Planutvalet møte 28.november 2012

Like dokumenter
Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Planutvalet, 27. november 2013

Frå plan til handling

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Verkstad for regional utvikling sept Folketal i %

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

I årsplanen for 2017 går det mellom anna fram om arbeidet med verdiskapingsplanen fram mot statusvurdering og justering i 2018:

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Frå plan til handling

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Planstrategi for Ullensvang herad

INTERNASJONAL STRATEGI

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Regional planstrategi

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Saksframlegg. Regional plan for folkehelse SAKSFRAMSTILLING

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Framlegg til planprogram

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Vestlandsrådet - Revisjon av politisk plattform, samarbeidsavtale og vedtekter

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Presentasjon av fagrapport frå forprosjekt GJENNOMFØRINGSEVNE. Kan gjere = gjennomføringsevne

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for vassregion Sogn og Fjordane

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Jølster kommune Saksutgreiing

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

Forslag til endringar i naturmangfaldslova og vassforskrifta. Endringsforslag datert Framlegg frå KLD og OED

Partnarskapsavtale - verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane

Regional planstrategi for Buskerud Sigurd Fjøse ass. utviklingssjef

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

3) Vassområdeutvala kjem med innspel om viktige utfordringar og prioriteringar i vassområdet til dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål

HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESRÅDET FOR ELDRE I SOGN OG FJORDANE

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Årssamling i regionalt planforum 2017 regional planstrategi Marit Rødseth, plansjef 12.september 2017

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)


REGIONAL PLANLEGGING. Rev

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

REGIONAL PLANSTRATEGI

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Arbeidsgruppe sjømatnæringar - MANDAT

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Regional planstrategi - status og framdrift på prioriterte planarbeid

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Regional planstrategi Sogn Regionråd Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Nye Vestland fylkeskommune status og prosess

FYLKESDELPLAN FOR KLIMA OG MILJØ

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

MØTE BOK. Møtestad Leikanger - Fylkeshuset, møterom Sygna. Møtedato Etter finansutvalet

SAKSFRAMLEGG. Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel for Fitjar kommune. Oppstart av Planprogram.

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Regional planstrategi for Buskerud Sigurd Fjøse Teamkoordinator

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

REGIONAL PLANSTRATEGI FOR SOGN OG FJORDANE

Regional planstrategi for Buskerud Sigurd Fjøse ass. utviklingssjef

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Frivilligpolitisk plattform

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

Transkript:

