LOKAL PLAN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I FLORA KOMMUNE 2008-2011



Like dokumenter
Sikringskost og melisdryss

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I SAMFUNNSFAG 1. TRINN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker )

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Til deg som bur i fosterheim år

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Årsplan for Norsk

Plan for. Den kulturelle skulesekken. for Gaular kommune

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Årsplan 10. klasse Truls Inge Dahl, Edmund Lande, Rune Eide

Halvårsplan, hausten 2011

Steget skal ha 1t samfunnsfag pr. Veke. Noko av denne tida har vorte lagt til «Det er mitt val» og til matøkta.


Frå novelle til teikneserie

Psykologisk førstehjelp i skulen

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ØYSTESE BARNESKULE ÅRSPLAN FOR FAG

6. trinn. Veke 24 Navn:

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Les for livet - del 2 (Ref # )

Samansette tekster og Sjanger og stil

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Støtteordningar og søknader

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Handlingsplan for biblioteket ved Tornes skule, perioden Skulebiblioteket - eit pedagogisk verkty

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 1 OG 2. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE LÆRER: LINN OLAV ARNTZEN LÆRERVERK: CUMULUS 1

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL

Sandeid skule SFO Årsplan

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Månadsbrev for Rosa september 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Poesislam i UKM (Ref # )

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

BARNEHAGE/SKULE - KYRKJA I FUSA

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den kulturelle nistepakken

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Klepp kommune Tu skule

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

Ulike kompetansemål i barneskolen man kan nå med Grønt Flagg.

Stortinget.no Regjeringa.no Ulike massemedia. Stortings- og sametingsvalet Historie: Kap 1. Kald krig ei todelt verd

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN 2013/2014 Læreverk: Cumulus Faglærer: Liv Ytre-Arne

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

8 tema for godt samspel

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Forslag frå fylkesrådmannen

Årsplan i samfunnsfag for 3.årssteg Læreverk: Cumulus (Aschehoug) Lærebok, elevbok, kopieringsoriginalar, nettstad:

Årsplan Samfunnsfag 7. trinn 2014/2015

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Årsplan for Samfunnsfag 9 trinn 2018/2019

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

IKT-kompetanse for øvingsskular

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Transkript:

FLORA KOMMUNE LOKAL PLAN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I FLORA KOMMUNE 2008-2011 Frå Båtar og leik på Kystmuseet. Ein kulturell sikringskost for alle Flora-elevar frå 1. til 10. klasse http://www.museumsnett.no/kulturelleskolesekken/index.html http://www.sf.fylkesbibl.no/skulesekken/ http://www.flora.kommune.no/ Den kulturelle skulesekken, lokal plan Flora kommune 2008-2011 side 1

INNHALD Føreord side 3 Oversikt over tilboda i lokal plan for Flora side 4 Område Film og kino side 5 Område Kulturarv side 8 Område Litteraturformidling side 10 Område Musikk side 14 Område Skulebaserte prosjekt side 16 Ressursmeny side 18 Økonomiplan lokal plan 2011/2012 side 19 Kulturkontaktar i Floraskulen og kontaktpersonar på kultursida side 20 Arbeidsoppgåver for kulturkontaktar på skulane og for kulturinstitusjonane side 21 Vurderingsark side 22 Den kulturelle skulesekken, lokal plan Flora kommune 2008-2011 side 2

FØREORD Lokal plan for den kulturelle skulesekken i Flora starta opp i august 2004, og er revidert og knytt til læreplanverket for kunnskapsløftet våren 2008. Planen er eit samarbeidstiltak mellom skule- og kultursektoren i kommunen. Lokal plan inneheld fem tilbod: film/kino, kulturarv, litteraturformidling, musikk og skulebaserte prosjekt. Vi har valt å ta utgangspunkt i eksisterande kulturinstitusjonar i kommunen, og vil gjennom ressursmenyen forsøke å peike på ein del utviklingsprosjekt dei komande åra. Oversikta på neste side syner korleis dei fastlagde tilboda fordeler seg på dei ulike aldersstega. Dei fire første tilboda blir gjevne av kulturinstitusjonane våre, medan skulane sjølve skapar det siste tilbodet. For å få det praktiske til å gå i hop i arbeidet med Den kulturelle skulesekken har skulane oppnemnt eigne kulturkontaktar. Dette er skulen sin faste kontaktperson ut mot kulturinstitusjonane, dei som legg turnéane m. fl. Kulturinstitusjonane har på si side sine faste kontaktpersonar ut mot skulane. For å vere endå sikrare på at innhaldet i tilboda i Den kulturelle skulesekken i Flora skal vere det aller beste, treng vi fortløpande tilbakemeldingar. Vurderingsarket må difor bli nytta flittig! Den kulturelle skulesekken i Flora blir koordinert av Kultur og fritid, i nært samarbeid med skulane og kulturinstitusjonane. Frå Kultur og fritid er det kultur- og idrettskonsulent Margit Drivenes Kløvfjell som har ansvar for oppfølging av den kulturelle skulesekken. Skulenettverket oppnemner ein hovudansvarleg frå skulesida, dette er Gunnfrid Sund og Bjørg Aslaksen. Fylksestilboda i Den kulturelle skulesekken har si eiga nettside: www.ksys.no Her finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om turnear, faktaark m.m. Finn t.d. først ditt fylke, så kommune og skule. Den kulturelle skulesekken, lokal plan Flora kommune 2008-2011 side 3

OVERSIKT OVER TILBODA I LOKAL PLAN Tilbod Film/kino Kulturarv Litteratur teratur- formidling Musikk Skulebaserte prosjekt Ansvar Klassesteg Flora komm. kino Kystmuseet i Sogn og Fjordane / Flora krigshistorielag Flora folkebibliotek Flora komm. Kulturskule Den einskilde skule 1 X X 2 X X X X 3 X X X 4 X X X 5 X X X 6 X X X X 7 X X 8 X X X 9 X X X 10 X X X Den kulturelle skulesekken, lokal plan Flora kommune 2008-2011 side 4

