SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 15/1334-1 Budsjett og økonomiplan 2016-2019 TILRÅDING: Saka vert lagt fram utan tilråding. DOKUMENT: Økonomiplan 2016-2019 Årsbudsjett 2016(vedl.) Framlegg til statsbudsjett for 2016 (ikkje vedlagt) Budsjett 2015 (ikkje vedlagt) Innkomne søknader (vedlagt) SAKSUTGREIING: Leikanger kommune budsjett og økonomiplan 2016-2019 Saksutgreiinga gir ei kort oppsummering av enkelte postar i Budsjett og økonoomiplan 2016-2019. Vedlagt budsjettdokumentet vil gi ei grundigare utgreiing av dei aller fleste postane i budsjett- og økonomiplan 2016-2019. Formannskapet legg med dette fram forslag til budsjett og økonomiplan 2016-2019. Økonomiplanen er tufta på kommunelova 44. Den er obligatorisk og skal gje eit realistisk oversyn over den økonomiske situasjonen for både inntekter og utgifter dei komande 4 åra. Økonomiplanen skal rullerast kvart år. Den har ikkje status som bindande løyvingsdokument. Årsbudsjettet er heimla i kommunelova 45. Det er ein bindande plan for bruk av kommunale midlar i budsjettåret. Årsbudsjettet skal vera realistisk og framstille kommunen sine utgifter og inntekter på ein oversiktleg måte. Det er også stilt krav om at budsjettet skal delast i ein driftsdel og ein investeringsdel. Kommunestyret handsama «Budsjettrammer for 2016 og grunnlag for økonomiplan for 2016-2019» i møte 18.06.2015, sak 15/507. Budsjett og økonomiplan 2015-2016 vart vedteke med eit inndekkingsbehov i perioden på kr. 25,6 mill kroner.
Kommunestyret uttalde då at dette vil vere eit for høgt driftsnivå, og det vart sett i gang eit arbeid for å redusere driftsnivået i kommunen. Formannskapet vedtok difor 07.05.2015 ein justert økonomiplan for perioden 2016-2018: Formannskapet vedtek at dei oppsummerte tiltaka blir lagt inn i rammesaka forøkonomiplan 2016 2018. Det betyr ei justering av økonomiramme med fylgjande verknad: År 2016: 6.272.000 kr År 2017: 6.886.000 kr År 2018: 6.916.000 kr Vedtekne justeringar vart innarbeida i saka då budsjettrammene for 2016-2019 vart handsama i juni 2015. Driftsrammene for 2016 vart i juni-møtet vedekne med eit inndekkingsbehov frå fond på kr 668.000. Totalt for perioden 2016-2019 låg det ann til eit postivt resultat, kr.1.896.000. Med dette som utgangspunkt, fekk tenesteleiarane i oppdrag å utarbeide eit budsjettforslag ut frå vedtekne endra busjettrammer med tillegg av heilårsverknaden av lønsoppgjeret for 2015. I tillegg såg ein at det ikkje var lagt inn tilstrekkeleg midlar etterkant av lønsoppgjeret for 2014 og det vart difor akspert at enkelete område leverte sektorframlegg som gjekk ut over tildelt ramme. Sjølv om sektorframlegga langt på veg er lagt fram innafor tildelt ramme, er det likevel slik at føresetnadene for enkelte område er endra slik at driftskostnadene vert høgre enn føresett i rammesaka. Rådmann legg no fram eit budsjettforsalg med eit inndekkingsbehov for 2016 på kr.på kr.5,4 mill kroner og kr.30,5 mill kroner for heile perioden. Avdrag og renter som fylgje av nye investeringar er då innrekna. Det er vert å merke seg at Leikanger kommune ikkje har dekning for denne summen og framlagt budsjett og økonomiplan vil ikkje vere å tråd med kommunelova 44,4. Driftsbudsjett 2016 Skatt på inntekt og formue, er basert på «Grønt hefte», beregningsteknisk dokumentasjon som viser fordelingen