HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201204244-14 Arkivnr. 714 Saksh. Nordmark, Per, Slinning, Tore, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 05.03.2013 FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE. SAMANDRAG Bømlo kommune har sendt reguleringsplan for Vorlandsvågen på høyring. Kultur- og ressursutvalet får saka av di det er tilrådd motsegn. Føremål med planen er einebustader, fritidshus, sjøboder, næringsbygg, veg og kai. Dei innspel som er gitt av Hordaland fylkeskommune i fråsegn til oppstartmeldinga er i stor grad teke omsyn til i planen. Planen er likevel i direkte konflikt med vern av kulturminne og det er sett krav om større omsynssoner rundt automatisk freda kulturminne. Til dette er det tilrådd motsegn. Det er rådd i frå å regulera inn næringskai og næringsareal som er i strid med kommuneplanen. For å sikra grønstrukturen frå sjøen gjennom byggeområde er det foreslått å tydeleggjera dette gjennom føresegnene. Det er tilrådd at planomtalen omtalar samferdselsspørsmål noko meir. FORSLAG TIL VEDTAK Kultur- og ressursutvalet fremjar motsegn til høyringsforslaget til reguleringsplanen for Vorlandsvågen, gnr. 59, bnr. 53, 145 mfl. planid 201206, Bømlo kommune. Motsegna vert trekt viss Hordaland fylkeskommune sitt forslag til omsynsoner i samsvar med kulturminnelova 6, med tilhøyrande føresegner, vert vedteken av Bømlo kommune. Rune Haugsdal fylkesrådmann Bård Sandal regionaldirektør
Vedlegg: 1. Forslag til plankart til offentleg ettersyn, PlanID: 201206 Bømlo kommune 2. Plankart med forslag til utvida omsynssoner Hordaland fylkeskommune 2
FYLKESRÅDMANNEN, 12.02.2013: 1. Bakgrunn Bømlo kommune ved utval for areal og samferdsel godkjende i møte 09.05.2012 oppstart av planarbeid for Vorlandsvågen, planid 201206. Hordaland fylkeskommune gav fråsegn til oppstartsmeldinga i brev av 27.06.2012. Her vart det bedt om at det vert tatt særskild omsyn til strandsona, og det vart informert om at det er kjende funn av fortidsminne i området. Vidare vart det varsla ei synfaring, og at det kunne verta krav om utgraving. Dette er gjennomført. Bømlo kommune sendte reguleringsplanen på høyring 10.12.2012 med frist 31.01.2012. I si saksutgreiing opplyser kommunen at ein har teke omsyn til Hordaland fylkeskommune sine innspel. Hordaland fylkeskommunen mottok ikkje høyringsbrev med plandokument, og vart kjend med høyringa fyrst 23. januar. Dokumenta vart etterspurt hos Bømlo kommune og mottatt som e-post 01.02.2013. Hordaland fylkeskommune ba om utsett frist til 12.03.2013 for å ha høve til å handsama ein høyringsuttale politisk. Bømlo kommune gav slik utsett frist. 2. Innhald i planen Hovudføremålet i planen er bustad, fritidshus, næring, sjøboder, trafikkareal, leikeplass, friområde og veg, leikeplass og friluftsområde. Føremålet er oppgitt å vera i hovudsak i samsvar med gjeldande kommuneplan. Næringsareal er ikkje inkludert i kommuneplanen. Kommunen har ikkje sett krav om konsekvensutgreiing. 3. Vurdering av regionale interesser Planfagleg Næringsområdet i planen er ikkje i samsvar med kommuneplanen og kommunen må vurdera om dette medfører krav om konsekvensutgreiing. Planomtalen konstaterer at det ikkje er aktuelt med buss til området, og heller ikkje gang- og sykkelveg. Grunngjevinga er lite trafikk, og at dette er situasjonen i dag. Ved etablering av nye bustadområde bør slike spørsmål tilleggjast vekt og planomtalen bør noko meir synleggjera samferdselsspørsmål, t.d. skulereiser for born. Landskap Det er i planarbeidet lagt vekt på å setja tydlege rammer for utbygginga for å sikra at det vert vist omsyn til landskap og estetikk. For områda NA1, NA2, F4, F5 L1 er det viktig å sikra ein samanhangande grønstruktur frå sjøen. Vegen V8 som kryssar området må utformast slik at ein sikrar dette. Dette bør tydeleggjerast i føresegnene. Strandsone Planen har lagt vekt å avgrensa tiltak i strandsona, og å utforma desse på ein estetisk god måte. Det er vidare lagt vekt på å sikra allmenn tilgang. Dette er gode løysingar i samsvar med våre innspel ved oppstart av planen. Næringskai Det er regulert inn eit næringsbygg og ein næringskai på N1 og K2, og dessutan K3. Dette er ikkje i samsvar med kommuneplanen. Dette vurderer vi som uheldig. Det er ikkje ønskeleg å blanda slik næringsverksemd med bustader. Næringsverksemd her vil føra til auka trafikk og anna aktivitet i området, og kan lett føra til interessekonfliktar. Det vert tilrådd å fjerna næringsarealet og næringskai frå planen. Kulturminne og kulturmiljø I samband med oppstart av reguleringsplanen utførte Hordaland fylkeskommune ei arkeologisk registrering i planområdet i perioden 12-14.09.2012. Undersøkinga resulterte i funn av fire automatisk freda steinalderlokalitetar. Desse har id. nr. 160773, 160772, 160768 og 160767 i Riksantikvarens database Askeladden. I e-post datert 26.09.2012 til Gøtz AS la vi ved kart med lokaliseringa av dei innmålte steinalderbuplassane med 5 m sikringssone, og viste til at desse måtte takast omsyn til i den vidare planlegginga. 3
