Dato: 23.10.14 Høyanger kommune erfaringar etter tilsyn og politisak Rådmann Arve Varden
3 spørsmål men 2 saker.. Kva førte tilsyna og politisaka til? Kva lærdom ein vil trekke fram med bakgrunn i tilsyna og politisaka? Kva vil dette resultere i framover?
Tilsynet Tilsyn av fylkesmannen i 2010 ved Høyanger skule og Kyrkjebø skule i forhold til «Skulen sitt arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø, jfr. Oppl.lova kap. 9a.» Tilsynet var delt inn i 3 hovudkategoriar Det førebyggande arbeidet ved skulen, 9a-4 Det individuelt retta arbeidet ved skulen, 9a-3 Brukarmedverknad, dvs. skulen si plikt til involvering av og samhandling med ulike råd og utval, 9a-5, 9a-6 og kap. 11 Begge skulane fekk avvik og merknader i 2010. Oppfølgingstilsyn vinteren 2013 ved dei same skulane. Fylkesmannen avdekka at kommunen ikkje hadde følgt godt nok opp tilsynet av 2010. Høyanger kommune utkvitterte avvika overfor fylkesmannen den 23.12.2013. Fylkesmannen godkjente den 28.04.2014 kommunen si tilbakemelding Tilsyn også ved andre skular i fylket. Lærdalsøyri skule, Ljøsne skule, Hafstad vgs,..
9a-3 9a-3.Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak
9a-5 9a-5. Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna. Elevrådet kan nemne opp skolemiljørepresentantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og myndigheitene i saker som har med skolemiljøet å gjere. Skolemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen i den grad det vedkjem skolemiljøet for elevane. Elevane kan møte med inntil to skolemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutvalet eller anna samarbeidsorgan der eit slikt er oppretta ved skolen i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 7, når dette behandlar spørsmål som vedkjem skolemiljøet for elevane. Skolemiljørepresentantane har da talerett og rett til å få meininga si protokollert. Skolemiljørepresentantane skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. Skolemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget, så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. Skolemiljørepresentantane har rett til den opplæring og det fritak frå undervisningstimar som trengst for å skjøtte oppgåvene.
Tilsynet Tilsyn av fylkesmannen i 2010 ved Høyanger skule og Kyrkjebø skule i forhold til «Skulen sitt arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø, jfr. Oppl.lova kap. 9a.» Tilsynet var delt inn i 3 hovudkategoriar Det førebyggande arbeidet ved skulen, 9a-4 Det individuelt retta arbeidet ved skulen, 9a-3 Brukarmedverknad, dvs. skulen si plikt til involvering av og samhandling med ulike råd og utval, 9a-5, 9a-6 og kap. 11 Begge skulane fekk avvik og merknader i 2010. Oppfølgingstilsyn vinteren 2013 ved dei same skulane. Fylkesmannen avdekka at kommunen ikkje hadde følgt godt nok opp tilsynet av 2010. Høyanger kommune utkvitterte avvika overfor fylkesmannen den 23.12.2013. Fylkesmannen godkjente den 28.04.2014 kommunen si tilbakemelding Tilsyn også ved andre skular i fylket. Lærdalsøyri skule, Ljøsne skule, Hafstad vgs,..
Digresjon terminologien til fylkesmannen.. Utdanningsdirektøren nyttar begrepa lovbrot og ulovleg praksis Fylkeslegen nyttar avvik og merknader EG meiner det er utfordrande at ikkje fylkesmannen internt kan sameinast om kva ord og uttrykk ein skal nytte ved tilsyn
Politisaka frå frikjenning til førelegg Høyanger kommune vart i februar 2013 meld av foreldre til ein gut fordi familien meinte at skulen ikkje gjorde nok for å hindre mobbing av guten. August 2013 vart saka lagt vekk som straffesak, men politiet poengterte at dei såg mobbinga som alvorleg, og at einskilde av hendingane har vore så grove at det har gått føre seg vald etter straffelova. Foreldre til guten anka statsadvokaten sin konklusjon om å legge vekk saka. November 2013 vart Høyanger kommune på ny meld til politiet i ei anna sak. Også i dette tilfelle vart det hevda at skulen ikkje gjorde nok for å hindre mobbing av ein gut. Mai 2014 vart Høyanger kommune ilagt eit førelegg på 100.000 kr som første kommune i landet for brot på opplæringslova.