Lokal plan for Den kulturelle skulesekken Ein kulturell sikringskost for alle Flora-elevar frå 1. til 10. årssteg Område: FILM OG KINO MÅLSETJING Å la elevane oppleve film både som kunst og læremiddel. FORANKRING I LÆREPLAN 2006 I norskfaget er film ein del av det utvida tekstbegrepet som har kompetansemål på alle steg i grunnskulen. Elevane skal mellom anna samtale om korleis ord og bilete verkar saman (2.årssteg), drøfte estetiske verkemiddel i samansette tekstar(4.årssteg), vurdere filmar (7.årssteg) og vurdere estetiske verkemiddel og reflektere over korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete (10.årssteg). TIDSPUNKT Tiltaka er tenkt gjennomført kvart år. For dei fleste vil det skje knytt til den nasjonale skulekinodagen i januar. Men det er også mogleg å finne andre tidspunkt så lenge det er mange nok elevar samtidig. SAMARBEIDSPARTAR Skulane ved rektor, filmkontakt eller ein annan representant for dei involverte lærarane og kinosjefen ved Flora kommunale kino. Kinosjefen tar initiativ til skulefilmveka, ev etter eit møte med filmkontaktane på skulane. ØKONOMI Den økonomien som ligg i Flora sin kulturelle skulesekk, skal gå direkte til kulturtiltak for barna. Løn til lærarar og kulturarbeidarar og transport av elevar, skal ligge inne i institusjonane sine ordinære rammer. Det ligg inne ein kinobillett for kvar elev kvart år. 30 kroner er minimum for ein billett. Med eit barnetal på ca 1800 blir budsjettet 54 000 kroner årleg. Vi oppfordrar interesserte til å ta eit initiativ til ein plan for filmproduksjon. Sjå også ressursmenyen. ORGANISERING OG INNHALD Film formidlar kunnskap om verda og livet, den rører ved kjensler og stimulerer fantasien. Kunnskap om film er med å fremje verbal- og biletspråket og ikkje minst gir film ei felles kunstoppleving for ei stor elevgruppe samtidig. Kinosalen er den ideelle arenaen for den gode filmopplevinga! Skulekinoveka blir den same kvart år slik at skulane kan legge dette inn i sine planar. Ein prøver å få til eit møte med filmkontaktane tidleg på hausten der filmutvalet blir gjort og vidareformidla til skulane. Den kulturelle skulesekken, lokal plan Flora kommune 2008-2011 side 5

VURDERING OG ENDRING Dersom alle lærarar og kulturarbeidarar som gjennomfører samarbeidet fyller ut vedlagde vurderingsark, kan opplegget bli endå betre neste skuleår. Ingen lagar opplegga for oss, det er vi som skaper dei i lag her i Flora. Ein god sikringskost tar heile tida omsyn til dei råvarene som er å få tak i, og foredlar oppskriftene etter kvart. Planen bør altså vere under stadig endring. Læreplanar for faga 1. - 10. klasse som kan koplast opp mot film/kino kjem på neste side. Sjølv om denne er laga for L 97, kan den framleis vere ei hjelp. L 06 har også mange kompetansemål knytt til eigenaktivitet og produksjon av samansette tekstar med levande bilete. Her kunne vi gjerne hatt ein fast aktivitet innanfor den lokale planen, og utfordringa er med dette gitt! Den kulturelle skulesekken, lokal plan Flora kommune 2008-2011 side 6

TRINN NORSK SAMFUNNSFAG KUNST OG HÅNDVERK 1 Sjå video eller fjernsynsprogram, og snakke om det dei ser. Arbeide med bl.a. film for å bli kjend med korleis folk levde før. Gjengje inntrykk og uttrykke fantasi og skaparglede i bilde. 2 Sjå og snakke om film. Arbeide med og samtale om inntrykk og opplevingar dei har fått frå td fjernsyn, video og datanett. 3 Samtale om fantasi og røyndom i tegneseriar og andre massemedier, og arbeide med enkle grunnprinsipp for animasjon, bl.a. bla-bok. 4 Sjå film og samtale om innhaldet.. Eventuelt formidle.. med video.. Samtale om liv og virke i eige og andre sine land som dei har møtt bl.a. gjennom medier. Diskutere normer for mediebruk med lærarar og foreldre/føresette. Fortelje, uttrykke fantasi og kjensler gjennom skapande arbeid med bilde... og samtale om forholdet mellom skrift og bilde... 5 Sjå og snakke om program på fjernsyn. Tilegne seg kunnskap om å lese bilde. 6 Samarbeide om å lage manus til filmforteljingar. Få erfaring med frie medier som en føresetnad for levande folkestyre, men at medier også kan manipulere. Undersøke lysets eigenskapar ved praktiske eksperiment, og gi uttrykk for sine opplevingar og observasjonar i skapande arbeid med ulike teknikkar, t.d. filme. 7 Eksperimentere med å framføre tekst på ulike måtar. Om mogleg bruke video som hjelpemiddel. Få erfaring med korleis form, farge og komposisjon kan forsterke bestemte hensikter eller bodskap i bilde. Bruke erfaringane i eige skapande arbeid. 8 Diskutere innhaldet og verkemiddel i ungdoms- og underholdningsprogram i radio og tv. Få erfaring med bruk av foto og video... 9 Vurdere etiske og estetiske sider.. i musikkvideoar og ungdomsprogram på tv. Studere reklame... og lage reklame der dei tek i bruk bilde og tekst. Søke informasjon frå ulike kjelder, bl.a. film og IT. Undersøke kva politiske parti... og massemediene arbeider med.. Utvikle observasjonsevnene sine gjennom gjengivelse i teikning, måling, foto og video... 10 Sjå film og diskutere innhald og filmatiske verkemiddel. Vurdere verkemiddel i film, forteljarmåte, samspel mellom bilde, tale og lyd, og samanlikne bok og film. Gjere seg kjend med bakgrunnen for og følgene av den store rolla media har fått. Arbeide med og utforske ulike typar medier. Bli kjend med ulike filmuttrykk av t.d. Chaplin, Spielberg, Gaup. Øve seg i å sjå samanheng mellom filmspråk og eksperimentere med redigering og manipulasjon der videoopptak vert kombinert med eigne teikningar, stillbilde, lyd. side 7

