Forfall skal meldast til koordinator, Anne Berit Svenkerud Halle, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.



Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Strategiplan for Apoteka Vest HF

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Forslag frå fylkesrådmannen

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Møteprotokoll. Møtestad: Hopen brygge, Smøla Dato: Tid: Protokoll nr: 2/2016. Faste medlemer som møtte:

Kontorsjef, fylkestannlegen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Rådgivar, fylkesrevisjonen

Vetle og Jenny har alt meldt forfall og koordinator har tatt kontakt med vara.

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Kvalitetsplan mot mobbing

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Sandeid skule SFO Årsplan

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

For dei som reiser kollektivt er det mogleg å ta buss til Surnadal. Sjekk 177.no for reiserute.

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Tiltaksplan

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Velkomen til Mork barnehage

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Strategi for kompetanseutvikling

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Status på lokal HMS-systemdokumentasjonen

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

OPPLÆRINGA BARNEHAGANE GRUNNSKOLEN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Aurland kommune Rådmannen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Plan for overgangar. for barn og unge

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Forfall skal meldast til koordinator, Anne Berit Svenkerud Halle, mob Til dette møtet er både faste- og varamedlemmar innkalla.

Øystese barneskule April - 08

Plan for Liabygda SFO

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Fylkeshuset i Molde Dato: 06. - 08.09.2013 Forfall skal meldast til koordinator, Anne Berit Svenkerud Halle, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling. Oppmøte ved hovedinngangen på fylkeshuset kl. 17.00. Møterom i 6. etasje, administrasjonsavdelinga. UP skal bu på Molde Fjordstuer. Program : Fredag den 06.09 kl 17.00 Møtestart kl 20.00 Middag Lørdag den 07.09 kl 08.00 Frokost kl 09.00 Møtestart. kl 11.30 Ut å på tur. kl 13.00 Lunsj kl 14.00 Møte kl 20.00 Middag Søndag den 08.09 kl 08.00 Frokost kl 09.00 Møtestart kl 13.00 Lunsj kl 15.30 avreise Vi legg inn pausar etter behov. Vel møtt!! Anne Berit Svenkerud Halle Rådgivar/koordinator

Saksnr Innhold Uoff UP-9/13 Høyringssvar frå ungdomspanelet på regional delplan for tannhelse UP-10/13 Regional delplan for folkehelse - høyring UP-11/13 Årets barne- og ungdomskommune 2013 UP-12/13 Årsrapport 2012 HMS for elevar UP-13/13 Utprøving av multimediale brett i opplæringa UP-14/13 Ladestasjonar ved dei offentlege vidaregåande skolane i Møre og Romsdal UP-15/13 Spørjetimen 2013 UP-16/13 Søknad om permisjon UP-17/13 Saksliste, program og arbeidsfordeling UFT 2013

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.08.2013 52076/2013 Ingunn Bekken Sjåholm Saksnr Utval Møtedato UP-9/13 Ungdomspanelet 2012-2013 06.09.2013 Høyringssvar frå ungdomspanelet på regional delplan tannhelse Bakgrunn Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok 27.5.13 (sak U-68/13) å leggje forslag til Regional delplan tannhelse ut til høyring. Høyringsfristen var sett til 26. august 2013, men i samråd med tannhelseavdelinga fekk ungdomspanelet utsett høyringsfristen til sitt møte 9. september. Etter høyringsperioden skal planen leggast fram for vedtak i fylkestinget i oktober 2013. Den regionale planlegginga er heimla i plan- og bygningsloven og er eit samla system for offentleg planlegging i fylket, under folkevalt styre og kontroll. Regional delplan tannhelse er ein av dei prioriterte planane i regional planstrategi 2012-2016 (sak T-7/12), som har som overordna mål å styrke fylket sin attraktivitet og medverke til vekst og utvikling, livskvalitet og folkehelse. Ungdomspanelet fekk utdelt planutkastet på sitt møte i juni. Dei av medlemene som ikkje var til stades fekk den tilsendt i posten. Dokumentet er også tilgjengeleg på våre nettsider: http://mrfylke.no/tenesteomraade/tannhelse/regional-delplantannhelse-til-hoeyring-og-offentleg-ettersyn Om tannhelsetenesta Det er fylkeskommunen som har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta i fylket vårt. Fylkeskommunen har 37 tannklinikkar i 34 av dei 36 kommunane i fylket. Vi gir gratis tannhelsetenester til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg får 19-20 åringar tilbod om undersøking og tannbehandling til 25 % av offentlege takstar. Vi gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg. Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar. Tannhelsetenesta er organisert i 5 tannhelsedistrikt, med ein overtannlege som er fagleg- og administrativ leiar i sitt distrikt. Tannhelsetenesta har omlag 190 tilsette (for meir informasjon om pasientgrupper og klinikkar, sjå side 8-9 i planforslaget). Hovudutfordringane for den offentlege tannhelsa er endringar i befolkninga si samansetning og behov, og større krav frå brukarar og publikum til kvalitet,

