Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Like dokumenter
SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Utredning Indre Agder kommunereform. Presentasjon til folkemøte og møte med tilsette våren 2015

SCENARIO SUNNHORDLAND STRUKTURREFORMA OG LOKAL STYREFART

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. utval Utval Møtedato 139/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Handsaming i Kommunestyret :

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kommunereforma i Sunnfjord og Hafs. Status oktober 2015

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Informasjonsnotat / orientering

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL I MATRE

KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Sakspapir. Kommunestruktur i Nordhordland mv. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saksopplysningar:

Kommunereform. Informasjonsmøter mars 2015

Kommunane skal gjennomføre ein prosess mot ei eventuell større eining og førebu ei samanslåing.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

torsdag 28. november kl på Grand Hotel, Leirvik. Då vert føre: Godkjenning av referat frå møte i Samarbeidsrådet 10. oktober d.å.

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Møteinnkalling Formannskapet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Møteprotokoll for Kommunestyret

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 10. MARS 2017 KL

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Kommunereforma felles formannskapsdag i Sogn regionråd

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 009/15 Bystyret PS /15 Bystyret PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 062/14 Formannskapet PS /14 Bystyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksframlegg. Arkivsak: 14/ Sakstittel: KOMMUNEREFORMA. K-kode: 001 &25

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

Saksnummer Utval Vedtaksdato Formannskapet Kommunestyret

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gro Anita Bårdseth Arkivsak: 2014/402 Løpenr.: 13818/2014

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Kommunereform utvikling av Oppland

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 MELA Giske kommunestyre

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Ny kommune i indre Sunnfjord. Fylkesarkivet sin kontaktkonferanse

SELJE KOMMUNE Formannskapet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 14:00 16:00. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Mandat kommunereformen i Lesja og Dovre kommuner

INNKALLING TIL MØTE I JÆRRÅDET

Kommunereform. Ope møte i Volda

Vår dato: Vår ref: Arkiv: Sakshandsamar: / / Andreas Moe Larsen

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 11. JUNI 2015 KL FITJAR FJORDHOTELL, FITJAR

Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE. Kommunereforma. Fagforbundet Lærdal Fylkesmannen Kåre Træen prosjektleiar

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 2 FEBRUAR 2018 kl , ADVANTEC STORD

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 84/14 Kommunestyret Kommunestyret vil i samband med kommunereforma utgreie følgjande alternativ:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 002 Arkivsaksnr.: 14/2345. Kommunereformarbeidet i Luster. Rådmannen si tilråding:

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

NOTAT. Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ / ADM/RSJ

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 21. JUNI 2019 KL , ETNE OMSORGSSENTER

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND

Kommunereforma. Forstudium

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Saksprotokoll i Kommunestyret Vedtak Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet ynskjer Tokke kommune å

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Transkript:

Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Martinsen, Bjarne Aksnes N - 012 14/458 Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS 02.06.2014 045/14 Kommunestyret PS 16.06.2014 KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND Saksopplysningar: Regjeringen vil gjennomføre en kommunereform, hvor det sørges for at nødvendige vedtak blir fattet i perioden, jamf samarbeidsavtalen (Venstre og KrF). Regjeringen vil ha en gjennomgang av oppgavene til fylkeskommunene, fylkesmennene og staten med sikte på å gi mer makt og myndighet til mer robuste kommuner. (Regjeringa si Sundvollen-erklæring) Denne ambisjonen har regjeringa sett seg under målet om å fornya, forenkla og forbetra offentleg sektor. Denne våren vil regjeringa presentera si varsla kommunereform. I kommuneproposisjonen, som vert lagt fram i mai, vil regjeringa gå gjennom kvifor det er behov for ei reform, måla for reforma og ein plan for gjennomføring av reforma. Frå regjeringa si side er det ved mange høve poengtert at det er viktig med lokal forankring for at ein skal få til ei vellukka reform. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sette 3. januar 2014 ned eit ekspertutval. Utvalet skal bidra til å arbeida ut forslag til kriterium for ein god kommuneinndeling. 31. mars 2014 la ekspertutvalet fram sin delrapport Kriterier for god kommunestruktur. (Utvalet sine tilrådingar i vedlegg 2). I arbeidet har utvalet sett på kriterium som må vera på plass for at kommunane skal løysa oppgåvene/ rollene; tenesteyting, mynde, samfunnsutvikling og demokrati. Kriterium for kommunane; Nok kapasitet, Relevant kompetanse, Nok distanse, Effektiv tenesteproduksjon, Økonomisk soliditet, Valfridom, Funksjonelle samfunnsutviklingsområder, Høg politisk deltaking, Lokal politisk styring, Lokal identitet På bakgrunn av gjennomgongen av desse kriteria rår utvalet til at; 1. For å sikra god oppgåveløysing bør kommunane i utgangspunktet ha minst 15 000

