NOTAT VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen Til: Frå: Kopi: Anna Lianes Sak: Kommunesamanslåing - f.o.m 2012 Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/571 1178/2015 / 002 RÅD / SANGUD 16.03.2015 Møte i høve kommunereforma i Herøy, 13.02.15 Møte i høve kommunereforma på Thon Hotel Fosnavåg 13. februar 2015 Arr. Sunnmøre regionråd Referat Velkomen ved ordførar i Hareid Anders Riise og ordførar i Sande Dag Vaagen Orientering om status, organisering og framdriftsplan for den enkelte kommune NB: Det vert understreka at dette referatet er skrive av kontaktpersonane. Dette er altså ikkje det offisielle referatet frå dette møtet. Volda Meiner det er modenskap for reform sluttar oss til reformarbeidet. Samrøystes i dei politiske organa. Vanskeleg utredningsmetode med to strek under svaret. Føreheld oss til regjeringa sine mål for reforma. Innbyggjarundersøking. Tenketank. Vi ser at vi har både interne og eksterne aktørar. Interne: politikarar, ungdomsråd. Eksterne: Næringslivet, frivilligheita. Møte 19.februar. Ope møte før påske ( 9. mars)
Eit formannskapsmøte som diskutert kommunen som tenesteproduksjon, rådmannen tar med seg innspela og lagar ei oppsummering. Nytt tema i kvart formannskapsmøte framover, basert på kommunens roller, jfr. ekspertutvalet si utgreiing frå mars-14. Kva er den naturlege kommunestørrelsen når vi har diskutert oss igjennom desse tema. Møter interesse frå Sogn og Fjordane. Ørsta kommune Hausten 2014: Ørsta kommunestyre handsama to saker om kommunereform. Den første saka hadde fokus på grunnlagsmateriale og informasjon. Ved handsaminga gjorde kommunestyret vedtak om at det skal gjennomførast folkeavrøysting om kommunereforma. Den andre saka hadde fokus på organisering og lokal framdriftsplan for våren 2015. Vår 2015: Det er etablert prosjektgruppe som består av ordførar, varaordførar, rådmann, to tillitsvalde og kontaktperson. Planlagde aktivitetar våren 2015 er; 1. To opne informasjons- og dialogmøte; 12. mars og i april/mai (etter at Stortingsmelding om oppgåvefordeling ligg føre). På møta vil ordførar og rådmann orientere om kommunereforma, deretter gruppearbeid. 2. Ein tenketank vert spesielt invitert til desse møta. Tenketanken består av representantar frå politisk miljø, næringsliv, frivillig sektor og grendelag. Føremålet med tenketank er at representantane ut frå sin ståstad gir innspel og idear til arbeidet og prosessen. 3. Informasjon om kommunereform på heimeside er under utarbeiding. Lansering av denne vert samkøyrt med pressemelding i lokalavisa. 4. Ordførar vil utover våren orientere om kommunereform i politiske råd og utval, tilsvarande vil rådmann orientere tilsette i fora der dette er naturleg. Ørsta kommunestyre handsama to saker om kommunereform februar 2015. Den eine saka er ei utdjuping og konkretisering av lokal framdriftsplan. Saka tidfester innbyggjarundersøking til hausten 2015 over alternativ, og definerer og tidfester vedtak om folkeavrøysting til våren 2016 over framforhandla alternativ. I den andre saka peikar ordføraren på alternativ for utgreiing. Utgreiing av alternativ. Viktig å få støtte frå regionrådet, slik at dei data som vert lagt fram er samanliknbare. Regionrådet er viktige i prosessen for alle kommunane, m.a. med omsyn til naboprat og å involvere ungdommar. Herøy Generell orientering. Sak til kommunestyret i mai, faktagrunnlag. Innstille vedtak til statusrapport i juni. Innan 1.7 sende inn statusrapport. Våren 2016 januar. Forhandling med aktuelle partar. Forslag til forhandlingsresultat i februar, mars.
