Kyrkjevegen 2 GNR/BNR 45/418 m.fl.

Like dokumenter
INNHALD 1 SAMANDRAG NØKKELOPPLYSNINGAR BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET BAKGRUNN INTENSJONEN MED PLANFORSLAGET...

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE

ROS-ANALYSE. DETALJREGULERING AV DEL AV GNR. 51, BNR. 3 M. FL, SKAUN KOMMUNE

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Beskrivelse RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE. REGULERINGSPLAN FOR Eiendommene Gnr 6 Bnr 42, 59 og 60 Stasjonsveien 21 MED TILLIGGENDE VEIAREALER

Beskrivelse RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE. REGULERINGSPLAN FOR Eiendommene Gnr 6 Bnr 42, 59 og 60 Stasjonsveien 21 MED TILLIGGENDE VEIAREALER

E16 Skromleparsellen Sundve skule - Skromle bru

DETALJREGULERING FOR GNR. 13 BNR. 225 M/FL. ØSTBØ, SANDEID PLANSKILDRING

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

RISIKO- OG SÅRBARHETSANALYSE Reguleringsplan for Mokleiva 4.gnr./br.nr.:2/906 i Nesodden kommune

ROS - ANALYSE. 1. Bakgrunn. 2. Metode

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

ROS-ANALYSE OG VURDERING NATURMANGFOLDLOVA. DETALJREGULERING DEL AV GNR. 12, BNR. 2 I KLÆBU KOMMUNE.

RISIKO- OG SÅRBARHETSANALYSE

ROS analyse Reguleringsplan for Holmamyranebustadområde PlanID 14xx 2014xxx

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

Reguleringsplan for Borgeskogen Sør Porsgrunn kommune RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

Metode Mulige uønskede hendelser er sortert i hendelser som kan påvirke planområdets funksjon som boligområde, og hendelser som direkte kan påvirke

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE. Radøy Kommune PLAN: Hordabø, Gnr 24 bnr 22,66 og 211 med fleire Plan nr.: Dato sist revidert: 31.5.

Radøy kommune Saksframlegg

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

RISIKO- OG SÅRBARHETSANALYSE

Dokkedalen fjelltak Sør-Aurdal kommune RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

RISIKO- OG SÅRBARHETSANALYSE

Tursti mellom Nymoen og Vadøyane, Luster kommune

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

AG Plan og Arkitektur AS

Statens vegvesen sin uttale til off. ettersyn detaljreguleringsplan - gnr. 144 bnr. 44 m.fl. - Korggardsvika - Husnes - Kvinnherad kommune

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

DETALJREGULERINGSPLAN FOR VANGBERG BOLIGOMRÅDE, PLAN Vedlegg 2 RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Saksutgreiing til folkevalde organ

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 143/16 Plan- og miljøutvalet PS

Detaljreguleringsplan for Høgahaug

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

RISIKO- OG SÅRBARHETSANALYSE. Detaljreguleringsplan for Løkenåsen omsorgsboliger og dagaktivitetssenter gnr./bnr. 40/82, m.fl.

Risiko og sårbarhets analyse

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Risiko- og sårbarhetsanalyse

ROS (RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE) for Fv 51GS nordover fra Rogne skole

FREMLEGG TIL REGULERINGSPLAN FOR BUSTADER, G.NR. 34 B.NR. 9 og 285, VASSKARHAUGEN VIK I ØYGARDEN KOMMUNE PLANOMTALE

RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ole Martin Dahle K2 - L12, Gnr/bnr - 27/9 18/1513

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

ROS-ANALYSE BRUTTOLISTE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR HILMARFELTET SØR, TROLLVIK, LENVIK KOMMUNE, PLAN ID RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

REGULERINGSPLAN FOR SKOKLEFALD OMSORGSBOLIGER OG DAG-/ AKTIVITETSSENTER GNR./BNR. 2/1487, MFL.

Reguleringsplan for Lystad massemottak.

RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

Reguleringsplan for Parkveien 4

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

HERØY KOMMUNE Plan-ID: REGULERINGSPLAN FOR GANG OG SYKKELVEG FYLKESVEG 10 MOLTUSTRANDA PLANOMTALE SEPTEMBER 2014

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

RISIKO- OG SÅRBARHETSANALYSE

Detaljreguleringsplan for Storevegen 67 Årdal kommune ROS-ANALYSE BRUTTOLISTE Natur, klima og miljøforhold

ROS-ANALYSE PLAN 2504P BOGANESVEIEN 10-12

RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

DETALJREGULERING FOR Vangslia. i Oppdal kommune - PLANBESKRIVELSE -

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

Saksutgreiing til folkevalde organ

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm

REGULERINGSPLAN FOR SLETTEVOLD, GNR 57/422 M.FL

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

OMREGULERING AV TEVLINGVEIEN 4C. Vedlegg 5 RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

RAPPORT. Risiko- og sårbarhetsanalyse. ANKERSKOGEN SVØMMEHALL Omregulering av uteområdet. Oppdragsgiver: Hamar kommune

Reguleringsplan for Kvestad gård

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE FLATEVIK 117/31 M.FL. TORMODSÆTRE PLANID

Detaljregulering gnr. 57, bnr. 10 m fl. Hyggen, Malvik kommune Oversiktskart

SVAR PÅ PRINSIPPSØKNAD FOR OPPSTART AV REGULERINGSPLAN FOR UTVIDING AV INDUSTRIOMRÅDE KVERNAVIKA GNR.100,BNR.2 M.FL. ØKLAND

Plan Vest Bergen As Domkirkegaten Bergen FORSLAGSTILLAR SI PLANSKILDRING FOR DETALJPLAN KATTANES. Tysnes kommune Gnr 114 Bnr 1.