Side 2 kompetanse og pasientsikkerheit. Dette skjer samtidig med at tannhelsetenesta opplev rekrutteringsutfordringar og ustabil bemanning. Planens føremål Regional delplan tannhelse gjer greie for utviklingstrekk på sitt tenesteområde og dei utfordringar og strategiske vegval den offentlege tannhelsetenesta står ovanfor. Planen gir fylkeskommunen eit grunnlag for å kunne prioritere og ta rette avgjerder innanfor tannhelseområdet. Planen har eit perspektiv fram mot 2025 og er utvikla i spenningsfeltet mellom tradisjon og fornying. Planen gir ei analyse av forhold som er kritiske for ei berekraftig offentleg tannhelseteneste i fylket. Planen viser ein tydeleg ambisjon om å vidareutvikle tannhelsetenesta til ein solid og kvalitetsorientert tenesteprodusent. Fylkeskommunen er utfordra på å nytte ressursane på ein god og effektiv måte og vere vaken for endringar og utviklingstrekk. Det har det siste tiåret vore ei rivande utvikling på det tannmedisinske fagfeltet og vesentleg endra føresetnader med omsyn til å rekruttere og halde på tannhelsepersonell. Sjølv om tannhelsa blant folk har vorte god, ser vi eit dramatisk skifte i behandlingsbehovet. Den høge endringstakta utfordrar oss til å tenke nye tankar om organisering. Planen løftar fram fire tema innanfor tannhelsetenesta: Kvalitet og pasientsikkerheit Kompetanse Berekraftig klinikkorganisering Folkehelse og samhandling Hovudmåla som er sett på desse temaa er: Vi skal medverke til å oppretthalde livslang god tannhelse gjennom søkjelys på god kvalitet og pasienttryggleik i tannhelsetenesta. Vi skal bygge attraktive fagmiljø med høg fagleg standard og utviklingsmoglegheiter for å vere konkurransedyktige i kampen om riktig kompetanse. Vi skal sikre tilgjenge til kvalitativt gode og stabile tannhelsetenester innafor ei rimeleg reiseavstand. Vi skal i samarbeid med andre delar av helsetenesta, utvikle gode løysingar for kompetansebygging lokalt som sikrar dei mål som er sett for folkehelsearbeidet i tannhelsetenesta. Vurdering Barn og unge er ei av tannhelsetenesta si viktigaste målgruppe. Ungdomspanelet er derfor ein naturleg høyringspart i denne saka. I høyringssvaret kan ungdomspanelet m.a. vurdere følgjande: - Stemmer dei utfordringane som planen tek opp er dette i tråd med deira erfaringar? - Er det andre utfordringar for den offentlege tannhelsetenesta enn det som er fanga opp i planforslaget? - Er de einige i dei måla (både hovudmåla og resultatmåla) som blir sett i planen? Er måla forståelege? - Har de forslag til andre mål som burde vore tatt med? - Har de kommentarar til gjennomføringa av planen?

Side 3 Forslag til vedtak: Ungdomspanelet har følgjande innspel til Regional delplan tannhelse: Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.08.2013 51978/2013 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UP-10/13 Ungdomspanelet 2012-2013 06.09.2013 Regional delplan for folkehelse - høyring Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok den 26.08.13, sak U-103/13, med heimel i plan- og bygningslova 5-2 og 8-3 å leggje framlegg til Regional delplan for folkehelse til høyring. Høyringsfristen er 7. oktober 2012. Bakgrunn Den regionale planlegginga er heimla i plan- og bygningsloven og er eit samla system for offentleg planlegging i fylket, under folkevalt styre og kontroll. Regional delplan for folkehelse er ein av dei prioriterte planane i Regional planstrategi 2012-2016, T-7/12, som har som overordna mål å styrkje fylket sin attraktivitet og medverke til vekst og utvikling, livskvalitet og folkehelse. Innhaldet i planen Vi står i dag overfor ein global trend med auke i sjukdommar som er knytt til livsstil, til våre mat- og drikkevanar og til fysisk aktivitet. Helsa i befolkninga blir i stor grad påverka av tilhøve som ligg utanfor helsesektoren. I åra framover er det nødvendig at alle sektorar set seg folkehelsemål og samarbeider for å førebyggje livsstilssjukdommar. Målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse for den einskilde, og reduserte sosiale helseforskjellar i befolkninga. Planen inneheld seks satsingsområde (kapittel 3 til 8); samfunnsutvikling for ein god start i livet, helsevennleg arbeidsliv, samfunn som fremmar aktiv, trygg og frisk alderdom, trygt og helsefremmande fysisk miljø, inkludering og deltaking i kultur og frivillige organisasjonar, organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid. For kvart av satsingsområda er det utarbeidd hovudmål og resultatmål. Dei seks satsingsområda i planen er valt ut i frå dei folkehelseutfordringane som vi i dag har oversikt over, føringar i lov om folkehelse og folkehelsemeldinga (Meld. St. 34 2012-2013). Planen skal vere eit grunnlag for det samla arbeidet med folkehelse i Møre og Romsdal, og gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, institusjonar, organisasjonar og næringsliv eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen skal først og fremst sette fokus på tema kor fylkeskommunen, kommunane, statlege og frivillige aktørar på regionalt nivå har verkemiddel til å gjere noko med. Planen har eit perspektiv fram mot 2017, og har hatt god medverknad frå sentrale aktørar i folkehelsearbeidet. Invitasjon til høyring og framlegget ligg ute på mrfylke.no: http://mrfylke.no/tenesteomraade/plan-og-analyse/regional-planlegging/regionaledelplanar/regional-delplan-for-folkehelse-til-hoeyring-og-offentleg-ettersyn Vurdering Ungdomspanelet er ein naturleg høyringspart i denne saka. I høyringssvaret kan ungdomspanelet m.a. vurdere følgjande: - Stemmer dei utfordringane som planen tek opp er dette i tråd med deira erfaringar?

