AVDELING FOR HELSEFAG AVDELING FOR LÆRARUTDANNING OG IDRETT AVDELING FOR SAMFUNNSFAG PRA 135 Rettleiing innføringskurs. Diverse informasjon, program og pensum Sogndal og Førde hausten 2015 Velkommen til innføringskurs i rettleiing! Målsetjing Målsetjinga med kurset er å auke din kompetanse som rettleiar til studentar, kollegaer eller andre når det gjeld korleis rettleiing kan fremme læring kva kjenneteiknar ein rettleiingsprosess rettleiing og evaluering ulike verktøy i rettleiing den rettleiande samtalen, kommunikasjon som fremmar rettleiing avklaring av eiga rettleiingsrolle Målgruppe og innhald Hovudmålgruppa for kurset er praksisrettleiarar, praksislærarar og kontaktsjukepleiarar som rettleier studentar på høgskulen sine praksisplassar. Kurset vil også vere relevant for rettleiarar i andre organisasjonar. Mange brukar dette kurset som ei hjelp til betre å kunne rettleie kollegaer eller andre som ein gjev rettleiing til. Rettleiing er eit utprega tverrfagleg felt, og knapt nokon teori eller metode er unik for ein spesiell sektor eller fag. Det er derfor naturleg med ei tverrfagleg deltakargruppe på kurset. På kurset får du innføring til ein rettleiingsstrategi som er prega av reflekterande rettleiing. Dette er eit felles trekk ved rettleiing og coaching innan ulike fag og sektorar, og gjeld rettleiing til både studentar i praksis, kollegaer, brukarar, elevar osb. På same måte som annan profesjonell kompetanse må rettleiinga tilpassast den konkrete situasjonen du er i der og då; kva som er det konkrete føremålet med rettleiinga, den som vert rettleia sine kunnskapar og perspektiv osb. Rettleiing kan derfor aldri bli som ei oppskrift. Dagar for praksisfeltet Lærarar, barnehangelærarar og sjukepleiarar har ein dag som er spesiell med tanke på å rettleie studentar i deira praksis. For lærarane og barnehagelærarane er dette 24. september i Sogndal og 1. oktober i Førde. Sjukepleiarane har denne dagen 21. oktober. Då deltek dei på kontaktsjukepleiarkonferansen. Andre studentar som ikkje er knytta til desse fagfelta har lesedagar desse dagane. Dato for samlingar, studieplan, overnattingsalternativ Kurset i Førde 1
Kurset i Sogndal Eventuelle endringar på for eksempel program/timeplan før studiestart vil bli lagt ut informasjon om på desse sidene. Vi ber om at du sjekkar sida for din studiestad om lag ei veke før studiestart. Organisering, arbeidsmåtar og omfang Innføringskurset har ein kombinasjon av førelesingar og rettleiingsøvingar. Det er to skriftlege arbeidskrav knytt til eigen rettleiingspraksis på eigen arbeidsplass og tre samlingar (á om lag 2 timar) i nettverksgrupper. Desse samlingane kan leggast i tilknyting til dei ordinære samlingane eller til andre tidspunkt etter avtale med dei andre studentane i gruppa. Meir informasjon om dette får du på første samling. Då blir de delt inn i nettverksgrupper. Alle deltakarane har dei same krava til frammøte (80 prosent). For å gå opp til eksamen, må krav til frammøte og arbeidskrav vere gjennomført. Utdanninga har eit omfang på 15 studiepoeng. Dette tilsvarer omlag 400 arbeidstimar for den enkelte student, og omfattar alt arbeid i samband med studiet, inkludert sjølvstudium og eksamensskriving. For å få studiepoeng må du ta eksamen. Dei som ikkje tek eksamen får kursbevis. Arbeidskrava må vere godkjende for å få kursbevis. Kurset er eit opptakskrav til emnet Rettleiing og mentorutdanning 2, som startar våren 2015. Kurset er eit opptakskrav til emnet vidareutdanning i rettleiing, som startar våren 2016. Det er og ein fordel å ha kurset om du ynskjer å går vidare på Rettleiing og Coaching i leiing, som startar våren 2017. Eksamen Individuell skriftleg heimeeksamen knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle. Omfang 2500 ord +/- 10%. Gradert karakter A-F. I eksamensoppgåva skal tematikken knytast til eigen praksis/eigne erfaringar, og oppgåva skal følgje vanlege retningslinjer for oppgåveskriving. Det vert informasjon om dette på siste samling. Oppgåvetekst blir utlevert i Fronter 26. november kl. 9. Frist for elektronisk innlevering 10. desember kl. 14. E-lærings-system