AG Plan og Arkitektur AS

Undredal sentrum Reguleringsendring detaljregulering gnr 51, bnr 20 m.fl

Behandla i: Møtedato: Sak nr: Hovudutval for lokal utvikling /11. Kommunestyret /11

RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1

Reguleringsendring for Storebø, Austevoll kommune, datert

Risiko og sårbarhetsanalyse

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Gjeldande plan: I gjeldande plan for Gjelevika planid: er området regulert til bustad, leik, offentleg og felles veg.

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

ROS- ANALYSE TIL DETALJREGULERING FOR MELNES VESTRE, GNR. 83 BNR. 1-3 OG GNR. 90 BNR. 14, FET KOMMUNE

DETALJREGULERING FOR STEINBRUDD VED GAMVIKVEIEN I MEHAMN, GAMVIK KOMMUNE, PLAN-ID RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

RISIKO- OG SÅRBARHETSANALYSE

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF

RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE. DETALJREGULERINGSPLAN FOR Raneisåsen fjelltak

Transkript:

Plan Vest Bergen As Domkirkegaten 3 5017 Bergen FORSLAGSTILLAR SI PLANSKILDRING Kyrkjevegen 2 GNR/BNR 45/418 m.fl. RADØY KOMMUNE 06.07.10

INNHALD 1 Samandrag... 4 2 Nøkkelopplysningar... 5 3 Bakgrunn for planarbeidet... 6 3.1 Bakgrunn... 6 3.2 Intensjonen med planframlegget... 6 4 Planprosessen... 7 4.1 kunngjering og Varsling av oppstart... 7 4.2 Merknader i samband med varsling... 7 5 Gjeldande planstatus... 8 5.1 Fylkes(del)plan... 8 5.2 Kommuneplan/kommundedelplan... 8 5.3 Reguleringsplanar... 8 5.4 Eventuelle temaplanar... 8 5.5 Rikspolitiske retningsliner... 8 6 Skildring av planområdet... 10 6.1 Lokalisering... 10 6.2 Avgrensing... 11 6.3 Tilstøytande areal sitt bruk/status... 11 6.4 eksisterande busetnad... 11 6.5 Topografi/landskapstrekk... 12 6.6 geologiske ressursar... 12 6.7 Soltilhøve... 12 6.8 klima... 12 6.9 Vegetasjon, dyreliv og andre naturtilhøve... 13 6.10 Grøne interesser/friluftsinteresser... 13 6.11 Jordvern og landbruksfaglege vurderingar... 13 6.12 Kulturminne... 14 6.13 Veg og trafikktilhøve... 14 6.14 Støy... 14 6.15 Offentleg kommunikasjon/ kollektivdekning... 14 6.16 Vatn og avlaup... 14 6.17 Energi... 15 6.18 Privat og offentleg servicetilbod... 15 6.19 Risiko... 15 6.20 Privatrettslege bindingar... 15 7 Utgreiing i hht. føreskrift om konsekvensutgreiingar... 16 8 Skildring av planframlegget... 17 8.1 Innleiing... 17 8.2 Reguleringsføremål... 18 8.3 Byggeføremål... 18 8.4 Busetnad og anlegg... 18

8.5 Næringsverksemd... 18 8.6 Leik/uteopphaldsareal... 18 8.7 Parkering/garasje(r)... 18 8.8 Trafikkareal... 18 8.9 Landbruk, natur og friluftsføremål... 19 8.10 Støytiltak... 19 8.11 Avfallshandtering/miljøstasjon... 19 8.12 Risiko... 19 9 Konsekvensar av planframlegget... 20 9.1 Overordna planar og vedtak... 20 9.2 Eksisterande reguleringsplanar... 20 9.3 Estetikk/nær og fjernverknad universell utforming... 20 9.4 Konsekvensar for naboar... 20 9.5 Trafikk- og parkeringstilhøve... 20 9.6 Kulturminne... 20 9.7 Friluftsaktivitet, naturområde, born og unge sine interesser i nærmiljøet... 21 9.8 Privat og offentleg servicetilbod... 21 9.9 Konsekvensar for næringsinteresser... 21 9.10 Juridiske/økonomiske konsekvensar for kommunen... 21 9.11 Infrastruktur... 21 9.12 Risiko og sårbarheit... 21 9.13 Ros-analyse... 21 10 Merknadar... 24 10.1 Samla merknadar... 24 11 Forslagsstiller sin avsluttande kommentar... 26

1 SAMANDRAG Planområdet ligg sentralt på Manger i Radøy kommune. Tomt 45/418 ligg mellom Manger kyrkje og bedehus langs med Kyrkjevegen. Tomta skal detaljregulerast saman med eit område nordaust for 45/418, som skal nyttast til offentleg parkering og grav- og urnelund. Tiltakshavar Kyrkjevegen 2 ynskjer å legge til rette for næringsverksemd med forretning, kontor og tenesteyting. Planframlegget er laga av Plan Vest Bergen AS. Arkitekt: Mette Kyed Thorson, Helgesen Tekniske-bygg AS.

