REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR ETNESJØEN, SENTRUMSOMRÅDET, (DEL 1).



Like dokumenter
FELLESFØRESEGNER 7 Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å taka vare på eksisterande vegetasjon i området.

OMRÅDEREGULERING FOR GNR/BNR 56/1, 56/3 M.FL., ALMÅS UTMARK, STORD KOMMUNE

Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER FOR REGULERINGSPLAN FOR YTTERDAL. 1. AVGRENSING. Det regulerte området er vist på planen med. reguleringsgrense.

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

Føresegner. Reguleringsplan for hybelhus, ny barnehage og leiligheitar Sauda kommune

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Planskildring Reguleringsføresegner

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

REGULERINGSFØRESEGNER FOR STOREBØ NÆRINGS- OG FRITIDSHAMN DELAR AV GNR. 43, 44 M.FL I AUSTEVOLL KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Rogne - Endring gnr.47 bnr.354 og 355

1. Disse reguleringsbestemmelser gjelder for det området som er plankartet er vist med reguleringsgrense.

REGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN

Gatebruksplan, samt gjennomføringsplanen til denne, datert , skal framleis gjelde der den ikkje strir mot den nye planen.

Reguleringsføresegne Vossevangen

Reguleringsføresegner

REGULERINGSPLAN Prosjekt: E134 Ørvella bru

REGULERINGSFØRESEGNER I TILKNYTNING TIL REGULERINGSPLAN FOR BAKKEN II, TORPO, ÅL KOMMUNE

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 27/ 606 m.fl, Svehaugen». Stord kommune. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 27/606 m.

FØRESEGNER LEMHAGEN. Sogndal kommune Reguleringsplanføresegner Lemhagen Eining/avd/ PLN/TE. Arkiv L12 30B. Vår ref 04/

PLANBESTEMMELSER Avgrensing av planområdet Reguleringsformål Detaljplan ved byggesøknad Byggeområde for fritidsboliger/

NOTAT VEDK ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR STANGHELLE VEST OG TETTANESET

"GNR 11, BNR 10 M. FL. SANDVEN, NORHEIMSUND, KVAM HERAD"

Hansabakken Sveio sentrum. Einebustadtomter og prosjekterte bustadtomter

Fjell kommune, Langøyna Ørnhaugen Kystlandsby

SAMNANGER KOMMUNE FORSLAG TIL REGULERINGSPLAN FOR BUSTADOMRÅDE GJERDE LØNNEBAKKEN

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE


FØRESEGNER Juni 2015

Bestemmelser i tilknytning til. REGULERINGSPLAN FOR MØLLNVEIEN i Fauske kommune 1 GENERELT

REGULERINGSFØRESEGNER FOR: NORHEIMSUND BARNEHAGE, KVAM HERAD FORSLAGSSTILLAR: KVAM HERAD

BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust

Detaljplan for småbåthamn Haganesvika Gnr 52 bnr 227, 229 mfl, Haganes Fjell kommune REGULERINGSFØRESEGNER

Fjell kommune, Langøyna Ørnahaugen Kystlandsby

REGULERINGSFØRESEGNER

Føresegner. Endringar: Saknr. Dato: Sign:

DETALJREGULERING MIDSUNDFJØRA MIDSUND KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

DATO: REVIDERT: , , ,

REGULERINGSFØRESEGNER.

VOLDA KOMMUNE Nærings- og utviklingsstaben 6100 VOLDA

Føresegner. Planid: Arkiv nr.: Plan: Områdereguleringsplan Sørstrand / Austvik

Reguleringsplan for Stavedalen

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

Føresegner Reguleringsplan for Hansabakken, Sveio

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Reguleringsbestemmelser Reguleringsplan for Gorolie Revidert iht vedtak i kommunestyret , saknr. 31/08

REGULERINGSPLAN FOR MYRENE NÆRINGSOMRÅDE BESTEMMELSER

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

ETNE KOMMUNE FØRESEGNER E 134 STORDALEN, LAUAREID-HÅLAND-BAKKA PLANENDRING Utskrift

Avslag på søknad om dispensasjon for oppføring av tomannsbustad på Gbnr 134/343 Hilland

Føresegner. Reguleringsplan for Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Planid.: Område 2: Kyrkjeteigen

Føresegner. Reguleringsplan for Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Planid.: Område 3: Kyrkjegata

Leirvåg småbåthavn og naustområde

FRESVIK, VIK I SOGN PRIVAT REGULERINGSPLAN

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 230 BNR. 1 M.FL., STØLSVIK, HALSNØY, KVINNHERAD KOMMUNE

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

1. De regulerte områdene er vist med reguleringsgrense på plankartet i målestokk 1:2000.

EID KOMMUNE. REGULERINGSFØRESEGNER for Reguleringsplan Lunden Nordfjordeid

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 27/ 606 m.fl, Svehaugen». Stord kommune. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 27/606 m.

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

REGULERINGSPLAN LUNDSHAGEN / LUNDSNESET Gnr. 95, Bnr. 50 m.fl. KVINNHERAD KOMMUNE. FØRESEGNER Juni Side 1

Detaljreguleringsplan for Farhovd, del av gnr. 151, bnr. 5

REGULERINGSFØRESEGNER

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

REGULERINGSBESTEMMELSER TIL REGULERINGSPLAN FOR EVJE SENTRUM

1.2 Området er etter Plan- og bygningslova 12-5 og 12-6 regulert til følgende formål og hensynssoner:

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Reguleringsplan for Del av Roa sentrum. Planbestemmelser

REGULERINGSFØRESEGNER TILREGULERINGSPLAN FOR GRANDOMRÅDET, BRYNE. (PLAN 175, 175A).

Reguleringsføresegner Reguleringsplan H6 Løefjødd hyttefelt, Valle kommune

G O L K O M M U N E R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R

ENDRA REGULERINGSPLAN FOR GNR: 45 BNR: 6 m/fl DALEN, BJELLAND i AUSTEVOLL

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

FØRESEGNER. TIL BEBYGGELSESPLAN FOR OMRÅDA FB2, FB3, FB4 og FB5 I HJELMELANDSDALEN

Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker

Herøy kommune MINDRE ENDRING PBL FOR DELER AV VIKE/TOFTEDAL. Enkel omtale av planendring detaljplan etter PBL 12-3, og 12-4.

Reguleringsføresegner for reguleringsplan Turistanlegg Uskedalen

Surnadal kommune. Saksframlegg. Reguleringsplan for Kammen - Hjellnes 135/1-1. gongs behandling

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Kvasshaug II, Haugsvik hyttefelt

Vedkomande reguleringsplan med tilhøyrande reguleringsføresegner for: "Del av gnr. 87, bnr. 53 m. fl. Skutevik, Tørvikbygd, Kvam herad.

E16 Varpe bru-nystuen Justering forbi Kolabrune

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 22/ 23 m.fl, Haga Mat». Stord kommune. Forslag til. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 22/23 m.

REGULERINGSPLAN FOR KJELSVIKA, GNR. 15 BNR. 4 MFL.

Møgedal hyttefelt, Reguleringsbestemmelser

REGULERINGSFØRESEGNER PLANOMRÅDET GJUVASSHØ - JUVASSHYTTA - GALDHØPIGGEN SOMMERSKISENTER. (Gjeve med heimel i Plan- og bygningslova 26)

Detaljregulering Terrengparken Vierli

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR ÅHEIM SMÅBÅTHAMN. Føresegner datert Plankart datert

Detaljregulering for gnr/bnr 131/1 m.fl., Prestalio, Etne kommune PlanID

Føresegner. Reguleringsplan for Lærdalsøyri område Bergo. Planid.: Område 1: Bergo

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR NORDØYRANE

REGULERINGSPLAN FOR RUGTVEDT INDUSTRIOMRÅDE (BM1), BAMBLE KOMMUNE. Dato for siste revisjon av bestemmelsene: ,

Reguleringsplan for del av Lunner sentrum (Liåker) Lunner kommune

Transkript:

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR ETNESJØEN, SENTRUMSOMRÅDET, (DEL 1). Føremålet med reguleringsplanen og tilhøyrande reguleringsføresegner er: 1. Å sikra ei kontrollert heilskapsløysing for utbygging, for vern og bruk av land- og sjøareala, bygningar og ressursar elles. 2. Å leggja til rette for eit godt nærings-, bu- og fritidsmiljø. 3. Å leggja til rette for Etnesjøen som regionalt kultursenter. 4. Å betra trafikk- og parkeringstilhøva. 5. Å tilretteleggje areala langs sjøen og styrke kontakten med desse. Føresetnad for alle fysiske tiltak er at tiltaka kan ivareta og vidareutvikla staden sin bygnings- og landskapskarakter. 1 GENERELT Det regulerte området er på planen vist med reguleringsgrense. Planområdet er delt inn i reguleringsføremål som vist på plankartet. 2 BYGGEOMRÅDE, FELLESFØRESEGNER 1. Det faste utval for plansaker skal sjå til at forma på bygningane, storleik, fasadar,vindusinndeling, tak og synlege materialar harmonerer med byggeskikken i området. Utvalet skal godkjenne skilt- og reklamebruk. 2. Ved oppføring av større nybygg kan det setjast krav om at fasadar vert utforma i seksjonar med tilbaketrekte mellomparti for å tilpassa målestokken til eksisterande bygningar i området. Gesimshøgd skal godkjennast i kvart høve. 3. Ved oppføring av nybygg, større tilbygg eller bruksendring, kan det faste utvalet for plansaker krevje framlagt utbyggingsplan (bebyggelsesplan) for området, refr. Plan- og bygningslova 28-2, før søknad om byggeløyve vert handsama. I samband med søknad om byggeløyve skal det leggjast fram situasjonsriss, 1:500, som viser korleis dei delane av tomta som ikkje vert bygd på, skal planerast og nyttast. Områda skal gjevast tiltalande form og tilplanting. På kartet skal visast mogelege forstøtningsmurar, gjerde, Side 1 av 6

areal for parkering, grøntanlegg, av- og pålessing, lagerareal, gatebelegg og handsaming av terrenget med påført kotehøgd. 4. Kioskar, utebodar, transformatorkioskar o.l. vert berre tillate oppført der dei etter det faste utvalet for plansaker sitt skjøn, ikkje er til ulempe. 5. Det faste utvalet for plansaker kan godta at krav om parkering kan dekkjast ved frikjøpsordning i samsvar med gjeldande regler for dette. 6. Ved oppføring av nybygg kan forholda til vegtrafikkstøy verte vurderte. Avbøtande tiltak kan påleggjast og kostnadene vert lagt til eigedomen tiltaket vert utført på. 7. Tiltak i sjø som kjem inn under Hamne- og farvatnlova sine føresegner skal godkjennast av Kystverket. 3 ANDRE FELLESFØRESEGNER 1. Mindre vesentlege unntak frå desse reguleringsføresegnene kan, når særskilde grunnar talar for det, tillatast av utvalet. 2. Privatrettslege avtalar som er i strid med denne reguleringsplanen med tilhøyrande reguleringsføresegner, kan ikkje opprettast. 4 OMRÅDE FOR BUSTADER 1. I områda kan det bli oppført frittliggjande bustader med tilhøyrande garasjar og uthus. Bustadene skal ha saltak. Loft kan innreiast. Likeins underetasje, der terrenget etter det faste utvalet for plansaker sitt skjøn ligg til rette for det. Når loftsetasje vert bygd med ark, skal det vere gavlark. Mindre valming på tak og ark kan godkjennast. I bustadområda langs E-134 skal takfall på saltak være på 30-45 grader. 2. Tillate utbygd areal (inklusive garasje og uthus) skal ikkje vere meir enn 30% av tomtearealet. I tillegg til garasje skal det på situasjonsplanen visast oppstillingsplass for 1 bil for kvart husvære. 5 OMRÅDE FOR BLANDA FØREMÅL, FORRETNING, KONTOR OG BUSTADER 1. Områda kan nyttast til bygningar og anlegg for handel og privat tenesteyting, som kontor, forretningar, bank, mindre verksemder (spesielt kunderetta), hotell, restaurant, kafear o.l. Side 2 av 6

2. Bygningane skal ha saltak med takfall på 30-45 grader og kan førast opp i 2 etasjar med tillegg av loftsetasje som kan innreiast til bustadføremål. Når loftsetasje vert bygd med ark, skal dette vere gavlark. Mindre valming på tak og ark kan godkjennast. For område I-2 skal det ikkje vere meir enn 1 etasje mot E-134. Tillate utbygd areal for område I-3 skal ikkje overstige 40% av tomtearealet. 3. Krav til parkering vert sett til 1 parkeringsplass pr. 30 m2 forretnings- og kontorareal. Til andre verksemder og til bustader fastset det faste utval for plansaker krav om parkering etter skjøn. 4. Område I-1 skal nyttast til publikumsretta handverksnæringar eller liknande, turistverksemd og til kontor. Utsal tilhøyrande drifta kan tilpassast. Det skal leggjast særleg vekt på at verksemdene er av slik art og vert gitt ei slik utforming at dei etter det faste utval for plansaker sitt skjøn, gir eit tiltalande preg. 5. Område I-6 er føresett nytta til forretning/kontor med høve til bustadføremål i 2. høgda. 6. I område I-2 og I-3 skal det lagast ein detaljert flateplan som syner arealbruken. Denne skal godkjennast av det faste utval for plansaker, før godkjenning av byggesak i området. 6 OMRÅDE FOR INDUSTRI. 1. Bygningane skal ha saltak med takfall på 30-45 grader og kan førast opp i 2 etasjar med tillegg av loftsetasje som kan innreiast til bustadføremål. Når loftsetasje vert bygd med ark, skal dette vere gavlark. Mindre valming på tak og ark kan godkjennast. 2. Område I-4 skal nyttast til publikumsretta handverksnæringar eller liknande. Tillate utbygd areal for område I-4 skal ikkje overstige 40% av tomtearealet. 3. Krav til parkering vert sett til 1 parkeringsplass pr. 30 m2 kontorareal og areal til utsal. Elles fastset det faste utval for plansaker parkeringskravet etter skjøn. 7 OMRÅDE FOR OFFENTLEGE BYGNINGAR På kyrkjeområdet skal mogeleg endring av eksteriør og interiør føreleggjast riksantikvaren til godkjenning, refr. lov om kulturminner av 9. juni 1978. 8 OFFENTLEGE TRAFIKKOMRÅDE Side 3 av 6

1. Trafikkområde langs E-134 omfattar eksisterande trafikkareal med utvidingar for å sikre framtidig vegframføring. Detaljane i planen er retningsgjevande, og detaljane skal fastsetjast av ein seinare planprosess som tek for seg denne problemstillinga spesifikt. Denne planen stadfestar likevel at arealet skal nyttast til trafikkareal. 2. I andre trafikkområde i planen er plandetaljane gjeldande. 3. Området T-1 og T-2 skal nyttast til offentleg trafikkføremål ved realisering av reguleringsplan: «Etnesjøen og sentrumsplan.», stadfesta 13.04.83. 9 FRIOMRÅDE 1. Områda langs sjøen skal knytast saman via ein mest mogeleg samanhengande strandpark. 2. Friområda langs Sæbøvika kan utvidast med utfylling i sjøen fram til marbakken innafor dei områda som vist på planen. Restane av den opphavlege stranda som ein finn utanføre Meieriet skal mest mogleg takast vare på. Promenaden skal ligge bak denne 3. I friområdet i sjøen ved båthamna skal ålmenta sine omsyn telje ved bruken av området. Dette området skal ikkje nyttast av båttrafikken til og frå båthamna. 10 SPESIALOMRÅDE 1. Område S-1 skal nyttast til Sæbøtunet og museumsdrift knytt til dette. 2. Det er opna for nye bygningar til museumsføremål i område S-1. Dei skal ha saltak. 3. Område S-2 og S-3 er avsett til spesialområde, der bygningane på grunn av kulturhistorisk verdi skal vernast. Bygningane kan tillatast bygd om og modernisert, under føresetnad av at eksteriøret vert verna eller ført attende til meir opphavlege preg. Bruksendring kan tillatast når dette etter det faste utvalet for plansaker sitt skjøn, kan tilpassast miljøet. Alle byggearbeid nemnt i Plan- og bygningslova 93 skal sendast Fylkeskonservatoren til uttale før byggjeløyve vert gjeve. 4. Innan regulert frisiktsone skal det ikkje vere noko sikthinder høgare enn 0,5 m over vegbana. Side 4 av 6

Følgjande føresegner vert gjeldande etter vedtak om mindre reguleringsendring, Meieriplassen, mars 2012 (Plan- og bygningslova 2009) 1. Bygg på område I-5, Meieriet, kan om det tilpassast meieribygnadens spesielle storleik og arkitektur, oppførast med fire etasjar. Alle plan kan innreiast til bustadføremål om gode private og felles uteopphaldsstader opparbeidast. Situasjonsplan som syner eintydig arealbruk skal godkjennast av Etne kommune før godkjenning av byggesak i området. 2. Mellom bygningar på området I-1 og I-5, Meieriet, skal det, uavhengig av tomt og føremål, vera ein minste avstand på 40 meter, for å sikra god visuell opning mellom sjø og riksveg. 3. Byggegrense mot sjø i området I-5 ligg i kant med omsøkt bygningskropp, og er vist i plankartet. 4. Området regulert til turveg skal vera open for allmenn ferdsle. 5. Båtplasser skal delast mellom leilegheiter i nybygg og til disposisjon for andre. Minst 5 båtplasser skal vera til disposisjon for andre enn bebuarar på I-5. Rampe skal vera til allmenn bruk. 6. Veg o_1, Tilkomstveg til sjø (mellom område I-1 og I-5 frå E134 og ned til sjø) skal vera open for allmenn ferdsle. 7. Restane av den opphavlege stranda som ein finn utanføre Meieriet skal mest mogleg takast vare på, med unnatak av området framom planlagde nybygg. 8. Kjem det fram automatisk freda kulturminne under gravearbeid, pliktar den som grev å stansa arbeidet og melda frå til fylkeskonservatoren, jf kulturminnelova 8. 9. Før det blir gitt byggeløyve må det dokumenterast at gjeldande krav til støy er ivareteke. 10. Maksimal mønehøgd for bygg på område I-5 vert sett til 17,5 meter over havet (moh.) Side 5 av 6