Oppdrag: Kommuneplan Side 1 av 7 NASJONALE FORVENTNINGAR Korleis desse er innarbeidd i kommuneplanen 07.08.2015 kg kg 10.6.2014 kg kg 20.5.2014 kg kg Dato Tall sider rapport Utarbeidd av Kontrollert Godkjent Signert rapport original er arkivet hjå AG Plan og Arkitektur AS Oppdragsnr. Dokument nr Namn på fil 2081 A31 P:/prosjekt/2081/plandata tekst/planomtale/ 2081- planomtale.doc
Oppdrag: Kommuneplan Side 2 av 7 Innhaldsliste: «Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging i medhald av 6 1 i plan og bygningslova» korleis kommunen har ivareteke desse... 3 Tematisk oppsett... 3 Samandrag:... 6
Oppdrag: Kommuneplan Side 3 av 7 «Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging i medhald av 6 1 i plan og bygningslova» korleis kommunen har ivareteke desse I dei «nasjonale» er (henta frå side 2) : De nasjonale forventningane peikar på oppgåver og interesser som regjeringa meiner det er viktig at fylkeskommunane og kommunane fokuserer på i planlegginga i den komande perioden for å bidra til gjennomføring av gjeldande nasjonal politikk. Planlegginga skal basere seg på ei vurdering av ulike interesser og bygge på økonomiske og andre ressursmessige føresetnader for gjennomføring der kostnader og nytte skal avvegast. Føresetnadane er retningsgjevande. Tematisk oppsett Relevante tilhøve (slik kommunen ser det) og som Regjeringa ventar att kommunen tek omsyn til: Tema Moment Omtale Klima Robust energiforsyning, energieffektivisering, redusere klimautslepp, utgreie ROS i høve klimaendringar Utbyggingsmønster/energibruk/-utslepp: Sande kommune er ein spreidd utbygd kommune delt i grender/bygdelag. Det er ei målsetting at dei enkelte bygdelaga skal oppretthaldast. Nye tiltak er søkt lagt i tilknyting til eksisterande busetnad eller nært inn til. Dette i lys av tilgjengelege areal og mogleg prioritering av areal til byggeføremål. Ein mindre del av busetnaden er lagt til spreidd bygde område, men då lokalisert til eksisterande busetnad, jf. føresegnene. Busettingsmønsteret og oppretthalding av dette medfører ikkje innsparingar i trasportenergi/-utslepp. Kommuneplanen legg opp til større del busetnad i Larsnes enn det busettingsmønsteret no viser. Sjønære bustadområde kan vurdere å nytte alternativ energi til oppvarming. Etablering av nye større næringsområde er lagt til eksisterande eller planlagde hovudvegar. Mange av næringsområda ligg ved sjø og alternativ energi til oppvarming kan vurderast i byggesak. Energiforsyning: Kommunen har solid energiforsyning gjennom regionalt etablerte og godt utbygde energiverk. Klimaplan: Kommunen har eigen klimaplan med tema energi, forbruk og avfall, og transport. Det er m.a. lagt opp til ENØK tiltak på kommunal eigedom og gitt føringar for landbruksverksemd og anna næringsverksemd. Klimaplanen er teken med i føresegnene pkt. 2.8.3 Energi. Tettstadsutvikling Handel og service lokaliserast sentralt Aktiv livstil og auka friluftsliv (bygging av gang- /sykkelvegar mv.) På bygdene er det sett av få nye areal for handel/tenesteyting. Dei eksisterande areala er vurdert som tilfredstillande. På to område på Voksa Flatøya FT og «gamleskulen» N15 er det lagt til rette for utvikling av turisme. Det er elles lagt vekt på å utnytte tettstadsareala i Larsnes sentrum på slik måte at sentrum kan bli styrka. Areal er endra frå forretning til sentrumsføremål, jf. S1 og S2. Rådhusområdet er utvida med arealet BA11for å kunne gje plass til tenesteyting. Det er elles lagt vekt på å oppretthalde viktige areal til bruk for born og unge i avveginga av arealbruksinteressene. Viser her til Larsnesskogen, indre strandområda i Gjerdsvika, Flødevikane Sandsøya (nær skulen), ivaretaking av badeplassar jf. flytting av N18 Kvamsøya.