Side 2 - Er det andre utfordringar for folkehelsearbeidet enn det som er fanga opp i planforslaget? - Er de einige i dei måla (både hovudmåla og resultatmåla) som blir sett i planen? Er måla forståelege? - Har de forslag til andre mål som burde vore tatt med? - Har de kommentarar til gjennomføringa av planen? Forslag til vedtak: Ungdomspanelet har følgjande innspel til Regional delplan tannhelse: Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.08.2013 51442/2013 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UP-11/13 Ungdomspanelet 2012-2013 06.09.2013 Årets barne og ungdomskommune 2013 Ungdomspanelet(UP) har vedteke at UP kvart år skal vurdere om fjorårets ungdomskommune i Møre og Romsdal skal nomineres som kandidat til Årets barneog ungdomskommune i regi av Barne-, likestilling- og inkluderingsdepartementet. Følgjande invitasjon er sendt ut frå departementet og statsråd Inga Marte Torkildsen: Som barne-, likestillings- og inkluderingsminister er jeg opptatt av at alle barn og unge skal sikres en god oppvekst. Det sikrer vi ved at tjenestene vi tilbyr barn, unge og deres familier er helhetlige, ved at barn og unge blir hørt og ved at deres synspunkter tillegges vekt. Samlet innsats og gode fellesskapsløsninger på ulike arenaer og fra ulike aktører er avgjørende for et godt og inkluderende oppvekstmiljø. Jeg vil med dette invitere til nominering av kandidater til Årets barne- og ungdomskommune 2013. Årets kommune skal utmerke seg som en kommune som lykkes i å skape et inkluderende oppvekstmiljø hvor barn og ungdom får delta og utvikle seg. Nominering kan gjøres av kommuner, barne- og ungdomsorganisasjoner, lokale barneog ungdomsråd eller lignende innflytelsesorgan for barn og ungdom i kommuner og fylker. En jury, nedsatt av departementet, vil stå for utvelgelsen. Årets nominering er den tiende i rekken. Søknadsfrist er i år 6. september. Jeg oppfordrer alle som mener deres kommune er spesielt god på barne- og ungdomspolitikk til å søke! Med hilsen Inga Marte Thorkildsen Meir informasjon om prisen finn de her: http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/aktuelt/nyheter/2013/er-din-kommunebest-pa-barne--og-ungdoms.html?id=732700 Forslag til vedtak: UP nominerer Surnadal kommune til Årets barne- og ungdomskommune 2013. Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 02.07.2013 44643/2013 Kristin Glæstad Vonheim Saksnr Utval Møtedato UD-28/13 Utdanningsutvalet 05.09.2013 UP-12/13 Ungdomspanelet 2012-2013 06.09.2013 Årsrapport 2012 HMS for elevar Bakgrunn Eit godt skulemiljø er avhengig av haldningar og eit målretta og systematisk arbeid. Opplæringsloven 9a 4 pålegg den enkelte skule å arbeide aktivt og målretta for å oppfylle krava til skulemiljøet i opplæringslova. Skulen har også plikt til å føre internkontroll med skulemiljøet etter «Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular 5.» Saka var også oppe til orientering i 2011: UD-11/12 A. HMS-elevhandboka er ein del av HMS-systemet i fylkeskommunen, og ho fortel korleis skulane skal handtere området helse, miljø og sikkerheit for elevar. Handboka beskriv korleis det systematiske arbeidet med helse, miljø og sikkerheit skal vere ein del av styringssystemet. Elevhandboka er inndelt på same måte som HMS-systemhandboka (som gjeld tilsette). Kapitla i elevhandboka er sett opp slik at dei oppfyller krava i opplæringslova kapittel 9a, Forskrift til miljøretta helsevern i skular og barnehagar og andre gjeldande lovar og forskrifter. Systemet legg opp til at elevane skal vere involverte i HMS-arbeidet og for eksempel delta i kartlegginga av arbeidsmiljøet. Systemet var oppe som sak i HSAMU 31.5.2011. Alle elevar skal delta i HMS-arbeidet. Elevane bør t.d. ha høve til å delta i kartlegginga av arbeidsmiljøet. Dei bør ha høve til å bli kjent med og evt. kommentere mål og handlingsplan. Dei skal kjenne til kven som er ansvarleg på dei ulike områda og kjenne sitt eige ansvar i høve til HMS-området. Mål og resultatmål 2012 Følgjande har vore dei overordna måla og resultatmål for dei vidaregåande skolane i 2012: Møre og Romsdal fylkeskommunen skal jobbe aktivt og systematisk for å sikre elevane eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Side 2 Gjennom eit integrert HMS-arbeid for både tilsette og elevar på skolane ønskjer fylkeskommunen å førebygge personulykke og helseskadar skadar på det indre og ytre miljø materielle skadar og driftsavbrot fråfall frå vidaregåande opplæring Fylkesutdanningssjefen har fastsett desse sentrale resultatmåla for det elevretta HMS-arbeidet: 1. Skolane skal ha eit system som tilfredsstiller 9a i Opplæringslova 2. Det systematiske HMS-arbeidet i skolen skal inngå i ein fast årleg syklus, der hovudaktivitetane - arbeidsmiljøkartlegging/vernerunde/risikovurdering - utarbeiding av handlingsplan og avviksbehandling - revisjon av driftseininga si HMS-arbeidsbok (inkl. HMSaktivitetskalender) - HMS-årsrapportering skal behandlast i arbeidsmiljøutvalet (AMU) og skolemiljøutvalet 3. Skolen skal gjennomføre årleg risikovurdering med elevdeltaking med fokus på rutinar, kunnskap og haldningar i risikofylte arbeidsmiljø, for å førebygge helseskader og miljøforstyrring. Mål for elev-hms Mål 1: 16 av skulane melder at dei har nådd målet om at skulane skal ha eit system som tilfredsstiller 9a i Opplæringslova. 2 skular rapporterer at dei ikkje har nådd målet og 4 skular melder om delvis måloppnåing. Mål 2: 8 av skulane melder at dei har nådd målet om at Elev-HMS-arbeidet skal inngå i ein fast årleg syklus der hovudaktivitetane skal behandlast i AMU og Skulemiljøutvalet. 6 av skulane rapporterer at dei ikkje har nådd målet og 9 av skulane melder om delvis måloppnåing. Mål 3: 8 av skulane melder om måloppnåing på målet om at skulen skal gjennomføre årlege risikovurderingar med elevdeltaking. 10 av skulane at dei ikkje har nådd målet og 5 av skulane melder om delvis måloppnåing. Skule Mål 1 Mål 2 Mål 3 1 Atlanten Ja Delvis Nei 2 Borgund Ja Ja Ja 3 Fagerlia Nei Nei Nei 4 Fannefjord Nei Nei Nei 5 Fræna Ja Ja Delvis 6 Gjermundnes Ja Nei Nei 7 Haram Ja Ja Delvis 8 Herøy Delvis Nei Nei 9 Kristiansund Ja Ja Ja 10 Molde Ja Delvis Nei

