Evaluering av system for verksemdsbasert vurdering

Like dokumenter
VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

av pilotprosjektet Psykologteamet «Bedre balanse mellom tilbud og etterspørsel av Regionalt utviklingsprosjekt

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Elevinspektørordninga i Hordaland

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane. Opplæringsdirektøren Februar 2011

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Karakternivået i grunnskulen og den vidaregåande skulen

Spørjeundersøking om fritt skuleval

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Elev- og lærlingombod i HFK

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Fase 1: Transformasjon av Straume- området. Fase 2: Utbygging av en ny bydel - Bildetangen

Miljøretta helsevern i fylkeskommunale skular status pr

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Tal på søkjarar til læreplass, tal på lærekontraktar og misforhold mellom tilbod og behov.

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Mål- og tiltaksplan Sunndal vidaregåande skole side 1

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Dette dokumentet følgjer opp arbeidsgruppa sitt forslag, men med endringar som følgjer opp innspel etter høyringa.

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Finnøy og Rennesøy kommunar

FORVALTNINGSREVISJONEN BRUK AV DIGITALE VERKTØY OG LÆREMIDDEL I VIDAREGÅANDE SKULE ORIENTERING OM NYE TILTAK

Mål og tiltaksplan for Sunndal vidaregåande skole

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

INNEKLIMA VED SKULAR OG VEDLIKEHALDSETTERSLEP PÅ FYLKESKOMMUNALE SKULAR.

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Pensjonspremie KLP budsjettregulering

Handlingsplan for Hordaland fylkeskommune. Forvaltningsrevisjon av forholdet mellom skuleeigar og vidaregåande skular

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Elevevaluering av lærarar

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

INTERNASJONAL STRATEGI

«Mestringsforventningar»

NY ORGANISERING AV OPPLÆRINGSSEKTOREN - HOVUDPROSJEKT

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Intranett Spørjeundersøking i DOT Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Elevundersøkinga 2016

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

SAMARBEID HEIM OG SKULE

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001.

Dersom du vurderer din eigen innsats som svært dårleg eller ganske dårleg: 6. Er du interessert i å forbetre deg i dette faget?

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

TILSYNSRAPPORT. Bjerkreim kommune. system knytt til tilsynstemaet «Skulane sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø» Forsvarleg

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

PRIVATSKOLESAMLING

IKT-strategi. for opplæringssektoren

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Transkript:

Evaluering av system for verksemdsbasert vurdering Nr. 5-12 AUD-rapport

Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Evaluering av system for verksemdsbasert vurdering Publikasjonsserie/nr: AUD-rapport nr: 05-12 http://www.hordaland.no/aud-rapportar Dato: 8. mai 2012 Forfattar: Kathrin Jakobsen og Kristin Iversen Tlf: 55 23 90 61, 55 23 94 11 E-post: kathrin.jakobsen@hfk.no, kristin.iversen@hfk.no 2

Forord... 4 1 Bakgrunn... 5 2 Om systemet... 5 2.1 Styringsdokumentet... 5 2.2 Utviklingsplan Tilstandsvurdering - Tilstandsrapport... 6 2.3 Skolebesøk... 6 2.4 Tilstandsrapport til politisk nivå... 7 3 Evalueringsspørsmål... 7 4 Metode... 9 5 Korleis fungerer systemet? Utviklingsplanen... 11 5.1 Utarbeiding av utviklingsplanen... 11 5.2 Innhald... 19 5.3 Tilstandsvurdering... 22 5.4 Om utviklingsarbeidet... 23 6 Korleis fungerer systemet? Skolebesøk... 24 6.1 Før skolebesøket... 24 6.2 Under skolebesøket... 25 6.3 Etter skolebesøket... 30 7 Korleis fungerer systemet? Styring... 33 7.1 Styringsdokumentet... 33 7.2 Føremålet med tilstandsrapporten... 35 7.3 Innsendingsfristar... 36 7.4 Skolebesøk... 37 7.5 Føremålet med systemet... 39 8 Kva har systemet bidratt til?... 41 8.1 Undervisninga... 42 8.2 Den fagleg-pedagogiske diskusjonen i kollegiet... 44 8.3 VBV sin effekt på utviklingsarbeidet... 45 9 Kva kan gjere systemet betre?... 47 9.1 Korleis fungerer systemet?... 47 9.2 Kva er viktigast å endre på?... 49 3

Forord Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune har fått i oppdrag av Opplæringsdirektøren å evaluere systemet for verksemdsbasert vurdering i vidaregåande skole. Evalueringa skal danne grunnlag den endelege utforminga av systemet. Rapporten skal danne grunnlag for ein sak om revidering av VBV-systemet som skal leggjast fram for Fylkestinget i juni 2012. Kontaktpersonar i Opplæringsavdelinga har vore Linda Farestveit og Hillevi Runshaug. Viktige innspel har også kome frå forskar Knut Roald ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Bergen 08.05.2012 4

1 Bakgrunn Skoleeigar skal i følgje Opplæringslova 13-10 ha eit forsvarleg system som sikrar at lova sine pålegg og elevane sine rettar blir følgd og innfridd. Kravet om eit system for skolebasert vurdering kom inn i lovverket allereie i 1998. Med Kunnskapsløftet i 2004 kom eit mykje tydelegare fokus på skoleeigar og skoleeigar sitt ansvar for å følgje opp skolane. Reforma blei innført frå skoleåret 2006/07 og det blei då forventa at fylkeskommunane tok tak i dette og utforma eit kvalitetssikringssytem basert på overordna føringar frå departementet. I august 2009 blei 13.10 2. ledd endra og pålegg skoleeigar, som ein del av oppfølgingsansvaret, å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i ( ) den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar ( ). 1 På bakgrunn av dette utarbeidde Hordaland fylkeskommune i 2009 eit system for verksemdbasert vurdering (VBV). Systemet legg rammer for korleis skolane skal planleggje og vurdere det pedagogiske utviklingsarbeidet og for korleis skoleeigar skal følgje opp planlegging og resultat frå skolane. Systemet skulle implementerast i ein periode over 3 år, med oppstart skoleåret 2009/10. Det blei lagt inn som ein føresetnad at systemet skulle evaluerast våren 2012. 2 Om systemet 2 Føresetnadene for at eit system for verksemdsbasert vurdering (VBV) skal bli vellukka, er at systemet: Er forankra i heile organisasjonen og involverer alle tilsette Tek utgangspunkt i skolen si kjerneverksemd elevane si læring og vekst Er koordinert og tilpassa dei ulike aktivitetane og rapporteringane gjennom skoleåret Det er oppnemnd ein kontaktperson i pedagogisk seksjon i Opplæringsavdelinga for kvar skole. Kontaktpersonane skal vere eit bindeledd mellom Opplæringsavdelinga og skolane og vere ein samtalepartnar i det verksemdsbaserte vurderingsarbeide, men skal ikkje ha ein rettleiingsrolle i høve til skolane. Kontaktpersonane utgjer til saman VBV-teamet. 2.1 Styringsdokumentet I styringsdokumentet gir Opplæringsdirektøren føringar for kva mål og prioriterte tiltaksområde skolane skal leggje til grunn for det verksemdsbaserte vurderingsarbeidet. Styringsdokumentet blir revidert kvart år. 1 Jf. System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane, Hordaland fylkeskommune, Februar 2011. 2 Beskrivelsen av systemet er basert på dokumentet System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane, Hordaland fylkeskommune, Februar 2011. 5