Lokal plan for Den kulturelle skulesekken Ein kulturell sikringskost for alle Flora-elevar frå 1. til 10. årssteg Område: KULTURARV MÅLSETJING Gje elevane eit innblikk i kystkulturen før og no. Kjenne att historiske spor i lokalmiljøet. FORANKRING I LÆREPLAN 2006 Historie i grunnskulen dreier seg om å undersøke og drøfte korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Kompetansemål som kan knyttast til kulturarven vår er bl.a. Utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida (4.årssteg) Skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no (4.årssteg) Kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøke lokale samlingar og minnesmerke (4.årssteg) Utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar (7.årssteg) Finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis (10.årssteg) Presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie i første halvdel av 1900-talet, og forklare korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag (10.årssteg) TIDSPUNKT Tiltaka er tenkt gjennomført i 2., 3., 4., 6., 9. og 10.årssteg. Fådelte skular tilpassar dette ut frå eigne planar. Dei kan slå saman elevar frå fleire skular, eller ha opplegga sjeldnare, men for fleire klassesteg i lag. SAMARBEIDSPARTAR Skulane ved rektor, kulturkontakt eller representant for lærarane på dei aktuelle klassestega. Kystmuseet, Synnøve Herstad (Ausevika) og Flora krigshistorielag. Det er skulane som tar initiativ til det konkrete samarbeidet med Kystmuseet kvart år. Kontakten med Synnøve Herstad og Flora kysthistorielag går via Kultur- og fritid, Flora kommune. ØKONOMI Den økonomien som ligg i Flora sin kulturelle skulesekk, skal gå direkte til kulturtiltak for barna. Løn til lærarar og kulturarbeidarar og transport av elevar, skal ligge inne i institusjonane sine ordinære rammer. Ressursar til utstyr og materiell ligg inne med desse summane: Ausevik; Kystmuseet Krigsminne; Totalt 3000 kroner 4000 kroner 2000 kroner 9000.- kroner side 8

ORGANISERING OG INNHALD Krigsminne i Havreneset, 2. årssteg Dette er eit ferdig utarbeidd opplegg som legg opp til dramatisering med føre- og etterarbeid på skulen og besøk på kanonstillinga i Havreneset. Det er også utarbeidd eit faktahefte til lærarane med kart og bakgrunnsinformasjon. Dessutan ligg det ei kasse med rekvisittar som vert administrert av Kultur og fritid. Det vil bli gjennomført rollespelkurs for lærarane hausten 2011. Båtar og leik, 3. årssteg Tilbodet vert gitt i oktober, november, februar og mars. Skulane vender seg sjølve til Kystmuseet og avtalar tid. Opplegget varer til saman om lag 3 timar. Elevane får ei kort orientering om ulike båt- og segltypar i museet sin båthall. Deretter er det samling i kafeen, der elevane får høve til å lage enkle modellbåtar med utgangspunkt i fot og måleri av verkelege båtar. Kystmuseet stiller med halvfabrikkerte båtar (tilskorne båtar og masteemne), materiell til segl og rigg, limpistolar o.a. Elevane kan sjølve velje om dei skal lage ein avansert fullriggar eller eit enklare fartøy, t.d. vikingskip. Meir informasjon på www.kyst.museum.no. Besøkshefte Det finst eit hefte med lærarrettleiing og elevoppgåver for å sjå på ein del av dei historiske tinga på Kystmuseet. Det passar best for 2. til 5. klasse, og har opplegg både for førearbeid, oppgåveløysing på museet og etterarbeid. Utstillinga på Kystmuseet endrar seg, så lærarar som ønskjer å bruke oppgåvene må til ei kvar tid sjekke med Kystmuseet om dei historiske tinga som blir omtala, er med i utstillinga. Helleristningfeltet i Ausevik No er feltet godt lagt til rette for besøkande skuleklassar inkludert ramper å gå på og eit moderne sanitæranlegg. Gjennom den lokale planen for Den Kulturelle skulesekken har vi betalt Synnøve Herstad for å ha om lag ein times omvising med alle som går i 4.årssteg. Det er mogleg å ta besøket når elevane går i 3.årssteget om det høver betre, men Synnøve sin erfaring er at 4.årssteg får med seg meir ved besøket. Vi har berekna omvising i grupper på 15 20 elevar. Dersom store skular vil fylle opp ein buss når dei tar besøket, avtalar de direkte med Synnøve korleis dette kan organiserast ved å dele gruppa på fleire stasjonar. På sikt vil det bli opparbeidd ein leirstad med lavvo, bålplass, blinkar m.m. Enn så lenge er det gjort avtale om plass for grilling og bading. Vi har også lagt til rette for at elevane kan skyte med pil og boge. Bakgrunnsstoff finn du på www.floraskulen.no.kultur og fritid har også nokre flotte plansjar til utlån om helleristningar. Sildeflekking, 6. årssteg Tilbodet vert gitt i mars månad, og varer frå 2 til 3 timar. Skulane vender seg sjølve til Kystmuseet og avtalar tid. Påmelding innan 1. februar. Elevane får her høve til å flekke sild på gamlemåten, med kniv på flekkebenken. Den flekte silda tek elevane med heim eller til skulen, og heng opp for å lage tørkasild. Kystmuseet legg til rette fysisk, skaffar til veie sild og stiller med ein mann på Bataldebua. Siste del av økta går med til opprydding og vasking av benkar og golv. Dette er sjølvsagt ein obligatorisk del av opplegget. Det er ikkje oppvarming på Bataldebua, så dei som skal delta må ha varme klede. Oljeklede vil vere ein fordel. Ta gjerne med foreldre eller besteforeldre! www.kyst side 9