11 Rauma Ja Ja Ja 12 Romsdal Delvis Delvis Ja 13 Spjelkavik Ja Ja Ja 14 Stranda Delvis Delvis Nei 15 Sunndal Ja Delvis Ja 16 Surnadal Ja Delvis Delvis 17 Sykkylven Ja Ja Ja 18 Tingvoll Ja Ja Ja 19 Ulstein Ja Delvis Nei 20 UPA Ja Delvis Nei 21 Volda Ja Nei Delvis 22 Ørsta Delvis Delvis Delvis 23 Ålesund Ja Nei Nei Side 3

Side 4 HMS-rapporten handsama i skulemiljøutval Skulane er pålagt å ha HMS-rapporten til godkjenning hos skulemiljøutvala gjennom elevhandboka. 8 av skulane melder at dei har behandla saka i Skulemiljøutvalet før innsending av rapporten. 5 av skulane rapporterer at dei har planar om godkjenning. 9 av skulane rapporterer blankt på dette spørsmålet. Møter i skulemiljøutvala og i skuleutvala Skulemiljøutval (SMU) og skuleutval (SU) er lovpålagte organ ved skulane (Opplæringslova 11-5). Skuleutvalet kan sjølv vere skulemiljøutval. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf kapittel 9a. Etter 9a-6 skal utvala også haldast løpande orientert om alle tilhøve som har vesentleg betydning for skulemiljøet, og dei skal så tidleg som mogleg takast med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltak ved den enkelte skulen. Skule Skulemiljøutval Skuleutval Er utvala samanslått? 9a-saker i SMU/SU/AU 1 Atlanten 0 - Nei 0 2 Borgund 2 2 Ja 10 3 Fagerlia 0 1 Nei 0 4 Fannefjord 0 0 Nei 0 5 Fræna 1 2 Nei 4 6 Gjermundnes 3 2 Nei 2 7 Haram 3 3 Ja 6 8 Herøy 2 0 Nei - 9 Kristiansund 0 0 Nei - 10 Molde 3 3 Ja 4 11 Rauma - 4 Ja 0 12 Romsdal 1 3 Nei 0 13 Spjelkavik 0 1-0 14 Stranda 0 - Nei 0 15 Sunndal 1 0 Nei 6 16 Surnadal 1 3 Nei 6 17 Sykkylven 3 3 Ja 6 18 Tingvoll 5 0 Nei 10 19 Ulstein 0 0 Nei 0 20 UPA - - - - 21 Volda 1 3 Ja 2 22 Ørsta 0 - Ja 0 23 Ålesund 1 4 Nei 3 Totalt: 27 34 59 7 av utvala er samanslått.

Side 5 Enkeltvedtak knytta til 9a 2 det fysiske miljøet og 9a-3 det psykososiale miljøet Skolen har ei ubetinga plikt til å behandle alle henstillingar om tiltak i tilkntytning til det fysiske og det psykososiale miljøet frå elevar eller foreldre i samsvar med reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova, jf 9a-3 tredje ledd. Dette gjeld uavhengig av kor stort eller lite brotet på retten til eleven etter 9a-1 er. Skule 1 Atlanten 0 0 2 Borgund 0 0 3 Fagerlia 0 0 4 Fannefjord 0 0 5 Fræna 0 2 6 Gjermundnes 2 0 7 Haram 3 3 8 Herøy 0 0 9 Kristiansund - 2 10 Molde 0 0 11 Rauma 0 0 12 Romsdal 0 0 13 Spjelkavik 0 0 14 Stranda 0 0 15 Sunndal 4 2 16 Surnadal 0 0 17 Sykkylven 13 0 18 Tingvoll 0 0 19 Ulstein 0 0 20 UPA - - 21 Volda 0 0 22 Ørsta 0 0 23 Ålesund 1 2 Totalt: 23 11 Enkeltvedtak 9a-2 Enkeltvedtak 9a-3 Personskadar siste år Det er registrert totalt 184 elevskadar ved dei vidaregåande skulane i 2012.

Side 6 Forskrift om miljøretta helsevern Alle skulane skal godkjennast etter forskrift om miljøretta helsevern, og det er kommunen som gir godkjenning. Føremålet med forskrifta er å bidra til at miljøet i barnehagar, skolar og andre verksemder fremjar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggjer sjukdom og skade. Skule Godkjent Søkt i 2012 1 Atlanten Ja 2 Borgund Ja 3 Fagerlia Nei Nei 4 Fannefjord Ja 5 Fræna Ja 6 Gjermundnes Nei Ja 7 Haram Nei Ja 8 Herøy Ja 9 Kristiansund Ja 10 Molde Ja 11 Rauma Ja 12 Romsdal - Nei 13 Spjelkavik Ja 14 Stranda Ja 15 Sunndal Ja 16 Surnadal Ja 17 Sykkylven Nei Nei 18 Tingvoll Ja 19 Ulstein Ja 20 UPA Nei Ja 21 Volda Ja 22 Ørsta Ja 23 Ålesund Nei Nei Vurdering Måloppnåing Talet på skular som melder om måloppnåing aukar frå 2011 på alle måla. Fylkesutdanningssjefen ønskjer at det fortsatt skal vere fokus på arbeidet med innarbeiding av systemet på skulane. Møter i utvala Talet på møter i skulemiljøutvalet og skuleutvalet har gått litt ned, medan talet på saker som har omhandla kapittel 9a i Opplæringslova har auka så vidt. Fleire av skulane rapporterer at dei ikkje har hatt møter i desse utvala. Det er grunn til å stille spørsmålsteikn ved bruken av dei lovpålagte utvala ved skulane når talet på både møter og saker i tilknyting til 9a er så lågt. Enkeltvedtak knytt til 9a-2 det fysiske miljøet og 9a-3 det psykososiale miljøet Skulen har ei absolutt plikt til å behandle alle ønske om tiltak i tilknyting til det fysiske og det psykososiale miljøet frå elevar, foreldre eller utval i samsvar med reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova, jf 9a-3 tredje ledd. Dette gjeld uavhengig av kor stort eller lite brotet på retten til eleven etter 9a-1 er. Det har vore ei auke i talet på enkeltvedtak etter 9a-2, men inga endring i talet på enkeltvedtak etter 9a-3. Det er grunn til å tru at det blir satt i gang tiltak likevel, men ut frå rapporteringa blir ikkje dette formalisert som enkeltvedtak. Det er svært viktig at denne formaliseringa kjem på plass, då det utløyser mellom anna klagerett

