HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2009-2011 HØGSKULEN I VOLDA Vedtatt av Styret for Høgskulen i Volda 04.06.09 sak 20/09 1
Innleiing Internasjonalisering er eit sentralt element i norsk utdanningspolitikk. Deltaking i internasjonal kunnskapsutveksling gjennom forskings- og utdanningssamarbeid og deltaking i studentutvekslingsprogram, er alle sentrale element for å sikre og utvikle kvaliteten i FoU-arbeidet vårt og dei utdanningsprogramma som vi tilbyr ved Høgskulen i Volda (HVO). Handlingsplan for internasjonalisering 2009-2012 bygger på Lov om universiteter og høgskoler av 2005, Stortingsmelding nr. 14 (2008-2009) Internasjonalisering av høyere utdanning, Strategiplanen for HVO (2006-2010) og anna relevant planverk v. HVO. I strategiplan for HVO vert det slått fast at internasjonalisering skal vere integrert i all verksemd ved Høgskulen i Volda, og at det såleis er viktig i realiseringa av hovudmåla. Vidare kan vi lese: Det internasjonale elementet skal styrkjast i utdanningane, mellom anna gjennom utveksling av lærekrefter, studentutveksling, ved internasjonalt orientert forskingsverksemd og ved å tilby undervisning og pensum på engelsk i utvalde studieemne. Utdanningane og studiemiljøet skal leggjast til rette for studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn, og fagmiljø og studieemne skal ha fokus på fleirkulturelle utfordringar. Strategiske målsettinger Eit viktig strategisk mål i perioden 2009 2011 er å få til ei tettare kopling mellom det internasjonale arbeidet innan FoU og undervisning. Eit godt FoU-samarbeid, i tillegg til det øvrige samarbeidet, vil styrke relasjonane mellom fagpersonar ved HVO og stimulere utviklinga av felles undervisningstilbod og kursprogram. Oppbygginga av eit større internasjonalt miljø skal kome alle studentar og tilsette til gode. Internasjonalisering ved HVO gjeld ikkje berre dei som tek aktivt del i internasjonalt samarbeid og utveksling, men like mykje dei som ikkje dreg ut. Internasjonaliseringa skal medverke til eit læringsmiljø prega av kulturell openheit og toleranse og til fleire kulturmøte. Gjennom dette håpar vi å få auka forståing av andre kulturar og samstundes av vår eiga kulturarv og kulturelle utvikling. Utvekslingsaktiviteten skal gi personlege opplevingar og etablere nye referanserammar hos både tilsette og studentar. Internasjonaliseringa skal gi HVO moglegheit til å hauste av internasjonal kompetanse hos samarbeidspartnarane. Samstundes får høgskulen høve til å medverke med sine kvalifikasjonar til å bygge opp og vidareutvikle kompetanse der vi er aktive internasjonalt. Gjennom samarbeid, kontakt og dialog med internasjonale partnarar vil ein både gi og få tilbakemeldingar som bidrar til kvalitetssikring av studie- og læringsmiljø. Globalisering av høgre utdanning og forsking stiller norske universitet og høgskular ovafor både moglegheiter og utfordringar. Vi erfarar at konkurransen om studentar, gode lærarar, forskarar og forskingsmiddel vert intensivert. Internasjonalisering skal medverke til å gjere høgskulen konkurransedyktig i rekruttering av studentar og tilsette. Auka rekruttering gir auke i studiepoengproduksjon som utløyser auka bevilling frå departementet. Sjølv om ein har oppnådd ei auka forståing for kva moglegheiter som ligg i internasjonalisering, er det framleis eit stykke igjen før motivasjon for å drive dette arbeidet er like stor i alle ledd av organisasjonen vår. Det å oppnå kunnskap om, vilje til og ressursar til å drive vellukka internasjonalisering, vil vere ei viktig oppgåve i perioden for handlingsplanen 2009-2011. Det er viktig å arbeide for ein heilskapleg strategi i profilering og rekruttering internasjonalt, samt eit auka samarbeid om bruk av engelskspråklige studietilbod også på tvers av avdelingane. 