av rammetilskuddet for den enkelte kommune og fylkeskommune og vert lagt fram som vedlegg til statsbudsjettet (Prop. 1 S) kvart år, kr. 60.453.000. Rammetilskot, inkl. inntektsutjamning, kr. 68.139.000,- (inkl. inntektsutjamning). Innrekna i rammetilskotet er det for Leikanger kommune sin del, innrekna kr.311.000 med særskilt fordeling, tiltenkt bruk innafor helsestasjon og skulehelsetenesta. Integreringstilkskotet er berekna til kr. 8.216.000,-. Tilskotet vert rekna ut frå kor mange personar som er med i ordninga og nedtrappa over ein 5-årsperiode. Tilskotet er berekna på vidare mottak av flykningar, der det for 2017 ligg føre vedtak om å ta imot 17 flykningar også i 2016. Eigedomsskatt, auka med kr.1.350.000 til 6.400.000 mill kroner. Eigedomsskatten er auka pga bruk av høgare promillesasts ved utrekning av eigedomsskatten. Ny linjetrasè (Statnett sin 420 kwh) er innrekna med den verdien den hadde pr. 31.12.2014. Pga usikkerheit om
vidare framdrift samt riving av andre linjer, er det ikkje lagt inn nokon stipulert auke i grunnlaget. Eigedomsskatt på bustad: 3,5 promille. Endra frå 2,5 promille (kan aukast med inntil 2 promille pr. år). Næring/verk og bruk: 7 promille og kan ikkje aukast ytterlegare. E-skatt på bustad vil auke med ca. 1 mill pr. promille (grunnlag på kr. 1.070.000.000). Det er eit krav at eigedomsskatten skal vedtakast kvart år som ein del av det årlege budsjettvedtaket. Det er lagt inn kalkulatoriske renter/avskrivingar på kr. 2.150.000,-. Dette er ei berekning av renter og avskrivingar knytt til Vatn, Avløp og Renovasjon. Ein nyttar kalkulatoriske renter og avskrivingar for å kompensere den ordinære kommunale drifta for renter og avdrag knytt til dette området (5-års swaprente med tillegg av 0,5%-p). Auken frå tidlegare år skuldast nye investeringar innafor VAR. Avkastning på Kraftfondet: Rekneskap tom okt. 2015 viser ei negativ avkastning på ca. 1 mill kroner. For B 2016 og vidare utover i økonomiplanperioden er det budsjettert bruk av årets avkastning med kr.3.500.000. Premieavvik Årets Premieavvik inntektsført med kr.4,8 mill kroner. Amortisert premieavvik, utg.ført med kr. 1,8 mill kroner Nettoeffekt av premiavvik kr.3 mill mot kr.2,3 i B 2015. For økonomiplanperioden er premieavviket vidareført med kr.4,3 mill + arb.avgift. Amortisert premiavvik vil auke utover i perioden og i 2019 er nettoeeffekten om lag 1 mill kroner. Premieavviket er ein type inntekt som ikkje reknast som «fast inntekt» og bør difor ikkje vere med å danne grunnlag for driftsnivået i kommunen. Premieavviket vil bli amortisert og føre til ein utgiftspost dei neste 7 åra (for premieavvik bokført fom 2014). Ideelt sett burde difor denne type inntekt bli avsett på fond for så å kunne nyttast når kostnaden kjem (amortisert premieavvik). Andre inntekter: Kommunale tenester og leigeobjekt er prisregulert i samsvar med kommunal deflator, 2,7 %. Pga bortfall av inntekter på tinghusanlegget må større del av kostnaden med byggforvaltning dekkast av skatt og rammetilskot. Andre punkt i kommuneøkonomien: Pensjonspremie Pensjonspremien er endra til gjeldande satsar, dvs: Fellesordningen 18,1% Sjukepleiordningen 18,5% Statens Pensjonskasse 11,15%. Renter på lån er for 2016 og 2017 rekna med 2,1% og vert auka til 2,5% for 2018 og 2019. Avdrag er basert på minimumsavdrag 6,9 mill kroner.
