Intern evaluering av TVEPS Haust 2014

Like dokumenter
Intern evaluering av TVEPS vår 2015

Intern evaluering av TVEPS høsten 2015

Semesterevaluering av TVEPS våren 2016

Velkommen til TVEPS! Ane Johannessen (leder i TVEPS) Gunhild Agdesteen & Elin Christine Gundersen (koordinatorer i TVEPS) Snurr film!

Velkommen til TVEPS! Ane Johannessen Leder TVEPS. Gunhild Agdesteen & Elin Christine Gundersen Koordinatorer TVEPS

Semesterevaluering av TVEPS vår 2017

Semesterrapport TVEPS vår 2018

Elevundersøkinga 2016

Foreldregruppe i barnehagen

Å INFORMERE OG UNDERVISE PÅ EIGEN ARBEIDSPLASS. Berit Ullebust Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Evalueringsrapport VIT214 Høsten 2013: «Norges grunnlov: Hva er den? Hvordan bør den være?»

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Team Hareid Trygg Heime

Dersom du vurderer din eigen innsats som svært dårleg eller ganske dårleg: 6. Er du interessert i å forbetre deg i dette faget?

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Erfaringsrapport ved hjemkomst etter utenlandsopphold 2017

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Brukarundersøking for rus- og psykiatritenester

Samtale med foreldra samhandling og informasjon skaper tryggheit

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Månadsbrev for Rosa september 2014

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Evalueringsrapport SPED102 høsten 2017

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

Psykologisk førstehjelp i skulen

GEOV272. Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet post bachelor

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Finnøy og Rennesøy kommunar

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Refleksjon og skriving

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Frå tre små til ein stor.

Evaluering - MAPSYK319a vår 2018

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Presentasjon

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Til glede og besvær praksis i høyere utdanning

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

GODE PASIENTFORLØP. Presentasjon av internkontrollrutiner og heimemapper

Barnerettane i SKULEN

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Naturfag vidareutdanning

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Tverrprofesjonell samarbeidslæring. Anders Bærheim Professor i allmennmedisin

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Frå dikt til teikneserie

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

6-åringar på skuleveg

Veiledningsgrupper - StudentAktivModell (SAM) for 1.års sykepleierstudenter - kvalitet og læring i praksis i sykehjem

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Fordelen med elektroniske PLO-meldingar?

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

Informasjon til pasientar og pårørande

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Transkript:

Intern evaluering av TVEPS Haust 2014 Introduksjon Denne rapporten tek for seg TVEPS-praksis hausten 2014. Rapporten er skriven av koordinerande administrator for å oppsummere og evaluere hausten 2014. Innhald: - Studentgrupper o Analyse av refleksjonsnotat o Fråfallsrutiner o Pasientperspektiv - Arenaer - Veileiarar - Oppsummering med auga mot våren 2015 Studentgruppe Hausten 2014 var det påmeldt studentar frå 9 ulike studentprogram. Påmeldte studentgrupper var: Ergoterapi Ernæring Farmasi Medisin Musikkterapi Psykologi Sjukepleie Tannpleie Vernepleie Totalt var det 35 påmeldte studentar kor av 31 fekk TVEPS godkjent og 4 ikkje gjorde det.

Count of Navn: Bestått Profesjon: godkjent ikke bestått Grand Total Ergoterapi 7 7 Ernæring 3 3 Farmasi 1 1 Medisin 4 4 Musikkterapi 1 1 Psykologi 2 2 Sjukepleie 5 5 Tannpleie 7 1 8 Vernepleie 4 4 Grand Total 31 4 35 Snittet på gruppestørrelsen var 3,87 studentar pr. gruppe. Fordelinga av studentgruppene på dei ulike gruppene såg slik ut (merk berre godkjente studentar): Count of Navn: Bestått Gruppe: Grand godkjent Total Profesjon: 1 2 3 4 5 6 7 8 Ergoterapi 1 1 1 1 1 1 1 7 Ernæring 1 1 1 3 Farmasi 1 1 Medisin 1 1 1 1 4 Sykepleie 1 1 1 1 1 5 Tannpleier 1 1 1 1 1 1 1 7 Vernepleie 1 1 1 1 4 Grand Total 3 4 3 4 4 5 4 4 31

