Kva vil det seie å vere buddhist?

Like dokumenter
Hva vil det si å være buddhist?

at Buddha var en klok mann som forstod det Buddha lærte menneskene (dharma) det buddhistiske samfunnet med munker og nonner (sangha)

DE FIRE EDLE SANNHETENE

K A P I T T E L 2, H O R I S O N T E R 9

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Prins Siddhartha hadde flere «utflukter» ut av Slottet, og på sin fjerde møtte han en tiggermunk.

OK, seier Hilde og låser.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Info til barn og unge

Vel nynorsk for barnet ditt!

Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

Elevundersøkinga 2016

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Månadsbrev for Blå, april 2016

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Ulsteinvik Bibelen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Fag KRLE 3. trinn

Fag KRLE 3. trinn

Jon Fosse. For seint. Libretto

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Årsplan KRLE 1. trinn, (Vi brukar lærestoff Vi i verda ) Kontaktlærar. Evy Hildre Hellebust

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Årsplan KRLE 4. klasse 2016/2017 VEKE KOMPETANSEMÅL DELMÅL

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Ordning for dåp Storsamling Nærbø


Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Årsplan i KRLE 1. klasse 2015/2016

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Årsplan KRLE 9. trinn

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Sofies hemmelegheit.

Med tre spesialitetar i kofferten

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Månadsbrev Januar 2017

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

2016 Det Norske Samlaget

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Faget vert delt mellom kontaktlærar og faglærar, der kontaktlæraren tek seg av mykje av etikkdelen opp imot "Det er mitt val".

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Preike i Oslo domkirke 1.juledag 2017 Joh 1, 1-14

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Helgatun / Danielsen

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Skule: Sand Telefon: Postadr.: 4230 Sand. Årsplan 2017/2018

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Bibelmeditasjonar om bøn

ARBEIDSHEFTE OM BUDDHISME

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Informasjon til elevane

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Transkript:

KAPITTEL 2 Buddhismen 1 KORTTEKST Side 38 49 i grunnboka Kva vil det seie å vere buddhist? Ein verdsreligion som begynte i Nord-India Buddhismen begynte i Nord-India for nesten 2500 år sidan. På den tida var mange opptekne av dei store spørsmåla i livet. Kvifor lever vi? Kvifor døyr vi? Kvifor finst det så mykje vondt? Nokre av desse menneska valde å leve svært enkelt. Dei hadde ingenting, bortsett frå dei enkle kleda sine. Ein av dei var Siddharta Gautama. Han blir rekna for å vere den som grunnla buddhismen, og han blir ofte berre kalla Buddha. Buddha tyder «den som er vaken». Dette namnet fekk han etter at han forstod sanninga om verda og om det å vere menneske. Buddha delte det han hadde lært, med andre, og han fekk mange tilhengjarar. Etter at han døydde, var det munkar og nonner som førte læra hans vidare. Etter kvart spreidde læra til Buddha seg over store delar av Asia. Det finst fleire retningar innanfor buddhismen. Difor kan buddhistar frå ulike land tenkje litt forskjellig om kva religionen handlar om. Likevel har dei mykje til felles. I dag er buddhismen den fjerde største av verdsreligionane, og det er rundt 550 millionar buddhistar i verda. Frå prins til munk: Litt om Buddha Siddharta var son av ein konge. Og då prins Siddharta vart fødd, fekk kongen høyre ein spådom. Dersom sonen fekk sjå fire teikn, kom han ikkje til å bli konge. Dei fire teikna var eit sjukt menneske, eit gammalt menneske, eit fattig menneske og eit dødt menneske. Lenge greidde faren å halde prins Siddharta innanfor murane på slottet. Der såg prinsen ingenting vondt. Men ein dag gjekk han tur utanfor slottet. Då såg han alt det som var sagt i spådommen. Han bestemte seg for å flytte ut av slottet. Livet i luksus måtte ta slutt. Han barberte av seg håret og tok av seg dei fine kleda og smykka sine. Han kledde seg i enkle klede. Frå då av søkte Siddharta etter kunnskap om mennesket og verda. Han ville forstå kvifor det var så mykje vondt i verda. Då Siddharta var 35 år, sette han seg ned under eit tre. I fleire dagar sat han der. Den fjerde natta forstod han korleis alt i verda og i livet heng saman, og i same augneblinken vart han Buddha. Namnet tyder altså «den som er vaken»,

