PLAN FOR KOMPETANSEHEVING



Like dokumenter
PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Kompetanse for fremtidens barnehage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barnehagesaker. 1) Kompetansestrategien 2) Revisjon av Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver 3) Innmelde korttema

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Overordnet kompetanseplan for Vennesla-barnehagene

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

«Korleis skape eit godt og stimulerande språkmiljø i Florabarnehagen»

Årsmelding for Urhei barnehage

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Innbyggartal: 1320 pr Består av 872 øyar, holmar og skjær Bebudde øyar: Harøy, Finnøy, Sandøy, Ona, Orten Harøy og Finnøy er knytt saman

Kompetanseplan for Villa Villekulla familiebarnehage

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Barnehageplan for Vinje kommune

Barnehage til beste for barn

Saman om Ørstabarnehagen

KOMPETANSEPLAN LÆRINGSVERKSTEDET DOREMI HUMLEHAUGEN BARNEHAGE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

«TO FRAM» -Leiarskap i barnehagen gjennom ny rammeplan

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Den som slutter å bli bedre slutter å være bra

Kompetanseplan for barnehager i Tromsø

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Pia Paulsrud Stab for barnehage

Kva er nytt i rammeplanen?

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Verdens fineste stilling er ledig! - Vi har en jobb å gjøre. Hvem skal gjøre hva? Rekrutteringskonferanse i Østfold, 9. april 2014

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

PROSJEKTPLAN FOR FURULY BARNEHAGE SPRÅKMILJØ OG SPRÅKSTIMULERING I BARNEHAGEN

Hordaland, Fylkesmannens kommunesamling, barnehageområdet. Bergen,

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Du må tru det for å sjå det

Invitasjon til barnehageeiere og kommunen som barnehagemyndighet til å søke kompetansemidler 2016

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

STRATEGI FOR KOMPETANSE FOR RESULTATOMRÅDET BARNEHAGE I TYSVÆR KOMMUNE

Rullering Plan for utviklingsmål i barnehagene i Fet. Hovedmål

Tjenesteområde barnehage. Kommunale og ikke- kommunale barnehager. Dato:

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kompetanseplan for barnehagene i Rana FREMTIDENS BARNEHAGE

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I EIGERSUND KOMMUNES BARNEHAGER

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Barnehageforum i Troms Tromsø, 7. mai 2014

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Månadsbrev for Rosa september 2014

Bærekraftig utvikling

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Øystese barneskule April - 08

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Pedagogisk plattform

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Større endringer i barnehage og skole som påvirker hverandre

OPPVEKSTPLAN 0-6 ÅR for barnehagene i Lyngen kommune Revidering årlig

Transkript:

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives og utvikle seg i barnehagen. Et kompetent personale vil kunne se, anerkjenne og følge opp barna i deres utvikling. Å investere i de ansattes kompetanse er derfor å investere i barna.» (Kunnskapsdepartementet, 2013)

Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 2

Denne planen viser korleis Sandøy kommune som barnehageeigar vil arbeide langsiktig og systematisk med kompetanseheving for alle barnehagetilsette i kommunen, i tråd med Kunnskapsdepartementet sin strategi Kompetanse for framtidens barnehage 2014-2020 : Barnehageeier har det primære ansvaret for kompetanseutvikling for sine ansatte. Det forutsettes at barnehageeier tilrettelegger for at personalet kan delta i kompetanseutviklingstiltakene. Barnehageeier skal kartlegge kompetansebehovet, sette av egne midler til kompetanseheving og ha en langsiktig plan for hvilke kompetansetiltak som skal gjennomføres. 1. OVERORDNA SENTRALE MÅL OG FØRINGAR Barnehagen sitt samfunnsmandat er nedfelt i Lov 5. mai 1995 nr. 19 «Lov om barnehager med forskrifter», «Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen» (KD, 2011) og Stortingsmelding nr. 24 (2012-2013) «Framtidens barnehage». Barnehagen har som overordna mål å ta vare på barna sitt behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 2. FORANKRING OG AMBISJONAR PÅ LOKALT NIVÅ BAKGRUNN: Sandøy kommune har all barnehagedrift samla i ein kommunal barnehage, Harøy barnehage. Kommunen har tilnærma full barnehagedekning, og pr. 01.01.2014 er 6 avdelingar i drift fordelt i to bygg, eit storbarnsbygg og eit nytt småbarnsbygg, med 74 barn i alderen 1-5 år og 23 tilsette fordelt på 18.80 årsverk. Kommunen har eit stabilt barnehagepersonale der mange har lang erfaring, men har ikkje utdanna førskulelærarar i alle pedagogiske stillingar. Der er oppretta ei kompetansegruppe med særleg ansvar for arbeidet med kompetanseheving. Kommunen er medlem i det interkommunale selskapet Sunnmøre Regionråd, og eininga vil delta på aktuelle kurs og møter for barnehagesektoren i regi av rådet. FORANKRING: For å finne område ein er gode på og område ein ynskjer å heve den barnehagefaglege kompetansen på, er det gjennomført kartleggingar blant alle tilsette. Leiing har saman med pedagogisk personale drøfta eininga sine sterke og svake sider, knytt til Kunnskapsdepartementet sin strategi «Kompetanse for framtidens barnehage, 2014-2020». Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 3