Oljeverksemda i Nordsjøen, 9. årssteg Tilbodet blir gitt i både oktober, november, februar og mars. Skulane vender seg sjølve til Kystmuseet og avtalar tid. Opplegget varer til saman om lag 3 timar. Vi besøker oljeutstillinga i Snorreankeret og fortel om oljeverksemda rett utanfor kysten vår. Vi startar med å fortelje korleis olja vart laga av mange millionar år gamle dyre- og planterestar frå den tida då dinosaurane rådde jorda. Så viser vi korleis dei leitar etter olja, korleis dei hentar olje og gass opp til overflata og korleis den blir transportert til land. Elevane jobbar med oppgåver til utstillinga. Deretter vert det busstur til Fjordbasen, og omvising på dette store området som er forsyningsbase for delar av oljeverksemda på norsk sektor. Krigsminne i Storåsen, 10.årssteg Opplegget er under utarbeiding i samarbeid mellom lærarar på Flora ungdomsskule og Flora krigshistorielag. Blant anna vil det vere ei omfattande utstilling om andre verdskrig, i bunkersen som ligg mellom Flora ungdomsskule og Likjeåsen. VURDERING OG ENDRING Dersom alle lærarar og kulturarbeidarar som gjennomfører samarbeidet fyller ut vedlagde vurderingsark, kan opplegget bli endå betre neste skuleår. Ingen lagar opplegga for oss, det er vi som skaper dei i lag her i Flora. Ein god sikringskost tar heile tida omsyn til dei råvarene som er å få tak i, og foredlar oppskriftene etter kvart. Planen bør altså vere under stadig endring. side 10

Lokal plan for Den kulturelle skulesekken Ein kulturell sikringskost for alle Flora-elevar frå 1. til 10. årssteg Område: LITTERATURFORMIDLING MÅLSETJING Gje elevane leselyst og leseglede, la dei bli kjende i biblioteket og lære dei å bruke biblioteket sine ressursar i samband med oppgåver og prosjekt. FORANKRING I LÆREPLAN 2006 Den lokale planen kan vere med å sikre bl.a. følgjande kompetansemål i norsk Finne skjønnlitteratur og faktabøker på biblioteket til eiga lesing (2.årssteg) Finne stoff til eigne skrive- og arbeidsoppgåver på biblioteket (4.årssteg) Bruke bibliotek på ein målretta måte (7.årssteg) Forfattarbesøk kan vere med på å stimulere til lese- og skrivelyst og til å utvikle elevane sine lese- og skrivestrategiar. Utdrag frå L 97 kan framleis vere ei god hjelp, sjå side 13 og 14. TIDSPUNKT Tiltaka er tenkt gjennomført i 2., 5. og 8. klasse. Fådelte skular tilpassar dette ut frå eigne planar. Dei kan slå saman elevar frå fleire skular, eller ha opplegga sjeldnare, men for fleire klassesteg i lag. SAMARBEIDSPARTAR Skulane ved rektor, kulturkontakt eller representant for lærarane på dei aktuelle klassestega. Flora folkebibliotek ved biblioteksjef Eli Eidsvik eller bibliotekar Lise Monsen. Biblioteket arrangerer forfattarbesøk. Den enkelte skule som tar initiativ til det konkrete samarbeidet kvart år. ØKONOMI Den økonomien som ligg i Flora sin kulturelle skulesekk, skal gå direkte til kulturtiltak for barna. Løn til lærarar og kulturarbeidarar og transport av elevar, skal ligge inne i institusjonane sine ordinære rammer. Ressursar til forfattarbesøk på to årssteg er lagt inn i planen, til saman 28 000 kroner. ORGANISERING OG INNHALD Skulane tar kontakt med biblioteket og gjer avtalar om tidspunkt og nærare organisering. Det er viktig at elevgruppene ikkje blir for store, så skulane må dele store elevgrupper eller ha med fleire vaksne slik at elevane kan organiserast i stasjonar. Sidan ein ikkje kan rekne med ressursauke for Flora Folkebibliotek i denne perioden, må lærarane rekne med å ta noko av orienteringa sjølve og legge noko av besøket til vanleg opningstid. Flora folkebibliotek sender ut brev om detaljar i tilbodet. 2. klasse Besøket bør helst skje om hausten. Bli kjent i barnekroken, lære om alderskodar, faktabøker kontra forteljingsbøker (skjønnlitteratur), biletbøker og eventyr. Barna får lånekort. Det er fint om det kan arrangerast høgtlesing. side 11

5. klasse Dette besøket bør helst skje etter jul i 5. klasse. Grundigare gjennomgang av fag- og skjønnlitteratur. Alfabetisk og systematisk oppstilling, enkel Dewey, bruk av oppslagsverk, leksika og internett. Det er lagt opp til forfattarbesøk eller bokprat med smakebitar frå aktuelle bøker. Nokre av bibliotekarane i fylket er spesielt kursa til å ha ein slik bokprat. Tilbodet kan bli gitt på skulen eller på Flora samfunnshus. Det er sett av midlar til tiltaket. 8. klasse Flora folkebibliotek tek initiativ til ein plan for forfattarbesøk til 8. klassesteget. Det er sett av midlar til tiltaket. Lesestimulering og litteraturformidling Flora folkebibliotek gir også tilbod om depotlån (kassar med 40-50 bøker tilpassa klassesteget som supplement til skulen si boksamling) og emnekasse (bøker om eit bestemt emne til utfyllande lesing og oppgåveløysing). Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek i Førde har bra utval av klassesett av barnebøker og romanar. Bøkene kan hentast der, eller sendast i posten på skulen sin kostnad VURDERING OG ENDRING Dersom alle lærarar og kulturarbeidarar som gjennomfører samarbeidet fyller ut vedlagde vurderingsark, kan opplegget bli endå betre neste skuleår. Ingen lagar opplegga for oss, det er vi som skaper dei i lag her i Flora. Ein god sikringskost tar heile tida omsyn til dei råvarene som er å få tak i, og foredlar oppskriftene etter kvart. Planen bør altså vere under stadig endring. side 12