KAPITTEL 2 Buddhismen 2 og det som hende, blir kalla Buddhas oppvakning. Buddha visste at han hadde nådd fram til det han hadde leita etter i åra etter at han reiste frå slottet. Til minne om Buddhas fødsel, oppvakning og død feirar buddhistar over heile verda vesak. Somme buddhistar feirar berre Buddhas fødsel under vesak. Under vesak går buddhistane i tempelet, og det er store opptog i gatene. Det er òg vanleg med song og dans, og det blir spela skodespel om livet til Buddha. Å søkje tilflukt i Buddha Når menneske opplever noko som utrygt og vanskeleg, prøver dei ofte å finne ein stad eller ein person som kan gjere alt lettare. Det er det buddhistane tenkjer på når dei seier at dei søkjer tilflukt i Buddha. Buddhistane trur ikkje på ein gud som har skapt verda, eller som kan frelse menneska. Dei ser heller ikkje Buddha som ein gud. Buddha er ein stor lærar, og det er viktig å følgje læra hans. Buddhistar legg stor vekt på det dei kallar «dei tre juvelane»: Buddha læra til Buddha fellesskapet av munkar og nonner og heile det buddhistiske samfunnet Både hinduismen og buddhismen begynte i India. Dei to religionane har vorte påverka av tankane hos kvarandre om livet og døden. I buddhismen finn vi mange av dei same tankane om karma og om atterfødsel som i hinduismen. I buddhismen styrer karmalova alt. Korleis du har det i dette livet, heng saman med korleis du levde i det førre livet ditt. Nirvana når mennesket blir fritt Buddhistane ynskjer å sleppe fleire atterfødslar, akkurat som hinduane. I buddhismen kallar ein denne frigjeringa nirvana. Nirvana kan omsetjast med «det å sløkkje ut». Buddha forklarte det som å blåse ut

KAPITTEL 2 Buddhismen 3 flammen på eit lys. For at menneska skal bli frie, altså nå nirvana, må dei få bort grådigskap, hat og vankunne som dei har inne i seg. Buddha meinte det var viktig å vise medkjensle med andre. Han sa at den som har medkjensle med alt som lever, er ein buddha. Dei fire edle sanningane og den åttedelte vegen Den viktigaste delen av Buddhas lære handlar om dei fire edle sanningane. At noko er edelt, tyder at det er svært verdifullt. 1 Den første sanninga er at alt er bunde saman med noko vondt. 2 Den andre sanninga er at det som gjer vondt, kjem av grådigskap. 3 Den tredje sanninga er at det som gjer vondt, kan ta slutt når ein sluttar å vere grådig. 4 Den fjerde sanninga fortel korleis ein kan gjere slutt på det som gjer vondt: ved å følgje den åttedelte vegen. Buddha meinte at menneska må forstå kva som plagar dei i livet, før dei kan finne løysingar og gjere noko med det. Først då kan dei bli heilt lykkelege. Menneska kan oppnå dette ved å følgje den åttedelte vegen. (Sjå dei åtte punkta på side 44 i grunnboka.) Gjennom øvingar skal buddhistane få kontroll over tankane og sansane sine. Då skal dei få betre kontakt med seg sjølve. Ein måte å få det til på er å meditere (meir om det nedanfor). Den åttedelte vegen blir ofte kalla den gylne middelvegen. Buddha sjølv hadde både levd eit liv i luksus og eit liv i stor fattigdom. Ingen av desse levemåtane førte til noko godt. Det var først då Buddha kom fram til ein veg midt imellom luksus og stor fattigdom, at han såg korleis mennesket kan få fred med seg sjølv.