20 000 innbyggjarar. 2. Kommunestrukturen bør i større grad nærma seg funksjonelle samfunnsutviklingsområde. 3. Staten bør redusera detaljstyringa og ordningar for politisk deltaking bør vidareutviklast for å sikra gode og slagkraftige demokratiske arenaer. Sluttrapport frå ekspertutvalet skal leggjast fram innan 31.12.14. I denne rapporten skal utvalet gå nærare inn på kriterium som skal liggja til grunn for at kommunane skal kunne få nye oppgåver og meir sjølvstyre. Utvalet skal også vurdera geografiske og lokale tilhøve, som avstandar, busetjing og kultur. 3. februar 2014 oppnemnde kommunal- og moderniseringsministeren ei referansegruppe for ekspertutvalet. Gruppa er sett saman av ordførarar frå alle parti og med representasjon frå alle delar av landet. I løpet av 2013 har Samarbeidsrådet for Sunnhordland ved fleire høve hatt kommunestruktur på sakskartet, der det mellom anna har vorte informert om andre regionar og kommunar si tilnærming til temaet. Prosessen i Samarbeidsrådet for Sunnhordland førte til følgjande vedtak 28.11.2013; *Samarbeidsrådet for Sunnhordland går inn for at det vert gjennomført eit scenarioarbeid med fokus på ein eventuell ny kommunestruktur i Sunnhordland. *Det vert sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Bømlo, Stord og Fitjar, som skal utarbeida eit mandat for det vidare arbeidet. *Finansiering av arbeidet kjem opp som ny sak når mandatet for arbeidet er vedteke. Kommunane peika ut følgjande medlemmer til arbeidsgruppa; ordførar Odd Harald Hovland, Bømlo, ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar og formannskapsmedlem Harry Herstad, Stord. Arbeidet til gruppa endte opp i eit dokument som blei lagt til grunn for eit felles møte mellom formannskapa i dei 8 kommunane i Sunnhordland 7. mars 2014. Ut frå dette møtet blei følgjande framlegg til mandat sendt til godkjenning i kommunane; 1. Kommunane i Sunnhordland er positive til at det i regi av Samarbeidsrådet vert henta inn kompetanse som kan gjennomføra eit scenario som skal vera vedtaksgrunnlag for val av vidare prosess knytt til kommunestruktur. 2. Arbeidet må ta for seg ulike sider ved ny kommunestruktur slik at det gjev eit

grunnlag til å gå vidare med ei utgreiing av ei eller fleire kommunesamanslåingar, eller å fortsetje som sjølvstendige kommunar med auka interkommunalt samarbeid. 3. Det må takast kontakt med kompetansemiljø som kan gjennomføra dette arbeidet. 4. Samarbeidsrådet vil venda seg til fylkesmann, KS og andre instansar for å be om tilskot til å gjennomføra ei slik utgreiing. I tillegg til eigne midlar vil ein be om at kvar kommune skyter inn kr 10.000,- til utgreiinga. Som eit ledd i det å få organisert arbeidet med å utarbeidd eit felles saksframlegg for dei 8 kommunane i Sunnhordland fatta Samarbeidsrådet for Sunnhordland følgjande vedtak i sitt møte 14. mars 2014; 1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland ber rådmennene laga eit felles saksframlegg som går til kommunane for endeleg godkjenning. 2. Administrasjonen vert sekretariat. 3. Saksframlegget vert å leggja fram for politisk handsaming ultimo september. I møtet i Samarbeidsrådet for Sunnhordland 14. mars 2014 blei det frå fleire hald og poengtert at det var ønskjeleg med prosjektleiing rekruttert internt frå dei kommunane som deltek i prosjektet. Gjennom eit slikt grep vil ein vera tryggare på at kompetanse tileigna gjennom prosjektet blir verande att i regionen etter at prosjektet er avslutta. Med bakgrunn i semje i felles møte med formannskapa i samarbeidsrådskommunane 7. mars 2014 er det ønska at alle 8 kommunar i Sunnhordland går saman i eit prosjekt for å få utarbeidd eit faktabasert grunnlag, som i neste omgang skal gjera interesserte kommunar i stand til å vedta framtidig kommunestruktur i Sunnhordland. Om prosjektet Prosjektorganisering: Styringsgruppe: Samarbeidsrådet Prosjektgruppe: Ein representant frå kvar kommune Prosjektleiar: Internt rekruttert Referansegrupper: Ei gruppe for kvar kommune (samansetting og storleik avgjer kommunen) Mandat Få utarbeidd eit faktabasert grunnlag, som i neste omgang skal gjera interesserte kommunar i stand til å vedta framtidig kommunestruktur i Sunnhordland.

