VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 200 Arkivsaksnr.: 2008/1902 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 24.10.2008 Rekneskapskommentar pr oktober 2008 Utval Møtedato Utvalssak Drifts- og forvaltningsutvalet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes kommunestyre tek rekneskapsrapport pr oktober 2008 til orientering. SAKSUTGREIING:
Innleiing Driftsbudsjett for 2008 vart godkjent av kommunestyret i sak KST 139/07. I rekneskapsrapport pr. mai 2008, KST 59/08, vedtok kommunestyret ein del sparetiltak og reduksjonar. Likevel var desse tiltaka ikkje nok til å dekke forventa mindreinntekt. Administrasjonssjefen vil i denne saka gje ei orientering om rekneskapssituasjonen pr oktober. Den økonomiske situasjonen for 2008, og også for 2009, ser ut til å være svært vanskeleg. Det vert underskott på drifta. Dette grunna manglande inntekter og tap på kapitalfondet, høgt lønsoppgjer og høge renter. Inntekter Statlegeoverføringar Korrigert Budsjett Prognose Avvik Skatt og rammeoverføring 244 000 000 244 000 000 0 Vertskommunetilskott 53 400 000 53 400 000 0 Tilskott ressurskr. brukarar 4 500 000 4 300 000-200 000 Momskompensasjon 4 550 000 4 000 000-550 000 Andre statlege overføringar 9 800 000 11 500 000 1 700 000 316 250 000 317 200 000 950 000 Finansinntekter m.m. kalkulatoriske renter 5 400 000 5 400 000 0 Avkastning "kraftfondet" 11 000 000-15 000 000-26 000 000 Utbytte VEAS 5 500 000 3 900 000-1 600 000 Ekstra utbytte VEAS 3 000 000 3 000 000 0 Renteinntekter 2 000 000 2 000 000 0 26 900 000-700 000-27 600 000 Skatt og rammeoverføring I opprinneleg budsjett var skatt- og rammeoverføring sett til 246,0 mill. kr, 7,0 mill. kr høgre enn fastsatt i statsbudsjett. Skatteinngangen i 2008 er noko høgre enn anslaga i statsbudsjettet, men likevel ikkje så stor auke at vi får så store inntekter som budsjettert. Difor vart budsjettert redusert med 2,0 mill. kr til 244,0 mill. kr i rekneskapssaka i mai. Så langt vi vurderer det i dag får vi inn nemnde sum. Andre statlege overføringar Gjeld ekstra skjønnsmidlar tilbarnehagedrift og rentekompensasjon for bygging av omsorgsbustader som vert høgre enn budsjettert, m.a. grunna høgre rente. Administrasjonsssjefen antyder at statlege overføringar vert 1,0 mill. kr høgre enn korrigert budsjett.
Avkastning kapitalfond Det er budsjettert med 11,0 mill. kr som avkastning frå kraftfondet. Det tilsvarer 7,5 % avkastning, 1,5 % høgre enn budsjettert rente på låna våre. Utvikling januar oktober Det har vore eit svært uroleg aksjemarked i heile 2008. Aksjeverdien gjekk kraftig ned i januar og så var det rolegare fram til juni. Siste månadane har det vore internasjonal krise på både finans og aksje markedet Tala for oktober har vi ikkje fått når rapporten vert skrevet, men det ligg an til stor nedgang i verdien på kapitalfondet også i oktober. Avkastning 2008 4000 2000 0-2000 -4000 Januar februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember -6000-8000 15000 Sum avkastning 2008 Avkastning Budsjett 10000 5000 0-5000 Januar februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember -10000-15000 Ved utgangen av september hadde vi eit tap på nesten 12,0 mill. kr
Vurdering for resten av året Det er svært vanskeleg, for ikkje å sei umogeleg, å vurdere korleis utviklinga i aksjemarkedet vert resten av året. Det er verdi 31.12.08 vi skal bokføre. Nedgangen i verdi (tap) i 2008 vert bokført som ei utgift i kommunens rekneskap. Avkastning, eller helst manglande avkastning, frå kraftfondet vil bety mykje for korleis driftsresultatet vert i 2008. Det er budsjettert inntekt på 11,0 mill. kr. Denne inntekta kan vi nok allereie no rekne som uaktuell. Det spennande vert kor mykje nedgangen i verdien (tap) på kapitalfondet vert. Ved utgangen av september er tapet 12,0 mill. kr. Administrasjonssjefen antyder i denne rekneskapssaka eit samla tap på 25,0 mill. kr (manglande inntekt 11,0 mill. kr og nedgang i verdi kapitalfond 14,0 mill. kr). Summen kan bli større. Driftsutgifter - forbruk pr. oktober Forbruk pr. oktober Budsjett Forbruk i % Formål 2007 2008 2008 2007 2008 Sentraladm./fellesutg. 