Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato LON 2013/1023 12076/2014 151/228 24.07.2014 Reguleringsplan for Farhovd, Livoll, Flotebu - veg til hytte 151/228 - varsel om oppstart av planarbeid. Sissel Marit Anker søkte i brev 22.04.13 om å få føre fram veg til si hytte på Storhaug 151/228, sjå vedlagt brev og skisse 1. Etter ei høyring til naboane vedtok plan- og miljøutvalet ei mindre endring i reguleringsplanen 25.09.13, i medhald av plan- og bygningslova 12-14, andre ledd, sjå vedlagte sak/møtebok. Det vart vedteke å leggje vegen noko lenger mot nord enn Sissel Marit Anker gjorde framlegg om, sjå skisse 2. Nå visar det seg at naboen rett i nord ikkje vart varsla. Dette er sakshandsamar sin feil, og er sers uheldig. Saka må difor takast opp att. For å ta omsyn til nabo i nord gjer ein framlegg om ein alternativ trasè lenger nordvest, sjå skisse 3. Dersom ein vert samde om ei løysing, kan dette handsamast som ei mindre endring i medhald av pbl 12-14, andre ledd. Plan- og miljøutvalet kan då gjere vedtak etter denne høyringa. Ein synfaring kan òg vere aktuelt. Det kan hende ein må gjennomføre ein "full prosess" i tråd med pbl 12-14, fyrste ledd. Ein varslar difor oppstart av planarbeid i medhald av pbl 12-8. Frist for innspel til planarbeidet/merknader til framlegget er 15.09. 2014. Med helsing Lotte Næss (sign) arealplanleggjar Vinjevegen 192, 3890 Vinje Tlf. 3506 2300 Fax 3506 2301 postmottak@vinje.kommune.no www.vinje.kommune.no Bankgiro 2620.07.00200 Organisasjonsnummer 964964610
Sendt til: Kirsten Gundersen Austbøvegen 61 3864 RAULAND Bente Øderud Eillef Guttormsensvei 11 3610 KONGSBERG Elise og Eyvind Thiis-Evensen Nyhusåsen 16 3946 PORSGRUNN Hans Olaf Auensen Øistein Thurmans vei 5 3179 ÅSGÅRDSTRAND Hans Roscher Tangen Allè 13 4817 HIS Harald Thiis-Evensen Brånanvegen 35 3943 PORSGRUNN Håkon Thiis-Evensen Sagvegen 9 2074 EIDSVOLL VERK Karoline Thiis-Evensen Ullevålsveien 102 B 0451 OSLO Marthe Thiis-Evensen Neuberggata 29 A 0367 OSLO Sissel Marit Anker Kalderaveien 19 1359 EIKSMARKA Fylkesmannen i Telemark Postboks 2603 3702 SKIEN Statens vegvesen Region sør Serviceboks 723 4808 Arendal Telemark fylkeskommune Postboks 2844 3702 SKIEN Ivar Karl Nilsen Jernbanebrygga 16 A 3724 SKIEN Side 2
Side 3
Skisse 1 : Framlegg til ny veg frå Sissel Marit Anker. Side 4
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2013/1023 Løpenr.: 13717/2013 Arkivkode: 151/228 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 25.09.2013 13/92 Sakshandsamar: Lotte Næss Reguleringsplan for Farhovd, Livoll, Flotebu mindre endring - veg til 151/228 Vedlegg: 1 Brev frå Sissel Marit Anker 2 Ortofoto skisse 3 Epost frå Bente Øderud 4 Utsnitt av reguleringsplan 5 Foto Dokument i saka: Reguleringsplan for Farhovd, Livoll og Flotebu vedteken 2006 Sissel Marit Anker, brev 22.04.13 m/ vedlegg Vinje kommune, brev 27.06.13 Bente Øderud, epost 14.08.13 Bakgrunn: Sissel Marit Anker søker i brev 22.04.13 om å få føre fram veg til si hytte på Storhaug 151/228, sjå kartskisse som ligg ved. Området er omfatta av reguleringsplan for Farhovd, Livoll og Flotebu. Her er arealet vegen skal over regulert til byggjeområde for fritidsbustader. Søknaden kan handsamast som ei mindre endring av reguleringsplanen i medhald av plan- og bygningslovas 12 14, 2. ledd. Plan- og miljøutvalet kan då vedta endringa etter ei høyring til naboane. Vinje kommune sendte brev til naboane 27.06.13, med frist for merknader 15.08.13. Side 5
Det er kome ei merknad, frå Bente Øderud, eigar av 151/401 : Arealet der vegen er tenkt er i dag brukt som tilkomst til skiløypa som går langs feltet og til ljosløypa. Arealet er òg brukt til ekstra parkering i høgsesong. Bilveg til 151/228 må vere slik at arealet framleis kan nyttast til skiløype og parkering. Td kan vegen leggast mot nord og 151/228 ha biloppstilling på eiga tomt. Vurdering: Ein vil tru det let seg løyse å leggje vegen litt meir mot nord, slik at parkeringsplassen kan oppretthaldast. Det er viktig at den nye vegen vert halden open, og ikkje stengd av parkerte bilar Rådmannens framlegg til vedtak: Reguleringsplan for Farhovd, Livoll og Flotebu vert endra i medhald av pbl 12 14, 2. ledd, slik det er søkt om, men med vegen lagt litt lenger nord. Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Handsaming i Plan- og miljøutvalet 25.09.2013: Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. Reguleringsplan for Farhovd, Livoll og Flotebu vert endra i medhald av pbl 12 14, 2. ledd, slik det er søkt om, men med vegen lagt litt lenger nord. Side 6
Skisse 2 : Utsnitt av reguleringsplan - vedteken trasè for ny veg. Skisse 3 : Utsnitt av reguleringsplan- alternativt framlegg til veg Side 7