Framdriftsplan 2014 Oktober Rekruttering av prosjektleiar Ansv;Styringsgruppa November Oppstartsmøte for prosjektgruppe Desember Utarbeiding av detaljert framdriftsplan og budsjett Ansv;Prosjektleiar 2015 Januar Felles møte styringsgruppe og prosjektgruppe Febr mai Kommunevise prosessar Ansv;Prosjektleiar Juni sept Prosjektgruppa utarbeider rapport Ansv;Prosjektleiar Budsjett Kostnader totalt Prosjektleiar7 prosessleiar Driftsutg. (reise, møte) Eigeninnsats kommunar Administrasjon 727.000kr 230.000kr 50.000kr 427.000kr 20.000kr Finansiering av det som ikkje er eigeninnsats vil skje ved søknad til fylkesmannen i Hordaland. Økonomiske konsekvensar Sjå budsjett. Sveio kommune sin eigeninnsats vil evt vere 427.000kr / 8 = 53.000kr.

Rådmannen sin vurdering Rådmannen meiner Sveio kommune bør ta medvetne val i forhold til dei prosessar som vert sett i gang i nærleiken av oss. Dette gjeld kanskje i endå sterkare grad når kommunestruktur er tema. Rådmannen er ikkje sikker på om det er god bruk av kommunen sine ressursar å gå inn i ein kommunestrukturprosess i Sunnhordland. Slik rådmannen ser det er sannsynet for at Sveio kommune vil slå seg saman med kommunar i Sunnhordland liten. Dersom kommunestyret nærast i utgangspunktet utelukker å gå inn i ein storkommune i Sunnhordland, bør ein ikkje ta lett på å gå inn i arbeidskrevjande prosessar med storkommune som mål. Dersom kommunestyret likevel ønskjer å delta i prosessane, vil det vere i samsvar med saksførelegg å vedta følgjande: 1. Sveio kommune vedtek å delta i prosjektet Kommunereform i Sunnhordland. 2. Prosjektet vert vedteke med mandat, organisering, framdriftsplan og budsjett som det går fram av saksutgreiinga. Rådmannen sitt forslag til vedtak: Sveio kommune deltek ikkje i prosjektet Kommunereform i Sunnhordland. Formannskapet - 036/14 FOR - behandling: Fleire tok ordet i saka. Geir Bårdsen gjorde merknad om at ein bør finne fram tidlegare vedtak som er gjort om kommunestruktur. Formannskapet gjorde eit slikt omforeint framlegg til nytt pkt.2: Ei eventuell kommunestruktursak må utrede mulegheiter mellom alle kommunane i Sunnhordland og haugalandet. Vi ønskjer ein mulegheitsstudie mellom Bokn og Bjørnen. Sveio kommune oppfordrer Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Haugaland Vekst til å initiere dette arbeidet. Votering: Pkt. 1 og nytt pkt 2: Samrøystes

FOR - vedtak: Tilråding til kommunestyret: 1. Sveio kommune deltek ikkje i prosjektet "Kommunereform i Sunnhordland". 2. Ei eventuell kommunestruktursak må utrede mulegheiter mellom alle kommunane i Sunnhordland og Haugalandet. Vi ønskjer ein mulegheitsstudie mellom Bokn og Bjørnen. Sveio kommune oppfordrer Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Haugaland Vekst til å initiere dette arbeidet., den 26.05.2014 Martinsen, Bjarne Aksnes Rådmann