2 NØKKELOPPLYSNINGAR Kommune Radøy kommune Gardsnamn (adresse i sentrum) Kyrkjevegen 2 Gardsnr./bruksnr. 45/418 m.fl. Gjeldande planstatus (regulerings-/kommune(del)pl.) Bustad/forretning, offentleg bygg, offentlege trafikkområde. Kommuneplan for Radøy vedtatt 08.09.2005. Reguleringsplan for Manger sentrum 2008. Forslagstillar Kyrkjevegen 2 AS Grunneigar (sentrale) 45/1/84 45/418 45/322 45/245 Radøy kommune Kyrkjevegen 2 AS Radøy kommune Statens vegvesen Plankonsulent Ny plans hovudføremål Planområdets størrelse i daa Tal på nye bustader/nytt næringsareal (BRA) Aktuelle problemstillingar (støy, byggehøgde o.l.) Føreligg det varsel om motsegn (j/n) Konsekvensutgreiingspliktig (j/n) Plan Vest Bergen AS Næringsbygg, veg, fortau, parkering Ca 7 daa Næringsareal ca 2 daa Nærleik til kyrkje og kyrkjegard N N Kunngjering oppstart, dato 16.01.10 Fullstendig planframlegg mottatt, dato Informasjonsmøte haldt (j/n) N

3 BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET 3.1 BAKGRUNN Tiltakshavar Kyskjevegen 2 As ynskjer å detaljregulera planområdet for næringsverksemd og offentleg parkering. Planen er utarbeidd av Plan vest Bergen As på oppdrag frå Kyrkjevegen 2 As. 3.2 INTENSJONEN MED PLANFRAMLEGGET Kyrkjevegen 2 As ynskjer i ny detaljplan for området å få regulert om til forretning, kontor, tenesteyting, gravlund, parkeringsplassar, pendlar-/innfartsparkering, veg, fortau, kollektivhaldeplass og grønstruktur. Planområdet er i gjeldande reguleringsplan for Manger regulert for bustad/forretning, offentleg bygg og offentlege trafikkområde.

4 PLANPROSESSEN 4.1 KUNNGJERING OG VARSLING AV OPPSTART Formell kunngjering vart gjennomført 16.01.10 i Nordhordland avis. Naboar og grunneigarar, offentlege og private høyringsinstansar vart varsla 18.01.10 med merknadsfrist sett til 12.02.10. Planområdet var ved varsling avgrensa som vist i varslingskartet under. Planområdet som vart varsla er på ca 21 daa. Dette er no redusert til ca 7 daa. 4.2 MERKNADER I SAMBAND MED VARSLING I samband med varslinga kom det inn 5 merknader frå ulike offentlege instansar. Samla oversikt over merknader med svar finn ein under punkt 10.1. Figur 1 Varslingskart for Kyrkjevegen 2

5 GJELDANDE PLANSTATUS 5.1 FYLKES(DEL)PLAN I fylkesplanen for 2005 2008 står det at Hordaland skal ha best moglege rammevilkår for framvekst av næringsliv, som kompetanse, kapital og infrastruktur. Lokalsamfunna skal ha livskraftig næringsliv, basert på eigne føremoner og særtrekk, og som grunnlag for gode arbeidsplassar. 5.2 KOMMUNEPLAN/KOMMUNDEDELPLAN Planområdet er i reguleringsplan for Manger sentrum (sist oppdatert september 2008) definert for bustad/forretning, offentleg bygg og offentlege trafikkområde. Figur 2 Utsnitt av kommunedelplan for Manger sentrum 5.3 REGULERINGSPLANAR Godkjent gjeldande reguleringsplan for Manger sentrum. Dato sist oppdatert 12.09.2008 5.4 EVENTUELLE TEMAPLANAR Trafikksikringsplan for Radøy (kommunedelplan 2001 2012) Kommunedelplan for klima og energi 5.5 RIKSPOLITISKE RETNINGSLINER Dei rikspolitiske retningslinene for samordna areal- og transportplanlegging har som mål at transportsystem skal utviklast slik at dei fremmar samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, med miljømessige gode løysingar, trygge lokalsamfunn og bumiljø, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Det skal leggast til grunn eit langsiktig, berekraftig perspektiv i planlegginga. Dei rikspolitiske retningslinene for barn og planlegging har som mål og sikre eit oppvekstmiljø som gir barn og unge tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknadar. Det skal sikrast at oppvekstmiljøet har dei fysiske, sosiale og kulturelle kvalitetar som til ei kvar tid samsvarar med eksisterande kunnskap om barn og unge sine behov. Dei rikspolitiske retningslinene for universell utforming er retningsliner som i særleg grad tar opp i seg dei spesielle utfordringane med ein aukande eldre befolkning. Den seier at: Alle menneske i heile landet skal ha like mogelegheiter til å utvikla sine evner og leva gode og meiningsfylte liv. Det vil bli lagt til rette for at personar

med nedsett funksjonsevne kan ivareta sine rettar og plikter som samfunnsborgarar. Personar som lever med funksjonshemmingar skal sikrast levekår og livskvalitet på line med den resten av befolkninga. Universell utforming er ein strategi for planlegging og utforming av produkt og omgivnader for å oppnå eit inkluderande samfunn med full likestilling og deltaking for alle. Universell utforming vert definert som: Universell utforming er utforming av produkt og omgivnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekking som mogleg, utan behov for tilpassing og spesiell utforming. Formålet med rikspolitiske retningsliner for universell utforming er å klargjera og sikra at omsynet til universell utforming blir ivaretatt i den kommunale og fylkeskommunale planlegginga etter plan- og bygningslova. Det nasjonale mål for universell utforming føreset målretta arbeid innanfor fleire samfunnssektorar, blant anna samferdsel, helse, arbeid, utdanning, IKT og kultur. Retningslinene skal bidra til å skapa samanhengande tilgang i omgivnadane. Lokalisering av ulike tiltak og funksjonar i forhold til kvarandre, og i forhold til ulike transportsystem, verkar inn på den enkelte sin sjanse til å delta i samfunnet. Tilfredsstillande tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne til alle delar av den daglege reisekjede, frå bustad til arbeidsplass, skule, privat og offentleg service osb. bør vera eit berande prinsipp i planlegginga.