Analyse av refleksjonsnotat Studentane skildrar deltakinga i TVEPS i eigne refleksjonsnotat. Desse vart samla og gjort ei innhaldsanalyse av. Vidare i teksten kan ein lese utdrag frå refleksjonsnotata. Studentane skildrar med ein overveldande unison stemme at det å vere saman med fleire profesjonar var lærerikt. Spesielt vektlegger studentane det at ein saman klarte å sjå meir enn det kvart medlem kunne aleine. Denne tverrprofesjonelle samarbeidslæringa førte til at dei saman kan sjå mennesket i sin heilhet. «Det har vore lærerik og fasinerande å sjå korleis ein setning frå pasienten kan tolkast på mange ulike måtar alt ut i frå kva tankegang i profesjon har. Dette virka veldig positivt for meg då dette viser at med tverrfaglig samarbeid kan vi faktisk dekke mennesket som ein heilthet. Det var ikkje berre ein sjukepleier eller vernepleier som såg på det medisinske, det var ikkje berre ein ergoterapeut som såg på hjelpemiddelet, det var ikkje berre ein tannpleier som såg på tenna, men det var eit team som såg på heilheten. Vi såg på korleis ein faktor påverka ein anna. Vi såg på det sosiale, personlegheit, medisin og vidare behov for pasienten. Dette har gitt meg den prikken over i en som eg ubevisst har mangla. Eg har sett fordelen med tverrfaglig samarbeid, og etter mi erfaring kan eg ikkje finne noko negativt med denne prosessen.» «Jeg har lært ennå mer om hvor sammensatt en problemstilling kan være. For eksempel kunne ernæringsfysiologen fokusere på viktigheten av riktig ernæring i forhold til forebygging av trykksår. Sykepleier og vernepleier kunne påpeke viktigheten av hygieniske tiltak, liggestillinger, samt riktig behandling av sår, rett madrass osv. Problemet fikk plutselig flere løsninger. Det var mennesker med ulike briller som så. Ved å bruke alle brilleparene kunne vi komme frem til en enda bedre tiltaksplan for pasienten enn dersom vi bare hadde brukt et brillepar.» «Å møte pasientene vi fikk tildelt i prosjektet og hvor nyttig det er å kunne ha ulike profesjoner tilstede i en slik tiltaksfase, for å kunne fange opp hele menneskets behov av

fysiske, psykiske og sosiale behov. Jeg fikk lært meg viktigheten av å lytte til hverandres ferdigheter og sammen finne gode løsninger.» «Vi jobbet veldig bra sammen som gruppe, og fant ut at vi egentlig satt på ganske mye kunnskap på hvert vårt område, samtidig som vi hadde mye til felles.» Fleire skildrar viktigheita av å vere den einaste som representerte profesjonen sin i gruppa. «Jeg tror det jeg lærte aller mest av var at dette var en situasjon der jeg var helt alene i å representere min profesjon. Jeg kunne ikke lede meg på noen andre. Det var også utrolig lærerikt å se hvordan alle profesjonene hadde krysningspunkter med hverandre. Jeg fikk også svar på mange ting jeg lurte på fra de andre studentene. Dette økte læringsutbytte ytterligere. Det at vi i tillegg alene fikk møte og kartlegge to pasienter var også spesielt lærerikt. Vi måtte stole på oss selv og vår kunnskap.» Studentane skildrar mykje TVEPS si påverknad på eigenutvikling som profesjonsutøvar. «Jeg merker at jeg har fått litt mer tillitt til meg selv som profesjonsutøver. Jeg har fått oppleve at jeg kan ha noe å komme med. I tillegg har jeg blitt tryggere på det å arbeide i en gruppe. Tryggere på å overlate ansvar til andre og i tillegg tryggere på å legge frem/ presentere tiltaksplan for andre.» «Det virket inn på min faglige trygghet ved at jeg sto alene med min profesjon, dermed måtte jeg være trygg på faget mitt, ta ansvar og tørre å ta plass. Det var både utfordrende og lærerikt. Jeg måtte tenke igjennom og forberede meg godt før møte med de andre gruppemedlemmene, og før utplasseringen for å vite hvordan jeg best mulig kunne bidra. Underveis i arbeidet har jeg fått diskutert og utbrøvd det jeg har tenkt, noe jeg føler jeg har vokst på. Jeg ble også utfordret på å tørre å ta ordet, komme med forslag og være trygg på at jeg har noe å bidra med. Dette er noe jeg kommer til å ta med meg videre, og gjøre meg mer selvsikker i kommende tverrfaglig samarbeid.»