Hovudmålet for utviklingsarbeidet er auka læringsutbytte og fullføring. Opplæringsdirektøren har prioritert tre tiltaksområde som skal ha særskild merksemd: Vurdering av eleven si læring Bruk av IKT i lærings- og vurderingsarbeidet Klasseleiing Klasseleiing kom inn som tiltaksområde frå og med skoleåret 2011/12. Dei to første har vore med frå starten. Sjølv om tiltaksområda ligg fast, så har fokuset endra seg noko innafor desse områda og problemstillingane har blitt spissa. Dette blir gjort på grunnlag av sentrale styringssignal og dokumenterte utfordringar på skolane. 2.2 Utviklingsplan Tilstandsvurdering - Tilstandsrapport Utviklingsplanen er skolen sitt planleggings- og styringsverktøy. Skolen sin utviklingsplan skal gi ei oversikt over skolen sine eigne definerte utviklingsbehov og mål. Planen skal også ta opp i seg nasjonale prioriteringar og føringar frå skoleeigar. Utviklingsplanen skal m.a. innehalde ein tiltaksplan. Her skal skolen setje opp aktuelle tiltak som er naudsynte for å nå dei utviklingsmåla skolen har sett seg. Tilstandsvurdering er ein prosess kor skolen analyserer grunnlagsdokumentasjonen og anna kunnskap om skolen som kjem fram gjennom året. Tilstandsvurderinga skal ta utgangspunkt i dei måla og utviklingsbehova som skolen har tatt med i utviklingsplanen. Dette skal munne ut i ein tilstandsrapport. Tilstandsrapporten skal sendast til Opplæringsdirektøren saman med utviklingsplanen. 2.3 Skolebesøk Skolebesøka fungerer som ein del av styringsdialogen mellom Opplæringsdirektøren og skolane. Til grunn for skolebesøket ligg sentrale og lokale styringsdokument, skolen sin utviklingsplan, tilstandsvurdering og rapport. Gjennom dialog skal det setjast eit kritisk lys på desse dokumenta og resultata skolen oppnår gjennom utviklingsarbeidet skal vurderast. Målsetjinga med skolebesøka er å etablere tettare dialog og samarbeid mellom skoleiegar og den einskilde skole, støtte skolane i deira utviklings- og vurderingsarbeid og gi fylkeskommunen betre kunnskap om kvaliteten på opplæringa i dei vidaregåande skolane. Det er Opplæringsdirektøren som initierer møtet. Opplæringsavdelinga har ansvar for organisering og gjennomføring av skolebesøket. Opplæringsavdelinga skal vere representert med ein leiar og ein kontaktperson. Frå skolen skal rektor og leiinga delta pluss 6

representantar for dei tillitsvalde og for elevane. skolebesøket. Skoleeigar lagar ein rapport frå 2.4 Tilstandsrapport til politisk nivå På grunnlag av skolebesøka, tilstandsrapportane frå skolane og anna dokumentasjon utarbeider Opplæringsavdelinga ein tilstandsrapport til politisk nivå. Denne rapporten viser stoda i skolane knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Rapporten skal gi grunnlag for politiske prioriteringar gjennom budsjettprosessen og for å utforme årlege styringssignal til skolane. 3 Evalueringsspørsmål Evalueringa skal danne grunnlag for den endelege utforminga av VBV-systemet. Evalueringa skal søkje å gi svar på følgjande spørsmål: 1. Korleis fungerer systemet? Her tek vi utgangspunkt i dagens situasjon. Det blir ikkje lagt vekt på korleis systemet har utvikla seg over tid. Eit sentralt spørsmål er korleis elementa i systemet verkar inn på prosessane? Skaper kvalitetsarbeidet aktivitet? Er det noko ved systemet som stimulerer eller hemmar prosessane? 2. Kva har systemet bidratt til? Det overordna målet med systemet er å auke læringsbyttet til elevane. Det vil ikkje bli gjort forsøk på å måle elevane sitt læringsutbytte. Her finst det eigne kartleggingar som kan gi informasjon om dette. Det som oppdragsgivar finn mest interessant er korleis utviklingsarbeidet har påverka det som skjer i klasserommet. 3. Korleis gjere systemet betre? Rektorane kan sjåast på som berebjelkar i systemet. Deira oppfatningar av korleis systemet kan forbetrast er difor svært viktige. Til saman vil resultata frå 1 og 2 også bidra til å få ei forståing av kva som kan forbetrast i systemet. Desse spørsmåla er knytt opp til tre sentrale område innafor VBV-systemet: 1. Utviklingsplan Utviklingsplanen kan sjåast som omdreiingspunktet for VBV-systemet. Det er tiltaka i denne planen som lærarar og elevar kjem i direkte kontakt med og som påverkar det som skjer i klasserommet og til slutt elevane sitt læringsutbytte. Utviklingsplanen er skolen sitt ansvar og eigedom. 2. Skolebesøk Skolebesøket står sentralt i samhandlinga mellom skolen og skoleiegar. Her møtast representantar for skolen (leiinga, lærarar og elevar) og skoleeigar og sit fysisk saman og diskuterer skolen sine resultat og utfordringar. 7

3. Styring Styringa er skoleeigar sitt ansvar. Til grunn for dette ligg styringsdokumentet. Elementa inngår i ein struktur. Til desse tre elementa ar det knytt prosessar, både før, under og etter. Det er prosessane som kan utløyse endring/auke kvaliteten, ikkje dei strukturelle elementa i seg sjølve. Dette blir oppsummert i figur 1. Korleis fungerer systemet? Kva har systemet bidratt til? Korleis gjere systemet betre? Utviklingsplan Prosess Struktur Prosess Struktur Prosess Struktur Skolebesøk Prosess Struktur Prosess Struktur Prosess Struktur Styring Prosess Struktur Prosess Struktur Prosess Struktur Figur 1: Tilnærming til evalueringa Då VBV-systemet skulle utformast i Hordaland fylkeskommune, valde ein å avgrense det til det pedagogiske utviklingsarbeidet. Dette var basert på ei erkjenning av at det var viktigare å kome i gong med kvalitetsarbeidet, enn å inkludere alle sider ved drifta av ei skole. Opplæringsdirektøren valde vidare å fokusere på dialog og tone ned kontrollaspektet. Utvikling av kvalitet blei sett på som viktigare enn kontroll av kvalitet. Kvaliteten skulle utviklast i eit samarbeid mellom Opplæringsavdelinga og skolene. Desse vala var basert på lange diskusjonar i Opplæringsavdelinga. Det var ein bevisst strategi å gå forsiktig ut. Skolane skulle ikkje få ei kjensle av å bli irettesett. Andre året valde Opplæringsdirektøren å stramme litt til. I kontakten med skolane skulle Opplæringsavdelinga spørje meir og peike på område som skolen burde jobbe meir med. Det er ikkje utarbeidd tydelege krav til skolane for kva Opplæringsdirektøren forventar av resultat. Kontaktpersonane har eit visst slingringsmonn i høve til kva som er bra og kva som er dårleg og når dei skal be skolane om å ta tak i saken. Det er ei løpande vurdering i Opplæringsavdelinga kor tydeleg krava skal vere. Kapittel 5, 6 og 7 inneheld ein gjennomgong av VBV-systemet for å avdekkje korleis det fungerer. Systemet er initiert av Opplæringsdirektøren. Skolane er likevel ikkje å sjå på som brukarar av systemet. Kvar einskild rektor er ansvarleg for systemet på si eiga skole. Systemet er tenkt å skulle føre til sjølvrefleksjon og eigavurdering. Spørsmålet er om 8