6 SKILDRING AV PLANOMRÅDET 6.1 LOKALISERING Planområdet ligg sentralt på Manger i Radøy kommune. Kommunesenteret Manger ligg midt i kommunen, om lag 45 km frå Bergen sentrum. Planområdet Figur 3 Planområdet plassert i regionen. 1:90 000 (Nordhordlandskart) Knarvik

Planområdet Figur 4 1:4000 (Nordhordlandskart) 6.2 AVGRENSING Planområdet er lokalisert som vist på kartutsnittet. Planområdet ligg sentralt på Manger vest i kommunen. Sjølve planområdet ligg tett opptil Kyrkjevegen, ein del av Fv 409 som går gjennom Manger sentrum. 6.3 TILSTØYTANDE AREAL SITT BRUK/STATUS Tilstøytande område er regulert til kyrkje, offentlege trafikkområde, forretning, småhusbusetnad og landbruksområde. I figur 2 kan ein sjå utsnitt av gjeldande detaljreguleringsplan. 6.4 EKSISTERANDE BUSETNAD Ein finn småhusbusetnad aust for planområdet. Planområdet ligg sentralt på Manger, ein tettstad med eit folketal på 869 pr. 01.01.2010

Figur 4Flyfoto over planområdet med tilstøytande areal. (Nordhordlandskart) 6.5 TOPOGRAFI/LANDSKAPSTREKK Manger ligg på vestsida av øya, mot Mangersfjorden som skil Radøy og Meland. Landskapet er typisk for denne delen av regionen, og er danna av den nordlege delen av Bergensbuane. Landskapet ligg i bua folder i diagonal retning søraust nordvest. Arealet som er omfatta av planen ligg inne på øya ca 400 meter frå strandsona. 6.6 GEOLOGISKE RESSURSAR Det er hovudsakleg bergartar under Lindåssdekket som anortositt som er bergarten i området. Radon er eit kjent problem mange stader i fylket, men det er ikkje kjent at det er eit uttalt problem i dette aktuelle området. 6.7 SOLTILHØVE Ikkje aktuelt. 6.8 KLIMA Radøy er typisk for landskapet i denne delen av fylket. Radøy har sterkt kystpåverka typisk klima for dei ytre delane av vestlandet. Terrenget består av låge åsdrag og lange viker og høyrer under dei karakteristiske bergensbuane som gjer den spesielle foldinga. Klimaet er generelt i kommunen mildt og prega av milde vintrar og kjølige somrar. Målingar gjort av vindstyrke syner at det i vintermånadene er dominert av vind frå søraust.

6.9 VEGETASJON, DYRELIV OG ANDRE NATURTILHØVE Mykje av arealet i Radøy er jordbruksland med mykje innmarksbeite og graseng. Radøy er særmerkt med at så stor del av øya er dyrka mark. Planområdet grensar til dyrka mark. Det er ikkje registrert trua dyreartar eller naturtypar i planområdet. 6.10 GRØNE INTERESSER/FRILUFTSINTERESSER Det er ikkje nokre spesielt merka turløyper i eller nærområdet. 6.11 JORDVERN OG LANDBRUKSFAGLEGE VURDERINGAR Figur 5 Det er ikkje dyrka mark i planområdet (Skog og landskap) Figur 6 Det er skog i området mest lauvskog (Skog og landskap)

Som ein kan sjå av figur 6 og 7 er det ikkje dyrka mark innanfor planområdet. Skogen er delvis klassifisert å ha høg bonitet. 6.12 KULTURMINNE Ved søk i Askeladden kulturminnebase 15.06.10 er det ikkje registrert automatisk freda kulturminne (tidlegare fornminne) innanfor planområdet. Planområdet grensar til Manger kyrkjestad. Kyrkja vart verna 26.03.2001. Kyrkjegarden ved planområdet er frå middelalderen, og er eit automatisk freda kulturminne. Det er ikkje andre SEFRAK-registrerte bygg i eller ved planområdet. 6.13 VEG OG TRAFIKKTILHØVE Figur 7 Vegdata frå Statens vegvesen Planområdet ligg opp til fylkesveg 409. Forbi planområdet er ÅDT sett til 1500. Rv409 er hovudvegen mellom den sørlege og nordlege delen av kommunen. Vegen vert også noko nytta som gjennomfartsveg for trafikk som skal lenger nord til t.d. Austrheim kommune. Fartsgrensa forbi planområdet er 50 km i timen. 6.14 STØY Ikkje aktuelt. 6.15 OFFENTLEG KOMMUNIKASJON/ KOLLEKTIVDEKNING Det går buss forbi planområdet 19 gongar i døgeret kvardagar frå Manger mot Bergen. Laurdagar og sundagar er tilbodet redusert til 4 avgongar. Buss-stoppet ligg sentralt i forhold til planområdet og vil vere lett tilgjengeleg. Frå Manger til Bergen tar bussturen ca 1 time og 50 min. 6.16 VATN OG AVLAUP Området har tilgang til kommunalt vatn og avlaup, og vil kople seg på dette.

6.17 ENERGI Ein vil nytte fornybar energi i den grad det let seg gjere. Det vert i stor grad opp til tiltakshavar å definere ambisjonsnivået for energibruken i bygga. 6.18 PRIVAT OG OFFENTLEG SERVICETILBOD Planområdet ligg i kommunesenteret Manger, der ein finn dei fleste tilbod til innbyggarane i kommunen. 6.19 RISIKO Sjå ROS-analyse under punkt 9.13. 6.20 PRIVATRETTSLEGE BINDINGAR Ingen kjente.