I e-post datert 12.02.2013 til Bømlo kommune og Gøtz AS, informerte Hordaland fylkeskommune om krava til omsynssone kring automatisk freda kulturminne. I vår e-post blei det også presentert eit kart med omsynssoner som vil vere i samsvar med Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner 6. I framlegget til reguleringsplan er dei fire automatisk freda kulturminna lagt inn svært marginale omsynssoner. Desse relaterer seg utelukkande til lokalitetane sine sikringssoner. Sikringssona på 5 m kring funnområda er ikkje tilstrekkeleg for å sikre lokalitetane eit godt vern i reguleringsplanen. Vegen sør i planområdet kan på ingen måte leggjast kloss inn i sikringssona til dei tre lokalitetane, og ein må leggje til rette for meir opne areal mellom kulturminna og dei planlagde byggjeområda. Dette inneber oppretting av omsynssone C kring kulturminna. Årsaka til dette er at steinalderbuplassane ikkje skal bli innebygd, og totalt avsondra frå alle element av sine naturlege landskapssamanhengar. I utgangspunktet har desse buplassane lege tett nedtil den forhistoriske strandlina, men slik dei no ligg langt inn på land, blir det vanskeleg å oppretthalde deira tilknyting og orientering mot sjøen. Desto viktigare blir det å sikre eit minimum av naturleg terreng kring desse kulturminna. Når automatisk freda kulturminne skal bli regulert inn i utbyggingsplanar, er det også svært viktig at ein etablerar ein buffer mellom lokalitetane og tiltaksområda. Omsynssone C er i slike høve godt egna til å hindre uforvarande skade på det freda området i anleggsperioden. Omsynssoner som sikrar eit akseptabelt vern er vist i dei vedlagte karta og illustrert nedanfor. Kvar lokalitet med tilhøyrande 5 m sikringssone må leggjast inn som omsynssone D, bandlegging etter lov om kulturminne, og markerast med skravur i høve sosikode H370. Den omkringliggande omsynssone C, bevaring av kulturmiljø, markerast med skravur i høve sosikode H570. Vidare kan ikkje omsynssonene kombinerast med arealføremål som tillet utbygging av noko slag. Reguleringsføresegner som sikrar omsynet til det automatisk freda kulturminnet er følgjande: Omsynssone D, H 730, bandlegging etter lov om kulturminne, og omsynssone C, H 570, bevaring av kulturmiljø. I området ligg det fire steinalderlokalitetar (Askeladden id. 160773, 160772, 160768 og 1607672). Desse er automatisk freda. I omsynssone H 730 og H 570 er det ikkje tillate å gjere nokon form for varige eller mellombelse inngrep som er egna til å skade, øydeleggje, grave ut, dekkje til, flytte, forandre, skjule eller på nokon måte utilbørlig skjemme automatisk freda kulturminne, eller framkalle fare for at dette kan skje, jf. kulturminnelova 3. I fellesføresegnene under 2.5 vil følgjande tekst vere korrekt: Det kan vere uregistrerte forminne i planområdet. Dersom det i samband med gravearbeid kjem fram automatisk freda kulturminne som gjenstandsfunn, flekkar med trekol eller konstruksjonar, må dette straks meldast til Hordaland fylkeskommune, og alt arbeid stansast til rette forvaltingsstyresmakt har vurdert funnet. Slik gransking vil bli utført mindre enn tre dagar etter melding om moglege funn, jf. kulturminnelova 8, 2. ledd. Dersom det vert gjeve fagleg tilråding om motsegn på bakgrunn av nasjonale kulturminneinteresser og dette ikkje vert fylgt opp av politiske organ i fylkeskommunen, skal fylkeskommunen gje melding om dette til Riksantikvaren som kan fremja motsegn i saka. (jfr. Forskrift til Kulturminnelova kap 1, 3). 4
Detalj av plankart med markering av omsynssoner som er i samsvar med kulturminnelova 6. 4. Oppsummering Reguleringsplanen er delvis i strid med kommuneplanen. Det er tilrådd slike merknader: Næringsarealet bør vurderast tatt ut av planen. Automatisk freda kulturminne er ikkje tilstrekkeleg sikra. Det er tilrådd motsegn. Grønstruktur bør sikrast betre gjennom føresegnene. Planomtalen bør omtala samferdselsspørsmål noko meir. 5