Kurset har eit eige elektronisk klasserom på nettet, Fronter. Fronter er eit praktisk og effektivt kommunikasjons-, informasjons- og læringshjelpemiddel. For å få tilgang, treng du brukarnamn og passord, som du får ved registrering før studiestart. På Fronter vil du finne aktuell informasjon om kurset, eventuelle endringar undervegs i studiet, andre meldingar etc. Dei tre arbeidskrava i kurset blir innlevert via Fronter, og eksamensoppgåva blir lagt ut her. Eksamensoppgåva levarast i Fronter i PDF format. Det vil bli tilbod om eit kortkurs i bruk av Fronter på dag 1. på kurset. Fagleg ansvarleg er Erling Nydal, avdeling for helsefag, telefon 57 72 25 63, erling.nydal@hisf.no Førelesarar er Dorthea Sekkingstad, avdeling for lærarutdanning og idrett, Inger Johanne Solheim, avdeling for samfunnsfag, Erling Nydal, avdeling for helsefag. E-post og telefon til forelesarane finn du i Fronter. Praktisk informasjon Førde Bente Walaker, avdeling for helsefag telefon 57 72 25 12 bente.walaker@hisf.no 2
Sogndal Heidi Stenseth, avdeling for lærarutdanning og idrett, telefon 57 67 60 13 heidi.stenseth@hisf.no Helene Erfjord, avdeling for samfunnsfag 57 67 76 24helene.erfjord@hisf.no Til første samling kan det vere ein fordel at de har fått tak i følgande bøker: Skagen, K.(2013). I veiledningens landskap: innføring i veiledning og rådgivning. [Oslo], Cappelen Damm akademisk. 2. utg. (184 sider) Og Boge, M., Markhus, G., Moe, R., Ødegaard, E. E. (2009):Læring gjennom veiledning. Meningsskaping i grupper.2. utgåve Bergen: Fagbokforlaget. (139 sider) 3
TIMEPLAN Med atterhald om endringar Program 1. samling Førde 3. september kl 10-16 Sogndal 1. september kl 10-16 Ansvarleg Heidi Stenseth (Sogndal) eller Bente K. Walaker (Førde) Registrering og velkomst. Kaffi/te. Tildeling av brukarnamn og passord til Høgskulen sitt interne datasystem (for dei som ikkje har gjort det på førehand). Presentasjon av deltakarar og av kurset (innhald, læringsmål, arbeidsmåtar og pensum) Rettleiing som fagfelt, ulike syn på rettleiing og rettleiarrolla Rettleiarkompetanse; personlege føresetnader og rettleiingsfagleg kompetanse Rettleiing i lys av ulike perspektiv på læring 16 17 Tilbod om fronterkurs korleis vi bruker fronter i studiet Førde 4. september kl 9 15 Sogndal 2. september kl 9-15 Ansvarleg Erling Nydal Gjennomgang av arbeidskrav Ulike omgrep og modellar i rettleiing -handlings- og refleksjonsmodellen, meisterlære, systemisk rettleiing, gestaltrettleiing Praktisk yrkesteori hos rettleiar og den som vert rettleia - utgangspunkt for rettleiing Fasar i læringsprosessen følgjer for rettleiinga Den rettleiande samtalen Rettleiingsgrunnlag Program 2. samling Sogndal 23. september kl 10-16 Dag for Undervisingssektoren Sogndalsgruppa Praksislærar som vurderer: kva inneber dette av utfordringar og praktiske oppgåver? Å skriva rettleiingsdokument Frå student til nytilsette Førde 24. september 1) kl 9.30-16 Rettleiingskonferanse for alle i FØRDE sjå eige program Studentane på innføringskurset er meldt på konferansen. De må berre velje kva parallellsesjon de ynskjer å delta på. Om de ynskjer servering og lunsj på konferansen må de betale det sjølve. Påmelding til parallellsesjon og lunsj skjer I FRONTER. Ikkje via nettsida til rettleiarnettverket. Førde 25. september kl 9-15 Dag for Undervisingssektoren Førdegruppa Praksislærar som vurderer: kva inneber dette av utfordringar og praktiske oppgåver? Å skriva rettleiingsdokument Frå student til nytilsette 4