Drift 2016 i høve endra budsjett for 2015: - Kr.4,8 mill er summen driftsbudsjettet må salderast med for å komen balanse. - Renter og avdrag som fylgje av førslegne investeringar kjem i tilleg. Saldere budsjett og økonomiplan For å saldere 2016 inkl. plan om nye investeringar, må ein nytte 5,4 mill kr frå disposisjonsfond. Heile økonomiplanperioden krev ei saldering på 25,6 mill kroner. Viser her til eige punkt i budsjettdokumentet som viser bruken av fond og manglande dekning for utgifter i økonomiplanperioden. Investering Framlegg til 12.11.2015 Beløpa er netto, dvs utan mva. Prosjekt (med lånefin.) År 2016 År 2017 År 2018 År 2019
Reguleringsplan Strandavegen 300 000 Planstrategi - arealdelen i 200 000 300 000 kommunepl. Kommunale vegar - opprusting 600 000 1 000 000 600 000 1 000 000 Reguleringsplan Hanahaug 300 000 Kvålen næringsområde - asfalt og 600 000 veglys Felles dataanlegg 300 000 300 000 300 000 300 000 Kommunal bustad 2 300 000 Kommunale bygg - opprusting 500 000 500 000 500 000 500 000 Hamrevegen - 3.byggesteg 1 800 000 700 000 Pleie og omsorg - utstyr 200 000 300 000 200 000 300 000 Grunnkjøp Kvålen - tillegg 200 000 Bustader for funksjonshemma med 1 500 000 7 000 000 personaldel Grunnkjøp Kleppa - tillegg 200 000 Grunnkjøp Leitev. - tillegg 600 000 Henjahaugane barnehage utviding av 1 500 000 garderobar Bil - heimebasert omsorg 300 000 300 000 Planlegging bruk av bassengrom 300 000 LUS Sum finansierast med nye lånemidlar 9 000 000 11 000 000 3 700 000 2 100 000 Prosjekt (utan ny lånefin.) År 2016 År 2017 År 2018 År 2019 Klatrepark - barneskulen 900 000 Rehabilitering - ballbinge 160 000 Avløp Njøsavegen - Kløvi 2 000 000 Vassforsyning Njøsav. - Kløvi 1 000 000 Vassforsyning - utbetring 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Rehabilitering silanlegg Herm. 1 000 000 Sum anna/tidl. fin. 6 060 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Samla investeringsforslag planlagt finansierast med lånemidlar i perioden kr. 25.800.000. Investeringsforslag som vert finansiert utan nye låneopptak totalt kr.9.060.000. Renter og avdrag for nye investeringar vil for heile perioden utgjere 4,3 mill kroner. Bruk av fond til saldering av driftsbudsjett
Kursreguleringsfond 25699090-16 791 461 Driftsfond sal av aksjar Sognekraft 25699130-9 880 769-26 672 230 År 2015 År 2016 År 2017 År 2018 År 2019 Saldering mot fond 5 169 000 5 438 000 6 525 000 7 734 000 5 860 000 Rest fond -21 503 230-16 065 230-9 540 230-1 806 230 4 053 770 Som oppsettet over viser, vil det i år 2019 ikkje vere dekning for planlagde utgifter og oppgåver og vil då heller ikkje vere i samsvar med kommunelova 44 nr 4 og 46 nr.6. Kravet om dekning kvar år i økonomiplanperioden er ikkje fulgt opp og med heimel i kommunelova 60 nr.1 (a-d) vil kommunen bli registrert i Register for betinga godkjenning og kontroll, Robek. Leikanger kommune vil då mellom anna måtte ha godkjenning frå departementet for å kunne ta opp nye lån eller inngå langsiktige leigeavtalar. Etter møte i Formannskapet 26.11.2015. Formannskapet vedtok Budjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 med ei innsparing på om lag 14 mill kroner i perioden 2016-2019. Med desse tiltaka vil ein ved utgangen av perioden saldere budsjett med 16,7 mill kroner og status på dispososjonsfond vil vere om lag 10 mill kroner (sum alle fond som ein har høve til å bruke fritt i drift). Det er då ikkje rekna inn at mest sansynleg må kursreguleringsfondet også nyttast til å dekke inn manglande avkastning i 2015. Avkasnting 2015 er budsjettert med 3,5 mill kroner.