Side 1 av 7 Næringsavdelinga Planutvalet møte 28.november 2012 Sakshandsamar: Lars Hustveit E-post: lars.hustveit@sfj.no Tlf: 57 65 62 52 Vår ref. Sak nr.: 12/8451-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 39204/12 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 13.11.2012 Regional plan for verdiskaping - arbeidsdokument 1/12 Føremålet med arbeidsdokumentet: Fylkestinget vedtok i sak 48/12 å utarbeide ein regional plan for verdiskaping (forkorta RPV). Føremålet med arbeidsdokumentet er å: Omtale premissar for planarbeidet Presisere omgrepet verdiskaping Presisere viktige føremål med planprogrammet. Presisere planoppgåva slik at planarbeidet har god framdrift fram mot forpliktande handlingsprogram og operativ planlegging. Formulere fylkeskommunal ståstad for dialog med partnarskapen Skildre deltaking og organisering Skildre framdrift Forma på arbeidsdokumentet: Tilrådingar til planutvalet er sett i eigne rammer. Premissar arbeidsdokumentet bygger på. I Fylkestinget si sak 48/12 «Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2012 2016» vart det vedteke å utarbeide ein regional plan for verdiskaping. Innhaldet i planstrategi for Sogn og Fjordane 2012-2016 er førande for arbeidet med regional planlegging i perioden. Det vart vidare presisert at gjennomføring av planarbeidet skal skje i tråd med tidsaksen vist i saka, dette for å sikre samsvar med økonomiplanen og tilgang på personalressursar. Det er føresett at planane som er tilrådde i planstrategien skal vere godt koordinerte. Regional planstrategi peikar på naturressursane og kompetansen til folk i fylket, som vår viktigaste styrke. Ønsket er å utvikle fylket som ein internasjonalt retta og konkurransedyktig region som opptrer som del av Vestlandet. Viktigaste utfordringa er folketalsutviklinga. Nasjonale føringar for planarbeidet er avklara i fylkestingsak 48/12. I denne fylkestingsaka er fylkeskommunen si plattform for samarbeid med kommunane og staten omtala. Fylkeskommunen gir gjennom saka eit signal til staten om å investere i realøkonomien. Dette vert framheva som viktig for «produksjonsorienterte samfunn som Sogn og Fjordane». Viktige føringar for regionale planar er: Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Faks: 57 65 61 01 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 7 Overordna mål: Auke folketalet i perioden fram til 2016 til 112 000. Dette målet inviterer til å prioritere innsats som gir god sysselsettingseffekt. Strategiar for å bidra til å nå målet: Styrke attraktiviteten til kommune- og regionsentra Styrke utviklinga av lokalsamfunn med vekt på kultur, trivsel, tryggleik og god helse Styrke grunnlaget for eit innovativt og konkurransedyktig arbeidsliv Styrke frivillig sektor si rolle lokalt og regionalt Styrke samhandling mellom stat, region og kommunar Styrke merksemd om bruk av natur og kulturarven som verdiskapar Styrka satsing på utbygging av infrastruktur Styrke kompetanse og utdanning med basis i lokale og regionale behov. Arbeidsmåtar for det strategiske arbeidet: Etablere fleire og sterkare bu- og arbeidsmarknadsregionar Bygge meir urbanitet og styrke tilboda i tettstadane (region- og kommunesentra) Utvikle kvalitet og kapasitet i offentlege tenester Auka utbygging av fysisk infrastruktur som breiband og vegar Gjennomføre prosjekt for styrka integrering og fast busetnad av arbeidsinnvandrarar. Skaffe kunnskap om natur- og ressursgrunnlaget som grunnlag for berekraftig bruk/vern. Etablere handlingsretta strategiar innan prioriterte einskildområde. FT-sak 48/12 inneheld også vedtak om å starte opp følgjande planlegging: Regional transportplan Regional plan for skulebruk (skulebruksplanen). Regional plan for folkehelse Revidering av regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014 2016 FT vil i desember 2012 ta stilling til om planstrategien skal bli komplettert med nye meir geografisk avgrensa. Arealbruken i kystsona er aktuelt som mogeleg tema. Arbeidet med regional plan for verdiskaping skal bygge på føringar i regional planstrategi. Arbeidet med regional transportplan og regional plan for skulebruk har komme godt i gang. Det er viktig at perspektivet verdiskaping vert ivareteke i desse prosessane. Det er og viktig at verdiskapingsplanen viser kva satsingar som er særleg viktige for næringslivet i desse meir offentleg retta prosessane. Omgrepet verdiskaping og avgrensing av planoppdraget. «Verdiskaping» vert forstått og brukt noko ulikt. I offentleg ordskifte er det ikkje brukt som eit presist økonomisk uttrykk. Verdiskaping som omgrep skil ikkje på om produksjon er organisert offentleg eller privat. Det er såleis ikkje slik at det private arbeidslivet skaper og det offentlege forbrukar; opplæring er t.d. like skapande om arbeidet skjer i offentleg eller privat regi. Verdiskaping er rett og slett å produsere noko som er nyttig, enten i seg sjølv eller fordi godet skal brukast vidare i ein annan samanheng. Verdiskaping skaper direkte eller indirekte velferd. «Verdiar» og «velferd» er politisk lada omgrep. Verdiskaping handlar difor også om verdival og om å avvege interesser. Måling og vurdering av verdiskaping krev skjønn. BNP måler ikkje alt. Nokre døme: Kapital akkumulert i internasjonal finanssektor har dei siste åra demonstrert alt anna enn produksjon av ønskjeleg velferd. Det har fleire kommunar i fylket vårt fått erfare.