21 865 21 573 24 688 89,8 87,4 Kyrkjelege føremål 1 933 3 220 3 595 56,4 89,6 Grunnskule m/sfo 50 435 54 879 62 846 80,0 87,3 Barnehage 6 577 8 648 9 513 84,4 90,9 Vestnes kulturskule 3 768 4 418 3 804 92,6 116,1 Kulturtiltak 2 205 3 610 2 855 101,0 126,4 Barne og ungd. Tenester 14 835 15 988 19 626 82,6 81,5 Helsevern 5 128 5 026 6 664 79,7 75,4 Nav sosial - kommune 3 192 3 116 3 325 75,1 93,7 Pleie- og omsorg 132 212 134 142 160 416 82,8 83,6 Bustaddrift -651-3 880-2 712 24,0 143,1 Tekniske tenester 5 260 3 695 8 746 59,4 42,2 Kjøp tenester Tremek 4 200 3 750 3 750 100,0 100,0 Avsatt lønsoppgjer 2 282 250 959 258 185 309 398 82,1 83,4 Driftsutgiftene har auka med 7,2 mill. kr, eller 2,9 % i forhold til same periode i 2007. Auken er no langt mindre enn den var pr mai (9 %). Det tyder på at sparevedtaka som vart vedtekne i sak KST 139/07 - årsbudsjett for 2008 og i sak KST 59/2008 rekneskapsrapport pr. mai 2008 no har fått effekt og begynner å vise økonomisk resultat. Forbruket i % av budsjettet er 83,4 %, mot 82,1 % i 2007.
I dei små sektorane skal vi ikkje legge så stor vekt på endringar i forbruk frå i fjord til i år, her kan ulike periodisering av utgifter og inntekter gje store utslag på forbruksprosenten. Innan grunnskuledrifta aukar forbruket mykje, det gjeld spesielt Helland og Tomrefjord skular. Her vil ein få eit stort meirforbruk. Også pleie- og omsorg ser ut til å få meirforbruk, for første gang på lenge er det drift av sjukeheimen som ligg an til meirforbruk. Det kan sjå ut som om dei store driftseiningane har størst problem med å klare å ta innsparingane som er vedtekne. Adminsistrasjonssjefen reknar med med at driftsutgiftene vert 5,0 mill. kr høgre enn budsjettert. Renter og avdrag Budsjett Prognose Avvik Renter 21 300 000 23 000 000 1 700 000 Avdrag 12 200 000 12 500 000 300 000 33 500 000 35 500 000 2 000 000 Det er budsjettert med 7 % rente i 2008. Renta har i periodar vore nærare 8 %, men ser ut til å gå noko ned att på slutten av året. Administrasjonssjefen reknar med at renter og avdrag vert minst 2,0 mill. kr høgre enn budsjettert. Grunna kassekredittlån, sjå nedanfor, kan det bli enno meir. Likviditet Grunna underskott i 2007 og 2008, eigenkapitalinnskudd i KLP og manglande kapitalavkastning har vi svak likviditet. Vi må bruke kassekreditt for å klare våre forpliktelser. Vi søkjer no om å få utvide kassekreditten vår til 50,0 mill. kr. Rekneskap for 2008 må avsluttast med bruk av kassekreditt, dette er ikkje lovleg. Grunna bruk av kassekreditt får vi ekstra rentekostnader som vi ikkje har hatt tidlegare år. På årsbasis ekstra renter på mellom 2,0 og 4,0 mill. kr.
Lønsoppgjer 2008 I budsjett for 2008 er det avsatt ein sum på 11,0 kr til å dekke ekstra kostnader som følgje av lønsoppgjeret i år. Det dekker ein lønsauke på 5,5 % frå 01.05.08, som også var dei råd vi fekk frå KS på det tidspunkt vi laga budsjettet. Ekstra kostnadane som følgje av lønsoppgjeret vart 16,7 mill. kr, 5,7 mill. kr meir enn avsatt sum. Lønsauken for Vestnes kommune utgjer 7,7 % på årsbasis, ramma for landet samla var 6,34%. Grunnen til at vi ligg høgre enn landsgjennomsnitt er at vi har ein stor andel tilsette i låglønsgruppene som fekk ekstra store lønstillegg i år. Grunna manglande budsjettdekning fekk ikkje driftseiningane auka budsjetta sine med meir enn 66 % av ekstra kostnad, dvs. 5,7 mill. kr mindre enn ekstra kostnaden. Elles kan ein nemne at som følgje av lønsoppgjeret betaler Vestnes kommune over 2,0 mill. kr ekstra i arbeidsgjevaravgift tilbake til staten. Oppsummering driftsbudsjett Det er svært vanskeleg, grunna uroleg finans- og aksjemarked, å antyde korleis driftsresultatet for Vestnes kommune vert i 2008. Vi kan pr. i dag antyde følgjande: Driftsutgiftene vert 5,0 mill. kr høgre enn budsjettert. Høgre lønsoppgjer enn rekna med (budsjettert) er vesentleg årsak til dette. Dersom lønsoppgjeret ikkje hadde vorte større enn budsjettert ville driftsutgiftene vore i balanse. Renter og avdrag vert minst 2,0 mill. kr høgre enn budsjettert. Statlege overføringar vert om lag som korrigert budsjett. Grunna kraftig nedgang i aksjeverdiane vert det ikkje i avkastning på kapitalfond i 2008, i staden vert nedgang i verdien (tap) på kraftfondet. Administrasjonssjefen reknar med at vi her må reknskapsføre eit tap (manglande budsjettert inntekt, 11,0 mill. kr, og tap av verdi) på minst 25,0 mill. kr. Administrasjonssjefen antyder pr. i dag at det vert eit rekneskapsmessig underskott på mellom 25,0 og 40,0 mill. kr i 2008.