Det har mellom anna vore arbeidd med relasjonskompetanse gjennom ICDP (International Child Development Programme), noko som har danna eit godt grunnlag for å kunne arbeide med tema tilsette ynskjer å legge vekt på i framtida: språkutvikling og språkvanskar, sosialt samspel og leik, skapande aktivitetar, det fysiske rommet og barn med særlege behov. MÅL FOR ARBEIDET: Arbeidet med kompetanseheving skal føre til nyskaping og vere med på å sikre kvaliteten i barnehagetenesta, til det beste for barnet. Barnehagen skal også vere ein del av barna sitt livslange læringsløp i Sandøy kommune, der ein vil utvikle relasjonskompetanse, legge til rette for utforskartrang, undring og skaparglede, utvikle kunnskap, og legge til rette for meining- og meistringsopplevingar som styrker læring og danning. Lokale mål og tiltak er tilpassa sentrale mål og føringar. For å styrke den pedagogiske leiinga og barnehagen som ein lærande organisasjon, har eininga ein gjennomgåande strategi i dei ulike læringsarenaene, som igjen legg grunnlag for arbeidet med tematiske satsingsområde. 3. GJENNOMGÅANDE STRATEGI Pedagogisk leiing barnehagen som lærande organisasjon MÅL: - for å skape samanheng mellom plan og praksis, og styrke tilsette som fagpersonar og den enkelte pedagogen si rolle som fagperson og leiar. Ein av føresetnadane for å auke kompetansen i barnehagen er at alle tilsette får kjennskap til aktuelle tema og nyare faglitteratur, samt får anledning til å drøfte dette i ulike fora. Gjennom drøftingar får ein ny kunnskap, og ein kjem nærare ei felles forståing som gjer at ein lettare kan støtte kvarandre i det daglege arbeidet til det beste for barna si læring og utvikling. Å drøfte tema og litteratur som høver til utfordringar og gjeremål i barnehagekvardagen vil vere avgjerande for dei tilsette sitt læringsutbytte. Eininga ynskjer å ivareta barn i ulike aldrar sine behov (herunder også dei yngste) gjennom å delvis organisere utiklingsarbeidet for to personalgrupper: eit arbeid tilpassa for tilsette i småbarnsbygget og eit arbeid tilpassa for tilsette i storbarnsbygget. Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 4

Arbeid med kompetanseheving i barnehagen vil vere eit kontinuerleg utviklingsarbeid som går gjennom ulike fasar, frå oppstart og forankring, til etablering av felles forståing, gjennomføring og implementering. For å synleggjere arbeidet for tilsette, føresette og eigar, vert nye metodar og vektlegging i arbeidet nedfelt i komande årsplanar. Utifrå kompetanseplanen vert det utarbeidd ein møteplan med innhald kvart halvår. Læringsarenaer Avdelingsmøte: Planlegge innhald og aktivitetar på kvar avdeling i tråd med rammeplan og barnehagen sin årsplan Drøfte faglege tema som høver til barna sin alder, særtrekk og utvikling på kvar avdeling. Gjere seg kjent med og arbeide i tråd med revidert rammeplan som kjem 01.01.2015. Ped.leiarmøte: Verte kjent med og drøfte tema i forkant av fagleg arbeid i personalgruppa Drøfte tema som høver barna sin alder, særtrekk og utvikling på kvar avdeling Arbeide for felles forståing av innhaldet i ny revidert rammeplan Gjennomgang og drøfting barnehagen sin dokumentasjon og evaluering: kva skal/skal ikkje dokumentarast og evaluerast? (Årsplan, arbeidet på kvar avdeling, foreldresamtalar m.m.) Studie-/planleggingsdagar og personalmøte: Sette seg inn i, drøfte og einast om faglege tema knytt til Rammeplan, Kompetanseplan og gjeldande satsingsområde Rettleiingsmøte: Avdelingane og tilsette får rettleiing i høve satsingsområde Avdelingane og tilsette får rettleiing som høver til dei enkelte avdelingane sine behov Eksterne kurs og konferansar: Den/dei tilsette som deltek på eksterne kurs og konferansar, deler den nye kunnskapen med andre tilsette i barnehagen gjennom studiedagar og/eller møter. Ansvarleg Ped.leiar på kvar avd. Kompetansegruppa Kompetansegruppa Kompetansegruppa Den enkelte tilsette Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 5