Side 7 for elevane eller føresette. Dette må det arbeidast meir med på skulane. Også elevane og foreldra må informerast om kva rettar dei har etter lovverket. Tal på elevskader Talet på elevskadar har gått opp frå 2011. Noko av hensikta med HMS-systemet er få ned talet på skader. Ei auke kan eventuelt forklarast med auka fokus på å rapportere slike. Fylkesutdanningssjefen ønskjer at talet skal reduserast så raskt som mogleg gjennom mellom anna fokus på risikovurderingar og liknande tiltak ved skulane. Det er viktig at elevane er delaktige i arbeidet med å førebyggje skader. Ut frå rapportering på måloppnåinga så er det dette dei fleste skulane ikkje er i hamn med enno. Forskrift om miljøretta helsevern 7 av skulane er ikkje godkjent etter forskrifta enno. 3 av skulane har søkt godkjenning om dette. Det er grunn til å tru at det er ein samanheng mellom byggeprosjekt ved nokre av dei skulane som ikkje har fått godkjenning. Dette vil kome på plass etter kvart. IA-kursing for ungdomsbedrifter NAV Arbeidslivssenter har i 2012, saman med UE MR, arrangerte 3 kurs i Inkluderande arbeidsliv for 228 elevar frå ungdomsbedriftene i fylket. Kursa vart arrangert i Kristiansund, Molde og Ålesund. Heile UB-en deltok og målet var sertifisering til IA-bedrift i løpet av kurset. Dette er nesten halvparten av UBelevane. For 2013 er det allereie planlagt 3 kurs i samarbeid med NAV og Arbeidstilsynet. Lærarane deltek og på kursa og dei har sagt at "slikt kurs burde alle vgs-elevar ha". - Eit godt skussmål, men vi har det eksklusivt for UB-elevar, seier dagleg leiar i UE MR Kirsten Aure. Generelt sett kan det sjå ut som om det er behov for meir rettleiing på lovverket knytt til 9a ute på skulane. Men det er mogleg å spore endringar i positiv retning etter innføringa av systemet. Dette må det arbeidast med både frå skuleeigar si side og ute på den enkelte skulen. Det er høgt fokus på læringsmiljø og kunnskapsbasert arbeid med dette på skuleeigarnivå gjennom prosjektet Betre læringsmiljø. Dette arbeidet må også vidareførast slik at kvaliteten på arbeidet med læringsmiljø blir så høg som mogleg. Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek saka til vitande. Sverre Hollen fylkesutdanningssjef

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.06.2013 43082/2013 Kristin Glæstad Vonheim Saksnr Utval Møtedato UD-27/13 Utdanningsutvalet 05.09.2013 UP-13/13 Ungdomspanelet 2012-2013 06.09.2013 Utprøving av multimediale brett i opplæringa Bakgrunn I sak Ud-11/11 vart det vedteke å prøve ut multimediale brett til bruk i opplæringa ved Sunndal vgs og Fræna vgs. Det vart sett av 400 000,- til dette prosjektet. Dette er ei oppsummering av dei erfaringane som er gjort i prosjektet til no. Etter spørsmål om interesse ute på skulane vart Fræna vgs og Sunndal vgs prosjektskolar i prosjektet med to klasser kvar. Elvebakken vgs i Oslo deltok også i prosjektet med Aschehoug. Apple gjekk inn med støtte til prosjektet via Aschehoug som hovudsakleg skulle brukast til innkjøp av brett. Resten vart finansiert av skuleeigar. Aschehoug har gjennom skuleåret utvikla ein eigen app for naturfag vg1 studiespesialiserande, og i tillegg har skulane fått tilgang til fleire pdf-ar som kan brukast på bretta frå Aschehoug og andre lærebokforlag. Våren 2012 vedtok Fylkesutdanningssjefen at nettbretta skulle samlast på ein skule, Sunndal vgs, og at prosjektet skulle vidareførast for å få fleire erfaringar. Bakgrunnen for dette var mellom anna å skape eit større miljø ved ein skule. Fræna vgs ønskte å fortsette med nettbrett og kjøpte difor inn 50 brett. Bretta har vore prøvd ut både på vg1 Studiespesialiserande og på Bygg- og Anleggsteknikk ved Sunndal vgs. Sunndal vgs har også kjøpt inn nokre eigne brett. Skulane har rapportert jamleg til skuleeigar. Prosjektet i 2012 viste at det var behov for meir utprøving for å finne ut om bretta kan erstatte PC. For skuleåret 2013/14 er det beslutta at prosjektet skal vidareførast for vg2 studiespesialiserande for å få erfaringar frå VG2. I tillegg har Sunndal vgs fått lov å tilrå elevar ved vg1 stud.spes. å kjøpe ipad med tastatur for PC-stipendet. Nokre av måla med prosjektet for Fylkesrådmannen var å finne ut om nettbrett er eit reelt alternativ til trykte læremiddel og om det kan erstatte PC-en. Vurdering Det har vore ein gradvis prosess ved skulane å frigjere seg frå PC og den trykte boka i prosjekta. I prosjektet i 2012/13 har fokuset vore sterkare på å prøve ut berre nettbrett. Erstatte læreboka Ut frå dei erfaringane vi til no sit med så uttrykkjer elevane og lærarane at dei ser på nettbrett som ei god erstatning for den trykte læreboka. Lærebøkene er samla på ein plass, dei veg mindre og er lettare å ta med seg. Læreboka blir meir