Oppdrag: Kommuneplan Side 4 av 7 Samferdsel og infrastruktur Ta vare på samanhengande grønstruktur Tilpasse tettstadsutviklinga til komande klimaendringar Behov for transport reduserast Unngå nedbygging av viktige naturtypar, friluftsområde, kulturlandskap og dyrka mark, inngrep i viktige kulturminne og kulturmiljø. Utslepp reduserast Gang-/sykkelvegar prioriterast Lokalisering av verksemder til hovudvegar I Larsnes sentrum er gang-/sykkelveg bygd ut. Det bør gjennomførast diverse trafikktryggingstiltak elles, men desse er tenkt tekne opp i eigen temaplan. Ny utbygging er søkt lagt til eksisterande busetnad. Sande kommune har lang strandline (viser til notat om forvaltning av strandsona) og lett tilgjengelege fjellområde. I all hovudsak er større samanhengande grøntområde bevart anna enn inngrep ved: - 4 mindre hytteområde strekninga Gota Hide - Bustadfelt B16 Dueneset (Gursken) - Hytteområdet Kletten (Kvamsøya) - Hytteområde LNFF4 Basseneset (Kvamsøya) Desse områda er funne nødvendige for å bygge opp under eksisterande landbruk, og lokalt plassert busetnad. Samla utgjer desse areala ei om disponering på ca. 110 daa. Kommunedelplanen for Larsnes legg opp til betre og meir fleksibel utnytting av sentrumsareala. M.a. er auka busetnad eit viktig tema samt tilhøyrande grøne fellesareal. Vidare utbygging gjev godt høve til å nytte fornybare energiløysingar og vil redusere transportbehov. I dei enkelte krinsane er ny arealbruk i stor grad lagt som ei naturleg utviding av eksisterande utbygde område. I «bygda» vil difor den reviderte k-planen ikkje medføre vesentleg auka transport. I kommunen er arbeidspendling ein del av arbeidslivet. Viktige naturtypar, friluftsområde, kulturlandskap og dyrka mark er i hovudsak urørt. Kulturminna er i liten grad rørt. Berre mindre område vert søkt omdisponert og då gjennom eigen søknad samtidig med handsaminga av K-planen. Dette gjeld registreringar innan områda: - Område merka #1 på plankartet gjeld kulturminne idnr 55265 i Larsnes sentrum (flytting bauta) - Område merka #2 på plankartet gjeld kulturminne idnr 92167 i Larsnes sentrum (paarkeringsplass v/ badeplassen). - Område merka #3 på plankartet gjeld kulturminne idnr 147411 Gurskevågen, Myklebust.(industriområde N2) Viser til satsingsområda i Klimaplanen. I høve arealbruk er det søkt nytta sentrale areal. Trafikkmengda er liten med unnatak av på hovudvegane. Nokre vegar har så dårleg standard at born og unge kjenner seg utrygge. Det er i K-planen lagt inn gang-/sykkelveg langs fv-ane: Larsnes: fv61 Vikane Kalnes fv9: Storehaugen fv61 Gursken: Fv61: Gursken Skogevatnet Fv10: Myklebust Sætre Gjerdsvika: Fv10: Skuleområdet Sande kommune er ein stor «arbeidsplasskommune». Det er i planframlegget lagt vekt på å legge til rette for å utvikle vidare både dei eksisterande verksemdene som Myklebust Mekaniske, Larsnes Verft, dei mange verksemdene i Gjerdsvika, i området Skogevatnet, i Sandshamn og