systemet set i gong gode prosessar ved skolane og i Opplæringsavdelinga? Kva prosessar blir sett i gong før og etter utviklingsplanen (sjå kapittel 5) og før, under og etter skolebesøka (sjå kapittel 6)?. Korleis blir VBV-systemet styrt av Opplæringsdirektøren (sjå kapittel 7)? I kapittel 8 blir det diskutert kva utviklingsarbeidet har bidratt til og i kapittel 9 blir det gjort ei oppsummering med tanke på å finne sider ved systemet som kan forbetrast. 4 Metode Datamaterialet som er samla inn i samband med evalueringa består av spørjeundersøkingar og intervju. Spørjeundersøkingar Det er gjennomført spørjeundersøkingar blant rektorar, pedagogisk tilsette og elevrådsrepresentantar i samband med evalueringa. Alle undersøkingane er gjennomført elektronisk. Rektorane fekk tilsendt spørjeskjemaet direkte i sin personlege e-post. 37 av 45 rektorar har delteke i undersøkninga, noko som gjev ein svarprosent på 82 %. Når det gjeld lærarar og elevar vart undersøkinga distribuert via It s learning. Det vil seie at skolen fekk tilsendt lenkar til undersøkingane som dei skulle distribuere til lærarar og elevar. Dette er det ikkje alle skolane som har gjort, og difor er altså ikkje alle skolar representert i undersøkinga. Dei skolane som ikkje har delteke i lærarundersøkinga er Austevoll vidaregåande skule, Bergen maritime videregående skole, Bjørgvin videregående skole, Bømlo vidaregåande skule, Garnes vidaregåande skule, Langhaugen videregående skole og Odda vidaregåande skule. Blant lærarane på dei skolane som har delteke i undersøkinga er svarprosenten 47 %, men den varierer mykje frå skole til skole. Når det gjeld elevane kjenner vi ikkje det nøyaktige talet på elevrådsmedlemmer og difor ikkje svarprosenten i denne gruppa. Totalt har vi fått svar frå 169 elevar fordelt på 26 skolar. Intervju: Det er gjennomført eit gruppeintervju med VBV-teamet og eit med delar av leiargruppa på Opplæringsavdelinga. 9

Skole: Tal % Skole: Tal % Arna vidaregåande skule 7 30 Os vidaregåande skule 32 41 Askøy videregående skole 30 46 Osterøy vidaregåande skule 4 13 Austrheim vidaregåande skule 21 54 Rogne vidaregåande skule 5 24 Bergen Handelsgymnasium 7 13 Rubbestadnes vgs 16 73 Bergen Katedralskole 20 32 Sandsli videregående skole 54 93 Etne vidaregåande skule 2 13 Slåtthaug videregående skole 30 45 Fana gymnas 21 58 Sotra vidaregåande skule 18 14 Fitjar vidaregåande skule 12 32 Stend vidaregåande skule 20 43 Fusa vidaregåande skule 17 49 Stord vidaregåande skule 55 42 Fyllingsdalen vgs 50 72 Tanks videregående skole 6 21 Hjeltnes vidaregåande skule 5 38 Tertnes videregående skole 41 76 Knarvik vidaregåande skule 106 77 U. Pihl videregående skole 7 19 Kvinnherad vidaregåande skule 40 62 Voss gymnas 27 57 Laksevåg videregående skole 63 68 Voss Husflidskule 11 52 Lønborg videregående skole 20 77 Voss jordbruksskule 45 150 Nordahl Grieg videregående skole 37 36 Voss vidaregåande skule 36 68 Norheimsund vidaregåande skule 20 77 Øystese gymnas 20 80 Olsvikåsen videregående skole 10 21 Årstad videregående skole 41 27 Os gymnas 2 9 Åsane videregående skole 49 54 10

5 Korleis fungerer systemet? Utviklingsplanen Det er skolen sitt ansvar å utarbeide ein utviklingsplan. Utviklingsplanen er skolen sitt eiga planleggings- og styringsverktøy. Det blir sett på som avgjerande at planen er utvikla innanfor opne og tydelege prosessar og at både lærarane, elevane og organisasjonane er involverte i prosessen (jf. System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane, 2011). I etterkant skal det gjerast ei tilstandsvurdering basert på tilgjengeleg dokumentasjon. Dette arbeidet skal munne ut i ein tilstandsrapport. Til saman utgjer dette rammene for skolen sitt utviklingsarbeid. 5.1 Utarbeiding av utviklingsplanen Kven blir involvert? Det er rektorane sitt ansvar å involvere både lærarar, elevar og dei tillitsvalde i utarbeidinga av utviklingsplanen, i tillegg til leiinga ved skolen. Rektorane rapporterer at den gruppa som skolen i størst grad involverer i dette arbeidet, er avdelingsleiarane (9,2). Deretter følgjer elevinspektør (8,4). Rådgjevarane blir i mindre grad involverte (6,6). Etter leiinga er det dei tillitsvalde som blir mest involverte (7,9). Lærarane blir i snitt litt mindre involvert enn dei tillitsvalde (7,5). Elevane er den gruppa som skolane i minst grad involverer i dette arbeidet (5,7). I kva grad involverer skolen følgjande grupper i utarbeidinga av utviklingsplanen? - Rektor Avdelingsleiarar 9,2 Elevinspektør 8,4 Tillitsvalde 7,9 Lærarar 7,5 Rådgjevar 6,6 Andre 6,2 Elevar 5,7 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Under andre finn vi lokalt næringsliv, statleg rettleiarkorps, IKT- konsulent og rådgjevar inngår saman med E-koordinator i skulen sitt PDS-team, plangruppe, støttepersonalet, andre 11

tilsette. Nokre skoler poengterer her at det ikkje berre er lærarane som skal involverast, men alle tilsette. Rektorane samlar seg i den øvre delen av skalaen i sine svar, med eitt unnatak. På spørsmålet om skolen involverer elevane følgjer svara ei normalfordeling, dvs. at dei fleste skolane berre involverer elevane litt, medan det er nokre skolar som involverer dei svært lite og nokre som involverer dei svært mykje. For å sjå om det er nokre skilnader mellom dei ulike skoletypane, har vi gruppert rektorane ut frå om skolen er ein rein studiespesialiserande skole, yrkesfagleg skole eller kombinert skole. Rektorane ved dei studiespesialiserande skolane og dei yrkesfaglege skolane svarer nokolunde likt, det vil seie at dei i snitt har involvert elevane om lag like mykje (6,8 og 6,2). Rektorane ved dei kombinerte skolane har i mindre grad involvert elevane i utarbeidinga av utviklingsplanen (4,7). 30 % I kva grad involverer skolen elevane i utarbeidinga av utviklingsplanen? - Rektor 25 % 24 % 22 % 20 % 16 % 15 % 14 % 10 % 8 % 8 % 5 % 3 % 3 % 3 % 0 % 0 % 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Ikkje sikker 0 % Korleis blir dei involvert? Det er ulike måtar å involvere leiinga, lærarar, tillitsvalde og elevar i arbeidet med utviklingsplanen. Den enklaste måten er å bruke dei etablerte møtearenaene. Respondentane blei spurde om i kva grad utviklingsplanen har vore tema på ulike arenaer. Svara frå rektor og den øvrige leiinga viser at utviklingsplanen har vore eit hyppig tema på leiarmøta (9,3). Også den øvrige leiinga er samde i dette. Utviklingsplanen ser med andre ord ut til å vere godt forankra på leiarnivået. Det er grunn til å tru at leiargruppa har jobba aktivt med planen. 12

