Årsmelding for 2015 frå Inger Auestad, plasstillitsvald ved AIN FF ved AIN har 24 medlemmar, ei auke på tre medlemmar frå 2014. Det er kalla inn til medlemsmøte ved avdelinga 26. februar. Våren 2015 blei det halde fire ID-møter ved avdelinga. Då ny dekan kom på plass hausten 2015 tok vi nytt grep, og brukte eit heilt møte på å diskutere oss fram til form og innhald på møta. Det vart halde to ID-møte etter dette. ID-møta ligg på møteplanen til avdelinga og er no møteplass mellom tillitsvalde / verneombod og dekanen. Møteplanen vert overhalden, innkallingar kjem, og vi byter på å skrive referat. Saker som har vore oppe i 2015 (ein eller fleire gonger) -saker til HiSF-styremøte, bla. budsjettinnspel frå avdelinga -arbeidsplanarbeid, personalsituasjon -romsituasjon, flytting til Høgskulebygget -velferdskomité -Arbeidet med Master in Climate change -prioritering av fou-ressursar Utover ID-møta har dekan ved enkelte høve teke direkte kontakt for å drøfte aktuelle problemstillingar. Det har det vore litt arbeid med personalsaker, og eg var involvert ved tilsetting av ny instituttleiar i august. Plasstillitsvald ved AIN er også leiar for FF ved HiSF. Sogndal 16.02.2016 Inger Auestad
Årsmelding: Forskerforbundet sin klubb, HiSF ahf 2015 Medlemstal: Avdeling for helsefag hadde i januar 2014 fire medlemmar, februar 2016 var talet auka til seks. Ein av medlemmane gjekk ut i permisjon, og tre ny meldte seg inn. Ved oppstart av studieåret 2015/16 var vi offensiv i rekruttering av nytilsette, dei fleste ville fortsetja i sin opphavelege fagforening, NSF. Likevel fekk vi på den måten både markert og gjort oss synleg ved avdelingen. ID-møte: Plasstillitsvalgt har delteke på sju ID-møter, sammen med plasstillitsvalgt for NSF, verneombud for avdelingen og tillitsvalgt for TL. Saker av overordna art vore diskutert: overgang til ny leiing ved avdelingen, tildelling av FoU-middlar, struktursaka, nye stillingar og tilsetjingar (ikkje person), og elles fysiske og sosiale forhold som vedkjem arbeidssituasjonen vår. Personalsaker av prinsipiell art har også vore diskutert. I tillegg deltok plasstillitsvalgt i forhandlingar om fordeling av arbeidsoppgåver studieåret 2015/16. I løpet av januar og februar 2016 er det gjennomført to ID-møter. Observatør ved intervju: November 2015 deltok plasstillitsvalgt som observatør ved intervju av kandidatar til ph.d. stipendiatstilling vad ahf. Klubbmøte: Vi arrangerer klubbmøte 22.februar 2016. Førde 16.2.2016 Aud Berit Fossøy, Plasstillitsvalgt ahf
Årsrapport for 2015 frå plasstillitsvald ved ASF Møteverksemd: 11. februar 2015 vart det halde medlemsmøte med følgjande dagsorden: 1. Framlegg til saker FF ved avdelinga og/ eller HiSF bør engasjere seg i framover? 2. Kommentarar til handteringa av aktuelle saker som t.d. «struktursaka» og høyringa av FoUplan? a. Korleis bør vi manøvrere i den vidare prosessen ved ulike utfall av Stortingsmeldinga om strukturen i høgare utdanning? Er FF- medlemmer ved ASF samde om kva som er best for Høgskulen dersom vi ikkje får halde fram som sjølvstendig institusjon, (og dersom vi då i det heile har nokon innverknad lenger)? 3. Kort orientering om status i styret; kven er på val?, ordninga med plasstillitsvald, påminning om FF- årsmøte den 24. februar. 4. Eventuelt Dei frammøtte hadde ikkje innvendingar til måten lokallaget har handtert aktuelle saker, sjølv om ikkje alle medlemmene meiner det same om desse sakene. Det kom elles fram eit synspunkt om at Høgskulestyret bør ha ei valordning som sikrar representantar for alle avdelingar. Dette bør vi (lokallaget) spele inn att før neste valperiode. IDF- møte ved avdelinga: Desse blir haldne om lag ein gong i månaden. Sakene her dreiar seg om budsjett, bygg- og romressursar, HMS, tilsetjingssaker (Plasstillitsvald for FF og/ eller FO deltar i prøveførelesingar og intervju). Mange av møta har dessutan hatt struktursaka på dagsorden, mest i form av orienteringar. Dekan Anne-Grete