Oppdrag: Kommuneplan Side 5 av 7 Verdiskaping og næringsutvikling: Natur, kultur, landskap: Sikre vassforsyning Godsterminalar og hamne utviklast som effektive logistikknutepunkt Bidra til næringsutvikling i fleire sektorar og bransjar Ivareta bedrifter og næringar sitt behov for eigna areal Oppretthalde/utvikle landbruket Oppretthalde havbruk/fiskeri Synleggjere mineralressursar Planlegginga bygger på oppdatert og tilgjengeleg kunnskap Naturmangfaldslova sine ålmenne føresegner leggast til grunn Ta omsyn til landbruk og kulturlandskap Heilskapleg vurdering av arealbruken i strandsona Ivareta ålmenne interesser langs vassdrag, byggeforbod i sone langs Legge til rette for friluftsliv, ta vare på grøntstruktur Ta omsyn til inngrepsfrie naturområder utan tyngre tekniske inngrep Registrere og verdsette kulturminne Miljøbasert utbygging av fritidshus Bringingshaug (Kvamsøya). I tillegg er det i tilknyting til fastlandssambandet Rovdefjordbrua lagt opp til utvikling av eit større næringsområde samansett av N8, N9, N10 og noverande område for råstoffutvinning R. I planen er det teke med sikring av vasskjeldene i kommunen. I områden8/ N9 (Saude/Breivika) er det i planen teke med (jf. føresegnene) at djupvasskai skal kunne etablerast. Saude/Breivika ligg sentralt i fjord og havfarvatnet. I kommuneplanen er det lagt opp til at noverande og nye verksemder skal kunne etablere seg. Viser her til dei ulike N-areala og til sentrumsareala i Larsnes tettstad. Viser også til satsinga på turisme på Sandsøya. Sande kommune har få bruk som vert drivne som sjølvstendige bruk. Berre to (2) bruk har heiltidsbonde. For å styrke inntektsgrunnlaget er det planlagt hytteområde for utvikling av spesielle konsept Fh1, 3 og 4 i området Hide. Hytteområde på Kletten og Basseneset på Kvamsøya er også tiltak som grunneigarane ønskjer for å styrke inntektsgrunnlaget. K-planen er lite endra her. Område for havbruk/fiske/akvakultur er i hovudsak som i gjeldande plan. Eit mindre Akvakulturområde på Skredestranda er teken ut medan eit større område for Hummarpark er teken inn nord om Sandsøya (jf. tidlegare forsøksprosjekt). Område med kalkverk i Breivika er med i planen. Vi har nytta tilgjengelege off. databasar Viser til eiga utgreiing. Kvamsøya og hytteområda i området Kletten og på Basseneset som i høve ulike faktorar er peika på som område med høg verdi. Andre forhold har likevel vore utslagsgjevande for kommunen sitt ønskje om å bruke dessa areala til byggeføremål. Landbruksmynde i kommunen har vore aktive under planarbeidet. Av verdifulle jordbruksareal er ca 190 daa. omdisponert. Viser til eiga utgreiing. I all hovudsak er det ikkje teke i bruk areal i strid med retningslinjene. Inngår som krav i føresegnene. OK Viser til eiga utgreiing om strandsonevernet Viser til omsynssoner og samarbeid med kulturmynde i planutforminga Fritidshus naust er eit viktig tiltak for trivsel og helse i kommunen. Viser her til at kommunen er ein kystkommune der bruk av sjøareala er tradisjon og mange av arbeidsplassane er knytt opp mot havet sine næringar. Dels er «landareal» nytta for å dekke opp behovet for naust, jf. Fn30 Fritidshus hytter er i hovudsak knytt opp mot eksisterande område med unnatak av Fh14 Kletten og LNFF4 Basseneset. Viser til klimaplanen.