04.03.2009 arrangerte vi ein strategidag med fokus på kva som var bra og kva som var utfordringar og tiltak innan internasjonalisering i åra framover. Det var rundt 40 deltakarar, derav meir enn 10 studentar. Prioriterte vurderingar og tiltak er oppsummert i eige vedlegg. 2
HOVUDMÅL 1: RESSURSAR KNYTT TIL INTERNASJONALISERING SKAL AUKAST Ny permanent stilling ved Internasjonalt kontor innan 01.07.2009 Stillinga som trainee blir ein permanent ordning Styrke koordinatorordninga i avdelingane HOVUDMÅL 2: HVO SKAL AKTIVISERE FAGLEG OG ADMINISTRATIVT TILSETTE I DET INTERNASJONALE ARBEIDET, FORSKING OG I UTVEKSLING FoU Tettare kopling mellom det internasjonale arbeidet innan FoU og undervisning Stimulere tilsette til å delta i internasjonale kompetansenettverk, og knyte oss til internasjonale forskarnettverk gjennom SIP og andre profesjonsprosjekt Stimulere til publisering i internasjonale publiseringskanalar og til framlegging av papers på internasjonale forskarkonferansar utveksling tilsette Optimalisere utnyttinga av Erasmus mobilitetsstipend Legge til rette for mottak av gjesteforskarar/utvekslingslærarar. Alle institutt/seksjonar bør sende ut utvekslingslærarar kvart år Innarbeide relevant internasjonal aktivitet i arbeidsplanane Kompetanseheving i engelsk. Støtte kompetanseheving i andre språk. /FoU koord /sentr. HOVUDMÅL 3: INTERNASJONALISERING SKAL VERE SYNLEG I STUDIETILBOD Integrere internasjonalisering i alle aktuelle studieprogram Reflektere internasjonal forsking i pensum Betre infrastrukturen knytt til praksis i utlandet. Etablere faste praksisplassar for Erasmus-programmet. UH-nett Vest skal vurdere tilbod om praksisplassar for innreisande studentar. Alle gradsstudie skal klargjere kvar i studieløpet studentane kan ha utveksling. Utdanningssamtalane bør ta opp spørsmålet om ev. studie-/praksisperiode i utlandet. Dekan / HOVUDMÅL 4: AUKA SAMARBEID MED STUDIESTADAR I UTLANDET Evaluering og prioritering av eksisterande avtaler med vekt på kvalitet. Styrke samarbeidet med dei nye medlemslanda til EU. Særskilt innsats mot land i sør og USA. Vi skal forsterke samarbeidet der vi har etablert fagleg kontakt. Etablere avtalar med institusjonar som kan tilby masterprogram som vi kan nytte som påbygging til BA-studia våre, der vi ikkje har MA-program / 3
Vidareføre dei to IP-prosjekta (Intensive programs) og utvikle nye Utvikle samarbeid på masternivå. Slikt samarbeid skal ha høg prioritet ved tildeling av strategiske satsingsmidlar til internasjonalisering. Utvikle tettare samarbeid med utvalde utanlandske lærestadar med sikte på systematisk samarbeid om profesjonsutdanningar på BA- og MA-nivå. Samarbeide internasjonalt om profesjonsretta og kunstnarisk forskings- og utviklingsarbeid; gjerne i samarbeid med norske høgskular. Regionalt samarbeidsprogram med University of Washington gjennom UH-nett Vest. Lage opplevingspakkar for inviterte internasjonale kontaktar i samarbeid med UH-nett Vest. / / / HOVUDMÅL 5: STUDENTMOBILITETEN SKAL AUKAST utreisande studentar Inntil 200 HVO-studentar bør årleg har eit studieopphald i utlandet på tre månadar eller meir. Tydelegare profilering av moglegheitene til utanlandsopphald i alle studieplanar, og auka informasjon og motivasjon for utanlandsopphald Stimulere til felles faglege prosjekt mellom studentar frå HVO og studentar ved utanlandske universitet, t.d. gjennom intensivprosjekt gjennom Erasmus, Nordplus, ISEP, NOMA og andre relevante program, og gjennom faglege konferansar/seminar og samarbeid om bachelor- og masterprogram. Synleggjere utveksling av kortare varigheit ved utarbeiding av statistikkar og rapportar. Gjennom UH-nett Vest vil vi arbeide for at DBH også tel med praksis- og prosjektopphald av kortare varigheit enn tre månadar. innreisande studentar Talet på innreisande Erasmus/EEA studentar bør aukast frå 50 til 100 årleg i perioden. På sikt skal det vere samsvar i talet på inn-og utreisande studentar. Prioritere søkjarar frå samarbeidande institusjonar. Arbeide for fleire søkjarar frå USA og Canada med sikte på gjensidig utveksling Søke om kvoteplassar og jobbe for større geografisk spreiing i studentar som kjem på eigenbetaling. UH-nett Vest arbeider for enklare prosedyre for tildeling av ID-nummer. Auke informasjonsinnsatsen retta mot innkomande studentar. Fornying av engelske sider og brosjyremateriell Vidareutvikle mottaket av internasjonale studentar, her under hyblar, fadderordning og kulturelle aktivitetar og arbeide for styrka integrering Alle utvekslingsstudentane skal rapportere frå opphaldet i Volda. Utvekslingsaktiviteten skal evaluerast årleg. / / / / /avd /avd STiV/SFS /avd HOVUDMÅL 6: AUKE I TALET PÅ STUDIETILBOD PÅ ENGELSK OG TILRETTELEGGE STUDIA FOR UTANLANDSKE STUDENTAR Vi skal ha min 10 tilbod med engelsk undervisning per semester. Alle gradsstudia bør ha eit semestertilbod på engelsk tilsvarande 15 4
studiepoeng innan 2011. Vi bør vurdere å dele opp emna i mindre einingar (t.d. 7.5 stp) og tilrettelegge for utanlandsk studieløp/semesterinndeling. Studietilboda til utanlandske studentar bør tilretteleggast slik at dei kan ta del i aktivitetar som praksis, studieturar, skuleovertaking m.m Koordinere studietilboda i innhald og tid ut frå kva behov og forventningar utanlandske studentar har og for å unngå kollisjon, konkurranse m.m. Leggje vekt på engelskspråkleg kompetanse ved nytilsettingar. /avd. HOVUDMÅL 7: HVO SKAL HA STUDIEMILJØ SOM INTEGRERER INTERNASJONALE STUDENTAR OG AKTIVE INTEGRERINGSAKTIVITETAR Sikre at undervisningstilbod på engelsk har både utanlandske og norske studentar som målgruppe Utvikle god praksis når det gjeld fadderordningar for utanlandske studentar. Vidareutvikle Pangaia, internasjonal dag, internasjonal klubb m.m. og til rette slik at dei nyttast både av norske og utanlandske studentar. Teikne medlemskap i ESN (Erasmus Student Network). Stimulere STIV og studentorganisasjonane til å engasjere seg integrasjonsprosessen av internasjonale studentar Legge til rette for bustadar i samarbeid med SfS STiV/ / HOVUDMÅL 8: HVO SKAL ARBEIDE AKTIVT MED KVALITETSSRING Gjere sakshandsaminga for godkjenning og innpassing av utdanning frå utlandet så kort og smidig som råd Starte arbeidet med å gjere studiehandboka tilgjengeleg på engelsk på veven, som lekk i førebuing til å søke om ECTS-sertifisering Søke Diploma Supplement innan 01.03.2010. 5