Side 2 personleggjort med eigne notat og utfyllingar. Tilrettelegging av eigne lærebokappar gjer lærestoffet meir tilrettelagt for tilpassa opplæring gjennom bruken av ord- og begrepsforklaringar og interaktive oppgåver. PDF-versjonar av den trykte boka blir også opplevd som greitt for elevane. Lærebokforlaga og NDLA arbeider med ulike løysingar for innhald til nettbrett, og tilbodet veks raskt. Tastatur Fleire av elevane og lærarane melder behov for trådlaust tastatur til ipad. Prosjekt andre stadar i Noreg har konkludert ulikt på dette med bruk av trådlaust tastatur. Dette ønskjer fylkesutdanningssjefen å få fleire erfaringar på. Erstatte PC-en Nettbrettet kan erstatte PC-en dersom systema som skal brukast i skulen kan brukast. Det er også viktig at elevane kan gjennomføre sentralgitt skriftleg eksamen på ipad. Dette arbeider mellom anna Senter for IKT i utdanning med og er eit svært viktig mål for årets prosjekt. I utgangspunktet opnar UDIR for at gjennomføring av eksamen skal vere plattformuavhengig. Kompetansebehov Det er viktig at teknologisk utstyr i skulen skal ha eit pedagogisk fokus, og ikkje eit teknologisk. Då er kompetansen til læraren sentral. Vinteren 2013 gjekk skuleeigar og Sunndal vgs saman om å finansiere ei opplæringspakke frå firmaet RIKT. Desse har spesialkompetanse på ipad og pedagogisk bruk, både for lærarar og elevar. Lærarane treng å vite noko om teknologien og mykje om korleis dei kan bruke teknologien fagleg. Kompetanse på klasseleiing er minst like viktig som med bruk av PC. Forsking viser at leiing av teknologitunge klasserom er utfordrande og stiller store krav til lærarane. I ei vidareføring av prosjektet skal dette vektleggast enda meir. Klasseleiing med IKT er ein av modulane som skuleeigar tilbyr lærarar i fylket gjennom vidareutdanninga med firmaet Nyweb. Dette er ei viktig satsing for skuleeigar. Viktig at du som lærer styrer aktiviteten i timen. Du må være bevisst på når ipaden skal brukes. (Lærar 2013) Om elevane lærer meir med bruk av nettbrett i forhold til bok og PC er vanskeleg å måle. Det lærarane og elevane rapporterer om er at ipaden er raskare i bruk, meir fleksibel og at dette kan føre til meir tid til læring. Elevane som har delteke i prosjekta er svært fornøgde og ønskjer å fortsette med bruk av nettbrett på skulen. Det er mange ulike brettprosjekt nasjonalt og stor interesse for dette i skulen. Det er også aukande interesse for dette her i fylket, og ei utfordring framover vil vere at dagens PC-ordning opnar ikkje for bruk av nettbrett. Korleis dette kan tilpassast vil fylkesutdanningssjefen kome tilbake til i ei eiga sak.

Side 3 Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek saka til vitande. Sverre Hollen fylkesutdanningssjef Vedlegg 1 Utprøving av multimediale brett i opplæringa - vedlegg rapport

Rapport ipad-prosjektet 2012-13 Våren 2011 inngjekk Utdanningsavdelinga avtale med Aschehoug om utprøving av ipad ved Sunndal og Fræna vgs. Bakgrunnen for prosjektet var at Aschehoug ønskte å finne ut om det var behov for å utvikle eigne appar av lærestoffet til bruk av nettbrett, og kva desse appane i så fall burde innehalde. Skuleeigar gjorde innkjøp på 92 nettbrett, ipad, som vart fordelt på dei to skulane. Skuleeigar ønskte mellom anna å finne ut om lærebrett kunne erstatte den trykte læreboka og PC-en. På bakgrunn av erfaringar som vart gjort dette året bestemte leiargruppa ved Utdanningsavdelinga at ein ønskte å vidareføre prosjektet på Sunndal vgs for skuleåret 2012-13. Skuleeigar sine nettbrett på Fræna vgs vart distribuert til Sunndal vgs. I tillegg supplerte skulen med eigne brett. I prosjektet på Sunndal vgs i 2012-13 har ikkje Aschehoug vore med som prosjekteigar. Sunndal vgs har hatt eigen prosjektleiar for prosjektet. Antal nettbrett: 75 elevar, 6-10 lærarar. Rektor har kjøpt 10 nye brett i tillegg. Kven : 2 klasser ved studiespesialisering (59 elevar), 1 klasse yrkesfag (Bygg- og anleggsteknikk) (7-12 elevar) og 6-10 lærarar. Mål for prosjektet Skuleeigar ville ha svar på desse resultat- og effektmåla i løpet av prosjektperioden. For å kunne gjere funn i prosjektet var det viktig at elevane i utgangspunktet var utan trykte lærebøker og mest mogleg utan PC. Effektmål: - Elevane får lærestoffet presentert på variert måte og får fleire tilgangar til lærestoffet - Elevane får tilgang til oppdaterte læremiddel - Elevene opplever meir motivasjon for å lære - Elevene lærer meir - Miljøbelastninga blir redusert gjennom færre trykte bøker - Klasseleiing blir enklare for læraren - Elev og lærar blir digitalt kompetente - Færre trykte lærebøker som kan redusere vekta av sekken til elevane Resultatmål: - Avdekke om nettbrett er eit reelt alternativ til trykte læremiddel - Avdekke om nettbrett er eit alternativ til pc - Finne ut kva kompetanse læraren må/bør ha før dei skal undervise med nettbrett - Finne gode modellar for bruk av nettbrett - Kontraktsforhold: elevar, forlag, lærarar - Infrastruktur - Appar - Erfaringsdelingsarenaer - Bestillingsrutinar - Pdf-er versus faglege appar