Ynskjer kontakt med dei sju kommunane, ha dialog. Ulstein Ynskjer å vere konkret, og vil vere ein del av ein større samanheng. Utveksling av korleis ein jobbar, og ein fortel opent kva vi gjer i Ulstein. Likt kommunestyrevedtak. Søre Sunnmøre som ei eining. Løftar blikket og ser på Søre Sunnmøre som ei naturleg eining, innanfor det mandatet som er utforma. Ynskjer å vere med. Har med tillitsvalde. Har faste møter i prosjektgruppa kvar veke. Det lokale dimensjonen: prosessen må ha god forankring i eigen kommune Jobbar med forankringa i eigen kommune, og med god informasjon. Kommunestyret ynskjer kommunereforma som tema på kvart møte, og alle referat frå prosjektgruppemøtet vert lagt fram som melding til kommunestyret. I løpet av våren er planlagt: Nok eit folkemøte, Temamøte med politikarane, etter Open Space-prinsippet, møter med tilsette, møter med vidaregåande skular, brukarar, lag og organisasjonar. Vil undersøkje meir rundt samanhengen mellom NTP og kommunereforma, og kva det konkret kan ha å seie for regionen vår. Fylkesmannen vil lage en enkel presentasjon som kan brukast til lag og organisasjonar m.m. Ulstein kommune vil sjå på behovet for å supplere denne presentasjonen med meir lokal informasjon. Ulstein lagar skjema for tilbakemelding på denne presentasjonen frå Fylkesmannen. Vil gje signal om korleis ein oppfattar situasjonen. Forankre, informere og utfordre ungdommen. Utfordre rektorane med skulearbeidet. Må identifisere og ta tak i utfordringane i prosessen vidare. Vanylven Aktive i kommunereformarbeid. Lagt ned mykje arbeid. Vore med på over 20 møter, som har vore arrangerte om reforma. Fekk politisk forankring av framdriftsplan før vedtaket vart sendt inn til kommunestyret desember 2014. Framdriftsplanen var basert på eit Open Space-møte i november 2014 med politikarar, næringslivet, kommunalsjefar, mellomleiarar etc. Har ei breitt samansatt prosjektgruppe med alle politiske parti, næringslivet, rådmann, kontaktperson, leiar i ungdomsrådet og tillitsvalde, og har hatt eitt møte i denne. Ein set ny møtedato på møtet, men ein vil prøve på ein gong i månaden. Har hatt fleire felles Formannskapsmøte med kommunar på Søre Sunnmøre, og hatt møter på rådmann og ordførarnivå i Selje og Vågsøy. Har hatt møte med tillitsvalde januar 2015. Ynskjer ein arena for å samle prosjektgruppene på Søre Sunnmøre. Er i ferd med å opprette digital kanal for attendemelding for innbyggjarane i kommunen.
Gjennomførte eiga innbyggjarundersøking hausten 2014, om kommunereforma. Undersøkinga viste at Vanylven er ei sunnmørskommune. Er våren i gang med innbyggjarundersøking om dei kommunale tenestene. Resultatet vil hjelpe oss i vårt daglege arbeid, men også vise kva vi er gode på til eit utredningsarbeid om dei kommunale tenestene. Vil spesielt ha næringslivet i Vanylven på bana, kanskje gjennom ei spørjeundersøking. Vil sikre informasjon gjennom gode kommunikasjonskanalar som: møte med næringsliv, ny innbyggjarundersøking, Facebook, heimeside, nyheitsbrev til tilsette i kommunen frå rådmannen, Open space-møte 7-stjerna, folkemøte i mars. Ynskjer ein open og god dialog med alle. Sande Formelt har vi alle kome like langt. Korte målsetjingar kva er det vi skal jobbe vidare med, fram mot sommaren. Viktig med gode interne prosessar. God samhandling er viktig. Sondere litt. Kva er aktuelt å utgreie framover og vidare? Kommunestyret har gitt eit greitt mandat som seier at vi skal vere aktive i prosessen og vi skal orientere oss breitt. Søre Sunnmøre. Ytre Sunnmøre. i vedtaksform. Fleire sider ved Søre i heilskap som klaffar med føresetnadar i reforma. Politisk engasjement i Sande, kommunen ynskjer å vere ein aktiv part i prosessane. Hareid Prosjektgruppe samansett av 6 personar (inkludert ein frå opposisjonen). Set neste møte på møtet, men har omlag 3 vekers møteintervall. God forankring av prosessen i seg sjølv er viktig, får belyst organisasjonen og utfordringar. Dette for å legitimere resultatet av kommunereforma. Nullalternativet er eit alternativ, ein er også opne. Skal involvere lag og organisasjonar før folket. Er opne for ulike konstellasjonar, konkret vil alternativa vere 7 kommunar eller 5 kommunar (inkludert Vanylven), 4 kommunar (utan Vanylven) Hareid kommune ynskjer heller ikkje å kople seg frå Ålesund som eit alternativ. Opplever det som vanskeleg å få mannen i gata til å engasjere seg om kommunereform
Med helsing Anna Lianes rådgjevar