Bruk kreftene rett!
Kven er vi, og kva gjer vi? Senter for statleg økonomistyring (SSØ) blei oppretta i 2004 for å ha eitt samla fagmiljø for statleg økonomistyring. SSØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området. Vi skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom tilrettelegging og tenester innanfor økonomistyring. Vi forvaltar det statlege økonomiregelverket og er rådgivar for sentrale styresmakter innanfor statleg økonomistyring. Vi tilbyr kompetansetiltak til alle statlege verksemder. I tillegg leverer vi frivillige økonomitenester til ein stor del av dei. Statleg økonomistyring Statleg økonomistyring omfattar styring av statens ressursar. Mål og resultatstyring Risikostyring og intern kontroll Analyse og evaluering Budsjett og rekneskap Lønn og personale Konsernsystema (statsrekneskapen og statens konsernkontoordning) Tilskotsforvalting
Verksemdsområde SSØ har to verksemdsområde: 1) Forvaltingsverksemd Sentraleininga har ansvar for det statlege økonomiregelverket og kompetansetiltak i tilknyting til det. Sentraleininga har òg ansvar for konsernsystema (statsrekneskapen og statens konsernkontoordning). Sentraleininga utviklar og forvaltar dessutan IKT og applikasjonar som blir brukte i store delar av tenesteleveransane våre. 2) Kundeverksemd Regionkontora til SSØ har ansvar for å levere økonomitenester til statlege verksemder. Økonomitenestene omfattar leveransar innanfor lønn/personale og budsjett/rekneskap. I tillegg til verktøy tilbyr regionkontora rådgiving og rettleiing på desse områda. Alle økonomitenester som blir leverte frå regionane, følgjer krava i dei statlege regelverka. Effektiv ressursbruk? Visjonen vår er effektiv ressursbruk i staten. Vi bidreg til det ved å forvalte regelverket, leggje til rette for god økonomistyring og levere tenester innanfor økonomistyring. Vi ser at verksemder både sparer pengar og oppnår betre kvalitet når dei gjer seg nytte av felles tiltak og tenester for statlege verksemder.
Tenestene til SSØ Alle statlege verksemder kan velje å nytte tenestene til SSØ. Vi ser at verksemder både sparer pengar og oppnår betre kvalitet når dei gjer seg nytte av dei felles tiltaka og tenestene for statlege verksemder. SSØ tilbyr metodar, kurs og andre kompetansetiltak som gir læring på tvers i staten, og som gir eit godt grunnlag for å utnytte beste praksis innanfor økonomistyring. Økonomitenestene våre er fleksible ved at vi tilbyr ulike tenestemodellar for ulike behov. Kundane vel tenestemodell ut frå storleik og eigen kompetanse. Gjennom fellestenestene våre slepp dei å forvalte eigne system. Regelverket SSØ har eit fagmiljø med solid kompetanse på det statlege økonomiregelverket. Vi arbeider både med å tolke og utvikle regelverket, og med å byggje opp og formidle kunnskap knytt til problemstillingar i regelverket. Departementa kan søkje om unntak frå regelverket for dei underliggjande verksemdene sine, og desse søknadene blir behandla av SSØ.
Økonomitenester Kompetanseoverføring Vi leverer tenester og system innanfor budsjett/rekneskap og lønn/personale i statleg sektor. Vi har fleire tenestemodellar innanfor kvart av områda. Dei fleste statlege verksemder bruker økonomitenestene våre. Lønns- og personaltenester baserte på bruk av SAP HR SSØ har utvikla ei fellesstatleg løysing som sikrar det statlege regelverket på lønns- og personalområdet. Budsjett- og rekneskapstenester baserte på bruk av Agresso og elektronisk fakturabehandling (EFB) På budsjett- og rekneskapsområdet blir alle tenester og rutinar kvalitetssikra mot økonomiregelverket. EFB sikrar elektronisk arbeidsflyt for godkjenning av fakturaer. Kurs, rettleiing og rådgiving SSØ tilbyr kompetansetiltak i effektiv bruk av applikasjonar og uthenting av god styringsinformasjon. I tillegg held vi ulike kundesamlingar innanfor fagområda. Vi tilbyr alle statlege verksemder følgjande: Rettleiarar og sjekklister Vi har rettleiarar innanfor fagområda mål- og resultatstyring, risikostyring, samfunnsøkonomiske analysar og evalueringar, tilskot, budsjettering og rekneskap. Alle rettleiarane ligg på nettsidene våre, www.sfso.no. Kurs og seminar Vi tilbyr kurs innanfor alle fagområda våre, også verksemdstilpassa kurs. Rådgiving Rådgivinga er først og fremst basert på hjelp til sjølvhjelp. Det er likevel stor variasjon i kor omfattande rådgivingsoppdraga er alt frå ein kort gjennomgang av SSØ-metodane til hjelp inn i omfattande prosjekt. Faglege nettverk Vi har medlemsdrivne nettverk innanfor fleire fagområde der deltakarane møtest og utvekslar erfaringar frå eige fagfelt i verksemda si. Ordsøk Vi har eit nettbasert oppslagsverk som forklarer omgrep innanfor økonomi- og rekneskapsarbeid og verksemdsstyring i staten. Studieprogram i samarbeid med Handelshøyskolen BI og Høyskolen i Oslo Vi tilbyr, i samarbeid med høgskular, studieprogram i økonomistyring og rekneskap for tilsette i statleg sektor.