I skoleutvalet og skolemiljøutvalet, som er samarbeidsutval ved skolane med representantar for fylkeskommunen (rektor), for dei tilsette og for elevrådet, har utviklingsplanen i liten grad vore eit tema. Rektorane meiner at utviklingsplanen i mindre grad har vore eit tema enn den øvrige leiinga. Rektor sitt svar gir best informasjon om den faktiske situasjonen siden rektor sit i begge desse utvala. Den øvrige leiinga vil basere sitt svar på kunnskap som dei har tilegna seg indirekte. Det er i skolemiljøutvalet utviklingsplanen har vore mest diskutert. Dette utvalet kan uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet og som også vil være tilnærminga til denne saka. I kva grad har utviklingsplanen vore tema på følgjande arenaer: 9,3 Leiarmøte 8,4 8,9 Skolemiljøutval 5,5 6,1 Rektor Øvrig leiing 5,9 Elevinspektør 4,4 Skoleutval 5,7 5,9 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Dei møtearenaene som er tilgjengeleg for lærarane er planleggingsdagar, plenumsmøte, møte i fagseksjonane, eigne grupper knytt til virksomhetsbasert vurdering (VBV) og klasselærarrådsmøte. Rektorane og den øvrige leiinga svarer konsekvent at utviklingsplanen i større grad har vore tema på dei ulike arenaer enn det lærarane gjer. Utviklingsplanen har i følgje rektor vore hyppig tema på planleggingsdagar (8,3) og plenumsmøte/fellestid (7,8), medan lærarane i mindre grad er har fått dette med seg (6,2 og 6,3). Dei møtearenaene som er minst og som derfor truleg gir mest rom for meiningsutveksling, er møta i fagseksjonane, klasselærarrådsmøte og eigne grupper knytt til VBV. Møta i fagseksjonane omfattar lærarar som underviser i dei same faga. Klasselærarrådsmøta er samansett av kontaktlærarar og faglærarar som underviser i same klasse. Eigne grupper knytt til VBV kan til dømes vere ei mindre gruppe som har i oppdrag å koordinere arbeidet med resultatvurdering, tilstandsrapportering og planlegging av utviklingstiltak. Desse 13

gruppene kan til dømes vere samansett av representantar for leiinga, tillitsvalde, engasjerte lærarar, elevrepresentantar. I kva grad har utviklingsplanen vore tema på følgjande arenaer: Planleggingsdagar 6,2 7,4 8,3 8,2 Plenumsmøte/fellestid 6,3 7,2 7,8 7,6 Fagseksjonar Eigne grupper knytt til VBV 4,0 5,1 5,5 6,7 6,6 6,6 7,2 7,5 Rektor Øvrig leiing Elevinspektør Lærarar Klasselærarrådsmøte 3,2 5,0 4,6 4,9 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Svarfordelinga viser at nesten 80 % av rektorane seier at utviklingsplanen har vore tema i svært stor grad (7-10) i fagseksjonane (7,5). Dette betyr at det er blitt arbeidd grundig med utviklingsplanen på denne arenaen der lærarane er direkte involverte. Lærarane har ei litt anna oppfatning av det (5,1). Her fordeler svara seg jamnare. Det betyr at det er om lag like mange som er ueinige som einige. Om det finst eigne grupper knytt til VBV, er uvisst for ein stor del av lærarane. 44 % av lærarane seier at dei ikkje er sikker/ikkje relevant. Dei som har ei oppfatning om dette, seier i snitt at utviklingsplanen i mindre grad har vore tema i desse gruppene (4,0). Klasselærarrådsmøtet er den arenaen kor utviklingsplanen i minst grad har vore tema på arenaer for lærarane. Dette seier både rektor (5,0), øvrig leiing (4,6) og lærarane (3,2). Utviklingsplanen har i følgje rektorane også i stor grad vore tema på informasjons- og drøftingsmøte med dei tillitsvalde (7,5). Dette samsvarer langt på veg med oppfatninga til dei tillitsvalde (6,7). 14

I kva grad har utviklingsplanen vore tema på informasjons- og drøftingsmøte? Rektor 7,5 Tillitsvalde 6,7 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Elevane kjem i kontakt med utviklingsplanen anten i elevrådsmøte eller i klassen/klassens time. Rektor og elevinspektør meiner i større grad enn elevrådsrepresentantane sjølve at utviklingsplanen har vore tema i elevrådsmøte (6,6 vs 5,1). Utviklingsplanen har i liten grad vore tema i klassane. Forskjellen mellom rektor og elevrepresentantane er her enda større (3,2 vs. 5,0). 15

I kva grad har utviklingsplanen vore tema på følgjande arenaer: 6,6 Elevrådsmøte 6,2 5,1 Rektor Elevinspektør Elevar 5,0 Klasser/klassens time 4,0 3,2 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Dette samsvarer med det faktum at storparten av lærarane ikkje har tatt opp utviklingsplanen i klassen. 100 % Kva skjer i klasserommet? - Lærarar 90 % 80 % 79 % 70 % 66 % 60 % 50 % 40 % Ja Nei Ikkje sikker 30 % 27 % 20 % 10 % 15 % 7 % 7 % 0 % Har du som lærar informert elevane dine om utviklingsplanen? Har du som lærar diskutert utviklingsplanen med elevane dine? 16

27 % av lærarane har informert elevane sine om utviklingsplanen, medan 15 % av lærarane har diskutert utviklingsplanen med elevane. Dei arenaene som totalt sett blir minst nytta er skolemiljøutval, klasselærarrådsmøte, klassar/klassens time og skoleutval. Deltaking i utarbeidinga av utviklingsplanen At utviklingsplanen har vore eit tema på ein eller fleire arenaer, betyr ikkje nødvendigvis at deltakarane har vore med i utarbeidinga av utviklingsplanen. Møta kan til dømes nyttast til å informere om arbeidet og få tilbakemeldingar på dette. Men møta kan også nyttast til konkret arbeid. Alle respondentgruppene, med unnatak av rektorane, blei spurde om dei har vore med å utarbeide skolen sin utviklingsplan. Svara viser at leiinga i størst grad har deltatt i dette arbeidet (77 %). Dei respondentane som inngår i leiinga og som ikkje har vore med å utarbeide utviklingsplanen, er i hovudsak rådgivarar, men også to assisterande rektorar og tre avdelingsleiarar. 41 % av lærarane seier likeleis at dei har vore med å utarbeide utviklingsplanen. Sjølv om rektorane i stor grad har lagt til rette for å involvere lærarane, så seier nesten halvparten av lærarane (45 %), at dei ikkje har vore med å utarbeide utviklingsplanen. Vidare er det berre 16 % av elevrepresentantane som seier at dei har vore med på dette arbeidet. Størst del av elevane var usikker (24 %). 90 % Har du vore med å utarbeide skolen sin utviklingsplan? 80 % 77 % 70 % 60 % 61 % 50 % 40 % 41 % 45 % Leiinga Lærarar Elevar 30 % 24 % 20 % 16 % 18 % 14 % 10 % 0 % Ja Nei Ikkje sikker 5 % 17

Påverknadsmoglegheiter Leiinga seier at det i stor grad var mogleg å påverke arbeidet med utviklingsplanen (7,4). Trass i at tilhøva har vore lagt til rette for å involvere både elevar og lærarar, gir desse to gruppene berre middels skåre, og elevane litt under middels skåre, på spørsmålet om dei opplevde at det var mogleg å påverke arbeidet med utviklingsplanen. 16 % av lærarane var usikker. Sjølv om ein enda mindre del av elevrepresentantane enn av lærarane har vore med å utarbeide utviklingsplanen, opplever dei i nesten like stor grad som lærarane at det har vore mogleg å påverke arbeidet med utviklingsplanen. Dette kan skuldast at elevane faktisk har hatt større gjennomslagskraft, men kan også skuldast at elevane har mindre forventingar enn lærarane i utgangspunktet til kva som var mogleg. 10 I kva grad opplevde du at det var mogleg for deg å påverke arbeidet med utviklingsplanen? 9 8 7,4 7 6 5 5,0 4,6 4 3 2 1 Leiing Lærar Elev Resultata viser at arbeidet med utviklingsplanen er godt forankra i leiinga, monaleg mindre blant lærarane og aller minst blant elevane, men elevane opplever likevel at det har vore mogleg å påverke dette arbeidet. Det er leiinga som i størst grad kjenner utviklingsplanen, deretter lærarane og i minst grad elevane. 18