Oppdrag: Kommuneplan Side 6 av 7 Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø Styrke faktorar som styrker folkehelsa Fremje psykisk helse Legge til rette for fysisk aktivitet Ta omsyn til born og unge sitt oppvekstmiljø Bidra til universell utforming Førebygge mot forureining, støy, radon, auka ulykkes risiko Kommunen har hatt ei klar målsetting om å prioritere fastbuande i sine arealdisponeringar. Dette gjeld attraktive tomter tomter som folk vil ha (jf. drøftingar i bygdemøter under planprosessen), tilgang til sjø (naust), tilgang til fjell. Eldre: legge til rette for omsorgsbustader (jf. område BA12 og BA13 i kommunedelplanen for Larsnes. Fortau frå desse areala og inn mot forretningsdelane i sentrum. Yngre: legge til rette idrettsanlegg, bruk av friluftsområda mv. Tilrettelegging av areal til idrett med utviding Larsnes skuleområde OP4, her i også areal til ny barnehage. Ulsmohall i Gursken I2 Krav om leikeareal i bustadområde (jf. føresegnene). Krav i føresegnene. Klimaplan, krav i føresegner vedkomande støy, lokaliseringa av bustadområda til lite støyutsette område (liten biltrafikk). Sande kommune har ikkje registrert særlege problem med radon. Samandrag: Klima: Busettingsmønsteret er søkt vridd litt ved å legge større del busetnad på Larsnes. Sjønære bustadområde kan nytte alternativ energi til oppvarming. Større næringsområde er lagt til eksisterande eller planlagde hovudvegar og til sjø. Alternativ energi til oppvarming nyttast. Kommunen har solid energiforsyning. Kommunen har eigen klimaplan med tema energi, forbruk og avfall, og transport. Det er m.a. lagt opp til ENØK tiltak på kommunal eigedom og gitt føringar for landbruksverksemd og anna næringsverksemd. Klimaplanen er teken med i føresegnene pkt. 2.8.3 Energi. Tettstadsutvikling: På bygdene er sentrumsarealet funne tilfredstillande. I Larsnes sentrum er det lagt til rette for utvikling og meir fleirbruk av areala, grøne areal er tekne vare på. Gang-/sykkelvegar er tekne med der desse manglar ut frå trafikkmengd, badeplassar er oppretthaldne og dels betre tilrettelagt. Ny utbygging er lagt til eksisterande og grønstrukturen er i vareteken. Planen hindrar ikkje lett tilgang til strand-/sjø- og fjellområda. Samferdsel og infrastruktur: Planen legg nye byggeareal til eksisterande fylkesvegar. Større næringsareal er lagt til viktigaste hovudvegane. Kommunen har allsidig næringsliv i alle deler av kommunen. Byggefelt er i alle bygdelag. Nye hovudvegar vert utgreidde gjennom eigne kommunedelplanar. Gang-/sykkelvegar er med i den grad trafikktala tilseier det. Vassforsyninga er sikra med vasskjelder. Areal til vassverk er sett av i planen. Områda N8 og N9 kan nyttast til djupvasskai og ligg sentralt i farleia. Verdiskaping og næringsutvikling: Kommunen er ein (relativt) stor arbeidsplasskommune med eit rikt næringsliv. Det er lagt vekt på at etablerte verksemder skal kunne utvide og at det er plass til nye. Breivika-/Saudeområdet er eit nytt større areal for næringsetablering. Større samanhengande landbruksområde er har fått små inngrep grunna byggjetiltak. Næringa sitt grunnlag er oppretthalde. Områda for havbruk/akvakultur er oppretthaldne med unnatak av to område langs Skredestranda. Nye areal er komne til som hummarpark i område Flesane. Mineralressursane er ivaretekne, jf. Breivika. Natur, kultur, landskap: I planlegginga har vi nytta statlege/regionale databasar supplert med lokal kunnskap (kommunen). Naturmangfaldlova sine føresetningar er lagt til grunn. Av tiltaka i planen er det i hovudsak berre områda Kletten og Basseneset (begge fritidsbusetnad) som har vesentlege konfliktar i seg. Konfliktane knyter seg til artsfunn, naturbeitemark og kulturlandskap. Av nye byggeareal er berre mindre deler verdifull landbruksareal omdisponert.
Oppdrag: Kommuneplan Side 7 av 7 Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø: Kommunen har i planarbeidet hat ei klar målsetting om å prioritere fastbuande. Ved å legge til rette for gode busetnadar, tilgang til fjell og sjø (hamner og naust), leikeareal i alle busetnadane, idrettsanlegg som kan gje allsidig tilbod, krav om universell utforming og omsyn til støy, så er dette eit godt grunnlag for å framleis ha god livskvalitet i kommunen. Supplerande dokument: Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning langs strandsona langs sjøen. Utgreiing og vurdering av tiltaka i framlegg til rev. Kommuneplan Naturmangfaldslova, utgreiing og vurdering av tiltaka i framlegg til rev. kommuneplan