Som eit resultat av erfaringane frå fjorårets prosjekt sette skuleleiinga av eiga møtetid for lærarane som har delteke i prosjektet. Også i år ønskte skuleeigar at rapporteringa skulle foregå på bloggen (http://skolepad.wordpress.com/ ). Skuleeigar har vore på skulen 5 gonger gjennom prosjektperioden og hatt møter med leiinga, og intervjua både elevar og lærarar. 2 av møta var med leiinga og oppfølging av prosjektet, mens 3 var i samband med kompetansehevinga til RIKT. I tillegg har det vore dialog gjennom e-post og telefon. Skuleeigar var i møte med Senter for IKT i utdanninga juni 2012 om prosjektet. Skulen har også delteke på konferansar og samlingar ved Gjennestad vgs og i Sandefjord i regi av Brettboka.no. Skuleeigar deltok på konferanse om bruk av nettbrett i undervisninga som Senter for IKT i utdanninga arrangerte. (Denne konferansen kom truleg i stand som eit direkte resultat av den kontakten som utdanningsavdelinga har hatt med senteret. ) ipadprosjektet vart presentert av Sunndal vgs på Impulskonferansen 2012. Vinteren 2013 inngjekk skuleeigar avtale med firmaet RIKT for å sette eit ekstra fokus på bruken av nettbrett og for å få fleire svar på problemstillingane. Lærarar og elevar i prosjektet har vore følgt opp gjennom heile våren av dette firmaet og blitt utfordra til å arbeide aktivt med bruk av brettet. Erfaringar Skulen har hatt erfaring med at tilbodet frå læremiddelleverandørane har vore svært varierande. Noko fungerer bra, andre fungerer ikkje i det heile. Tida som var satt av til erfaringsdeling måtte styrast av prosjektleiar på skulen for at denne tida skulle nyttast effektivt. Noko av utfordringa i prosjektet er at lærarane må arbeide på ein annan måte enn det dei er vant til på PC. Tilgangen til FRONTER har vore vanskeleg, og har medført ein del frustrasjon og meirarbeid. Opplasting frå Brettboka har gått treigt, men dette kan også skuldast det lokale nettet. Elevane er svært fornøgde med å ha bøkene på brett. Bøkene blir no opplevd som oppdaterte og er lette å bære. Elevane ønskte lenge å bruke tastatur til bretta. Dette behovet har endra seg gjennom prosjektperioden, og dette er også erfaringar frå andre skular som har brukt nettbrett i utstrakt grad. I enkelte fag med mykje skriving, norsk, er dette ei større utfordring. Spørjeundersøking 2013 Skuleeigar har innhenta mange av funna gjennom ei spørjeundersøking som har gått ut til skuleleiing, lærarar og elevar som deltok i prosjektet: Skuleleiinga Svara på undersøkinga: 1 Det har vore systematisk lagt til rette for at lærarane som har delteke i prosjektet har fått tid til å diskutere bruken av nettbrett ved skulen. Leiinga har hatt eigen prosjektleiar i prosjektet både dette og førre skuleår. Lærarar og prosjektleiar har hatt møte 1 time i veka. Skuleleiinga meiner at det er behov for kompetanseheving for lærarane i bruken av ulike appar som er tilpassa ulike fag for å erstatte den trykte boka med nettbrett. Det er også behov for å ha ein fungerande innleveringsplattform og for korleis ein deler arbeid gjennom nettbrett. Eitt av bretta vart knust. Dette vart handtert på skulen. Alle bretta er registrert med eit registreringsnummer som er kopla til den enkelte eleven. Rapportering på bloggen har ikkje fungert, prosjektleiaren har heller prioritert erfaringsutveksling lokalt på skulen. Skuleleiinga opplever at den største fordelen med nettbrett i

staden for lærebok er at elevane alltid har med seg bøkene og at bøkene er oppdaterte. Skuleleiinga opplever også at det er tidssparande i timane at elevane har bøkene på brettet. Det går med mindre tid til å leite fram lærematerialet. Det er langt raskare å starte brettet i forhold til PC-en, og ein sparer såleis tid. Elevane er raskare på. Dette kan også opplevast som ei ulempe i forhold til å vere på nettstader der ein ikkje skal vere i timen (Facetime, vg.no o.l.). Skuleleiinga opplever totalt sett at nettbrettet kan erstatte både den trykte læreboka og PC-en. Lærarane Svara på undersøkinga: 11 Dei fleste lærarane opplevde det ikkje som vanskeleg å lære seg å bruke nettbrettet. Det har vore lagt til rette for opplæring lokalt på skulen i bruken av bretta til undervisning, i tillegg har det vore intensiv opplæring gjennom opplegget med RIKT. Fleire av lærarane deltok også i prosjektet 2011-12 og fekk opplæring via Aschehoug sitt prosjekt. Lærarane opplever stort sett opplegget gjennom RIKT som nyttig og lærerikt, men meiner at dette burde ha kome på starten av skuleåret. Lærarane sitt inntrykk er at elevane har lært seg bruken av bretta raskt, utfordringane har stort sett vore tekniske problem med leveransane frå lærebokforlaga. Mange rapporterer om tekniske problem, men då er det desse problema dei viser til, og til utfordringa med Fronter. Cirka halvparten av lærarane seier at dei har hatt periode der dei berre har tillate bruk av ipad, og det varierer kor lenge desse periodane har vara. Årsaka til dette er truleg problema med leveransane. Mange rapporterer også at dei har brukt nettbrettet på ein annan måte enn PC/lærebok (tankekart, presentasjon, bilete/video m.m.). Mange av lærarane i prosjektet rapporterer at nettbrettet har fungert like bra eller betre enn den trykte læreboka og meiner at den kan erstatte læreboka. Trykt bok vs nettbrett: Fordelar Rask tilgang Fin måte å presentere lærestoffet Lett tilgang på nyttig informasjon Meir spennande enn boka Oppdatert materiale Rask å slå på Moglegheit for markering og skriving i teksten Alt er samla på ein plass Elevane har den alltid med Lett å ha med Ulemper Tekniske problem Vanskeleg å kontrollere den utanomfaglege bruken Lærarane er usikre på om nettbrettet kan erstatte PC-en. Problem med LMS og andre skuleadministrative system må vere på plass. Lærarane meiner også at elevane bør få tilbod om tastatur for skriving av lengre tekstar, og det er ein føresetnad at bretta kan brukast på sentralgitt eksamen.