Førelegget Høyanger kommune vart av politimeisteren i Sogn og Fjordane den 06.05.2014 gjeve eit førelegg for 4 brot på opplæringslova. 1. NN ble i perioden 2007-2012 utsatt for psykisk og fysisk mobbing fra en annen elev...til tross for at skolens ledelse og ansatte kjente til mobbingen ble det ikke iverksatt tiltak som var tilstrekkelige for å hindre hendelser. 2. NN ble i perioden 2007-2013 utsatt for psykisk og fysisk mobbing fra to andre elever...til tross for at skolens ledelse og ansatte kjente til mobbingen ble det ikke iverksatt tiltak som var tilstrekkelige for å hindre hendelser. Opplæringslova stiller krav.. Dersom ein forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, val eller rasisme skal skolen snarast mogeleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Høyanger kommune fatta ikkje enkeltvedtak i nokon av tilfella over. Det er usemje mellom skulen og foreldra om kor tid mobbinga første gong vart kjent.
Enkeltvedtak også ei utfordring i Bergen.
og i Nordland.
Vi godtok førelegget Høyanger kommune godtok førelegget fordi: Vi erkjente at vi ikkje har gjort tilstrekkeleg for å hindre mobbing Vi erkjente at vi ikkje har fatta enkeltvedtak etter 9a-3 på skulane våre Kva vurderte vi som viktigast når vi tok avgjerda vår? Omsynet til ungane Omsynet til foreldra Omsynet til kommunen sitt omdøme Ei utfordring Omsynet til dei tilsette ved skulen og deira arbeidsmiljø. Mange dyktige tilsette som er lei seg Skulen er IKKJE ein mobbeskule
Kva førte tilsyna og politisaka til? Skuleeigar = Kommunestyret har vedtatt den 17.12.2013 Felles ordensreglement for grunnskulane i kommunen Handlingsplan mot mobbing Retningslinjer for saker som gjeld opplæringslova 9a Prosedyre handlingsplikt Skjema for meldingar i samband med uønska åtferd Mal for enkeltvedtak Tiltak for eleven sitt psykososiale miljø Årshjul for arbeidet med elevane sitt fysiske og psykososiale arbeidsmiljø Prosedyre «Arbeid i råd og utval ved skulane i Høyanger kommune».
Kva lærdom har vi gjort internt med bakgrunn i tilsynet? Høyanger kommune må vere meir bevisst rolla si som skuleeigar. Skulane treng å bli betre i forhold til formalitetar og å bruke forvaltningslova. Vi har laga og vedtatt rutiner for internt tilsyn i tråd med 9a ved alle skular i kommunen. Første tilsyn startar ved Kyrkjebø skule den 05.11.14. Tilsynet vert gjennomført av HMSleiar(ingeniør) Olav Nordgulen og ass. rådmann Kjell Ese(jurist). Skulen som har hatt ei mobbesak treng debrifing på tre nivå I forhold til den som blir mobba I forhold til mobbaren I forhold til lærarkollegiet
Kva lærdom må vi gjere oss i forhold til omgjevnadane? Vi ser at det er vanskeleg for Fylkesmann og Politi å få «full oversikt» i slike saker. Mobbesaker vekker kjensler, og det er ikkje lett å diskutere realitetar og sanningsinnhald i det offentlege rom. Media «likar» denne typen saker, og det er ei utfordring å handtere media. Fleire påstandar i media har feil og er upresise, men vert likevel ståande uimotsagt av kommunen. Kvifor?
Kva må ikkje skje.. Vi må ikkje bli så formelle og redde for å gjere feil at vi misser tilliten til «systemet» og hindrar dette i å fungere. Vi vil vel ikkje ha Amerikanske tilstandar? Nyleg ein konferanse i Høyanger som heitte «Bruk hue» som omtalte digital mobbing.
Framover.. kva no? Meir involvering og tettare oppfølging frå skuleigar i skulen si daglege drift. Vi har sagt ja til KS om å vere med i prosjektet «Beredskapsteam mot mobbing». Prosjektet vert gjennomført 3 «plassar» i Noreg. Vi planlegg at følgjande skal delta: oppvekstsjef, ein frå tenesteområde helse, ein frå PPT og ein frå FAU. Pga deltakarar frå ulike tenesteområde vert prosjektet forankra hos rådmann. Vi skal aldri ha slike saker igjen..
«Vi er glade vi bur i Høyanger»
Takk for merksemda