Side 3 av 7 Vi veit at morgondagens verdiskaping betyr at verda må endre energikjelder, at vi må binde meir CO2 og at mat og vatn er dei mest verdifulle varene sjølv om marknadsverdien er låg. Økonomisk verdiskaping føreset makt til å sikre sunn konkurranse og å hindre uvettig profittjag; enten dette handlar om rovfiske, livsfarlege vogntog som ikkje er skodde for norsk vinterføre, eller sosial «dumping». Veksten er problemet i verda FN åtvarar om uoppretteleg skade på jorda. NTB 07.06.2012 Det er naturleg å arbeide med verdiskaping slik at omgrep som berekraftig utvikling og bedrifter med samfunnsansvar («CSR») vert gitt reelt innhald. Avgrensing av vidare arbeid Offentleg tenesteyting har nær 40% av sysselsettinga i fylket. Figuren illustrerer at offentleg tenesteyting og forvaltning er viktig for samla verdiskaping. Samspelet privat offentleg er viktig å utvikle og er årsaka til at fleire har ønskja ein plan for verdiskaping framfor ein tradisjonell næringsplan. Arbeidet med regional plan for verdiskaping må også syne og tangere koplingane til utviklingsarbeid i høve levekår, miljø og infrastruktur. Fylkesrådmannen tilrår at planprogrammet vert brukt til å prioritere eit avgrensa tal plantema. Grunngjeving: Planleggingsaktiviteten bør rettast mot område der partnarskapen har handlingsrom. Handlekrafta vår bør konsentrerast framfor å bli spreidd på mange ambisjonar. Ei avgrensing sikrar framdrift og ei resultatorientert planlegging. Planarbeidet bør handle om økonomisk verdiskaping og at vi gjennom planlegging legg vekt på å sikre og utvikle dei konkurransefortrinn som ligg i privat sektor. Kvalitet og kapasitet i offentlege tenester (offentleg verdiskaping) og aktiviteten i friviljug sektor bør bli plantema i den grad aktiviteten er viktig for eller er del av prioriterte næringsmiljø / bransjar. Offentleg verdiskaping vil ut frå dette perspektivet bli inkludert slik at offentleg og privat verdiskaping har ein klar samanheng: Offentleg innsats som inneber viktig tilrettelegging. Døme: utdanning, transport og ressursforvaltning Ny eller endra offentleg tenesteproduksjon som kan medverke til å utvikle sterkare offentleg-private fagmiljø. Suksesshistorier i fylket: DIFI og Lotteritilsynet. Attraktive bu- og arbeidsområde som styrker fylket i kampen om arbeidskrafta Planarbeidet vert avgrensa til økonomisk verdiskaping med hovudvekt på utvikling av privat næringsliv. Verdiskaping i offentleg sektor vert konsentrert om aktivitet med god samanheng til prioriterte satsingar i næringslivet. Viktige døme; ressursforvaltning, utvikling av infrastruktur, transport og kunnskapsutvikling. Jf. elles ev. koplingar som vil bli gjorde av fylkestinget i høve ev. geografisk avgrensa regionale planar. Planarbeidet skal bygge opp under hovudmålet om folkeauke. Sysselsettingseffekt vil difor vere ein viktig overordna indikator. Aktivitet i samsvar med prinsippa for berekraftig utvikling og