7 UTGREIING I HHT. FØRESKRIFT OM KONSEKVENSUTGREIINGAR Ikkje aktuelt.

8 SKILDRING AV PLANFRAMLEGGET Figur 8 Plankart Kyrkjevegen 2 8.1 INNLEIING Planområdet ligg langs Kyrkjevegen i Manger sentrum, ein del av Fv 409. Næraste naboar til planområdet er Manger kyrkje på eine sida, og bedehuset på den andre. Området ein ynskjer regulert om til forretning, kontor og tenesteyting er i gjeldande reguleringsplan regulert til bustad og forretning. Innanfor planområdet regulerer ein eit bygg for forretning, kontor og tenesteyting. Bygget ligg sørvest i planområdet. Bygget vil ha inngang mot søraust. Framfor inngangen vil det vera kundeparkering. Det vil og vera parkering på den sida som vender vekk frå Kyrkjevegen. Det vil vere kundeparkering med plass til 42 bilar. Minimum fem prosent av desse vert sett av til handicapparkering. Den offentlege parkeringsplassen ligg i eit området som er regulert til offentleg bygg, og har i alt plass til ca 66 bilar. Den vil kunna nyttast ved større arrangement i kyrkja, og på den måten få vekk bilane som i dag står parkert langs etter vegen. Det er plass til i alt ca 108 bilar. I det nordvestlege hjørnet av planområdet ligg det ei urnelund som ei forlenging av kyrkjegarden. Mellom kyrkjegard med urnelund og butikk og parkering er det lagt inn ein vegetasjonsskjerm. Denne vil fungere som eit synsskilje mellom gravplass og butikkområde. I planområdet ligg og fortau langs etter Kyrkjevegen og busshaldeplass. Det er 12 meter frå midten av Kyrkjevegen til bygget på 45/418. Kyrkjevegen har ei breidde på totalt 6 meter. I tillegg kjem 3 meter fortau der det er plass til deponering av snø. Det er regulert til 9 meter frå midtlina i vegen til bygget. Bygget er no dratt litt inn på tomta og nok som gir i alt 12 meter frå midtlina i vegen til bygget. Busshaldeplassen er flytta i høve til godkjent reguleringsplan. I godkjent reguleringsplan ligg haldeplassen vest for av- og påkjørsel til Kyrkjevegen 2, men den er flytta over på motsett side av innkjørselen jf plankartet. Dersom haldeplassen skulle vore vest for innkjørselen ville det vore naudsynt å flytta innkjørselen noko lenger aust. Dette ville igjen ført til at ein fekk ei mindre heldig form på vegen inne i planområdet. I samband med at haldeplassen er flytta har og tilkomstveg til 45/305 og 45/299 vorte flytta noko i austleg retning. Dette for at å få betre sikt forbi ein eventuell buss på haldeplassen. Det er lagt inn gjennomgåande gangvegar i planområdet. Huset som i dag står i planområdet i dag skal rivast. Huset har tidlegare fungert som prestebustad, men står no tomt grunna sopp og er ikkje lenger høveleg som bustad. Grad av utnytting (BYA) er 75%.

8.2 REGULERINGSFØREMÅL Føremål Totalt areal Busetnad og anlegg Næringsverksemd AF/K/T1 2,1 daa Grav- og urnelund AGU1 0,2 daa Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Veg SV1 0,6 daa Fortau SF1-SF2 - Gangareal SG1-SG4 - Anna veggrunn SAT - Kollektiv haldeplass SKH1 - Parkeringsplass SP1- SP3 2,2 daa Landbruk, natur og friluftsføremål Grønstruktur G1-G2 0,6 daa Omsynssoner Frisiktssone - 2,3 daa 2,8 daa Totalt 5,7daa 8.3 BYGGEFØREMÅL Byggeføremål Reguleringsføremål Forretning, kontor og tenesteyting Areal 2,3 Tal på bustader 0 Byggehøgde Parkeringsplassar 108 8.4 BUSETNAD OG ANLEGG Ikkje relevant. 8.5 NÆRINGSVERKSEMD Bygg for forretning, kontor og tenesteyting, AF/K/T1, ligg på tvers av Kyrkjevegen. Inngang og parkering er vendt vekk frå kyrkja og kyrkjegarden. Varelevering skjer på kortsida av bygget, mot SP3. Området er i gjeldande reguleringsplan regulert til bustad og forretning. 8.6 LEIK/UTEOPPHALDSAREAL Ikkje relevant. 8.7 PARKERING/GARASJE(R) Parkering for kundar og tilsette finns på SP1 og SP2. Her er det plass til i alt 42 bilar. Minimum fem prosent av desse vert sett av til handicapparkering. På SP3 er det offentleg parkering med plass til 66 bilar. Området er i gjeldande plan regulert som offentleg bygg. 8.8 TRAFIKKAREAL Planområdet grensar til Fv 409, og av- og påkjørsel til planområdet som skjer frå fylkesvegen. SV1 går gjennom planområdet på langs. SP1 knyt seg saman med SP1, SP2 og SP3. SP1 og SP2 ligg langs med SV1, medan SP3 ligg i enden av SV1. SV2, innkjørsel til 45/299 og 45/305 vert flytta noko til søraust for å sikre sikt forbi bussar som står på haldeplassen.