Naustdal held fram sin vellukka praksis med faste fredagsbrev til alle tilsette med informasjon om det som skjer på avdelinga og i Høgskulen. Underteikna har også deltatt i styremøte i lokallaget. Struktursaka har vore viktig også her, men også budsjett, finansiering av FoU- plan, tilsetjingssaker (leiarar), OU- søknader, endringar i eksamensforskrifter, m.m. har vore på dagsorden. Det er kalla inn til medlemsmøte for 2016 ved avdelinga den 23. februar. Dagsorden vil vere: - Synspunkt på styrevedtaket i struktursaka den 4. februar. - Val av ny plasstillitsvald og fremjing av kandidat til val av nytt styremedlem i FF ved HiSF (underteikna har hatt begge desse verva frå haust 2013). - Eventuelt. 15. og 16. april: Samling av tillitsvalde ved Nes gard (struktursak og samarbeid med nytilsette leiarar stod på dagsorden (Luster). 26. august: OU- seminar om arbeidsvilkår i UH- sektoren tid til forsking (Sogndal). 10. og 11. september: Fellesseminar med FF ved HiB (Skjerjehamn). Sogndal 15.02.2016 Roger Hestholm, Plasstillitsvald ved ASF
Årsmelding plasstillitsvalt ved ALI Hege Gjerde Sviggum Vegard Vereide var vikarierande plasstillitsvalt fram til mars 2015 då eg var tilbake. Forskarforbundet ved ALI har 45 medlemmar, ein reduksjon på eitt medlem frå i fjor. Me held oss stabilt i medlemstal, det er nokre utmeldingar (i hovudsak medlemmar som har vorte pensjonistar) og nokre nye medlemmer. Møteverksemd: Eg deltek ca. ein gong i månaden på Informasjon- og drøftingsmøte (ID) med dekan. Her møter eg også utdanningsforbundet sin plasstillitsvalt ved ALI, Jan Morten Loftesnes og ALI sine verneombod. Saker som har vore oppe på ID møte er budsjett for ALI, fordeling av utstyrsmidlar, omfordeling, tilsetjingar, oppnemning av verneombod, arbeidsoppgåver for faggruppeleiar, studietilbod, fou, arbeidsmiljø, sjukmeldingar, struktursaka og gymnasbygget. Dei to siste har vore hovudtema for alle møta no i haust. Elles har eg delteke på styremøte til FF når eg har hatt høve til det. - deltok på Forskarforbundet sitt Trinn 1 kurs i 16. - 18. september - deltok på seminar med andre FF tillitsvalte frå Hisf og HiB på Skjerjehamn 10. -11. september. Her var tema erfaringar frå lokallagsarbeid og SAKS. Anna: Eg er tillitsvalt representant i Brukarutvalet for Gymnasbygget. Her har det vore ein del møteverksemd og diskusjon i haust. Det har ikkje vore kalla inn til medlemsmøte, men medlemane har fått informasjon og moglegheit til å uttale seg på e-post. Det er viktig for meg at eg representerer dykkar synspunkt. I tillegg er eg i kontakt med dei andre tillitsvalte. Eg er også leiar i AMU ved Hisf, her har eg delteke på eit oppstartmøte i haust. Det vert kalla inn til medlemsmøte 29.02.16.
Årsmelding for 2015 frå plasstillitsvalgt for Forskerforbundet Fellesadm. Til orientering: Jeg ble valgt som Forskerforbundets sin første plasstillitsvalgt fra Bibliotek / Fellesadministrasjon ved HiSF i april 2014. Forskerforbundets medlemmer i Fellesadministrasjonen hadde tidligere ikke hatt stort nok medlemstall til å kunne stille med egen plasstillitsvalgt på ID-møter. Forskerforbundet har 10 medlemmer i Fellesadministrasjonen. En økning på 1 medlem fra 2014. Plasstillitsvalgte deltar på ID-møter i Fellesadministrasjonen som representant for FF sine medlemmer innen Fellesadministrasjonen. Ledelsen har avholdt 7 møter i 2015. Saker på disse møtene har bl.a. vert HMS saker, bemanningsutfordringer og en del «konfidensiell informasjon» Jeg har deltatt på felles samling på Nes gard for tillitsvalgtorganisasjonene ved HiSF 15.-16. april 2015 Deltatt på Forskerforbundets Fagbibliotekarforenings seminar i Drammen 21.- 22. september : Sammenslåinger i UH-sektoren. Konsekvenser for bibliotek. Møter: Har deltatt på Forskerforbundets styremøter i 2015 Medlemsmøte: Medlemsmøtet for FF FADM sine medlemmer er utsatt til mars/april måned. Plasstillitsvalgt har fått fornyet tillit for perioden 2016-2018. Bente Hatlevoll 26.02.16