4. TEMATISKE SATSINGSOMRÅDE Danning og kulturelt mangfald MÅL: - for at barna skal forstå sin eigen identitet og kunne ta del i eit fellesskap Tema på læringsarenaer: ICDP som grunnlag for barn si danning og utvikling i ulike aldrar Dei yngste barna sine vilkår for danning i barnehagen Leiken som danningsarena Skapande aktivitetar og barnet som medskapar i eigen danningsprosess Den fleirkulturelle barnehagen, mangfald som ressurs i danningsprosessar Eit godt språkmiljø for alle barn MÅL: - for at alle barn skal kunne kommunisere, tenke, reflektere, lære og utvikle seg. Tema på læringsarenaer: Generell språkutvikling, språkstimulering etter alder og kjenneteikn på språkvanskar Språkutvikling i kvardagen: ICDP og kvardagssituasjonar, formelle og uformelle læringssituasjonar Den første lese- og skriveopplæringa; barnehagen si rolle i eit livslang læringsløp Fleirspråklege barn si språkutvikling Språket si rolle for barn sitt vennskap, sosiale relasjonar, leik og læring i ulike aldrar Barnehagen sitt fysiske rom og den estetiske utforminga si rolle for kommunikasjon og språkleg aktivitet Dei vaksne sitt ansvar for å legge til rett for barn si språkutvikling i ulike aldrar Ulike kartleggingsmateriell; velje verktøy som vi kan bruke i kartlegging/observasjon/registrering av språk Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 6

Barn med særlege behov MÅL: - for å kunne førebyggje vanskar og gjere ein tidleg innsats i barn sitt liv Tema på læringsarenaer: Risiko- og beskyttande faktorar for barn si utvikling, legge til rette for tidleg innsats Ped.leiarane vert kjent med ulike kartleggingsmateriell, og finn verktøy som ein vil bruke til kartlegging/observasjon/registrering «Mission Possible», delta i det tverretatleg samarbeidet for å legge til rette for tidleg innsats og førebyggjande arbeid «Den vanskelege samtalen» «Barnehagen som barnevernstiltak» IKT MÅL: - for å få kunnskap og ferdigheiter i kreativ og kritisk bruk av digitale verktøy i barnehagen Tema for læringsarenaer: Kunne nytte kommunen si plattform ope nett og IKKS som informasjonskjelde, bidra til auka og betre informasjonsflyt ved bruk av epost, samt kunne melde avvik elektronisk via IKKS Kunne nytte kommunen sine plattformer ope nett og lukka nett til oppgåver ein har som pedagogisk leiar på ein sikker og hensiktsmessig måte Kunne bruke barnehagen sine digitale verktøy saman med barna i tråd med Rammeplan for barnehagen og tematiske satsingsområde i barnehagen Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 7

5. EVALUERING OG OPPFØLGING AV PLANEN Barnehageleiinga og kompetansegruppa har ansvar for kontinuerleg å sette i verk, følgje opp og evaluere tiltak i denne planen. Pedagogiske leiarar har ansvar for å gjennomføre tiltak retta mot kvar avdeling. Planen har eit vedlegg med aktuelle tema som vil vere i endring i takt med utviklingsarbeidet. Planen må tilpassas ny Rammeplan for barnehagar som vert revidert og fastsett 01.01.2015. Harøy, 19.12.13 v/kompetansegruppa Karin A. B. Grytten Ingrid Huse Kristin Huse Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 8

Vedlegg: AKTUELLE TEMA pr. 01.01.2014 Haust 2013 Oppstart nytt barnehagebygg Barns psykososiale miljø; førebyggjande arbeid mot mobbing i barnehagen (ICDP) Haust 2014 Språk i barnehagen, mykje meir enn berre prat (språk og leik) Barnehagen som barnevernstiltak (SR) Tal, rom og form (SR) Haust 2015 Alle tilsette vert kjent med ny rammeplan Naturfagsenteret? (SR) Rammeplan? (SR) Haust 2016 Kunstsenteret? (SR) Haust 2017 Haust 2018 Haust 2019 Vår 2014 Bhg som lærande organisasjon Språk i barnehagen, mykje meir enn berre prat (språkutvikling og ICDP) App`legøyer; om bruk av Apps som pedagogisk verktøy (SR) Vår 2015 Pedagogar gjer seg kjent med ny rammeplan Arbeid med dei fleirspråklege barna, språk og mangfald (SR) Vår 2016 Dei yngste i barnehagen (SR) Vår 2017 Vår 2018 Vår 2019 Vår 2020 Harøy barnehage kompetanseplan 2014-2020 9