På spørsmål om kor klåre måla i utviklingsplanen er, er det leiinga som synest dei er mest klåre (7,6), men her har elevane og lærarane nokolunde samanfallande syn. 23 % av elevane svarer at dei er usikker og 12 % av lærarane. Utviklingsplanen 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 8,4 Kor godt kjenner du skolen sin utviklingsplan? 6,3 5,2 Leiing Lærar Elev 7,6 Kor klare er måla i skolen sin utviklingsplan? 6,5 6,2 5.2 Innhald Styringsdokumentet frå Opplæringsdirektøren er det dokumentet som i størst grad blir lagt til grunn for arbeidet med utviklingsplanen (9,2). Elevundersøkinga er også eit dokumentasjonsgrunnlag som blir mykje brukt i dette arbeidet (8,9). Deretter følgjer og tilstandsrapporten (8,6). Alt dette er tunge dokument og som det er avgjerande viktig blir nytta som grunnlag for utviklingsplanen. Den dokumentasjonen som i minst grad blir lagt til grunn er statistikk frå Extens / Skole Arena (7,9) og undervisningsevalueringa (7,3). Statistikk frå Extens / Skolearena omfattar til dømes fråver og karakterar. Undervisningsevaluering skal gjennomførast på alle skolane. Elevane skal her vurdere det som skjer i klasserommet. Datamaterialet er skolane sin eigedom. Med tanke på at auka læringsutbytte er det overordna målet med utviklingsarbeidet, er det noko overraskande at denne forma for dokumentasjon ikkje blir brukt meir. 19

I kva grad er ulike dokument/dokumentasjon blitt lagt til grunn for arbeidet med utviklingsplanen? - Rektor Styringsdokumentet frå Opplæringsdirektøren 9,2 Elevundersøkinga 8,9 Tilstandsrapporten 8,6 Andre dokument 8,4 Statistikk frå Extens/SkoleArena 7,9 Undervisningsevalueringa 7,3 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Dei tre satsingsområda i Opplæringsdirektøren sitt styringsdokument er i svært stor grad ein del av skolen sin utviklingsplan. I kva grad er desse områda ein del av skolen sin utviklingsplan? - Rektor 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Vurdering av eleven si læring 9,1 Bruk av IKT i lærings- og vurderingsarbeidet 8,7 Klasseleiing 9,0 Sjølvvalde tema 6,8 20

Både lærarane og leiinga (unnateke rektor) blei spurde om dei har deltake på prosjekt, tiltak el.l. innanfor dei definerte satsingsområda. 20 % av lærarane seier at dei ikkje har delteke i denne typen aktivitetar. Det betyr at utviklingsplanen ikkje har sett i gong aktivitetar som har omfatta alle lærarane. Størst andel av lærarane har delteke i aktivitetar knytt til bruk av IKT (57 %), deretter vurdering av eleven si læring (52 %) og klasseleiing (48 %). Deltakinga i denne typen prosjekt og tiltak er noko større i leiinga enn blant lærarane. Aller flest har vore involvert i klasseleiing (64 %). Leiinga har med andre ord i mykje større grad enn lærarane tatt del i aktivitetar knytt til klasseleiing. 70 % 60 % Innanfor kva satsingsområde i utviklingsplanen har du delteke dei siste 2 åra i form av prosjekt, tiltak, el.l.? 60 % 57 % 62 % 64 % 50 % 52 % 48 % 40 % 30 % Leiing Lærarar 20 % 10 % 15 % 11 % 20 % 3 % 0 % Bruk av IKT i lærings- og vurderingsarbeidet Vurdering av eleven si læring Klasseleiing Anna: Har ikkje delteke i prosjekt, tiltak, el.l. knytt til utviklingsarbeidet dei 2 siste åra Ein stor del av skolane har lagt inn sjølvvalde tema. Mange av desse fell inn under målsettingane i VBV-systemet, sjølv om dei ikkje er definert som satsingsområde. Det som tydelegast ligg litt på sida er bruk av kalender i It s learning, entreprenørskap, sosial kompetanse, konsekvenspedagogikk, ein samarbeidande organisasjon, elevmedverknad og internasjonalisering og auka rekruttering. Lærarane og leiinga (unntatt rektor) har delteke i prosjekt eller tiltak med utspring i utviklingsplanen som til dømes skoleststartpakke, miljøarbeid, studieverkstad, fange opp elevar som sliter med gym-faget, tilrettelagt undervisning, elevmiljø, miljøsertifisering/hmt, sosial kompetanse, oppfølging av nye elevar, differensiering, pedagogisk program, omorganisering, implementering av nye fag, orden/åtferd, elevmedverknad og NY GIV. Berre 3 % av lærarane og 15 % av leiinga har delteke i denne typen prosjekt/tiltak. 21

5.3 Tilstandsvurdering Etter at utviklingsplanen er utarbeidd, skal det gjerast ei tilstandsvurdering ved skolen. Dette arbeidet viser seg å vere primært forankra på leiarnivået (7,0). Lærarane deltar i liten grad i desse prosessane (3,9). 20 % er usikker på om dei har deltatt. På spørsmål om innhald og kvalitet på dette arbeidet, svarer opp mot 40 % av lærarane at dei ikkje er sikker. Dette gjenspeglar både lita involvering og lite kjennskap til dette arbeidet. Det blir spurt om skolen har gode prosessar knytt til tilstandsvurderinga, om det er samanheng mellom skolen si tilstandsvurdering og utviklingsplanen og om tilstandsrapporten blir brukt systematisk i skolen sitt utviklingsarbeid. Dei lærarane som har svart på desse spørsmåla er berre middels nøgd, medan leiinga er noko meir positiv og rektor alle mest. Det som rektor, leiinga og lærarane gir mest tilslutning til er i kva grad det er samanheng mellom tilstandsvurderinga og utviklingsplanen (snitt for lærarane 6,1, snitt for leiinga 7,8 og snitt for rektorane 8,5). Tilstandsrapporten er mykje mindre kjent for lærarane enn utviklingsplanen. I snitt svarer lærarane 4,9 for tilstandsrapporten og 6,3 for utviklingsplanen. Tilstandsvurdering og tilstandsrapport I kva grad har du deltatt i prosessar knytt til tilstandsvurderinga på skolen? 3,9 7,0 I kva grad meiner du at skolen har gode prosessar knytt til tilstandsvurderinga? 5,3 6,9 7,1 I kva grad meiner du det er samanheng mellom skolen si tilstandsvurdering og skolen sin utviklingsplan? 6,1 7,8 8,5 Rektor Leiing Lærarar Kor godt kjenner du skolen sin tilstandsrapport? 4,9 8,0 I kva grad blir tilstandsrapporten nytta systematisk i skolen sitt utviklingsarbeid? 5,6 7,2 7,6 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 22

