Til: Frå: Gaular kommune Norconsult AS Stad, dato Førde, 2016-08-18 Kopi til: Ny vurdering av behov for konsekvensutgreiing ved detaljregulering av ny fv 57 Storehaug-Hjelmeland i Gaular kommune 1 INNLEIING Det vart gjort ei vurdering av behov for konsekvenstgreiing i starten av planarbeidet, datert 2016-02-29. Denne konkluderte med behov for KU vurdering på tema naturmiljø. I ettertid er det laga fleire alternativ av veglinjene på Haugsbø og Fauske. Notatet er revidert for å fange opp endringane. Gaular kommune ønskjer å få utarbeidd reguleringsplan på strekninga Haugsbø - Hjelmeland Storehaug på FV 57, ei strekning på 7 km. Formålet med dette er å kunne starte detaljplanlegging/byggearbeid på kort varsel dersom nødvendige løyvingar frå sentrale styresmakter blir gitt. Reguleringsplanen må derfor fylle nødvendige kvalitetsmål for at dette skal vere mogleg. Oppgradering av vegen vil skje i all hovudsak langs eksisterande trase. Fartsgrensa er 80 km/time. Horisontalkurvaturen er relativt bra, men med enkeltkurver ned mot 150 meter. Vegbreidda er i overkant av 5 meter. Det er lite stigning på parsellen, terrenget kan karakteriserast som lett til middels tungt. I samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar av desember 2014, 1 skal forslagsstillar til ein reguleringsplan sjølv vurdere om planen fell innanfor forskrifta sitt saklege verkeområde, omtalt i 2 og 3 i forskrifta. På bakgrunn av opplysningane gitt av forslagsstillar skal ansvarleg mynde ta stilling til om planarbeidet fell innanfor virkeområdet til forskrifta. Konklusjonen til ansvarleg mynde skal grunngjevast. Gaular kommune er forslagsstillar og ansvarleg mynde for dette planarbeidet. 1.1 Tilhøve til overordna plan - kommuneplanen Den aktuelle vegstrekninga er ikkje regulert frå før og ligg hovedsakleg i LNF område i kommunedelplan for Bygstad 2001 og kommuneplan for Langeland-Bringeland 2001. Unntaket er første strekninga frå Yndestad mek og oppover der vegen går gjennom byggeområde for næring og bustad. 2 TILTAKET OG VIRKEOMRÅDET TIL FORSKRIFTA OM KONSEKVENSUTGREIINGAR Forskrifta om konsekvensutgreiingar skil mellom planer og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast ( 2), og planer og tiltak som skal vurderast nærmare ( 3). Desse skal konsekvensutgreiast dersom planen eller tiltaket kjem i konflikt med eit eller fleire av kriteria i III. Vurdering i høve forskrifta 2 (skal ha KU): 2016-08-18 Side 1 av 5
Det skal utarbeidast detaljreguleringsplan. Planarbeidet gjeld områder som er sett av til landbruk- natur og friluftsområde i kommuneplanen. Det er kriterie d) eller f) som er relevante for denne planen. Planområdet er over 15 da men omfattar i liten grad nye område, då vegen følgjer eksisterande veglinje i stor grad. Tiltaket fell difor ikkje inn under pkt d i 2. Tiltaket fell heller ikkje inn under pkt f som gjeld reguleringsplanar for tiltak i vedlegg I. Opplisting av infrastrukturtiltak i vedlegg I gjeld meir omfattande veganlegg enn dette tiltaket. Samla vurderinga er at dette planarbeidet ikkje fell innanfor virkeområdet til 2 i forskrifta. Vurdering i høve forskrifta 3 (KU vurderast): Tiltaket kan falle innafor innafor i 3c, vedlegg II pkt 10e, som nevner: «Bygging av veier, havner og havneanlegg, herunder fiskehavner og offshorerelaterte havner, samt utvidelse eller vesentlig endret bruk av eksisterende havner eller farleder». Utviding av eksisterande veg er ikkje spesifisert her. Tiltaket fell derimot tydeleg innafor i 3, vedlegg II pkt 13, som gjeld utvidingar og endringar: «Utvidelser eller endringer av tiltak nevnt i vedlegg II som kan få vesentlige virkninger, jf. vedlegg III» Utvidingane og endringane av vegen kan mellom anna få vesentlege verknader for naturtypen «hole eiker» og difor er dette ein plan etter forskrifta 3 som skal vurderast etter vedlegg III. 2.1 Vurdering i høve kriteria i vedlegg III til forskrifta om konsekvensutgreiingar Kriteria i høve kor vesentleg verknaden vil verte, er gitt i vedlegg III