Det er lagt inn gjennomgåande gangvegar i planområdet. SG1 går langs med næringsbygget, mot parkeringa på SP1. SG2 går langs med SP2 og 45/305. SG4 fortset etter snuplassen på SV1 langsetter SP3. SG3 går på tvers av området frå kyrkjegarden og over på 45/322. Gangveg SG3 går langs med SG3 til SV1. Fortau, SF1 og SF2, føl Kyrkjevegen. Fortauet har ein breidde på 3 meter med plass til deponering av snø. I tillegg kjem 3 meter fortau der det er plass til deponering av snø. Busshaldeplassen er i godkjent reguleringsplan lagt ved SF1. Den er no flytta over på motsett side av innkjørsel til planområdet, og ligg ved SF2. Dersom haldeplassen skulle vore på venstre side ville det vore naudsynt å flytta innkjørselen noko mot søraust for å få god sikt i krysset. Dette ville igjen ført til at ein fekk ei mindre heldig form på vegen inne i planområdet. 8.9 LANDBRUK, NATUR OG FRILUFTSFØREMÅL Det er grønstruktur på G1 og G2. Grønstrukturen er i form av ein vegetasjonsskjerm mot kyrkjegard og grav- og urnelund. 8.10 STØYTILTAK Ikkje aktuelt. 8.11 AVFALLSHANDTERING/MILJØSTASJON Avfall vert tatt hand om i nærleiken av varemottaket innanfor bygget sine veggar. Etter dei retningslinene Rema 1000 har. 8.12 RISIKO Sjå eigen ROS- analyse under punkt 9.13.

9 KONSEKVENSAR AV PLANFRAMLEGGET 9.1 OVERORDNA PLANAR OG VEDTAK Godkjent gjeldande kommunedelplan for Manger sentrum. Dato sist oppdatert 12.09.2008. Planområdet er definert som bustad/forretning. 9.2 EKSISTERANDE REGULERINGSPLANAR Planområdet er definert som bustad/forretning. 9.3 ESTETIKK/NÆR OG FJERNVERKNAD UNIVERSELL UTFORMING Næringsbygget skal vera på to etasjar. Bygget vert plassert på tvers av Kyrkjevegen for å skapa eit lyd- og synsskilje mellom kyrkjegarden og parkeringsområde for ny butikk. Samstundes får ein ein passasje til området nord for 35/418 og offentlege parkeringsplassen. Kundeinngang og varelevering skjer i kvar sin ende av butikkarealet. Ein har valt å ikkje plassera kundeinngang ut mot Kyrkjevegen grunna plasseringa av parkering inne på tomta. Varelevering finn stad mot nord, slik at varebilane kan manøvrera til minst mogeleg sjenanse for kundetrafikken. Vegen er også forlenga i søraustleg retning frå vareleveringsområdet slik at det skal vera mogeleg for varebilar å snu. Trapp og heis for tilkomst til andre etasje er plassert på same fasade som kundeinngang på grunnplan, men lenger nord for å fordela bruken avparkeringsplassane. Trappa ut mot Kyrkjevegen vil fungera som ei sekundær trapp ved ulike leigetakarar i andre etasje. Ytterveggar i andre etasje vert trekt noko inn frå underliggande fasadeliv for å gjera fasaden visuelt lågare mot kyrkja og kyrkjegarden. Utforming av bygg og uteområde skal vere gjennomtenkt i samband med livsløpsstandard. 9.4 KONSEKVENSAR FOR NABOAR Planframlegget får den konsekvens at det vert meir aktivitet og varehandel nærare kyrkja. 9.5 TRAFIKK- OG PARKERINGSTILHØVE Ein vil få 66 offentlege parkeringsplassar som kan nyttast ved arrangement i kyrkje og bedehus. 9.6 KULTURMINNE Ved søk i Askeladden kulturminnebase 15.06.10 er det ikkje registrert automatisk freda kulturminne (tidlegare fornminne) innanfor eller ved planområdet. Planområdet grensar til Manger kyrkje. Kyrkja vart verna 26.03.01. Det er ikkje andre SEFRAK-registrerte bygg i eller ved planområdet. Manger kyrkje er eit listeført objekt, freda 26.03.01. Kyrkja er ei langskipa trekyrkje teikna av arkitekt Hans Heinrich Jess. Dagens kyrkje er den fjerde kjende på plassen. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje frå 1100-talet. Kyrkja som står på plassen i dag vart vigsla i 1891. Kyrkjegarden på Manger kan sporast tilbake til middelalderen, og er eit automatisk freda kulturminne jamfør kulturminnelova av 1978. Kyrkja og kyrkjestaden kjem ikkje til å verta direkte råka av tiltaket.

Figur 9 Manger kyrkjestad 9.7 FRILUFTSAKTIVITET, NATUROMRÅDE, BORN OG UNGE SINE INTERESSER I NÆRMILJØET Det er ikkje spor etter borns leik i eller nær planområdet. 9.8 PRIVAT OG OFFENTLEG SERVICETILBOD Manger har god dekning av private og offentlege tenestar. 9.9 KONSEKVENSAR FOR NÆRINGSINTERESSER Rema 1000 ligg i dag ein annan stad på Manger senter, og vil flytta inn i Kyrkjevegen 2. Dette vil flytta ein del av aktiviteten i sentrumsområdet opp i området ved kyrkja. 9.10 JURIDISKE/ØKONOMISKE KONSEKVENSAR FOR KOMMUNEN Detaljreguleringsplanen vil ikkje få konsekvensar for Radøy kommune. 9.11 INFRASTRUKTUR Det er kommunalt vatten og avlaup i nærområdet som ein vil knyte seg til. Moglegvis er det trong for å bygge ut eksisterande avlaupssystem. 9.12 RISIKO OG SÅRBARHEIT Vind: Området er noko vindutsett. Ras/skred: Topografien tilseier at det ikkje er fare for ras i området. 9.13 ROS-ANALYSE Bakgrunn I tilknyting til reguleringsplanarbeidet er det utført ei analyse av risiko og sårbarheitstilhøve. ROS-analysa byggjer på føreliggande kunnskap om planområdet og arealbruken der. Metode Analysen er gjennomført i høve til rundskriv Gs-1/01 frå DSB og NS 5814:2008. Analysen er basert på føreliggande planframlegg med løysningar som der er gitt. Mogelege uønska hendingar som kan påverke planområdet sin funksjon næringsområde er vurderte jf. vedlagt sjekkliste. Høve som er vurderte til ikkje å vere relevante er ikkje merka i sjekklista. Vurdering av fare for uønska konsekvensar er delt i: Grad av fare Markering av grad Kommentar Svært sannsynleg (4) Kan skje regelmessig Sannsynleg (3) Kan skje av og til Lite sannsynleg (2) Kan skje Usannsynleg (1) Hendingar er ikkje kjent frå tilsvarande