5.4 Om utviklingsarbeidet Til sist i undersøkinga vart alle grupper spurde om kor nøgde eller misnøgde dei er med skolen sitt utviklingsarbeid alt i alt. Figuren under syner at det er rektorane som er mest nøgde med utviklingsarbeidet (7,4) mens lærarane er dei som er minst nøgde (5,6) Lærarane sine svar gir eit gjennomsnitt som ligg omtrent på midten av skalaen. Elevrepresentantane er meir nøgde med dette arbeidet enn det lærarane er. Dette kan skuldast at elevrepresentantane har meir kjennskap til utviklingsarbeidet gjennom sine posisjonar enn det den vanlege læraren har. Kor nøgd er du alt i alt med skolen sitt utviklingsarbeid? 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Rektor 7,4 Leiing 7,1 Lærar 5,6 Elev 6,5 23

6 Korleis fungerer systemet? Skolebesøk Skolebesøket er eit årleg møte mellom Opplæringsavdelinga og skolen, og ein komponent i VBV-systemet. Det er Opplæringsavdelinga, ved VBV-teamet, som har ansvaret for å organisere skolebesøka og gjennomføre desse etter ein oppsett plan. Skolebesøka skal fungere som ein del av styringsdialogen mellom Opplæringsdirektøren og skolane. Frå Opplæringsavdelinga møter eit medlem av VBV-teamet og ein representant frå leiargruppa. VBV-teamet består av seks personar som arbeidet med VBV-systemet i tillegg til andre arbeidsoppgåver. Føremålet med skolebesøket er å følgje opp den skolebaserte vurderinga. Skolebesøket gjev representantane frå opplæringsavdelinga ein moglegheit til å få innsikt i dei prosessane som føregår på den einskilde skole. 6.1 Før skolebesøket I intervjuet med VBV-teamet kjem det fram korleis dei førebur seg til skolebesøka. I forkant av skolebesøket blir det sendt ut ein mal til skolane der det vert opplyst om kva for dokument/dokumentasjon som ligg til grunn for besøket, kven som skal delta, kven som skal lede møtet og ei skisse til dagsorden. Det er skolen sin kontaktperson i VBV-teamet som har hovudansvaret for å førebu skolebesøket. Representanten frå VBV-teamet, som er kontaktperson for skolen, set seg inn ei rekkje dokument/dokumentasjon før skolebesøket finn stad. Først går dei gjennom skolen sin tilstandsrapport og utviklingsplan. Alle skolane mottek eit tilbakemeldingsbrev før skolebesøket som baserer seg på desse dokumenta. I tillegg set dei seg inn i statistikk knytt til fråfall, fråvær og karakterstatistikk. Ved ein del skoler er også resultat frå Elevundersøkinga relevant. Kontaktpersonen kallar også inn til eit internt møte og går igjennom skolen sine resultat og opplegg for møtet med den frå leiargruppa som skal delta med på skolebesøket. Det finnes per i dag ikkje noko enkel måte å hente ut relevant statistikk for skolane (karakter frafall, fråvære osb.). Statistikken kjem frå ulike kjelder og medlemmane av VBV-teamet seier at det opplevast som ein må byrje helt på nytt kvar gang. Det blir også uttrykt at dette er blitt ein stressfaktor som går utover kvaliteten. Det ville vore ein stor fordel om ein samla relevant statistikk for VBV-arbeidet på ein slik måte at det var enkelt for dei som jobbar med dette å hente det ut i forkant av skolebesøket. Dette vil også kunne frigjere tid til å jobbe med innhaldet. Tilnærma alle rektorane går gjennom tilstandsrapporten og tilbakemeldingsbrevet frå Opplæringsavdelinga når dei førebur seg til skolebesøket. Det er også ein stor del (86 %) som går gjennom rapporten frå førre skolebesøk og resultata frå elevundersøkinga (78 %). 24

Om du tek utgangspunkt i det siste skolebesøket. Korleis førebudde skolen seg til dette?- Rektor 0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 % Gjekk gjennom resultata frå elevundersøkinga 78 % Gjekk gjennom tilstandsrapporten 95 % Gjekk gjennom rapporten frå førre skolebesøk 86 % Gjekk gjennom tilbakemeldingsbrevet frå Opplæringsavdelinga 97 % Anna: 16 % 6.2 Under skolebesøket I følgje rektor deltok rektor, assisterande rektor, avdelingsleiarar, elevar og tillitsvalde på skolebesøka ved tilnærma alle skolane. Ved siste skolebesøk deltok elevinspektør ved 70 % av skolane. At rådgjevar deltek på skolebesøket er mindre vanleg. Berre 16 % av rektorane oppgjev at rådgjevar deltok ved siste skolebesøk. 25

Kven deltok på siste skolebesøk frå skolen? - Rektor 0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 % Rektor 97 % Assisterande rektor 97 % Avdelingsleiarar 97 % Elevinspektør 70 % Rådgjevar 16 % Elevar 97 % Tillitsvald 95 % Andre: 5 % 72 % av dei som tilhøyrer skolen si leiing har delteke på eitt eller fleire skolebesøk. Berre 15 % av lærarane i undersøkinga har delteke i eit eller fleire skolebesøk. Ved oppstarten av VBV-arbeidet var det opp til kvar enkelt skole kven av lærarane som skulle delta. Etter kvart har Opplæringsavdelinga presisert at dei ønskjer at det er tillitsvalde som representerer lærarane i skolebesøket. I undersøkinga har vi ønska å få svar frå så mange som har delteke på skolebesøk som mogleg. Difor er lærarar som ikkje er tillitsvalde også inkludert i analysen. Om vi berre ser på dei lærarane som er tillitsvalde, stig delen som har delteke i skolebesøk til 49 % (blant dei lærarane som ikkje er tillitsvalde er det 12 % som har delteke). Blant elevrepresentantane er det 26 % som oppgjev at dei har delteke i skolebesøk. 10 % av elevane er usikker på om dei har delteke på skolebesøk. 26

90 % Har du delteke på eitt eller fleire skolebesøk? 84 % 80 % 72 % 70 % 63 % 60 % 50 % 40 % Leiiing Lærar/Tillitsvald Elev 30 % 26 % 27 % 20 % 10 % 0 % 15 % Ja Nei Ikkje sikker 1 % 2 % 10 % Frå Opplæringsavdelinga møter, som nemnt ovanfor, ein representant frå VBV-teamet og ein representant frå avdelinga si leiargruppe. I følgje VBV-temaet og leiargruppa er det ein stor fordel at ulike grupper ved skolen er representerte i skolebesøket. Dei meiner at dei får større innsikt i prosessane ved skolen når dei treffer elevar, lærarar/tillitsvalde, i tillegg til rektor og andre i skolen si leiing. Alle aktuelle dokument/dokumentasjonen vert vurdert av rektorane og anna leiing som over middels nyttige i dialogen mellom skolen og skoleeigar. Skolen sin utviklingsplan (rektor = 9,0 og anna leiing = 8,1) og tilstandsrapporten (rektor= 8,8 og anna leiiing = 8,1) blir sett på som aller nyttigst. Undervisningsevalueringa er det dokumentet som både rektorane (7,1) og anna leiing (6,8) i minst grad meiner er nyttig for dialogen. 27