L97 og folkebiblioteka Dette er ei skjematisk oppstilling av kva L97 seier om lesing, informasjonssøking og bibliotekbruk i ulike fag, klassetrinn for klassetrinn, og er utarbeidd av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane. Utheva skrift er spesielt aktuelle for biblioteka. Norsk Samfunnsfag Kunst og handverk Engelsk Arbeide med bl.a. bildebøker Bli kjent med og samtale for å bli kjent med korleis folk om ulike eventyr - levde før. Bruke globus og illustratørar, td Theodor bøker, og samtale om folk og Kittelsen og Erik språk i ulike deler av verda. Werenskiold. 1. kl. Lytte til eventyr, fablar og andre forteljingar, høyre norrøne mytar. 2. kl. Daglege møte med eventyr eller andre tekstar gjennom høgtlesing. Møte eit rikt utval barnelitteratur med roller gutar og jenter kan identifisere seg med, av forfattarar som T. Egner, A. Lindgren og A. C. Vestly. Venje seg til å bruke biblioteket og få hjelp til å finne fram bøker. 3. kl. Lese mykje og for ulike formål, lese nyare litteratur av norske, samiske osb. Få øving i å finne fram bøker på skulebiblioteket. 4. kl. Lese nyare litteratur, norsk og omsett, bl.a. samiske forfattarar. Møte fantastisk litteratur av nyare dato. Arbeide med teikneseriar. Bruke bibliotek til å få ein viss oversikt over bøker av forfattarar dei kjenner, og lese eit tekstutval som kan levandegjere ein eller fleire av dei. 5. kl. Lytte til høgtlesing og slik dele litterære opplevingar. Lese korttekstar og barne- og ungdomsbøker av nyare forfattarar og ei eldre utanlandsk bok. Bruke kjelder til å skaffe opplysningar om ein nolevande forfattar. Arbeide med tekst og bilde i bildebøker og bli kjent med nokre bildebokkunstnarar. Hjelpe yngre elevar med å finne bøker i skulebiblioteket. Bli kjende med landa i Midtausten gjennom å høyre om til dømes faraoar, pyramidar og sfinksar. Bli kjende med myter, segn og eventyr og finne ut om dei kan fortelje noko om historia vår. Få kunnskap om det einaste urfolket i landet vårt, samane, gjennom til dømes bilde, film, litteratur og forteljingar. Gjere seg kjende med kulturtilbod og fritidsaktivitetar i nærmiljøet. Søkje informasjon om bronsealder og jernalder i Noreg og Norden. Gjere seg kjende med ressursar og viktige næringar på heimstaden, i heimfylket og grannefylka og i landet vårt, mellom anna med samiske næringar. side 13 Bli kjent med og samtale om barnebokill. av ulike nordiske kunstnarar, til dømes Thorbjørn Egner og Tove Jansson. Bli kjent med bilde av ulike kunstnarar frå realismen, t.d. Christian Krogh, Anna Ancher osb. Få innblikk i tradisjonane til dei ulike kulturane innan byggeskikk og bruksform Bli kjent med arbeida til sentrale kunstnarar innan nasjonalromantikken, til dømes A. Tidemand, og kjenne til bilde frå ekspresjonismen, blant anna bilde av E. Munch. Høyre engelsk gjennom fleire media, høyre utdrag av barnebøker. Oppleve det engelske språket gjennom fleire medium i eit rikt utval av tekstar, bl.a. rim, reglar og dikt,, høyre forteljingar, kort utgåver av eventyr dei allereie kjenner frå norsk. Arbeide med tekstar saman med bilde, film og musikk Vinne røynsle med engelsk språk og språkbruk, bildebøker, forteljingar, fablar, eventyr og utdrag av barnebøker. Elevane skal ha tilgang til m.a. forteljingar, eventyr, utdrag av barnebøker