situasjonar Vurdering av konsekvens for uønska hendingar er delt i: Grad av konsekvens Kommentar 1.Ubetydelig 1 Ingen person eller miljøskadar 2.Mindre alvorleg 2 Få/små personskader eller miljøskadar 3.Alvorleg 3 Person eller miljøskadar som krev behandling 4. Svært alvorleg 4 Personskader som medfører død eller varige mèn, - Langvarige miljøskadar. Skildring av tiltaket/situasjon: UØNSKA HENDINGAR, KONSEKVENSAR OG TILTAK Mulige hendingar, risikovurdering og mogelege tiltak er samanfatta i same tabell. Hendingar/situasjon Natur og miljøtilhøve Ras/Skred/flaum/grunn 1. Masseras/Skred 2. Snø/isras 3. Flaumras 4. Elveflaum 5. Tidevassflaus 6. Radongass Vær og vindeksponering 7. Vindutsette områder 8. Nedbørutsette områder Natur og kulturområde 9. Sårbar flora 10. Sårbar fauna/fisk 11. Verneområde 12. Vassdragsområde 13. Fornminne 14. Kulturminne/miljø 15. Område for idrett/leik 16. Park, rekreasjonsområde 17. Vatnomr. for friluftsliv Menneskeskapte tilhøve 18. Veg, bru, knutepunkt 19. Hamn, kaianlegg 20. Sjukehus/-heim, kyrke 21. Brann/politi/SF Konsekvens for planen Konsekvens av planen Sanns. Kons. Risiko Kommentar/tiltak x 3 2 x x 1 1 22. Forsyning kraft, vatn 23. Tilfluktsrom Forureiningskjelder 24. Industri 25. Bustad/fritid 26. Landbruk 27. Akutt forureining 28. Støv og støy; industri 29. Støv og støy: trafikk 30. Støy 31. Støy andre kjelder 32. Forureining i sjø 33. Forureina grunn 34. Elforsyning Andre farlige/spesielle områder/tilhøve 35. Industriområde 36. Høgspentline 37. Risikofylt industri mm (kjemikalie/eksplosiv, olje/gass, radioaktiv) 38. Avfallsbehandling 39. Oljekatastrofeområde 40. Spesielle tilhøve ved utbygging gjennomføring Transport 41. Ulykker med farlig gods 42. Vær/føre avgrensar til gange til området 43. Ulykker i avkjørsler X 2 2 44. Ulykke med gåande X 2 2 /syklande 45. Andre ulykkespunkt X 2 2 Plassering av og retning på bygget er i høve til kyrkja og kyrkjegarden. Kommunal brannstasjon er lokalisert på Manger. Risikoen av hendingar er her framstilt i Konsekvens: 1. Ubetydeleg 2. Mindre alvorleg 3. Alvorleg 4. Svært alvorleg Fare: 4. Svært sannsynleg 3. Sannsynleg 2. Lite sannsynleg 1. Usannsynleg

Hendingar i rødt felt: Hendingar i gult felt: Hendingar i grøne felt: Tiltak nødvendig Tiltak skal vurderast ut i frå kostnad med omsyn til nytte Billige tiltak bør gjennomførast