I kva grad meiner du at følgjande dokument/dokumentasjon er nyttige for dialogen mellom skolen og skoleeigar? Skolen sin utviklingsplan 8,1 9,0 Tilstandsrapporten 8,1 8,8 Styringsdokumentet frå Opplæringsdirektøren 7,5 8,6 Elevundersøkinga 7,9 8,5 Leiing Rektor Andre dokument 8,5 8,8 Statistikk frå Extens/SkoleArena 7,7 8,2 Undervisningsevalueringa 6,8 7,1 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Når det gjeld korleis sjølve møtet går føre seg, varierer det frå skole til skole. VBV-temaet meiner at det har vore ei utvikling på dette punktet frå den første runden med skolebesøk og fram til i dag. I starten var det viktig at alle partar ble trygge på systemet og dei la seg på ein open og dialogbasert linje i kommunikasjonen mellom skole og skoleeigar. Etter kvart som systemet har sett seg, kan skoleeigar i større grad vere tydeleg på kva for krav til måloppnåing dei stillar til skolane. Det er eit større fokus på dokumentasjon og resultat no enn det var innleiingsvis. Det gjer at dei er meir bevisste på kva spørsmål dei stiller til skolane i møtet. Det VBV-teamet ønskjer å oppnå i skolebesøket er å løfte og presse, å få i gang nye prosessar ved skolane som igjen skal føre til ei positiv utvikling. Dei framhever også at det er viktig å ha rom i programmet for å diskutere forhold som kommer opp i møtet, som ikkje var planlagt på førehand. I tillegg er VBV-teamet opptatt av at dei skal utfordre skolane på områda som ligg innanfor det skolane sjølve har mogleigheit til å gjere noko med. Dei som har delteke i skolebesøk (frå skolane) meiner i stor grad at desse har vore vellukka. Til dømes svarar både rektorane og andre i skolen si leiing 9,2 i gjennomsnitt på spørsmålet om i kva grad det var ein god dialog mellom skolen og skoleeigar under skolebesøket. Lærarane/dei tillitsvalde som har delteke på skolebesøk svarar 7,8 i gjennomsnitt og elevane 8,0. Alle gruppene meiner også langt på veg at skolebesøket var godt førebudd både frå skoleeigar og frå skolen si side. I etterkant av skolebesøket skriv VBV-kontakten ein rapport som oppsummerer besøket og sender denne til skolen. Alle som har delteke på skolebesøket frå skolane meiner langt på veg at denne rapporten gir ei god oppsummering 28

av kva skolen har lukkast med i utviklingsarbeidet og kva som er skolen sine viktigaste utfordringar. Ta stilling til påstandane under: 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6,0 7,0 8,0 9,0 10,0 9,2 Det var ein god dialog mellom skolen og skoleeigar under skolebesøket 7,8 8,0 9,2 9,0 Skolebesøket var godt førebudd frå skoleeigar si side 7,9 7,7 8,8 Skolebesøket var godt førebudd frå skolen si side 8,0 7,9 9,0 8,9 Rektor Leiing Lærar/Tillitsvalde Elev Rapporten etter skolebesøket gir ei god oppsummering av kva skolen lykkast med i utviklingsarbeidet 7,0 7,3 8,0 8,2 Rapporten etter skolebesøket gir ei god oppsummering av skolen sine viktigaste utfordringar i utviklingsarbeidet 6,9 7,5 7,7 8,1 I intervju med leiargruppa og VBV-teamet kjem det også fram at dei har inntrykk av at skolebesøket vert vurdert som eit vellukka tiltak. Dei vert godt mottekne når dei kjem rundt på skolane og får gode tilbakemeldingar på ordninga og at skolane i større grad føler at dei vert sett. På den andre sida vert det påpeika av VBV-temaet og leiargruppa at det er viktig å fokusere på at skolebesøket berre er ein del av heile VBV-systemet og ikkje ein løsriven aktivitet. Det er eit suksesskriterium at skolebesøket vert sett i samanheng med resten av systemet. 29

6.3 Etter skolebesøket Som nemnt ovanfor skriv skolen sin VBV-kontakt ein rapport etter skolebesøket som oppsummerar kva skolen har lukkast med i utviklingsarbeidet og kva som er utfordringane vidare. Alle rektorane oppgjev at denne rapporten vert diskutert i leiargruppa. 95 % bruker rapporten til å utarbeide nye tiltak i utviklingsplanen. 73 % presenterer rapporten for lærarane og 43 % presenterer den for elevane. Det er berre ein liten del av rektorane 22 % som sender rapporten til alle lærarane på skolen. Korleis arbeider skolen med rapporten frå skolebesøket? - Rektor 0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 % Diskuterer den i leiargruppa 100 % Bruker den til å utarbeide nye tiltak i utviklingsplanen 95 % Presenterer den for lærarane 73 % Presenterer den for elevane 43 % Rapporten blir sendt til alle lærarane 22 % Anna 11 % Alle som deltok i spørjeundersøkinga, både dei som sjølve har delteke og dei som ikkje har delteke, vart spurde om i kva grad dei meiner at skolebesøket har vore nyttig for utviklingsarbeidet ved skolen. Rektorane meiner i størst grad at det har vore nyttig (8,2) etterfølgt av andre frå leiinga (7,1). Lærarane/dei tillitsvalde er dei som i minst grad meiner at skolebesøket har vore nyttig for utviklingsarbeidet (4,5) mens elevane svarar 6,2 i gjennomsnitt. Vi har tidlegare sett at det er ein relativt liten del av lærarane og elevrepresentantane i undersøkinga som sjølve har delteke på skolebesøket, noko som tildels kan forklare kvifor dei i mindre grad meiner dette har vore nyttig. Om vi berre ser på dei lærarane som sjølve har delteke på skolebesøk, meiner dei i større grad at skolebesøket har vore nyttig for skolen sitt utviklingsarbeid (6,2). Det same er tilfelle for dei elevrepresentantane som har delteke på skolebesøket (7,8). 30

I kva grad meiner du at skolebesøka har vore nyttige for utviklingsarbeidet ved skolen 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Rektor 8,2 Leiing 7,1 Lærar 4,5 Elev 6,2 Rapporten frå skolebesøket er også dårleg kjent blant dei som ikkje sjølve deltok på skolebesøket. Dei som tilhøyrer anna leiing på skolen svarar 4,4 i gjennomsnitt på spørsmålet om kor godt dei kjenner denne. Tilsvarande tal blant lærarane er 3,0 og blant elevrepresentantar 2,3. Kor godt kjenner du rapporten etter skolebesøket? (dei som ikkje har delteke) Leiing 4,4 Lærar 3,0 Elev 2,3 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6,0 7,0 8,0 9,0 10,0 31

I intervjuet med VBV-teamet vert det påpeika at rapporten som dei skriv etter skolebesøket har endra seg i løpet av perioden ein har jobba med VBV-systemet. Den er meir utfyllande og tydelegare no enn første gangen. I tillegg til å skrive rapporten etter skolebesøket prøver VBV-teamet å reflektere rundt skolebesøka. Viktige spørsmål her er kva som har fungert bra, og kva som kunne vore gjort annleis og korleis. Eit punkt som er interessant for vidare diskusjon er kva rolle VBV-kontakten skal ha ovanfor skolen etter skolebesøket med tanke på støtte og oppfølging. Det vert påpeika frå VBVteamet si side at dei ikkje er rettleiarar for den einskilde skole. På den andre sida er det skoler som har behov for rettleiing, oppfølging og støtte. Det har ikkje vore ei forventning om dette frå de aktuelle skolane si side, men eit ønskje. 32