til forskrifta. Underpunkta i vedlegg III gjev i liten grad presise kriterier, og det er dermed trong for omfattande bruk av skjønn. I vurderinga reknar vi med at terskelen for å regne slike følgjer som er nemnt i forskrifta som vesentleg er forholdsvis høge, og at reguleringsplaner med normal konflikt- og kompleksitetsnivå ikkje fell inn under det saklege virkeområdet for utgreiings- og handsamingsreglane i forskrifta om konsekvensutgreiingar. Vurderinga er basert på informasjon som er henta frå nasjonale databasar med stadfesta informasjon. Fleire av underpunkta i vedlegg III til forskrifta kan vere relevante. Vedlegg III seier at det skal vurderast om planen vil får vesentlege verknader etter tredje ledd viss planen kjem i konflikt med eller medfører eitt av punkta a) til q). pkt a) områder som er vernet, midlertidig vernet eller foreslått vernet etter naturmangfoldloven kap. V eller etter markaloven 11 Veglinja går ikkje gjennom område som er verna eller føreslått verna etter naturmangfaldslova. pkt b) kulturminner eller kulturmiljø som er fredet, midlertidig fredet eller foreslått fredet etter kulturminneloven eller vernet etter plan- og bygningsloven, eller hvor det finnes eller er stor sannsynlighet for å finne automatisk fredete kulturminner som inngår i et kulturmiljø med stor tidsdybde 2016-08-18 Side 2 av 5
Det er ikkje registrert kulturminner i eller langs veglinja, som er freda/føreslege verna, eller verna/føreslege verna. Det er registrert ei rekke SEFRAK bygg i nærleiken av veglinja. Så langt i planarbeidet er det ikkje kjent av nokon av dei må fjernast. pkt c) Laksebestander i områder som er omfattet av ordningen med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjorder. Kvamselva/Fauskeelva ligg i nærområde til fv 57, men er slik det ser ut førebels i planarbeidet, vert ikkje elvestrenge direkte berørt av veganlegget. Elva er registrert som lakseførande elvestrekning, men er ikkje nasjonalt laksevassdrag. pkt d) en forekomst av en utvalgt eller truet naturtype, verdifull naturtype av verdi A eller B, truet eller prioritert art, eller mot økologisk funksjonsområde for en prioritert art I nærområdet til vegen ligg fleire viktige våtmarksområde som Hjelmelandselva, Hjelmelandsvatnet, Bringelandsvatnet og Bringelandsvatnet aust. Opp mot Storehaug ligg vegen også innafor verneplangrensa for Gaularvassdraget. Fleire av lokalitetane er verdsett til «viktig» (B). Vegprosjektet påverkar ikkje desse område direkte med nye inngrep. Vegen ligg i nedslagsfeltet til våtmarksområde og kan slik påverke indirekte. I anleggsperioden vil det vere potensiale for ureining. I området langs vegen frå Haugsbø opp til Fauske er det registrert ei rekke hole eiker som er verdisett som lokalt viktig ( C) og nokre til viktig (B). Dette er ein utvalt naturtype. Det er registrert om lag 15 slike eiker i nærområdet til veglinja gjennom området. I område med denne naturtypen ligg veglinja noko på eksisterande veg og noko langs ny trasè vist i kommunedelplan for Bygstad. Det kan sjå ut til at omlag halvparten av eikene vert direkte berørt ved at ny veg passerer rett ved eller rett gjennom. Summert ser vi at tiltaket kjem i konflikt med den utvalte naturtypen hole eiker med verdien B (viktig). I rettleiaren til forskrift om konsekvensutgreiingar står det at «Utvalgte naturtyper skal tas særlig hensyn til slik at forringelse av naturtypens utbredelse og forekomstenes økologiske tilstand unngås». Slik vegplanane ligg føre ser det ut til at nær halvparten av dei registrerte eikene kan bli påverka direkte eller indirekte. Rettleiaren seier også at: «Planer og tiltak regnes alltid å kunne medføre vesentlige virkninger dersom de helt eller delvis er innenfor, eller i strid med: Lokaliteter av utvalgte eller truete naturtyper Lokaliteter av verdifulle naturtyper av verdi A eller B Et viktig funksjonsområde for en prioritert art Forskrift for en prioritert art «Tiltaket i denne planen er heilt innafor og i strid med lokalitet av den utvalde naturtypen «hole eiker». På dette grunnlaget er det vår vurdering at problemstillinga ligg utanfor normal konflikt- og kompleksitetsnivå i ein reguleringsplan og difor fell tiltaket inn under det saklege virkeområdet for utgreiings- og handsamingsreglane i forskrifta om konsekvensutgreiingar. pkt e) 2016-08-18 Side 3 av 5