Norsk Samfunnsfag Kunst og handverk Engelsk 6. kl. Fordjupe seg i lesing av bøker, til dømes leseprosjekt. Skrive sakprosatekstar. Hente aktuell informasjon frå leksikon, oppslagsverk, fagbøker, diagram og bilde. Bruke ulike kjelder for å lære om dei viktigaste hendingane på vegen mot samlinga av Noreg til eit rike. Bli kjent med ulike designarar Bli kjent med korleis ulike arkitektar, t.d. Sverre Fehn og Le Corbusier, har jobba med form, lys og skugge. Lytte til og lese eit rikt utval av tekstar frå ulike tidsepokar, m.a. fablar, legender.. Utdrag av barnebøker som Doctor Doolittle Black Beauty, The Little 7. kl. Lese ungdomsromanar for å oppdage og oppleve, - norske og omsette. Bli kjende med ein eller fleire lokale forfattarar. Gjere seg kjende i tilgjengelege offentlege bibliotek og søkje aktivt etter fag- og skjønnlitterære bøker dei vil lese, og skrive ei bokmelding om ei av dei. 8. kl. Fordjupe seg i lesing over tid, til dømes leseprosjekt. Lære litteratursøking, omskriving. Kunne få ta ansvaret for variert bruk av skulebiblioteket. Arbeide med teikneseriar. Arbeide med bildebøker, kunstbilde og plakatar. 9. kl. Lese ein roman frå eit europeisk land. 10.kl Lese nye bøker etter eige val. Søkje informasjon om landskapstypane regnskog, grasslette og ørken. Samle kunnskap om rusmiddel og få høve til å avklare sine eigne haldningar til dei. Finne ut kvifor flyktningar og asylsøkjarar kjem til landet vårt. Søkje informasjon om forhold i dei landa flyktningane kjem frå Nye nasjonalstatar i Europa Undersøkje korleis desse historiske hendingane har inspirert målarkunst, litteratur, arkitektur og musikk. Hente informasjon om og drøfte saker som kommunestyret behandlar. Søkje informasjon frå ulike kjelder, til dømes skrivne framstillingar frå den andre verdskrigen. Setje seg inn i og diskutere dei store forskjellane mellom fattige og rike delar av verda i lys av FN-erklæringa om menneskerettane. Bli kjende med dei problema som forskjellane skaper, og drøfte premissane for berekraftig utvikling. Bli kjent med ulike kunstnariske uttrykk der fargen er eit sentralt estetisk verkemiddel, bl.a. bilda til Henri Matisse og Vincent van Gogh. undersøkje korleis hus og interiør er framstilt i ulike stilperiodar hos ulike kunstnarar, bl.a. Harriet Backer. Søkje informasjon om nyare kunsthandverk og industridesign Få kunnskap om korleis ulike kunstnarar, t.d. Michelangelo og Käthe Kollwitz, har gjengitt menneske i ulike kunstepokar, bli kjent med ulike bilde av m.a. Picasso. Søkje informasjon om samtidskunst i ulike kulturar og utforske korleis kunst, kunsthandverk og handverkstradisjonar har utvikla seg og dannar grunnlag for nyare former og uttrykk. House on the Prairie. Same som ovanfor. Bøker: The secret Garden, Tom Sawyer, Little Women. Lese minst ein roman eller lettlesbok som dei vel sjølv og fortelje om kva dei har lese. Lese fagstoff på engelsk, til dømes innanfor natur- og miljøfag og samfunnsfag. Lese minst ein roman eller lettlesbok som dei vel sjølv og fortelje kva dei har lese. Lese minst ein roman eller lettlesbok som dei vel sjølv. Lese ei novelle eller sakprosatekst side 14

Lokal plan for Den kulturelle skulesekken MÅLSETJING Ein kulturell sikringskost for alle Flora-elevar frå 1. til 10. årssteg Område: MUSIKK MUSIKK Oppleve sang og musikkglede. Skape ei musikalsk fellesoppleving saman. Opparbeide ein felles songskatt for barn og unge i Flora. FORANKRING I LÆREPLAN 2006 1. Innanfor området Lytte for 7.årssteg finn vi bl.a.desse kompetansemåla * Gjenkjenne musikk frå historiske hovudepokar i kunstmusikken * Diskutere særtrekk ved kunstmusikk og norsk folkemusikk 2. Musikk for 4.årssteg seier bl.a. at målet for opplæringa er at eleven skal * Framføre song og spel i samhandling med andre * Gjere greie for ulik funksjon musikk kan ha I KRL for 4.årssteg skal elevane kjenne til kristen salmetradisjon og eit utval songar. TIDSPUNKT Grieg-ko konsert Eit opplegg knytt til Edvard Grieg sin musikk og nasjonalromantikken for mellomsteget (minimum 6.klasse, skulane tilpassar). Alle elevar får det då med seg ein gong i løpet av grunnskuletida i Flora. Konserten blir i gjennomført i vårsemesteret kvar åt, på Flora samfunnshus. SAMARBEIDSPARTAR Skulane ved leiinga eller kulturkontakt. Kulturskulen ved rektor. Kultur- og idrettskonsulent sørger for leige av lokale og invitasjon ut til skulane, etter avtale med Kulturskulen. ØKONOMI Den økonomien som ligg i Flora sin kulturelle skulesekk, skal gå direkte til kulturtiltak for barna. Løn til lærarar og kulturarbeidarar og transport av elevar, skal ligge inne i institusjonane sine ordinære rammer. For å kunne nytte kulturskulen sine tilsette blir dette noko annleis. Dei har ein del lærarar som har 20 % av si stilling som ein utøvande del det dei skal tene inn igjen si løn. Det er denne delen som står til disposisjon for skulane i desse prosjekta. - 10 000 kr til musikarane - 2000 kr til leige av lokale ORGANISERING OG INNHALD Ein føreset aktiv deltaking frå skulane si side, og at elevar/lærarar stiller godt førebudde. side 15

Grieg-konsert; Arrangert og gjennomført av Kulturskulen. VURDERING OG ENDRING Dersom alle lærarar og kulturarbeidarar som gjennomfører samarbeidet fyller ut vedlagde vurderingsark, kan opplegget bli endå betre neste skuleår. Ingen lagar opplegga for oss, det er vi som skaper dei i lag her i Flora. Ein god sikringskost tar heile tida omsyn til dei råvarene som er å få tak i, og foredlar oppskriftene etter kvart. Planen bør altså vere under stadig endring. side 16