«Samarbeid med ulike profesjoner har gitt meg et bilde på hvordan det kan, og bør være i praksis. Jeg er forberedt på utfordringer på dette området i arbeidslivet, men jeg sitter igjen med god erfaring der jeg ser nytten av dette arbeidet, og håper jeg kan videreføre det til praksis.» «Faglig trygghet, kjennskap til ulike profesjoners rolle, samarbeid og komunikasjon, selvtillitt» «Følte et mye større ansvar og da lærer jeg bedre.» Eit interessant funn var at det vart rapporterte at TVEPS kan fungere som ein plattform for å vise fram kva dei ulike fagfelta arbeider med. Ein student skildrar at få helsearbeidarar kjenner til fagfeltet ergoterapi og ved hjelp av eit prosjekt som TVEPS så kan meir kunnskap om fagfeltet verte spreidd. Ein veldig viktig del av refleksjonsnotatet er studentane sin ris og ros til TVEPS. Studentane er noko blanda i kritikken av TVEPS. Fleire vektlegger at prosjektet burde ha vart lenger, hovudsaklig med meir tid på sjukeheimen. Medan andre kommenterte at det var passelig tid og ein trenger verken meir eller mindre. Eit interessant forslag frå ein student var å samle alle gruppene ein siste dag for at dei saman skulle halde ein presentasjon om TVEPS-praksisen framfor dei andre gruppene. Studenten merka seg at det hadde vert interessant og lærerikt og høyre kva saker dei andre hadde og korleis teamarbeidet fungerte. Anna kritikk inkluderer at ein vil ha fleire yrkesgrupper i TVEPS-praksisen, kjennskap til pasienten på førehand, sjukeheims personalet burde ha meir tid til studentane og at nokon av pasientane ikkje var like interessante for tannpleiarstudent, manglande PC og nett-tilgang på sjukeheimen. Fleire av desse punkta er vanskelig å gjere noko med, som for eksempel kjennskap til pasientar på førehand. PC og nett-tilgang er mindre problematisk då studentane skal ha førebudd seg og om det er noko ein må ha nett-tilgang til så har ein det når ein arbeider med tiltaksplanen. Nokon studentar meina ar det hadde vert ein fordel om studentane

fekk tilgang til pasientjournalsystemet PROFIL. Dette skal vere mogleg å få på plass til neste TVEPS-praksis. Ein svært nyttig tilbakemelding er at det burde stå datoar for innlevering på tiltaksplanar og refleksjonsnotat og til kven ein skal send det. Den meste kritikken kan hindrast ved å gje studentane grundig informasjon på oppstartsmøtet om korleis TVEPS vil at samspelet mellom deltakarane skal vere. Ved å opplyse om at TVEPS er basert sterkt på å gje studentane ansvar så kan ein tenke seg at ein unngår kritikken som går på at studentane saknar ein tilgjengeleg veileider gjennom heile pasientutredningsdagen. Ein tendens som dukka opp i analysen av refleksjonsnotata var at ikkje alle studentane har like mykje erfaring med tverrprofesjonelt samarbeid og innsatsen til dei ulike studentgruppene var noko ulikt fordelt. Dette kan verte påverka av lite erfaring med tverrprofesjonelt samarbeid tidligare i utdanninga og det at TVEPS-praksisen er ulikt integrert i dei ulike studia. HiB integrerer dette som ein del av praksisen, medan for nokre studentgrupper kjem denne aktiviteten på toppe av studiet. «Synes gruppen ble litt sårbare med tanke på hvor ulik det blir arbeidet med i tverrprofesjonelt arbeid gjennom de ulike studiene. Tannpleier i min gruppe fungerte dårlig i gruppen synes jeg. Hun var mest opptatt av å se det fra sin profesjon og samarbeidet ikke godt nok inn i det tverrfaglige og til den endelige oppgaven som var å lage en tiltaksplan og presentere den.se litt på sammensetting av gruppene og det faktiske oppmøte, sårbart om noen ikke stiller gjennom alle dager. Og jeg savner større fokus på gruppeprosessen i gjennomføringen av presentasjonen. Ellers har det vært fint med en løs struktur under gitte rammer.» «Det var lettest å samarbeide med høgskoleutdanningene (sykepleier og ergoterapeut) fremfor universitetsutdannelsene tannpleier og medisin. Vi fra høgskolen var mer opptatt av å diskutere ting i fellesskap hvor alle fikk plass og tenkte mer likt i fremgangsmåte og hvordan vi skulle møte pasienten. Tannpleieren var mer opptatt av sitt eget felt og hva hun skulle gjøre enn å diskutere og reflektere med hele gruppen. Det virket også som om tannpleier ikke hadde