7 Korleis fungerer systemet? Styring Det er skoleeigar som har det overordna ansvaret for VBV-systemet. Til grunn for dette ligg styringsdokumentet. I styringsdokumentet gir Opplæringsdirektøren som nemnt innleiingsvis, føringar for kva mål og prioriterte tiltaksområde skolane skal leggje til grunn for det verksemdsbaserte vurderingsarbeidet. 7.1 Styringsdokumentet Rektor og dei som tilhøyrer anna leiing vart i undersøkinga bedne om å ta stilling til to påstandar knytt til i kva grad Styringsdokumentet er tydeleg. Rektorane vurderer Styringsdokumentet som meir tydeleg enn det dei som tilhøyrer anna leiing gjer, både når det gjeld mål og prioriterte tiltaksområde. Styringsdokumentet vert i noko større grad vurdert som tydeleg på prioriterte tiltaksområde av både rektorane (9,1) og anna leiing (8,0) enn på mål (rektor=8,7 leiing 7,6). Kor tydeleg er Styringsdokumentet frå Opplæringsdirektøren når det gjeld følgjande: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 8,7 Mål 7,6 Rektor Leiing 9,1 Prioriterte tiltaksområde 8,0 Planhorisonten for styringsdokumentet er i dag eitt år. Rektorane og dei som tilhøyrer anna leiing ved skolane vart spurde kva dei meiner om dette tidsperspektivet. Den største delen av både rektorane (65 %) og anna leiing (45 %) meiner at planhorisonten bør utvidas til 2 år. 19 % av rektorane meiner den bør utvidast til 3 år eller lenger, mens berre 14 meiner at eitt år er passeleg. Blant anna leiing er det 21 % som meiner planhorisonten bør vere 3 år, mens 23 % meiner eitt år er passeleg. 33

70 % I dag er planhorisonten for styringsdokumentet eitt år. Er dette passe eller bør den vere lenger? 65 % 60 % 50 % 45 % 40 % Rektor 30 % Leiing 20 % 10 % 14 % 23 % 19 % 21 % 11 % 3 % 0 % Passe Bør vere 2 år Bør vere 3 år eller lenger Ikkje sikker I Styringsdokumentet er det presentert eit årshjul som syner gangen i VBV-arbeidet gjennom året. Det er også ønskeleg at skolane skal utarbeide eit eige årshjul for sitt lokale utviklingsarbeid. Som figuren under syner, oppgjev 68 % av rektorane at deira skole har eit slik årshjul, mens 32 % ikkje har det. 80 % Har skolen utarbeida eit eige årshjul for utviklingsarbeidet? - Rektor 70 % 68 % 60 % 50 % 40 % 30 % 32 % 20 % 10 % 0 % Ja Nei 34

7.2 Føremålet med tilstandsrapporten Eit element i VBV-systemet er tilstandsrapporten som er basert på skolen si eiga tilstandsvurdering. Denne sender skolane til Opplæringsavdelinga saman med utviklingsplanen. Rektorane, anna leiing og lærarane vart i spørjeundersøkinga spurde om korleis dei oppfattar funksjonen til tilstandsrapporten. Resultata syner at dei ulike gruppene har noko ulikt syn på dette spørsmålet. Den største delen av rektorane (47 %) meiner at rapportering og eigenlæring er like viktige funksjonar. Den største delen av dei som tilhøyrer anna leiing (46 %) meiner at eigenlæring er den viktigaste funksjonen til rapporten. Blant lærarane er det stor usikkerheit på dette spørsmålet. 32 % svarar at dei ikkje er sikker på kva som er funksjonen til tilstandsrapporten. Deretter er det 30 % som meiner at hovudfunksjonen er eigenlæring. Det er også ein større del av lærarane (22 %) som meiner at den viktigaste funksjonen til rapporten er at skolen skal rapportere til Opplæringsavdelinga enn det er blant rektorane (14 %) og anna leiing (13 %). 50 % 45 % Korleis oppfattar du funksjonen til tilstandsrapporten på din skole? 46 % 47 % 40 % 35 % 30 % 36 % 30 % 31 % 32 % 25 % 20 % 15 % 10 % 14 % 13 % 22 % 16 % 11 % Rektor Leiing Lærar 5 % 3 % 0 % Hovudfunksjonen til tilstandsrapporten er å rapportere til Opplæringsavd. Hovudfunksjonen til Rapportering og eigenlæring er tilstandsrapporten er at skolen like viktig skal lære meir om seg sjølv Ikkje sikker 35

7.3 Innsendingsfristar Nesten halvparten av rektorane (49 %) meiner at sommaren, mai til oktober, er det beste tidspunktet for innsending av tilstandsrapporten. Det er også ein stor del som meiner at hausten, august til oktober, er det beste tidspunktet for innsending. Det er relativt få som meiner at vinteren (8%) eller våren (11 %) er det best egna tidspunktet. 60 % Kva meiner du er det beste tidspunktet for innsending av tilstandsrapporten? - Rektor 50 % 49 % 40 % 32 % 30 % 20 % 10 % 8 % 11 % 0 % August - oktober November - januar Februar - april Mai - august Også tidspunkt for innsending av utviklingsplanen var eit tema i rektorundersøkinga. Her meiner den største delen av rektorane at hausten er det beste tidspunktet (42 %). Deretter følgjer sommaren (33 %). Det er også ein del (19 %) som ønskjer at utviklingsplanen skal sendast inn om vinteren (19 %), men svært få som meiner at våren er det best eigna tidspunktet (6 %). Om ein ser innspela frå rektorane under eitt på dei to spørsmåla om innsending av tilstandsrapport og utviklingsplan, er hovudinntrykket at dei ønskjer at tilstandsrapporten skal sendast inn først (i løpet av sommaren) deretter utviklingsplanen (i løpet av hausten). 36

45 % Kva meiner du er det beste tidspunktet for innsending av utviklingsplanen? - Rektor 42 % 40 % 35 % 33 % 30 % 25 % 20 % 19 % 15 % 10 % 5 % 6 % 0 % August - oktober November - januar Februar - april Mai august 7.4 Skolebesøk Skoleeigar har og det overordna ansvaret for gjennomføring av skolebesøka. I dag er ramma for desse besøka 3 timar. Dei som har delteke på eit eller fleire skolebesøk vart spurde om kva dei meiner om denne tidsramma. Den største delen i alle grupper synest at 3 timar er passeleg. Heile 92 % av rektorane meiner at dette er passeleg. Blant lærarane er det ein relativt stor del (19 %) som svarar ikkje sikker på dette spørsmålet. 37

100 % 90 % 80 % 70 % Ramma for skolebesøket er 3 timar. Synest du dette er for lenge, passeleg eller for kort tid? 92 % 86 % 64 % 76 % 60 % 50 % Rektor Leiing 40 % Lærar 30 % Elev 20 % 10 % 0 % 0 % 2 % 7 % 8 % 5 % 10 % 10 % For lenge Passeleg For kort tid 19 % 8 % 8 % 3 % 3 % Ikkje sikker Alle skolane får i dag besøk kvart år. Rektor og anna leiing vart spurde om dei synest dette er for ofte, passeleg eller for sjeldan. I begge grupper er det flest som meiner at dette er passeleg (54 % av rektorane og 66 % av anna leiing). Det er imildertid ein stor del av rektorane (45 %) som meiner at kvart år er for ofte. 70 % I dag finn skolebesøka stad kvart år. Synest du dette er for ofte, passeleg eller for sjeldan? 66 % 60 % 50 % 46 % 54 % 40 % 30 % Rektor Leiing 20 % 15 % 14 % 10 % 0 % 5 % 0 % 0 % For ofte Passeleg For sjeldan Ikkje sikker Nokre skolar får i dag besøk på våren, og nokre på hausten. Rektorane og leiinga vart også spurde om når på året det passar best med skolebesøk. Den største delen i begge grupper (46 % ) svarar at det passar best om våren, men det er også ein stor del av rektorane (38 %) som helst vil ha skolebesøket på hausten. Denne delen er mindre blant anna leiing (22 %), 38