KONKURRANSEGRUNNLAG for Som del av konkurransegrunnlaget inngår følgjande: Vedlegg 1: Kravspesifikasjonar m/prisskjema Vedlegg 2: Miljøkartleggingsrapport av 2014-02-26. Vedlegg 3: Overordna SHA-plan Vedlegg 4: Teikningar A-Æ Tilbudsfrist: 27.03. 2015 Kl.12.00
1 Generell informasjon 1.1 Oppdragsgiver 1.1.1 Bø kommune Bø kommune ligg midt i Telemark og er ein av 3 kommunar i eit interkommunalt samarbeid (Nome, Sauherad og Bø). Bø har pr. 1.1.2014 om lag 5 900 innbyggjarar og er eit handels- og utdanningssenter med stor aktivitet. Høgskulen i Telemark, avd. Bø har om lag 1600 elevar og bygda har også mange elevar frå regionen på Bø vidaregåande skule. 1.1.2 Oppdragets art og omfang. Drifta ved gamle Bø reinseanlegg er fasa ut og det er bestemt at anlegget skal rivast. I tillegg til riving, bortkjøring og fjerning av bygget, skal tomta planeras med eigna fyllmasser og pukk til framtidig bruk. Arealet er tenkt brukt til nytt lagerbygg. Framdriftsplan for gjennomføring av denne konkurransen og oppdraget. Framdriftsplanen er rettleiande og ikkje bindande for oppdragsgjevar. Utsending av konkurranse 12.03.2015 Anbodsynfaring 16.03.2015 kl. 12.00 Frist for innlevering av tilbod 27.03.2015 kl. 12.00 Innstilling på val av tilbyder Veke 15/15 Inngåing av avtale (planlagt) Veke 17/15 Gjennomføring av oppdrag Veke 18-21/2015 1.2 Informasjon om regelverket Konkurransen er regulert av lov om offentlige anskaffingar (LOA) med tilhøyrande forskrift (FOA). Konkurransegrunnlag (Konkurransegrunnlag.doc) 2 av 7
2 Generelle betingelsar 2.1 Anskaffingas omfang Drifta ved gamle Bø reinseanlegg er fasa ut og det er bestemt at anlegget skal rives. I tillegg til riving, bortkjøring og fjerning av bygget, skal tomten planeras med eigna fyllmasser og pukk til framtidig bruk. Arealet er tenkt brukt til nytt lagerbygg. Følgjande arbeider skal utføres: 1. Komplett riving av eksisterande reinseanlegg, inkl. konstruksjonar til ca 1,0m under bakkenivå. 2. Bortkjøring av masser og levering til godkjent mottak. Avgift for levering til mottak skal medtas. 3. Oppfylling med eigna rivemassar eller tilkjøyrd sprengstein og grus. Tilbodet skal innehalde alle dei opplysningar som denne tilbodsinnbydinga stiller krav om. Ufullstendige tilbod kan bli forkasta. 2.2 Anskaffingsprosedyre Anskaffinga gjennomføras som open anbodskonkurranse. Visar til Del II, 5-1 i forskrift til anskaffingar. 2.3 Atterhald Konsekvensar av eventuelle atterhald tatt av tilbyder skal beskrivast i tilbodsbrev og prissetjast. Dersom dette ikkje gjerast vil tilbodet bli avvist. Oppdragsgivar tek atterhald om retten til å forkaste alle tilbod samt å avlyse konkurransen fullstendig, dersom det føreligge sakleg grunn. Det takast atterhald om at tilboda kan gjennomførast økonomisk i høve til budsjett. Tilbydar kan ikkje gjere endringar i tilbodet eller kalle tilbodet tilbake etter tilbodsfrist. 2.4 Tilbodsfrist Tilbodet skal vere oppdragsgivar i hende seinast: Fredag 27.03.2015 klokka 1200. For seint innlevera tilbod vil bli avviste. Konkurransegrunnlag (Konkurransegrunnlag.doc) 3 av 7