KAPITTEL 2 Buddhismen 4 Dei heilage skriftene i buddhismen Det tok fleire hundre år før nokon begynte å skrive ned talane til Buddha og det som skjedde i livet hans. Dei eldste tekstane i buddhismen blir kalla dei tre korgene, fordi dei er i tre delar. Dei tre delane har litt ulikt innhald. 1 «Korga med reglar» inneheld reglar for munkar og nonner. 2 «Korga med leietråden» fortel frå livet til Buddha og frå talar som han heldt medan han levde. 3 «Korga med det som gjeld læra», forklarer kva talane til Buddha handlar om. Å vere buddhist i dagleglivet Sjølv om Buddha ikkje blir rekna som ein gud, har dei fleste buddhistar ein Buddha-figur i heimen sin. Det er vanleg å tenne lys og brenne røykjelse framfor denne figuren. Det er òg vanleg å gå i tempelet for å be og brenne røykjelse. For dei fleste buddhistar er religionen noko dei er fødde inn i. Frå dei er små lærer dei om korleis dei skal leve som buddhistar. Både born og vaksne kan meditere, og mange buddhistar mediterer kvar dag. Å meditere tyder å vere heilt still og tømme hovudet for alle slags tankar. Det kan ein gjere til dømes ved å konsentrere seg om å puste roleg og djupt. Då gjeld det å ikkje tenkje på noko anna enn pusten. (Sjå biletet og teksten på side 36 37 i grunnboka.) Det er mange måtar å vere buddhist på. Somme ber og mediterer ofte, og tenkjer mykje på korleis dei skal følgje Buddhas lære. Andre er ikkje særleg opptekne av religion i kvardagen. Dei fleste buddhistar prøver å leve slik at dei kan ha det godt både i dette livet og i det neste livet. Dei ventar ikkje at atterfødslene skal ta slutt, men vonar på eit betre liv neste gong. Mange buddhistar ynskjer å følgje dei fem levereglane, som blir kalla dei fem rettesnorene: 1 Ikkje skade eller drepe noko levande 2 Ikkje stele eller ta noko som du ikkje får frivillig 3 Ikkje vere seksuelt utru eller misbruke nokon seksuelt

KAPITTEL 2 Buddhismen 5 4 Ikkje lyge 5 Ikkje drikke alkohol eller bruke narkotika På grunn av desse levereglane er det mange buddhistar som ikkje et kjøt, og dei drikk heller ikkje alkohol. Det gjeld å prøve å følgje dei fem rettesnorene, men elles er det ikkje noko bestemt buddhistar må gjere. Korleis lever munkane og nonnene? Du har kanskje høyrt eller lese at det finst kristne munkar og nonner i Noreg? Dei har valt å leve eit enkelt liv, heilt utan luksus. Mykje av tida ber dei og les i heilage skrifter. På same måten finst det i buddhismen somme som vel å leve som munkar og nonner. Tanken om at dei som ville søkje etter å forstå korleis verda og livet heng saman, skulle bu og arbeide saman, var noko nytt som Buddha innførte. Det krevst meir av munkar og nonner enn av andre folk. Dei eig berre det mest nødvendige. Som regel har dei ei enkel oransje klesdrakt, ei matskål, ein barberkniv, ein vandrestav og nokre få andre ting. Dei lever av gåver og mat som dei får av folk. I tillegg til dei fem levereglane eller rettesnorene som er felles for alle buddhistar, har munkane og nonnene fem spesielle reglar som styrer livet deira: 1 Ikkje ete etter klokka 12.00 2 Ikkje danse, høyre på musikk eller sjå teater 3 Ikkje pynte seg med blomekransar, parfymar eller salvar 4 Ikkje sove i gode senger 5 Ikkje eige gull eller sølv I nokre buddhistiske land, til dømes i Thailand og Burma, er det vanleg at unge gutar går i kloster i ein periode. Dette blir ein del av utdanninga deira. Somme vel å bli verande i klosteret som munk resten av livet, medan andre reiser heim att til familien sin.