Lokal plan for Den kulturelle skulesekken Ein kulturell sikringskost for alle Flora-elevar frå 1. til 10. årssteg Område: SKULEBASERTE PROSJEKT MÅLSETJING Å la elevane få delta i ei framføring eller ein presentasjon der samarbeidet med profesjonelle kunstnarar/musikarar aukar kvaliteten. FORANKRING I LÆREPLAN 2006 Det skapande menneske Elevane må kunne utvikle gleda ved det vakre både i møte med kunstneriske uttrykk og ved å utforske og utfalde eigne skapande krefter. Fagplanane i musikk, kunst og handverk og kroppsøving, gjerne også med tema henta frå dei andre faga Det er skulen sjølv som kan finne kompetansemål som dei ønskjer å sikre gjennom samarbeid med profesjonelle utøvarar. Presentasjonen som samarbeidet skal munne ut i, kan også definerast breitt ut frå skulen sine eigne prioriteringar. TIDSPUNKT Skulane planlegg sjølve i lag med dei kunstnarar/musikarar dei ønskjer å nytte i sitt skulebaserte prosjekt. SAMARBEIDSPARTAR Skulane ved leiinga eller kulturkontakt. Kulturskulen ved rektor. Ev. kan skulane velge å nytte andre samarbeidspartar i lokalsamfunnet. Det kan t.d. vere biletkunstnarar, musikarar eller dansarar. ØKONOMI Den økonomien som ligg i Flora sin kulturelle skulesekk, skal gå direkte til kulturtiltak for barna. Løn til lærarar og kulturarbeidarar og transport av elevar, skal ligge inne i institusjonane sine ordinære rammer. Til dei skulestyrte prosjekta vert det årleg totalt avsett 40 000.- kroner. Kvar skule får disponere ein prosentdel av denne summen, rekna ut frå nettobudsjettet til skulen. Beløpet kan akkumulerast og takast ut t.d. kvart 3. år. Skulane melder frå til Kultur og fritid det året dei vil gjennomføre prosjektet, og får den totale summen som står til disposisjon overført. Midlar som ikkje blir nytta i 3-årsperioden går tilbake til den lokale potten til Den kulturelle skulesekken i Flora, dersom det ikkje er gjort konkrete avtalar om bruk av midlane. Årlege beløp pr skule side 17

Årlege beløp pr skule: 2008/2009 2009/2010 2010/2011 Batalden skule 605 605 605 Brandsøy skule 2053 2053 2053 Eikefjord skule 4181 4181 4181 Flora ungdomsskule 10115 10115 10115 Florø Barneskole 10031 10031 10031 Krokane skule 4546 4546 4546 Solheim skule 1018 1018 1018 Standal skule 953 953 953 Steinhovden skule 1161 1161 1161 Torvmyrane skule 4703 4703 4703 Årebrot 634 634 634 40000 40000 40000 ORGANISERING OG INNHALD Premissen som ligg for å få ressursen til skulen, er at ressursen skal utløyse eit kulturelt samarbeid som gjer at barna får delta i ei framføring eller ein presentasjon der samarbeidet med profesjonelle kunstnarar/musikarar aukar kvaliteten. Her kan det tenkast svært ulike opplegg. Av det som har vore gjennomført av prosjekt kan nemnast: Flora ungdomsskule sine musikalar. Ungdomsskulen har også hatt musikarar frå kulturskulen inne i samband med jul- og vårkonsertane. Dei store barneskulan har sjølve tatt initiativ og leigd inn kulturskulen i store oppsettingar på samfunnshuset som Sirkus Torvmyrano, Charlie og sjokoladefabrikken, Den levande skogen og Fruktsalat. Det kan og nemnast prosjekt som Kulturdagane for øyskulane, eit opplegg som vart køyrt for nokre år sidan. Den enkelte skule styrer sjølv bruken av ressursen. Mange skular kunne også ønskje seg hjelp til den meir ordinære opplæringa i musikk, t.d. innanfor komposisjon og notasjon. Her kunne ein sjå for seg at elevane vart utfordra på førehand til å jobbe med fagområdet. CD og opplegg kunne vore avtala på førehand, og så kunne det vere felles framføring i lag med profesjonelle musikarar. Det kan og vere at skulen vel å prioritere kunst og handverk og at presentasjonen er eit kunstverk, eller kroppsøving med dans og at ein dansekveld er presentasjonen VURDERING OG ENDRING Dersom alle lærarar og kulturarbeidarar som gjennomfører samarbeidet fyller ut vedlagde vurderingsark, kan opplegget bli endå betre neste skuleår. Ingen lagar opplegga for oss, det er vi som skaper dei i lag her i Flora. Ein god sikringskost tar heile tida omsyn til dei råvarene som er å få tak i, og foredlar oppskriftene etter kvart. Planen bør altså vere under stadig endring. side 18

RESSURSMENY Ressursmenyen inneheld tips og idear til skulane i kulturformidling av ulikt slag. Nokre av tilboda i ressursmenyen vil ha ei kostnadsside knytt til utvikling av kulturproduktet (eingongsbeløp). Andre produkt er meint meir som tips til den einskilde skule i kunst- og kulturformidling til elevane. Alle tiltaka vil bli gjort tilgjengelege på www.flora.kommune.no og mykje er allereie tilgjengeleg på http://www.floraskulen.no/fagsider/samf_fag.htm Lista vil bli supplert fortløpande av Kultur og fritid. Meld inn! Skulpturheftet, Florø sentrum. Kunst i skolen. Fleire av skulane og Flora Samfunnshus er medlem i ordninga. Kostnader til innmelding, transport av utstillingar m.m. Vassbruksmiljøet i Terdalen. Tiltak: informere om ordninga og eventuelt utarbeide konkret tiltak seinare. Byarkitektur. Tiltak: Nytte DKS-midlar til utviklingsarbeid av eit konsept med undervisningsmateriale for ei byvandring i Florø. Alderstrinn? Tid? Biologisk mangfald på vestlandskysten: På Kystmuseet i Flora vil det i om lag ein månad kvart år vere ei utstilling som viser det biologiske mangfaldet i vårt området. Det blir gitt som eit spesielt tilbod til 5.årssteg å utforske utstillinga og lage sin eigen utstoppa fantasifugl. Utstillinga er laga av taksidermist Monicha Landøy. Kor Arti. Tiltak: DKS-midlar er nytta til innkjøp av undervisingsmateriell. Til utlån på folkebiblioteket. Volum 1 10 og Ut på golvet 1 4 med dvd er innkjøpt. Filmproduksjon. Tiltak: Vurdere å nytte utviklingsmidlar til kortkurs for lærarar i kombinasjon med filmproduksjon. Her kan det også utviklast eit fast tilbod knytt til eit årssteg. Filmstudieark. Er tilgjengelege på http://www.nfi.no/barnunge/ Skulane lastar sjølve ned materiell i samband med skulekino. Er del av tilbodet film og kino. Barnas kulturmønstring nytt tiltak på sikt? side 19