lyst til å være med på dette og ønsket å bli ferdig fortest mulig. Høgskoleutdanningene er mer vandt med å samarbeide og gjør det i løpet av utdanningen.» Ein tannpleiestudent kommenterer: «Dette går egentlig ikke direkte utover TVEPS, men på tannpleieutdanningen er TVEPS blitt obligatorisk, og i den forbindelse hadde det vært fint hvis dere kunne ha snakket med lærerne våre da vi som deltar går glipp av andre obligatoriske fag, noe som vi må ta igjen en annen dag vi har tid. Det å måtte ta opp igjen noe vi går glipp av på grunn av TVEPS, er veldig kjedelig og ikke minst en ekstra stressfaktor, da siste året er tungt og vi har mange krav fra før av. Dette er vel det eneste negative ved dette, ellers er det et fint opplegg. Alt i alt, var TVEPS en positiv erfaring!» Denne tematikken blir også belyst av andre student som seier: «Deltagelse i TVEPS bør gi gyldig fravær for de som går på UiB slik at de ikke får dobbel studiebelastning i tidsperioden. Bra at deltagelse i TVEPS gir uttelling i praksis for HiBstudenter.» «Tannpleierstudentene burde også kunne få avspaseringsdager, slik som de andre studiene tilbyr studentene som er med, selv om det ikke er obligatorisk for dem. Siden det blir brukt mye tid etter skoletiden også og at det er obligatorisk, burde det også tilbys avspaseringsdager til tannpleierstudentene» Denne tematikken er viktig å diskutere vidare da det er noe ulike forutsetningar som styrer UiB studentane og HiB studentens deltaking. Avslutningsvis er studentane er generøse med rosen til TVEPS. Dei vektlegger at strukturen er bra, god koordinering,

«veldig bra informasjon per mail og oppfølging. Veldig fornøyd med oppfølgingen, det gjør det lettere for en sliten student =)» «Personlig synes jeg slikt opplegg er en ypperlig mulighet for å bevare og utvikle ens kunnskaper, men også for holde seg oppdatert på ulike områder og erverve ulike prespektiver.» «Dette er ein flott muligheit for studentar for å forstå og kjenne andre yrkesgrupper. Takk for at eg har fått delta på dette, og eg håper dette er eit prosjekt som vil bli større. Fleire studentar kunne hatt godt av å delta på noko slikt.» «TAKK for muligheten til å få være med i et fint og viktig prosjekt!» «Jeg synes at vi fikk god informasjon i forkant av arbeidet og det var lav terskel for å ta kontakt dersom vi lurte på noe. Jeg synes dette prosjektet er et svært godt initiativ og det fremmer læring gjennom tverrfaglig samarbeid.» «TVEPS har vært en meget god erfaring, kjempeflott opplegg. Jeg håper dere fortsetter dette!» «TVEPS minnet meg på at helsevesenet er en stor samarbeidende virksomhet der en rekke helseprofesjoner deltar. TVEPS har bidratt til å sette min egen profesjon i et mer helhetlig lys TVEPS har gjort det lettere for meg å spille på andres ekspertise, som å kontakte en farmasøyt for spørsmål eller å vurdere en musikkterapeut som et tiltak.» Fråfallsrutiner På leiarmøte 21.10.14 vart det vedteken nye rutinar for deltaking i TVEPS, det inneberer at ein ikkje får godkjente TVEPS deltaking om ein ikkje har høve til å delta på minst 2 av dei obligatoriske oppmøta. Dette førte til at 4 studentar ikkje kunne få godkjent TVEPS deltaking då dei hadde for mykje fråvær. Desse nye rutinane må ein opplyse studentane om og oppdatere i emneskildringa.

Pasientperspektiv frå 2.medisinstudentar Denne hausten hadde nokre gruppe med seg ein 2.års medisinstudentar. Dei deltok som ein del av mentorgruppearbeid ved medisinstudiet og hadde som oppgåve å skildre pasientperspektivet frå TVEPS-praksisen. Dette er ei oppsummering av 2.medisinstudentane sine resymé: Eine studenten skildrar TVEPS-prosjektet som ein vinn-vinn-vinn situasjon for både studenten, pasienten og sjukeheimen. Sjølv medisinstudenten skildrar at ein som observatør opplevde læring. Eine studenten skildrar at pasientane ikkje hadde fått informasjon om kva prosjektet gjekk ut på. Studenten skildrar: «De stilte opp kun for å hjelpe studentene, og var ikke klar over at en viktig del av dette prosjektet også var at de selv skulle få det bedre. Dette synes jeg studentene, og kanskje spesielt kontaktpersonen på sykehjemmet burde ha informert bedre om.» Studentane rapporterer at TVEPS-praksisen ikkje verte opplevd som ei påkjenning for pasientane. Studenten skildrar pasienten si oppleving: «det ikkje var noko nytt med fleire par auger som skulle vurdere ho samtidig. Det var kjekt med besøk og å få vere midtpunkt, og ho håpte at også vi hadde fått noko ut av møtet». Begge medisinstudentane nemnar psykisk helse som eit viktig tema i resymeet sitt. Eine studenten fekk inntrykk av at studentane syns det var vanskelig å snakke om psykisk helse. Og skildrar: «I intervjuet etter at studentene hadde gått kom det frem at han hadde vært i gruppeterapi tidligere, uten at han syntes at dette hjalp han. Han hadde et ønske om å snakke med psykolog, fordi han ikke så noen mening med livet og følte seg som en byrde for sine nærmeste. Dette fikk ikke studentene opplyst, da de var for opptatte av pasientens fysiske behov, som fra før av var godt ivaretatt». Dette understreker behovet for å inkludere psykologistudentar i framtidige TVEPS grupper. Dette prosjektet hadde som mål å gje studentane ei læring i pasientkontakt. Ein positiv bieffekt er at studentane gav informasjon til TVEPS om korleis pasientane opplevde