Side 4 av 7 med omgrepet bedrifter med samfunnsansvar vert gitt prioritet. Resultatorientering For å sikre konkrete resultat av planarbeidet er det behov for god framdrift og langsiktige mål, med milepælar som kan etterprøvast. For å sikre at planarbeidet har god framdrift, rår fylkesrådmannen til at planutvalet alt i dette arbeidsdokumentet presiserer oppdraget til partnarskapen og at prosessen med planprogrammet vert brukt til å prioritere plantema. Gode målformuleringar med resultatindikatorar er ein viktig nøkkel for både presise oppdrag og forpliktande avtalar. Dessutan: KRD har pålagt fylkeskommunen å inkludere partnarskapen på ein systematisk måte og å ha gode system for mål- og resultatstyring. Riksrevisjonen har påpeika overfor KRD at forvaltninga av regionale utviklingsmidlar (551) er for aktivitetsorientert. Resultat og måloppnåing bør få auka fokus. Også internt har forvaltningsrevisjonen påpeika forbetringspotensiale; m.a. innan tema som gode mål å styre etter, dokumentasjon av ansvarsområde, rutinar og prosessar. Fylkeskommunen må saman med partnarskapen arbeide med å endre kulturen bort frå fordeling av midlar og meir i retning av jakt på resultat/effektar. Auka innsats mot veldefinerte målgrupper kan her vere vegen å gå. Ikkje alt kan målast på eintydig vis. Verdifulle resultat gir seg ofte utslag i betre kvalitet og i auka kunnskap. God resultatvurdering handlar også om læring. Planutvalet føreset at planprogrammet vektlegg resultatorientering, m.a. ved at det vert formulert klåre mål (også kvalitative mål) og veldefinerte målgrupper og ved at det vert lagt opp til effektiv organisering av partnarskapsarbeidet heilt fram til gjevinstrealisering. Medverknad frå partnarskapen Partnarskap er ei gruppe av organisasjonar som har valt å etablere eit formelt samarbeid retta mot eit felles hovudmål som er viktig å oppnå for kvar einskild organisasjon. Vanleg samansetting av fylkespartnarskapen er ulike offentlege etatar, representantar for forsking og undervisning, og næringslivet. Avsnittet organisering nedanfor syner kva som er tenkt med partnarskap i dette planarbeidet. I Plan- og bygningslova 8-3 «Utarbeidelse av regional plan» heiter det m.a.: «Ved utarbeiding av regional plan skal regional planmyndighet samarbeide med berørte offentlige myndigheter og organisasjoner. Statlige organer og kommuner har rett og plikt til å delta i planleggingen når den berører deres virkeområde eller egne planer og vedtak. Regional planmyndighet utarbeider forslag til planprogram i samarbeid med berørte kommuner og statlige myndigheter, jf. 4-1. Forslag til planprogram sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn med minst seks ukers frist. Planprogrammet fastsettes av regional planmyndighet.» Lova gjer det såleis heilt klart at fylkeskommunen skal arbeide saman med statlege organ og kommunane. I planstrategien vart også næringsliv og organisasjonar trekte med. Det er naturleg at ein fører vidare denne arbeidsmåten.

Side 5 av 7 Tanken bak partnarskapstenkinga er at arbeid som krev felles innsats skal skje koordinert og med tyngde. Likeverd er understreka slik at partnarane ser regional planlegging som «sin» prosess og ikkje set i gang overlappande strategiprosessar. Omgrepet partnarskap vert forstått slik i arbeidet med regional planlegging: Deltakarane i partnarskapen vert valde ut frå kor vidt plantemaet vedkjem desse m.a. som representerer viktige brukargrupper eller som har ansvar for viktige verkemiddel Partnarskapen er leia av fylkeskommunen. Alle partnarane er likeverdige. Samarbeidet er formalisert og har primært funksjonar knytt til overordna planlegging m/ oppfølging og gevinstrealisering. Eit viktig forbetringspunkt er å utvikle betre avtalar mellom partane i partnarskapen, fordele oppgåver, avklare ressursinnsats/organisering, oppfølging og prioritere klarare kva oppgåver som bør løysast i fellesskap gjennom program. Vanlegvis har partnarskapen eit sekretariat som også har fokus på oppfølging. Planutvalet legg vekt på at partnarskapen deltek aktivt i arbeidet og at regional planlegging forpliktar i gjennomføringsfasen. Orienteringa om omgrepet partnarskap vert teke til vitande. Fylkeskommunen sin ståstad for dialog med partnarskapen om planprogrammet Likeverdige partnarar er utgangspunktet vårt. I dette avsnittet er føremålet å formulere ein ståstad for fylkeskommunen i vidare dialog om eit planprogram. Arbeidet med ein regional plan for verdiskaping startar ikkje med «blanke ark». Nokre skritt har allereie vore tekne saman med partnarskapen. Formelle føringar: Vedtak i fylkestingssak om regional planstrategi (RPS) i oktober 2012. Føreståande vedtak i fylkestingssak om RPS i desember 2012 Nasjonale føringar som er vurderte og inkluderte i RPS Statusen for eksisterande strategiske planar er omtala i regional planstrategi. Viktige planar som ikkje er tenkt endra: o Gjeldande reiselivsplan o Gjeldande strategi for fornybar energi / fylkesdelplanar for småkraft og vindkraft o Gjeldande næringsretta FoU strategi Deler av partnarskapen har samarbeidd om: Analysane og råda formulerte i prosjektet «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane». Regionalt Bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane (fylkesmannen).. Vi bør ikkje repetere ferske utviklings- og planprosessar, men heller forsøke å vidareutvikle grunnlaget for felles innsats. Pr. dato kan særleg samarbeidet om «energiregion Sogn og Fjordane» ha nytte av at gjeldande strategi for fornybar energi vert vidareutvikla. Dette er i tilfelle ei justering av vurderingane lagt fram i regional planstrategi. Fylkeskommunen bør ha som utgangspunkt for dialogen: Identifisere handlingsrom og setje fokus på kva vi kan gjennomføre. Utvikle ein politikk for å støtte gode initiativ som ikkje er tenkte på i ein planprosess (reaktivt arbeid) og forme ambisjonar i ein langsiktig systematisk innsats (prioriterte satsingsområde m/proaktive arbeidsformer)