Program 3. samling Førde 21. oktober kl 09-16 Dag for kontaktsjukepleiarar Ansvarleg: Dagrunn Kyrkjebø, Bente Egge Søvde Praksisplassen som læringsarena, læreprosess og læreføresetnader Å rettleiie student og kontrollere kompetanse, skikkavurdering Informasjon frå lærarar om forventningar i dei ulike praksisperiodane. Refleksjon og samtale ( meir info kjem) Førde 22. oktober kl 10-16 Sogndal 20. oktober kl 10-16 Ansvarlege Inger Johanne Solheim og Dorthea Sekkingstad personleg kompetanse eigen kommunikasjonsstil støttande og utfordrande kommunikasjon Førde 23. oktober kl 9-15 Sogndal 21. oktober kl 9-15 Ansvarlege Inger Johanne Solheim og Dorthea Sekkingstad personleg kompetanse eigen kommunikasjonsstil støttande og utfordrande kommunikasjon Program 4. samling Førde 18. november kl 9-15 Sogndal 16. november kl 10-16 Ansvarleg Erling Nydal Forteljing og refleksjon Gruppeprosessar og utfordringar i grupperettleiing Konstruktive læreprosessar Førde 19. november kl 10-16 Sogndal 17. november kl 9-15 Maktforhold og etikk i rettleiing Situasjonsavhengig rettleiing Oppgåveskriving Oppsummering og evaluering av kurset Pensum PRA 135 Innføring i rettleiing hausten 2015 Bøker : Pensum Pensum PRA 135 Innføring i rettleiing hausten 2015 Boge, M., Markhus, G., Moe, R., Ødegaard, E. E. (2009):Læring gjennom veiledning. Meningsskaping i grupper.2. utgåve Bergen: Fagbokforlaget. (139 sider) Karlsen, T. J. (red.) (2011):Veiledning under nye vilkår. Skapende prosesser i møtet mellom veileder og veisøker. minus Kap.4. Oslo: Gyldendal Akademisk ( 218 sider). 5
Løve, T. (2005).Vejledning ansigt til ansigt: teorier og metoder i den individuelle vejledning.fredensborg, Studie og erhverv.2. utg. Kap 2,6,9,10 (118 sider) (fleire av dei andre kapitla inngår i pensum på vidareutdanning i rettleiing PRA 136) Skagen, K.(2013). I veiledningens landskap: innføring i veiledning og rådgivning. [Oslo], Cappelen Damm akademisk. 2. utg. (184 sider) Ulleberg, I.(2014)Kommunikasjon og veiledning : en innføring i Gregory Batesons kommunikasjonsteori med historier fra veiledningspraksis. (2. utg) Universitetsforlaget Oslo ID: ISBN9788215023342 Skagen, K.(red.) (2011):Kunnskap og handling i pedagogisk veiledning (2. utg). (minus kap. 3 og 8) Bergen: Fagbokforlaget (167 sider). Artiklar i kompendium (Vert formidla ved studiestart). * Bjørndal, C.R.P ( 2009): Hvordan forbedre veiledningssamtalen? Ni empirisk funderte anbefalinger. I: Brekke, Mary og Søndenå, Kari ( red.)veiledningskvalitet.oslo, Universitetsforlaget. (20 sider) *Gjems, L. (1995): Gruppeprosesser og utfordringer i gruppeveiledning. I Gjems,Liv (1995):Veiledning i profesjonsgrupper. Universitetsforlaget. s.110-126. (16 sider) * Guldhav, K. V. (2007): Gamle kjende nye stemmer. Undring kring kollegarettleiing. I Fossøy, I., Hoff, M., Solheim, M., Terum, I.(red) (2007):Årbok for Rettleiarnettverket i Sogn og Fjordane 2007. HSF-rapport 3/2007. Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane. S. 74-88. (14 sider) *Kristiansen, A., Mathisen, P. (2005): Etiske retningslinjer i profesjonelle veiledningsforhold. I Norsk pedagogisk tidskrift (2005)nr 03 Side 221-230: (9 sider) *Killèn, K. (2012). Profesjonell utvikling Faser og utfordringer (kap 4)i Profesjonell utvikling og faglig veiledning: et fellesfaglig perspektiv4. utg Oslo, Gyldendal akademisk. kap 4 (45 sider) * Røkenes, O. H. (2012). Bakgrunn og væremåte. I Røkenes, Odd Harald og Per-Halvard Hanssen (2012).Bære eller briste: kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker.bergen, Fagbokforl.3.utgåve (45 sider) *Søndenå, K., Sundli, L. (2004): Veiledning i praksisfeltet. Rom for refleksjon og didaktisk nytenkning eller bare kloning og speiling? I Brekke, M. (2004):Norsk lærerutdanningsdidaktikk i endring: læring, undervisning og danning i lys av ny forskning.kristiansand: Høyskoleforlaget (23 sider). *Ulvestad, A. K. (2012): Makt i og rundt veiledningsrommet ( kap.8). I: Ulvestad, A. K., Kärki, F. U. ( red.) (2012)Flerstemt veiledning.oslo, Gyldendal Norsk Forlag, 1. utgåve (15 sider) 1153 sider Pensum kan bli utvida med artiklar Kjøp av litteratur Førde: Bøkene (unnateke Løve) kan kjøpast hjå bokhandlarar i Førde, eller bestillast gjennom din lokale bokhandel/via internett. Bokhandlarane i Førde har fått boklistene og skal ha pensumbøkene tilgjengeleg. Kompendiumet kan kjøpast i sørvissenteret på høgskulen. Sogndal: Både bøker (unnateke Løve) og kompendiet kan kjøpast i studentbokhandelen; Fjordbok. Fjordbok ligg rett ved Avdeling for lærarutdanning i Sogndal; i det nye stadionbygget. Tlf. 57 67 63 73, e-post: fjordbok@sisof.no http://www.sisof.no/fjordbok.html Bøkene kan også bestillast gjennom din lokale bokhandel/via internett. 6