praksisen. Dette perspektivet er viktig å ha med seg i framtida og gjenta ei evaluering av effekten av TVEPS-praksis. Arenaer Dei deltakande arenaane for haustens TVEPS inkluderte Fjell sjukeheim, Fyllingsdalen sjukeheim, Kleppestø sjukeheim, Ulset sjukeheim, Slettemarken sjukeheim, Gullstøltunet sjukeheim. Fjell og Gullstøltunet som hadde to grupper ute. 14.oktober organiserte leiargruppa i TVEPS eit veileiarseminar på Hotel Augustin for å sikre det gode samarbeidet mellom TVEPS og sjukeheimane. Dessverre var det lågt oppmøte og berre ein sjukheim stilte, dette var hovudsaklig grunna haustferieavvikling. Det vart vedteke at det er betre for sjukeheimar at TVEPS driver oppsøkande verksemd for å informere og få tilbakemeldingar om TVEPS. Etter at haustens grupper vart gjennomført kontakta administrerande koordinator kontaktpersonar ved institusjonane og fekk tilbakemelding på korleis dei opplevde haustens TVEPS-praksis. Alle dei samarbeidande sjukeheimane opplevde TVEPS som eit positivt tiltak og alle kunne tenke seg å fortsette samarbeidet i større eller mindre grad. Veileiar Ein viktig kvalitetssikring for prosjektet er rolle ein veileiar spelar. Ein veileiar fungerer som eit bindeledd mellom TVEPS og arenaen og sørgjer for at alle vert godt teken hand om. Ein veileiar informerer administrator om praktiske forhold som oppmøte av studentar, og sikrar god dialog på dialogmøtet. Administrerande koordinator innhenta informasjon om haustens TVEPS-praksis gjennom epost. Veileiarane verkar jamt over tilfredstilt med prosjektet og eine veileiaren kommenterte «Det gav verkeleg meirsmak til å vera med på dette ved ein seinare anleiing!» I år var det fleire pasientutredningsdagar på same dag. Det auka presset på veileiarane og til neste år vil det vere ein fordel å spreie desse dagane noko ut.

Ein veileiar formidla at behandslingsansvarlige lege hadde kommentert at det var OK at det ikkje var medisinstudent med kvar gong, då dei andre i gruppa tok meir ansvar. Til vår 2015 Basert på erfaringar frå hausten 2014 vil ein til våren 2015 satse på å: Betre tilgang til kommunikasjon med studentgrupper frå HiB. Dvs. Administrator har fått tilgang til It s learning (HiB si mi side). Informasjon til alle aktørar i god tid. Unngå endringar i dato for møter, pasientutredningsdagar og dialogmøter. Ha gode rutinar for godkjent/ikkje godkjent TVEPS deltaking. Desse opplysninga vil då verte registrert i FS. Unngå mange pasientutredningsdager på same dag. Det auka presset på veileiarar og det er hensiktsmessig å spreie det ut. Utvikle eit samarbeid med fylkestannlegen for å sikre at odontologar og tannpleiarar får fagleg tilbakemeldingar på dialogmøtet. Merke alt utlevert materiale til studentar med tidsfrist for innlevering og til kven det skal leverast. Rette ein innsats for å inkludere i større grad dei større profesjonsutdanningane på UiB. Spesielt vart medisin og psykologi skildra av studentane som ønska. Inkludere TVEPS meir i utdanningsløpet til alle studentar. Undersøke mogligheita for å integrere TVEPS grundigare i utdanningsløpet til UiB studentar også?