Side 6 av 7 Det er ikkje nødvendig at alle langsiktige satsingar skal organiserast som partnarskapssatsingar. Krafta går ut av arbeidet dersom det vert for mange felles oppfølgingsmøte. Fem prioriterte fellesambisjonar kan vere nok. Nokre satsingar kan fylkeskommunen eller andre ta ansvar for utan at dette vert del av ei felles satsing. Fylkesmannen vil t.d. arbeide med å utvikle landbruket uavhengig av om dette er ein prioritert del av partnarskapsarbeidet. Planutvalet ønskjer at planprogrammet prioriterer eit avgrensa tal plantema for arbeidet med regional plan for verdiskaping. Fylkeskommunal ståstad for drøfting med partnarskapen: Ein brei næringspolitikk for å hjelpe fram gode lønsame initiativ (verkemiddelpolitikk og eit kompetent verkemiddelapparat) Prioriterte langsiktige bransje- og/eller næringsmiljøsatsingar basert på ei vurdering av konkurranseføremoner Offentleg produksjon som heng saman med prioritert bransje- og/eller næringsmiljøsatsing. Organisering av arbeidet Politisk styringsgruppe: Fylkesutvalet Politisk referansegruppe: Hovudutval for plan og næring (HPN) Rutine for politisk avklaring undervegs i prosessen: Arbeidsdokument til Planutvalet, via HPN. Administrativ styringsgruppe: Leiing: Fylkesrådmannen v/næringsavdelinga. Plankompetanse: Plan- og samfunnsavdelinga. Frå statleg verkemiddelapparat: Innovasjon Norge, Fylkesmannen og NAV Frå privat sektor: NHO og LO i Sogn og Fjordane Frå kommunane: Ein person oppnemnt av KS Dette er ei organisering tilsvarande det vi følgjer i andre regionale planprosessar. Planutvalet tek organiseringa til vitande.

Side 7 av 7 Framdrift (kan bli justert) Tidspunkt: Milepælar: Nov -12 Sette i gang arbeidet med planprogram Des. -12 Ev. justering av oppdraget basert på FT-vedtak i desember 2012. Feb. mars 13 Høyring Mai -13 Vedtak av planprogram i FU. Mai juni -13 Organisere det vidare arbeidet med regional plan for verdiskaping Aug. des. -13 Planlegging basert på plantema prioriterte i planprogrammet Jan.- feb. -14 Redigeringsarbeid / avklaring som gjeld politiske problemstillingar Feb. mars -14 Høyring Vidare arbeid med partnarskapsavtalar og operative oppdrag - avklaring som gjeld administrative problemstillingar April -14 Tidlegast mogelege vedtak i Fylkestinget. Politiske dokument: Type: Møte: Innhald: A-dok 1 28/11-12 Om oppstarting og ev føringar for planprogrammet FU-sak 30/01-13 Høyringsdokument FU-sak 15/05-13 Sak om vedtak av programplan Planutvalet godkjenner framdriftsplanen fram til og med 15/5 2013. Tore Eriksen fylkesrådmann Jan Heggheim fylkesdirektør Kopi: Hovudutval for plan og næring Fylkesrådmannen si leiargruppe Fylkesplanteamet