eleven posisjonerer seg som ein nynorskskrivar gjennom språkformelle trekk i teksta. Elev H er ein middels sterk elev. Han har skrive eit eventyr som er ein del kortare. Teksta er på totalt 97 ord, og sjølv om denne eleven også skriv godt i samsvar med rettskrivingsnormene, har han i langt mindre grad enn elev C skrive ord med særeigen skrivemåte på nynorsk, rett. Han ser heller ikkje ut til å prøve ut nynorsk i same grad som elev C. Han posisjonerer seg altså i langt mindre grad enn elev C som nynorskskrivar. Tabell 2 skrive rett Nynorsk skrivemåte rett Bokmålsk skrivemåte rett avvik Forsøk på nynorsk skrivemåte 81 1 ein gang 7 6 Eks.: eventyre, droninen 1 skjøyt Desse to eksempla gir eit lite innblikk i arbeidet med elev tekstene tidleg i analysearbeidet, og slike resultat vil bli drøfta med utgangspunkt i enkelte bakgrunnsfaktorar, og vi vil sjå utviklinga som nynorskskrivarar i samanheng med utviklinga av skrivekompetanse generelt. Analysane kan også vera utgangspunkt for oppfølging i klassane. 3 Dette kom fram i intervju med eleven, og det stemmer med det lærarane opplyser. 4

Femteklassane Både bokmålsklassen og nynorskklassen har til nå skrive fire tekster i ulike sjangrar til bruk i prosjektet, to på opplæringsmålet sitt og to på det andre målet. Desse er HT i gang med å analysere, og analysane viser så langt at bokmålselevane sjølvsagt i varierande grad har, og vidareutviklar, kompetanse i å skrive på nynorsk. Når det gjeld bokmålselevane si lesing på nynorsk, som er observert under klassebesøka, ser det ut til at kompetansen er god, og at elevane har hatt ei positiv utvikling gjennom året. På siste klassebesøk i juni las alle elevane høgt etter tur, og flyten i lesinga var gjennomsnittleg svært god. Elevane i nynorskklassen har, ikkje overraskande, gjennomsnittleg gode ferdigheiter i å lese og skrive på bokmål. Somme av dei skriv og les så godt som feilfritt på det andre målet. Dette bekreftar det mye erfaring viser, nemleg at nynorskelevar lærer svært mye bokmål utan å ha fått opplæring i det, på grunn av den store eksponeringa for bokmål som nynorskelevar får. Dette kan vere eit argument for at bokmålselevar bør få møte og utforske nynorsk gjennom lesing og skriving av tekstar på dette målet langt tidlegare enn det gjeldande læreplan legg opp til. På same måte som undervisninga i det første fremmendspråket, engelsk, gradvis har blitt flytta nedover på klassetrinna og no tar til alt på første trinn, meiner vi det vi til no har funne ut, kan peike i retning av at revisjonen av norskplanen i Kunnskapsløftet bør føre til at kompetansemål knytt til lesing og skriving på begge målformer bør spissast og flyttast lenger ned på årstrinna. Som nemnt på s. 2 ser nynorskelevane generelt ut til å ha god kompetanse i lesing og skriving på bokmål. Dette har kome fram gjennom klasseromsobservasjon, men først og fremst gjennom dei fire tekstene elevane har skrive til bruk i prosjektet. Dei fire tekstene er Dersom eg vann ein million, skriven på nynorsk i oktober 2010, Garmanns hemmelighet, skriven på bokmål i tilknyting til høgtlesing av denne bildeboka av Stian Hole (også skrivne i oktober 2010), nynorsktekst om bøkene Au da, au da og Jada, jada av Bjørn Ingvaldsen (skrivne i mars 2011) og Min drømmeferie, skriven på bokmål i juni 2011. Bokmålselevane har ikkje same kompetanse i å skrive og lese på det andre målet som elevane i nynorskklassen har. Men analysane viser at dei to sterkaste av dei fire utvalde elevane har hatt ei tydeleg utvikling når det gjeld skrivekompetanse på nynorsk, slik at dei meistrar relativt mye av nynorsk formverk, ordtilfang og rettskriving. Motivasjonen for å skrive og lese ser ikkje ut til å vere mindre i høve til nynorsk enn til bokmål hos elevane. Analysane i femteklassane blir gjort etter same mønster som i tredjeklassane. Av plassomsyn vel vi ikkje å ta med detaljerte analysar frå femteklassane her. Eit av dei førebels funna, som gjeld begge klassane, er at tekstene som er skrive i tilknyting til høgtlesingsbøker (jamfør titlane på bøker av Bjørn Ingvaldsen) ser ut til å vere dei lengste og mest engasjerte tekstene. Dette funnet er omtalt i artikkelform i Utdanning nr. 12/17. juni 2011. Sjuandeklassen I sjuandeklassen som hadde nynorskprosjekt frå andre til fjerde klasse, tydar materialet som er samla inn, på at kontinuitet er viktig. Desse elevane har ikkje hatt eksplisitt skriftlig nynorskopplæring etter fjerde klasse, og dette har ført til at kompetansen i nynorsk ikkje har blitt vidareutvikla parallelt 5

med kompetansen i bokmål. Dette førte blant anna til at dei lente dei seg tungt på dialekten sin i teksta dei skreiv på nynorsk. Dei fikk også spørsmål om korleis dei trur det vil bli å arbeide med nynorsk på ungdomsskolen, og dette spørsmålet svarte dei individuelt og skriftleg på. Godt over halvparten (67%) av dei som hadde deltatt i Haugtussa-prosjektet, svarte at dei trudde det ville gå greitt å arbeide med nynorsk på ungdomstrinnet. Dei har altså ei positiv innstilling i utgangspunktet. Ein av elevane svarte for eksempel slik: Jeg tror det hadde blit kjekt siden jeg synes det va kjekt å jobbe med Nynorsk når jeg hadde det på barneskolen. Publisering Benthe Kolberg Jansson presenterte prosjektet og noen førebels resultat på forskarkonferansen Skriv! Les! i Stavanger 31. mai i år. Konferansen var arrangert av Lesesenteret og Skrivesenteret. I etterkant av konferansen er deltakarane invitert til å levere ein artikkel til ei fagfellevurdert artikkelsamling. BKJ har begynt å skrive på ein slik artikkel og vil prøve å få han tatt inn. Hilde Traavik publiserte artikkelen Skriving og lesing hand i hand i tidsskriftet Utdanning nr. 12/2011. I artikkelen blir nokre av funna frå Brattholmen skole i prosjektet presentert. H T og BKJ har fått godkjent abstrakt til den tredje nordiske morsmålsdidaktiske konferansen, som blir arrangert ved Høgskolen i Vestfold 2. 4. november 2011. Der vil vi presentere fleire resultat frå prosjektet. BKJ og HT er også involvert i et større bokprosjekt retta inn mot GLU 1 7 i lærarutdanninga. Der skal vi skrive kapittel der røynsler med og funn frå tidlig start -prosjekta vil få ein tydeleg plass. 6