Investeringsbudsjett 2008 Investeringsbudsjett 2009 er på 22,7 mill. kr. Ved utgangen av oktober var det ført 22,1 mill. kr i investeringsrekneskapen, ein del av dette gjeld prosjekt som var gitt løyving til tidlegare år, men som først vert utført i år. Budsjett og forbruk på enkeltprosjekt er som følgjer: Budsjett 2008 Utgiftsført Helland barnehage, restl. 2 500 000 9 567 000 Ferdig, byggjerekneskap seinare hellikopterplass, H sentrum 100 000 96 000 Ferdig, tomrefjord idr. Hall ventillasj. 1 250 000 Ikkje starta planlegging foregår Vestnes fellesråd 500 000 IKT felles drift 2 700 000 1 623 000 Inv. Foregår fortløpande, kjem meir belastning Lærebøker grunnskulane 500 000 473 000 Opparb. Friluftsområde 200 000 0 Vestnes legesenter, div utstyr 100 000 98 000 Utstyr kjøpt Vestnes sjukeheim, opprusting 3 000 000 2 770 000 Må ha meir løyving for å gjere ferdig arbeidet Vestnes sjukeheim, div utstyr 300 000 227 000 Mykje av utstyret kjøpt Tresfjord trygdeheim, div utstyr 200 000 26 000 Sentralkjøkken, div utstyr 780 000 0 Ein del utstyr kjøpt,mmen feilført på drifta Vestnes ressurssenter, omb. 4 000 000 1 267 000 Sjå nedanfor Strandbo, rep. Tak/ uteplass 250 000 0 Kjøp av grunn 500 000 357 000 Opparbeiding industrifelt 2 000 000 442 000 Arbeid pågår, kjem større utgifter seinare i år Anleggsdrift, div utstyr 400 000 365 000 Prosjektering brannstasjon 250 000 0 Brannvern,div utstyr mannsk bil 500 000 584 000 Grøn sektor, klippar 100 000 167 000 Buktavegen,vegkryss 100 000 Nye veglys 100 000 Vegskilting/kart 300 000 Asfaltering 1 000 000 662 000 Kataholmen, rep. Skade 400 000 22 030 000 18 724 000 Dei største investeringsprosjekta i 2008 er Helland barnehage, 9,6 mill. kr Barnehagen er no ferdig og tatt i bruk. Det vert laga eigen byggjerekneskap som vert lagt fram for kommunestyret. Vestnes sjukeheim, 3,0 mill. kr Bygningsmessige tiltak for å betre forholda for personale og bebuarane. Det er behov for løyving også i 2009 for å gjere ferdig arbeidet. IKT, felles for heile kommunen 1,6 mill. kr Vestnes ressurssenter 1,3 mill. kr Kostnadsramme for prosjektet er 12,0 mill. kr. Her var planane og prosjektet ferdig og var lyst ut på anbud. Det visste seg at anbudssummane vart langt høgre enn rekna med, kanskje ein totalkostnad på opp mot 24,0 mill. kr. Anbudskonkurransen vart avlyst, det vert no arbeidd med reviderte planar og redusert ombygging slik at ein skal kunne få ei ombygging innanfor kostnadsramma.
Fleire småprosjekt som fekk løyving i 2008 er enno ikkje opptsarta, m.a. grunna manglande planleggingskapasitet i tekniske tenester. Av større prosjekt som enno ikkje er kome i gang nemner ein Tomrefjord idrettshall, utskifting av ventillasjonsanlegg. Her er løyvd kr 1.250.000,-. Planlegging foregår, så langt ein vurderer det no må løyvinga aukast noko for å få utført arbeidet. Kjem tilbake til det i investeringsbudsjett 2009. Kataholmen, utbedring av stormskade. Løyvd kr 400.000,- i 2008. Arbeidet ikkje starta, må ha større løyving for å kunne utføre arbeidet. Kjem tilbake tuil det i investerigsbudsjett 2009. Særutskrift til: