ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat Birger Standal 6174 Barstadvik Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2013/250 12860/2013 WANGEN 170/7 28.11.2013 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET 26.11.13, SAK PS 85/13: GNR/BNR 170/7 - STORE STANDAL - DISPENSASJON OG DELING AV GRUNNEIGEDOM FOR FRÅDELING AV HUS NR 2 - BIRGER STANDAL Saksprotokoll tilråding / vedtak i samfunnsutvalet - 26.11.2013 Samfunnsutvalet (SFU) viser til søknaden om frådeling av tomt kring eksisterande hus nr 2 på gnr/bnr 170/7 på Standal. Samfunnsutvalet viser til at det ikkje er behov for hus nr. 2 på gardsbruket, og at ei frådeling er vurdert å ikkje gje ulemper for landbruksinteressene i området. SFU finn at ei frådeling ikkje vil setje omsyna nedfelt i plangrunnlaget eller lova sin føremålsparagraf til side. Vidare at det etter ei samla vurdering vil vere klart større fordelar enn ulemper ved å gje løyve til frådeling. Med heimel i plan- og bygningslova 19-2, gjev SFU dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus på eigedomen 170/7. Delinga må skje i prinsippet slik det går fram av kartutsnitt datert 18.11.2013. Med heimel i pbl. kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av tomt slik det går fram av vedtaket ovanfor. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år, og det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Handsaminga (9 røysteføre) Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Rett utskrift av møteprotokollen 28.11.13 Toril Langlo Politisk sekretær Kopi til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 MOLDE Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 MOLDE Landbruksnemnda, her Dalevegen 6 6150 Ørsta Postadresse: postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6153 ØRSTA 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2013/250 Løpenr.: 10717/2013 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 85/13 Samfunnsutvalet 26.11.2013 GNR/BNR 170/7 - STORE STANDAL - DISPENSASJON OG DELING AV GRUNNEIGEDOM FOR FRÅDELING AV HUS NR 2 - BIRGER STANDAL TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet (SFU) viser til søknaden om frådeling av tomt kring eksisterande hus nr 2 på gnr/bnr 170/7 på Standal. Samfunnsutvalet viser til at det ikkje er behov for hus nr. 2 på gardsbruket, og at ei frådeling er vurdert å ikkje gje ulemper for landbruksinteressene i området. SFU finn at ei frådeling ikkje vil setje omsyna nedfelt i plangrunnlaget eller lova sin føremålsparagraf til side. Vidare at det etter ei samla vurdering vil vere klart større fordelar enn ulemper ved å gje løyve til frådeling. Med heimel i plan- og bygningslova 19-2, gjev SFU dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus på eigedomen 170/7. Delinga må skje i prinsippet slik det går fram av kartutsnitt datert 18.11.2013. Med heimel i pbl. kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av tomt slik det går fram av vedtaket ovanfor. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år, og det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Utskrift: Birger Standal, 6174 Barstadvik Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde Landbruksnemnda, her
Saksvedlegg: Utdrag av søknad datert 14.02.2013 Tre utsnitt av grunnkart og ortofoto datert 26.02.2013 omsøkt tomt ved høyring Kartutsnitt datert 18.11.2013 tilrådd tomtegrense Uprenta saksvedlegg: Diverse saksdokument Innkomne merknader Saksopplysningar: Det ligg føre søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av eksisterande bustad (hus nr. 2) på Store-Standal. Den omsøkte tomta ligg i kommuneplanen sitt LNF-område sone B, der det er fastsett slik føresegn: Innanfor desse områda kan det vurderast å gje løyve til spreidd busetnad. Oppføring av fritidshus kan tillatast, men berre på svært strenge vilkår og dersom sektormynde ikkje har merknader. Det ligg ikkje føre merknader i samband med nabovarslinga. Saka er sendt på høyring og det ligg føre følgjande fråsegner: Møre og Romsdal fylkeskommune, 30.09.13 Kulturminne frå nyare tid Fylkeskonservatoren har ikkje innvendingar til frådeling. Vi vil likevel gjere merksam på at det er snakk om ei tradisjonell sunnmørsstove i eit miljø av verneverdige hus på Standdal. Det er viktig at huset vert sett i stand etter antikvariske retningsliner, med stor fokus på å ta vare på mest mogleg av eldre bygningsdelar. Nye delar og endringar må utformast med omtanke for verneverdi. Det er mogleg å søke tilskot frå Kulturminnefondet til istandsetting. Tilskotet skal dekke dei ekstrakostnadane det er å sette i stand etter antikvariske retningsliner, heller enn å kjøpe lettvintare løysinger. Fylkeskonservatoren stiller gjerne med råd om ynskjeleg. Planfagleg vurdering Tomta ser ut til å vere for lita til at det er plass til uteareal og parkering. Om det skal vere ein sjølvstendig bustad, ber vi om at vedtak i saka drøftar forholdet til Teknisk forskrift nærare. Konklusjon Vi viser til merknadane ovanfor. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 26.09.13 Fylkesmannen har ut frå sine ansvarsområde følgjande merknader: Landbruksinteresser Omsøkte hus ligg på ein eigedom som ifølge gardskart har 7 dekar fulldyrka jord og 14 dekar innmarksbeite. Totalt er eigedomen på knappe 400 dekar. Det framgår av kartet at huset ligg på andre sida av ein veg i høve til dei andre husa på eigedomen, og ligg ikkje inntil dyrkajord. Vi kan difor ikkje sjå at ei frådeling vil medføre ulemper for landbruksdrifta i området. Vi stiller oss difor ikkje negative til søknaden, men minner om at den også må handsamast etter jordlova. Landbruksnemnda i Ørsta 24.10.13 1. Frådeling etter jordlova 12, vedtak: Landbruksnemnda viser til søknad registrert 14.02.13, frå eigar av gnr 170 bnr 7, Birger
Standal, om frådeling av hus med tomt frå bruket. Landbruksnemnda viser til saksutgreiinga med konklusjon, og gir løyve etter jordlova 12 til frådeling av tomt på om lag 0,2 da slik det er søkt om. Grunngjeving er at det vert vurdert som forsvarleg å dele frå hus nr. 2 frå dette bruket, og at plasseringa ikkje vil føre til særlege drifts- og miljømessige ulemper for landbruket i området. 2. Dispensasjon frå kommuneplanen, tilråding: Landbruksnemnda viser til søknad registrert 14.02.13, frå eigar av gnr 170 bnr 7, Birger Standal, og går inn for at det kan gjevast dispensasjon frå LNF-sona i kommuneplanen for frådeling av bustadtomt i dette tilfellet. Vurdering og konklusjon: Søknaden gjeld frådeling av hus nr 2 på gardsbruk. Frådelinga vil såleis ikkje føre til fysiske endringar i arealbruken. Det er i hovudsak omsyn til landbruksinteressene som er aktuelle i saka. Bruket har ikkje hatt driftsbygning sidan 1980-talet og er ikkje i sjølvstendig drift. I saksutgreiinga til landbruksnemnda har landbrukssjefen konkludert med at det ikkje er behov for to hus på bruket. Ved frådeling av dette huset no, må det såleis leggast til grunn at det heller ikkje kan byggast eit nytt hus nr 2. i framtida. I samband med høyringa har landbruksnemnda gjort vedtak om løyve til frådeling etter jordlova for tomta slik den er omsøkt, og det vert rådd til at det vert gjeve dispensasjon etter plan- og bygningslova. Vedtaket er i samsvar med tilrådinga frå landbrukssjefen. Fylkesmannen har ikkje vesentlege merknader til søknaden. Møre og Romsdal fylkeskommune peikar på at huset er ei tradisjonell sunnmørsstove i eit miljø av verneverdige hus på Standal, og at det er viktig at huset vert sett i stand etter antikvariske retningsliner. Det vert peika på at det er mogleg å søkje kulturminnefondet om tilskot til slike føremål. Dette kan oppfattast som gode råd til søkjar, som vi er samd i er viktig, men som ikkje har direkte innverknad på spørsmålet om frådeling. Fylkeskommunen peikar vidare på at tomta verkar for lita til å gje plass til uteareal og parkering og ber kommunen vurdere tilhøvet til Teknisk forskrift. I Byggteknisk forskrift 8-4 pkt. 4 står at byggverk etter sin funksjon skal ha tilstrekkeleg uteopphaldsareal. Det er ikkje definert nærare kva tilstrekkeleg er. I Plan- og bygningslova 26-1 som gjeld deling, står at: Opprettelse eller endring som nevnt i første punktum, må heller ikkje gjøres slik at det dannes tomter som er uegnet til bebyggelse på grunn av sin størrelse, form eller plassering etter reglene i denne lov. Kommunen legg normalt til grunn at det er eit pårekneleg behov knytt til ein bustadeigedom å kunne parkere bil. Frådeling bør såleis ikkje skje utan at det anten er plass til dette på eigen grunn, eller det på privatrettsleg grunnlag er gitt rett til å kunne parkere på hensiktsmessig måte på annan person sin grunn. Spørsmålet er drøfta med søkjaren, og ein er samd i at tomta bør kunne utformast i prinsippet slik det går fram av kartutsnittet nedanfor, jf. skraverte område. Vegen som no deler tomta i to, er felles med mange rettshavarar til. I opprinneleg søknad, som også var nabovarsla, var tomta føresett delt over vegen. Av privatrettslege omsyn kunne dette ikkje utan vidare gjennomførast. Den no skisserte løysinga tek omsyn til rettane på vegen, samstundes som tilleggsarealet gjer det mogleg å parkere ein bil på tomtegrunnen. Eit
visst uteareal er også sikra. Sidan opprinneleg søknad var nabovarsla slik det går fram ovanfor, skulle ikkje denne endringa medføre nye moment i høve naboane sine interesser. Vi kan heller ikkje sjå at dette vil ha vesentleg betydning i høve høyringsrunden til sektormynda. Landbruksnemnda har i sitt jordlovsvedtak spesifikt gitt løyve til frådeling av 0,2 da i samsvar med slik den endelege søknaden var utforma. Om SFU gjer vedtak i samsvar med rådmannen si tilråding vil nemnda verte orientert og gitt høve til å ta stilling til endringa. Det er elles lagt fram dokumentasjon på at eigedomen er sikra vegrett på felles veg fram til tomta frå fylkesvegen. Med bakgrunn i at det ikkje ligg føre nokon registreringar i naturbasen og at saka gjeld frådeling kring eksisterande hus, finn rådmannen at saka utvilsamt ikkje har effekt for verdifull natur. Det er såleis ikkje behov for å gjere andre vurderingar etter miljøprinsippa i Naturmangfaldlova 8-12. Med vising til saksutgreiinga ovanfor finn rådmannen at ei frådeling ikkje vil setje omsyna nedfelt i plangrunnlaget eller lova sin føremålsparagraf til side. Vidare at det etter ei samla vurdering vil vere klart større fordelar enn ulemper ved å gje løyve til frådeling. Ørsta, 20.11.2013 Eldar Øye leiar plan- og utviklingsstaben Gunnar Wangen avdelingsleiar plan og miljø