2.5 Innlevering av tilbod Tilbodet skal leverast til: Tilbodet merkast: Bø kommune Teknisk eining v/ Lars Tore Svendsen Gullbringvegen 20 3800 Bø i Telemark «Rivearbeid Bø RA» Tilbodet skal leveras med eit tilbodsbrev og være signera av person(ar) som har fullmakt. Ein utfylt utgåve av konkurransegrunnlaget (med førespurte dokumentasjonar) og kravspesifikasjonar skal leggjast ved. Tilbodet skal være utforma på norsk. 2.6 Offentlig innsyn i konkurransedokumenta I medhald av Offentleglova 23 (3) er anskaffingsprotokollen og tilboda i konkurransen skjerma for offentlig innsyn frem til valet av leverandør er gjort. Deretter er desse dokumenta i utgangspunktet offentlig tilgjengelege. Etter Forskrift om offentlige anskaffingar (FOA) 3-6 har oppdragsgjevar likevel plikt til å sørgje for at opplysningar i tilboda som er å anse som forretningshemmelighetar, ikkje gjerast offentlig tilgjengelig, ref Forvaltningsloven 13. Teieplikta er pålagt oppdragsgjevar og det er derfor oppdragsgjevar som til sjuande og sist må vurdere kva for opplysningar som omfattast av bestemmingane i FOA 3-6. 2.7 Vedståingsfrist Tilbydar må stå ved sitt tilbod i 90 dagar. 2.8 Tilbodsopning Det vil ikkje bli føreteke offentleg tilbodsopning. Dei innkomne tilboda vil bli opna av to representantar frå oppdragsgjevar. Tilboda vil bli protokollførte. Tilbod som ikkje er i samsvar med konkurransegrunnlaget kan bli forkasta. 2.9 Omkostningar Omkostningar som tilbydaren pådreg seg ved utarbeiding av tilbodet vil ikkje bli refundera av oppdragsgivar. 2.10 Kontraktstildeling og kontrakt Oppdragsgivars vedtak om innstilling til val av leverandør/er vil bli skriftleg meldt pr. e-post til alle deltakarane i konkurransen i rimeleg tid før kontrakt inngåast. Oppdragsgjevar vil ha rett til å forkaste alle tilbod samt å avlyse konkurranse, dersom det ligg føre saklig grunn. Det vil bli inngått avtale/kontrakt med den/dei leverandør(ar) som får sitt/sine tilbod godkjent. Prisane skal vere fast i heile avtaleperioden. Konkurransegrunnlag (Konkurransegrunnlag.doc) 4 av 7
Som kontraktføresegn gjelder NS 8407, Alminnelige kontraktsbestemmelser for totalentrepriser. 2.11 Orientering til tilbydar Spørsmål i høve tilbodet skal rettast til: Kontaktperson: Lars Tore Svendsen Eining: Teknisk Telefon: 91732295 E-post: lars.tore.svendsen@bo.kommune.no 2.12 Sosial dumping Byggherren føreset at det ikkje nyttast ulovleg arbeidskraft. Med ulovleg forståast her sjølvstendige næringsdrivande som ikkje svarer skatt og avgifter til oppteningsgrunnlaget, eller som på annan måte ikkje overheld eksisterande lov- og regelverk, for eksempel manglar naudsynte arbeids- og opphaldsløyve. Tilbydar forpliktar seg derfor å nytte likelydande klausul i sine kontraktar med underentreprenørar. Byggherren kan forlange at tilbydar treffer naudsynte tiltak dersom det kan dokumenterast at vilkåra er overtrede i høve til forskrift mot sosial dumping. 2.13 Miljøkrav Det må under arbeida tas omsyn til omgjevnadene og miljø. Entreprenøren må sjølv sørgje for nødvendig planlegging av arbeidet slik at mellomlagring av masser kan skje innanfor planområdet. Planen skal godkjennas av byggherren. Behandling av utgreve- og rivemasser er entreprenørens ansvar. Forureina masse og spesialavfall skal leveras til godkjent mottak. Dokumentasjon på dette skal overleveras byggherren. Normal arbeidstid er måndag - fredag, kl. 07.00-18.00. Arbeider som må utføras utover dette må godkjennas av byggherre i kvart enkelt tilfelle. 3 Kvalifikasjonskrav til leverandør Leverandørens kvalifikasjonar vil bli vurdera ut frå fylgjande dokumentasjon (vedleggast tilbodet): 3.1 Attest for betalt skatt og trygdeavgift (Lovpålagt) Attest utskrive av den kompetente styresmakt i medlemslandet (*), som stadfestar at leverandøren har oppfylt sine forpliktingar med omsyn til betaling av skattar og trygdeavgifter (ta kontakt med kemner/kommunekasserar for skjema RF-1244) i samsvar med lovane i landet (*). Attesten må ikkje vere eldre enn 6 månader. (*) der leverandøren/entreprenøren høyrer heime. 