10 MERKNADAR 10.1 SAMLA MERKNADAR Nr Avsendar Dato Offentlige instansar statleg 1. Hordaland Fylkeskommune Kultur og idrettsavdeling Brev 15.02.10 2. Statens vegvesen Brev 24.02.10 3. Den norske kyrkja Brev 19.02.10 Kommunale etatar 4. NGIR Brev 14.01.10 Private E-post Brev 1. Hordaland fylkeskommune, kultur og idrettsavdelinga i brev av 15.02.10: Fylkeskommunen stiller seg skeptisk til planlegging av område i strid med overordna plan. Fylkeskommunen ber om at eventuelle kulturminne vert omtalt, verneverdien av ulike fornminne og steingardar m. m vert vurdert og tatt omsyn til i det vidare planarbeidet. Planområdet grensar mot Manger kyrkje, som er oppført 1891 og listeført. Kyrkjegarden rundt kyrkja går attende til mellomalderen og er såleis eit automatisk freda kulturminne. Fylkeskommunen har difor oversendt reguleringsplanen til Riksantikvaren og Bjørgvin bispedøme for uttale. Fylkeskommunen vil gjennomføre ei synfaring av planområde for å vurdere om tiltaket kjem i konflikt med hittil ikkje registrerte kulturminne. Fylkeskommunen gjer merksam på at det kan vera ein fordel for tiltakshavar å kartleggja spørsmål omkring kulturminneverdiar i området på eit tidleg tidspunkt i planprosessen. Ved synfaringa vil fylkeskommunen ta stilling til om det er naudsynt med ei vidare arkeologisk registrering for å få oppfylt undersøkingsplikta etter 9 i kulturminnelova. Planleggar sitt svar: Merknaden takast til etterretning. Det er lagt inn ein vegetasjonsskjerm mot kyrkjegarden. Bygget er ikkje ruvande i terrenget og skyggjer ikkje for sola. Ytterveggar i andre etasje vert trekt noko inn i forhold til første etasje for å gjere fasaden visuelt lågare mot kyrkja/kyrkjegarden. Bygget er plassert på tvers av Kyrkjevegen for å danne eit lyd- og synsskilje mellom kyrkjegarden og parkeringsområde for ny butikk. 2. Statens vegvesen i brev av 05.02.10: Vegvesenet har fylgjande merknader etter varsling og felles møte den 17 feb. 10 Rikspolitiske retningslinjer skal leggast til grunn. Vegvesenet vil understreka at det spesielt må leggjast vekt på å skape trygge lokalsamfunn og bustadmiljø og at trafikktryggleiken må vere ivaretatt. Det bør arbeidast mot å få ein felles avkjørsel til bedehus på gnr. 43 bnr. 305 og planlagt forretnings- /kontorbygg på gnr. 45 bnr. 418. Avkjørsla bør trekkjast så langt som rå er vekk frå eksisterande kryss på motsatt side av vegen, og plasserast på grensa mellom ovannemnde eigedommar. Avkjørsla skal ha geometrisk utforming som eit kryss og må dimensjonerast for den bruken ho er tiltenkt i samsvar med HO17 kapittel C.3.1 og H263 kapittel 1.4 og 4.1. Kjøremåte B kan aksepterast for dimensjonerande kjøretøy. Det må innarbeidast som eit krav i rekkjefølgjeføresegnene at kryss på motsatt side av vegen må innsnevrast i samsvar med reguleringsplan for Manger sentrum før avkjørsla til planlagt forretnings-/kontorbygg vert teken i bruk.

Vegvesenet anbefaler at tilkomstveg til område B/F2 vert dimensjonert som A2 atkomstveg til industriområde grunna varelevering. Som ein del av utbygginga må det etablerast ei sikker kryssingsmogelegheit over fylkesvegen for mjuke trafikantar. Det kan påreknast at det vert stilt krav om konkret tiltak, til dømes fartshumpar, med omsyn til trafikktryggleiken ved kryssingsområdet før utbygging. Statens vegvesen må gjere ei grundigare vurdering av naudsynt tiltak og kjem difor tilbake til dette. I eksisterande plan er det regulert gang- og sykkelveg langs Fv 409. Statens vegvesen set krav om ei minstebreidde på 2,5 meter for fortau. Universell utforming skal leggjast til grunn ved all tilrettelegging for mjuke trafikantar. Den generelle byggjegrensa langs fylkesveg er 50 meter. I denne planen kan Statens vegvesen akseptera ei byggjegrense på 15 meter frå fylkesvegen. Byggjegrensa bør gå parallelt med senterlinja i vegen i heile planen, og skal visast med både tal og symbol i plankartet. Følgjande krav om rekkefølgje bør innarbeidast i føresegnene: - Fortau mellom kyrkjetomt og eksisterande avkjørsle til bedehus må opparbeidast før utbygging på gnr. 45 bnr. 418 og 305. - Fortau mellom eksisterande avkjørsle til bedehus og rundkjøring må opparbeidast før utbygging på gnr. 45 bnr. 299 og 364. - Når vegsystemet frå rundkjøring til eigedomane gnr. 45 bnr. 305 og 299 er opparbeida skal eksisterande avkjørsle til eigedomane stengast. - Tilkomstveg via rundkjøring må opparbeidast før utbygging av området B/F1. Planleggar sitt svar: Vegvesenet har i ettertid akseptert ei byggegrense frå midtveg til byggeliv på 9 meter. 3. Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedømeråd i brev av 19.02.10: Planane legg opp til å byggja nærare Manger kyrkje enn 60 meter. Dette inneber jf. Kyrkjelova 21 at biskopen må godkjenna bygget. Manger kyrkje er listeført som særleg verneverdig hjå Riksantikvaren, og biskopen skal difor be om fråsegn frå riksantikvaren før ei evt. godkjenning. Ei vurdering av ei evt. byggjesak vil leggja vekt på korleis eventuelle bygg, p-plassar og vegar framstår i høve til kyrkja og kyrkjegarden. Sikt til kyrkja er viktig, det same er ro rundt kyrkjegarden. Planleggar sitt svar: Merknaden takast til etterretning. Sjå svar til Hordaland fylkeskommune. 4. Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap i brev av 20.01.10: I Radøy kommune har kvart einskild hushald rett til å kunne sette fram opptil to dunkar til levering av avfall, kvar veke. Ein bør sette av samlingsplass som er stor nok til å kunne ta i mot to dunkar per hushald. Det er då viktig at tilkomstveg til samlingsplassen har tilstrekkeleg breidde og tåler tilstrekkeleg akseltrykk, slik at renovasjonsbilen kan nytte den. Ved samlingsplassen må renovasjonsbilen kunne snu. Tilkomstveg og snuplass bør ha fast toppdekke. Planleggar sitt svar: Merknaden takast til etterretning.

11 FORSLAGSSTILLER SIN AVSLUTTANDE KOMMENTAR I det nye planframlegget har ein tatt opp i seg og løyst ny plan sett i høve til desse allereie godkjente planane og ført desse saman med ny oppdatert planlov. Planframlegget er laga av Plan Vest Bergen AS.