ØKONOMIPLAN LOKAL PLAN 2011/2012 skulesekk 2011/2012 Budsjett spesifisert Inntekter; Fylkeskommunalt tilskot 139000 Kommunalt tilskot 82000 Total 221000 Utgifter; Sogn og Fjordane fylkeskommune 32000 Rikskonsertane 32000 Litteraturformidling Til forfattar Reiseutgifter Totalt 28000 Kino 54000 Kulturarv Ausevik 3000 Kystmuseet 4000 Krigsminne 2000 Total 9000 Musikk kyrkjemusikk Kulturskulen 10000 Total 10000 Skulebaserte prosjekt 40000 diverse; leige lokale 6000 kunst i skulen 2000 kulturforum 5000 kurs og lignende. 3000 Total 16000 total utgifter 221000 side 20

KULTURKONTAKTAR I FLORASKULEN OG KONTAKTPERSONAR PÅ KULTURSIDA Torvmyrane skule v/kulturkontakt Øyvind Østrem Torvmyra 2 6900 Florø tlf 57 75 64 30 mobil; 48 08 05 65 oeyvind.oestroem@flora.kommune.no Solheim skule v/kulturkontakt Randi Holsen Norddalsfjord 6900 Florø tlf 57 74 43 41 mobil; 90 54 2 41 randiholsen@gmail.com Brandsøy skule v/kulturkontakt Tone Aasrud 6900 Florø tlf 57 756520 Mobil:41 53 495 6 tone.aaserud@flora.kommune.no Steinhovden skule v/kulturkontakt Magnhild Hatleseth 6940 Eikefjord tlf; 57 74 81 88 mobil: 95 04 16 31 hatlese@online.no Eikefjord skule v/kulturkontakt Trine Hovland Pb 83 6941 Eikefjord tlf 57 75 62 60 trine.hovland@flora.kommune.no Flora Ungdomsskule v/kulturkontakt Jorunn Bjerk Pb 293 6901 Florø tlf 57 75 63 00 mobil:91 39 45 18 jorunn.bjerk@gmail.com Standal skule V/kulturkontakt Aldis Grytten Sund 6942 Svortevik tlf: 57 74 04 47 mobil: 91 76 37 93 aldis.sund@flora.kommune.no Florø Barneskole v/kulturkontakt Venche Byrkjeland pb 213 6901 Florø tlf 57 75 63 40 mobil: 41534947 venche.byrkjeland@flora.kommune.no Krokane skule v/kulturkontakt Gunnfried Sund Postboks 1003 6900 Florø tlf 57 75 64 00 mobil 95898769 gunnfried.sund@flora.kommune.no Kultur og Fritid v/ kultur- og idrettskonsulent Margit Drivenes Kløvfjell Markegata 51 6900 Florø tlf; 57 75 60 47 mobil; 47703002 margitdrivenes.klovfjell@flora.kommune.no Koordinator for skulesida; Gunnfried Sund (sjå Krokane skule) Bjørg Aslaksen mobil; 48080563 bjorg.aslaksen@flora.kommune.no Flora kommunale kulturskule v/rektor Arne Sunnarvik Pb 430 6901 Florø tlf 57 75 62 40 mobil; 41107681 arne.sunnarvik@flora.kommune.no Kultur og fritid v/biblioteksjef Eli Eidsvik Markegata 51 6900 Florø tlf 57 75 60 54 eli.eidsvik@flora.kommune.no Kystmuseet i Sogn og Fjordane pb. 94 6901 Florø tlf 57 74 22 33 side 21

ARBEIDSOPPGÅVER Kulturkontakten på Floraskulane Kulturkontaktane skal vere skulen sin kontaktperson innover i skulesamfunnet og ha ansvar for oppfølging av Den kulturelle skulesekken Kulturkontaktane skal vere skulen sin kontaktperson utover mot fylkesleddet/ kommunenivå/andre skular som er med i Den kulturelle skulesekken/kulturinstitusjonane Kulturkontaktane har ansvar for at det er lagt til rette for tilboda som vitjar skulen, og at dei aktørar i Den kulturelle skulesekken som vitjar skulen blir tatt godt i mot og tatt vare på under besøket Kulturinstitusjonane Kulturinstitusjonane følgjer opp arbeidet med Den kulturelle skulesekken slik det er omtala under kvart delområde. Arbeidet med Den kulturelle skulesekken vert koordinert i nært samarbeid mellom skule- og kultursida i Flora kommune. side 22

Vurderingsark Lokal plan for Den kulturelle skulesekken i Flora Tilbod / Område: Vi vil gjerne ha tilbakemelding på tilboda, og ber difor om at de tek dykk tid til å gje ei kort vurdering med utgangspunkt i spørsmåla under. Opplysningane som blir gitt handsamar vi sjølvsagt konfidensielt. Korleis opplevde du at tilbodet fungerte for elevane? Kva respons gav elevane sjølve? Korleis fungerte formidlingssituasjonen (set kryss): Svært bra Ganske bra Mindre bra Dårleg Utfyllande kommentarar: Noko du var særleg godt nøgd med? Noko du meiner burde vore gjort annleis? Andre kommentarar: Skjemaet er utfylt av. (namn).. (skule) Ver venleg og returnér skjemaet til Kultur og fritid, Flora kommune, Markegata 51 6900 Florø eller faks 57 75 60 48. Eller e-post: side 23

Takk for hjelpa! side 24