3.2 Attest for betalt meirverdiavgift (Lovpålagt) Attest utskrive av den kompetente styresmakt i medlemslandet (**), som stadfestar at leverandøren har oppfylt sine forpliktingar med omsyn til betaling av meirverdiavgift (ta kontakt med skattefut for skjema RF-1244) i samsvar med lovbestemmingane i landet (**). Attesten må ikkje vere eldre enn 6 månadar. (**) der leverandøren/entreprenøren høyrer heime. Konkurransegrunnlag (Konkurransegrunnlag.doc) 5 av 7
3.3 HMS-erklæring HMS-fråsegn i samsvar med forskrift om offentlege anskaffingar. 3.4 Finansiell og økonomiske stilling Oppdragsgivar skal vurdere tilbydars finansielle og økonomiske stilling. Firma som ikkje er innsendingspliktige må legge ved årsrekneskap med noter for siste 3 år. Dersom tilbydar har fleire opplysningar som det bør takast omsyn til, må disse leggast ved. 3.5 Tiltaksprofil etter PBL For rivearbeid med bygg og tekniske anlegg skal tilbydar ha godkjenning i tiltaksklasse 2 for godkjenningsområdet: Overordna utføring bygning, anlegg eller konstruksjon, tekniske installasjonar. Veiledningas tekst tredje ledd «Riving og miljøsanering av byggverk med BRA større enn 400 m2 og inntil 2000 m2.» Tilbydarar som ikkje har nødvendig sentral godkjenning kan søke Bø kommune om lokal godkjenning og skal ha denne klar innan anbodsfristen. Manglande dokumentasjon av økonomiske og tekniske minstekrav kan føre til at tilbodet blir avvist. Merk at skjema RF-1244 i pkt. 3.1. og 3.2 må framskaffast frå to instansar. 4 Beskriving av vara/tenesta For nærare beskriving av entreprisen visas det til vedlagte kravspesifikasjonar og miljøkartleggingsrapport. Oppdragsgjevar har teikningar av bygget som kan nyttas for prising og planlegging av arbeida. Det er også vedlagt en overordna SHA-plan for arbeida. 5 Prisar og vilkår 5.1 Pris- og leveringsvilkår Som utgangspunkt for prisgjevnad nyttast prispostar og -skjema som vist i kravspesifikasjonar. Tilbodet skal leveras saman med ei utskrift av kravspesifikasjonar der postar og skjema er prisa. Prisane skal oppgjevast eksklusive mva., men inkludera alle leverandørens andre kostnader (gebyr, godtgjersler og liknande). Fakturagebyr eller andre former for gebyr aksepterast ikkje. Jfr. oppdragsgivars standard avtalevilkår pkt. 3.1. 5.2 Betalingsvilkår Betalingsvilkåra er fri leveringsmånad + 30 dagar. Konkurransegrunnlag (Konkurransegrunnlag.doc) 6 av 7
6 Tildelingskriterium 6.2 Tildelingskriteria Det økonomisk mest fordelaktige tilbodet vil bli vald: Prisar vektast med 100 % Tilbods- og prisskjema Tilbydar skal i skjemaet nedanfor fylle ut opplysningar om eigen organisasjon: Økonomiske og tekniske minstekrav, Jfr. pkt. 2.1. Følgjande dokumentasjon er vedlagt kryss av: - Firmaattest. Ikkje eldre enn 6 mnd - HMS-erklæring. Også for under-entreprenørar og leverandørar. - Føretaket sin årsrekneskap (jf. pkt. 2.1.4). Både balanse- og resultatrekneskap skal vedleggast - Kopi av attester for skatt og merverdi på skatter og avgifter. Ikkje eldre enn 6 mnd. - Sentral eller lokal godkjenning. - Utdrag av firmaets internkontrollsystem med vekt på HMS Opplysningar om tilbydars organisasjon og logistikk, Jfr. pkt. 2.2. Tilbydar skal gje følgjande informasjon om sin organisasjon: Eigarstruktur (for eksempel AS, DA, ASA etc.): Tal på tilsette: Hovudkontor - adresse: Lager - adresse: Underskrift: Dato:. Konkurransegrunnlag (Konkurransegrunnlag.doc) 7 av 7