naturområder som er særlig viktige for utøvelse av friluftsliv, Vegtiltaket påverkar ikkje området som er registrert som særskilt viktig for friluftsliv. pkt f) særlig verdifulle landskap, store sammenhengende naturområder med urørt preg eller vernede vassdrag, Vegtiltaket gjeld i hovudsak utbetring av eksisterande fylkesveg og er slik sett ikkje eit nytt terrenginngrep, men handlar om justering av eksisterande vegtrasè. pkt h) større omdisponering av landbruks-, natur- og friluftslivsområder eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betydning for landbruksvirksomhet Vegtiltaket gjeld i hovudsak utbetring av eksisterande fylkesveg og påverkar i liten grad område som omtalt i pkt h) pkt k) risiko for alvorlige ulykker, ras, skred eller flom Deler av planområdet ved Haugsbø er registrert som potensielt utløpsområde for jord-flomskred på fylkesatlas. Område registrert med potensiale for jord og flomskred er generelle og unøyaktige. Vi reknar denne problemstillinga til å ligge innafor normal konflikt- og kompleksitetsnivå i ein reguleringsplan og fell difor ikkje inn under det saklege virkeområdet for utgreiings- og handsamingsreglane i forskrifta om konsekvensutgreiingar. Problemstillinga bør likevel vurderast av fagkyndig som del av ROS analyse av område. Pkt q) Statlige planretningslinjer, statlige planbestemmelser eller regionale planbestemmelser gitt medhold av lov 27. juni 2008 nr. 71 eller gjeldende rikspolitiske bestemmelser eller rikspolitiske retningslinjer gitt i medhold plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 Opp mot Storehaug ligg vegen innafor verneplangrensa for Gaularvassdraget. Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag (T-1082) gjeld for følgjande del av verneobjektet: Vassdraget, dvs. hovudelvar, sideelvar, større bekkar, sjøar og tjern og eit område på inntil 100 meters breidd langs objektet. Andre delar av nedbørsfeltet som det er fagleg dokumentert har innverknad på verneverdien til vassdraget. Tiltaket ligg både i 100 metersbeltet frå sideelv (Skilbreivatnet) og i nedbørsfeltet. Gjennom dei nasjonale måla for forvalting av verna vassdrag er det trekt opp mål i høve landskap, naturverdiar, kulturverdiar og friluftsliv. Vegtiltaket gjeld i hovudsak utbetring av eksisterande fylkesveg og er slik sett ikkje eit nytt 2016-08-18 Side 4 av 5
terrenginngrep, men handlar om justering og utviding av eksisterande terrenginngrep. Dette gjeld også den delen av vegen som ligg innafor verneplangrensa. Tiltaket vil ha liten innverknad på landskapet ettersom den følgjer eksisterande veg som er eit etablert inngrep. Det heller er ikkje registrert viktige naturtypar eller kulturverdiar langs denne delen av vegen. Oppsummert er det vår vurdering av vegtiltaket ikkje kjem i konflikt med RPR for verna vassdrag. Dei andre punkta i vedlegg III til forskrifta gjeld kriterie som ikkje er vurdert til å vere relevante for planområdet. 3 KONKLUSJON Tiltaket i denne planen er i strid med lokalitet av den utvalde naturtypen «hole eiker». På dette grunnlaget er det vår vurdering at problemstillinga ligg utanfor normal konflikt- og kompleksitetsnivå i ein reguleringsplan og difor fell tiltaket inn under det saklege virkeområdet for utgreiings- og handsamingsreglane i forskrifta om konsekvensutgreiingar. Planarbeidet må difor gjennomførast med konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Konsekvensutgreiinga kan avgrensast til fagtema naturmangfald på strekninga Haugsbø-Fauske. Problemstillinga kring potensiale for jord- flomskred må utgreiast av fagkyndig person som del av reguleringsarbeidet m/ros analyse. Førde, 2016-08-18 Arne Kringlen 2016-08-18 Side 5 av 5