Analyse og evaluering Gjennomføring av samfunnsøkonomiske analysar og evalueringar Vi bidreg med rådgiving knytt til gjennomføring av samfunnsøkonomiske analysar og evalueringar. I tillegg deltek vi i den praktiske gjennomføringa av ulike enkeltprosjekt. Bruk kreftene rett! Ved å bruke SSØ og tenestene våre får statlege verksemder hjelp til god økonomistyring og dermed meir ressursar til å arbeide med det eigentlege formålet. Utviklingsprosjekt I utviklingsprosjekta våre kartlegg vi status og analyserer problemstillingar innanfor regelverket for økonomistyring i staten. Desse prosjekta er viktige for at vi skal kunne spreie erfaringar og kunnskap gjennom betre metodar, oppdaterte rettleiarar, kurs og rådgiving innanfor fagområdet. Vi gjennomfører òg analysar og gir ut rapportar innanfor utvalde tema i statleg økonomistyring for å spreie erfaringar og kunnskap. Konsernsystema SSØ har ansvaret for å forvalte og drifte konsernsystema (statsrekneskapen og statens konsernkontoordning). Statlege verksemder har plikt til å sende rekneskapsrapportar til statsrekneskapen etter fastsette krav. Vi leverer månadleg avstemd statsrekneskap med rapportering. Vi gir rettleiing og oppfølging av spørsmål til statsrekneskapen. Vi sikrar at statlege verksemder har god tilgang til betalingstenester gjennom rammeavtalar med private bankar. Vi gir råd og rettleiing om statleg betalingsformidling.
Kvifor bruke SSØ? Du får meir tid til det du eigentleg skal gjere Vi kan det statlege regelverket Applikasjonane våre er skreddarsydde for staten Du kan velje tenester og tenestemodell etter behov Du bidreg til stordriftsfordelar for staten Du blir mindre sårbar ved å få ta del i det store fagmiljøet til SSØ Du får god oppfølging Bruk av tenestene og kompetansen til SSØ gir kundar og brukarar høve til å fokusere på dei viktigaste oppgåvene innanfor si eiga verksemd og til å løyse dei på den beste måten. SSØ har solid kompetanse når det gjeld statleg økonomistyring. SSØ tilbyr enkel tilgang til relevant styringsinformasjon. SSØ leverer tenester med høg kvalitet. SSØ-tenestene gir kostnadsinnsparing for den enkelte verksemda og for staten samla sett. Verdiskapinga vår er å hjelpe deg til å ta dei rette vala og gjere oppgåvene på den beste måten.
Korleis komme i kontakt med oss? Tromsø Vadsø SSØ er organisert med ei sentraleining i Oslo og har regionkontor i Stavanger, Kristiansand, Drammen, Hamar, Trondheim og Tromsø. Tromsø har dessutan eit avdelingskontor i Vadsø. Sentraleininga betener alle statlege verksemder i forhold til det statlege økonomiregelverket og kompetansetiltak i tilknyting til det. Sentraleininga har òg ansvar for konsernsystema (statsrekneskapen og konsernkontoordninga). Regionkontora tilbyr økonomitenester og betener statlege verksemder etter kva departement verksemda rapporterer til, og kan derfor bidra med sektorkompetanse til departementsområda sine. Trondheim Stavanger: Barne- og likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Olje- og energidepartementet, velferdspolitiske verksemder i Arbeids- og inkluderingsdepartementet Drammen: Finansdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Forsvarsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet Hamar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet med unntak av velferdspolitiske verksemder, Kommunal- og regionaldepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet Trondheim: Justis- og politidepartementet Tromsø: Kultur- og kyrkjedepartementet, Miljøverndepartementet Stavanger Kristiansand Hamar Drammen Oslo (Sentralenheten) Kristiansand: Kunnskapsdepartementet Kontakt oss: Telefon 400 07 997 eller post@sfso.no.
Senter for statleg økonomistyring E-post: post@sfso.no Telefon: 400 07 997 www.sfso.no