PC vs nettbrett: Fordelar Tek mindre plass Har fleire programvarer som fenger Raskare system = sparer tid Gode og kreative presentasjonsverktøy Alltid læreboka tilgjengeleg Raskt å bytte mellom å lese og søke opp informasjon Rask å starte og avslutte = lettare klasseleiing Bilde og video Ulemper Innleveringsprogram Skriving, særskilt i norsk og engelsk Utskrifter Ikkje eigna til digitale teikneprogram i teknisk teikning Mindre skjerm Dårlegare tekstbehandlingsprogram Manglande rettskrivingsprogram Undervisningsressursar som ikkje fungerer Ikkje geogebra Fronter Lærarane er usikre på om motivasjonen for læring har endra seg med bruk av nettbrettet i forhold til lærebok og PC. Dei tekniske problema har teke mykje fokus og då har det vore lettare for elevane å bruke bretta til utanomfagleg aktivitet. Nettbretta har av nokre blitt opplevd som bra variasjon i undervisninga, og elevane har likt ipad, noko som er med på å auke motivasjonen. Alle hadde med bøkene. De følte også at de var mer "oppdaterte", dvs at skole og deres virkelighet var den samme Eit fleirtal av lærarane har ikkje opplevd endringar i den utanomfaglege bruken med ipad i forhold til PC. Elevane Svara på undersøkinga: 51 Elevane har opplevd det som enkelt å lære seg å bruke nettbrettet. Dei melder at nettbrettet har fungert like bra eller betre når dei skal lære, samanlikna med den trykte boka. Trenger ikke å bære på alle bøkene, nå har vi alle bøkene på en plass. Fordi du kan gjøre alt det samme som du kan med ei bok, bare mye bedre. Vi kan zoome, gule ut og notere. Vi trenger bare ipaden til å både lese og notere. tungvint når du skal lese fra boka på ipad for så å skrive på ipaden etterpå Dei meiner at nettbrettet kan erstatte læreboka, men er meir delte på spørsmål om å erstatte PC-en. Dei har behov for tastatur til lengre skriving, og viser til problematikken med t.d. Fronter. Nettbrettet fungerer jo som en PC. Om da nettbrettet får alle de samme funksjonene som en PC og kanskje eit sikkelig tastatur er de like bra Pcen er enklere å håndtere og gir større muligheter, er lettere å skrive på, ikke like lett å trykke/skrive feil osv. Om all programvaren skolen er avhengig av fungerer og tilpasses til nettbrett og at nettbrettene leveres med tastatur for enklere skriving så vil det uten problem kunne erstatte en PC. Mange av elevane meiner at lærarane kunne ha utnytta nettbrettet betre i undervisninga.

De kan bruke forskjellige apper og funskjoner til temaer og oppgaver vi holder på med, og de kan ha bøkene på en storskjerm slik at alle kan se. Det vil også bli lettere for lærere å bruke en ipad i en undervisning når man kan ha bøkene og forskjellige bilder elns på en storskjerm slik at alle eleven kan se. Finne flere apper som gjør arbeidet enklere. Sette seg mer inn i de tuuusen appene som faktisk finnes. Dei rapporterer også at dei har brukt nettbrettet på ein annan måte enn PC/bok til å lære seg fag, tankekart, spel, videoar, m.m. Lærebok vs Nettbrett Fordelar Enkelt Lett Meir motiverande Har alt på ein plass Kan markere i teksten Ikkje så lett å gløyme Ulemper Lettare å bli distrahert av spel o.l. Vanskeleg å skifte mellom program Tek tid å lære seg noko nytt Vondt i hovudet dersom ein heldt på for lenge Teknologisk svikt Batterikapasiteten Vanskeleg å finne fram Skjermen kan knuse Tungvindt å bla om sidene Går sakte å skrive Treigt nettverk Elevane opplever sjølve at dei er meir motiverte for læring med bruk av ipad i staden for bok. Egentlig ville jeg trykke både ja og nei. Ja pga appene jeg bruker når jeg arbeider med stoffet. Nei når jeg skal lese Det er enklere å ta notater bla. Det er noe nytt, i motsetning til bøkene. Mange av elevane har hatt tekniske problem med nettbrettet, men da viser dei stort sett til problem med fagappane frå leverandørane og ikkje med sjølve nettbrettet. Ipad er kjekk å lese på, men umulig å skrive på. ipad har noen problem med fagbøkene, er helt ubrukelig i matte, har uegnet tastatur for realfagene og problem med å åpne vise nettsider. Og å åpne og laste inn dokumenter på fronter. Jeg tror dette er fremtiden, håper vi kan fortsette å bruke og forbedre den i sammenheng m skole! IT-ansvarleg IT-ansvarleg på Sunndal vgs har gjort greie for korleis prosjektet vart opplevd frå IT-sida. Support-siden har egentlig gått veldig greit. Vi har frem til nå hatt kun en ipad med hardware-feil. De 10-15 andre vi har hatt inne med ymse problemer har latt seg løst av fabrikkgjenoppretting. Elevene klarer stort sett selv å administrere nettbrettene, de er veldig intuitive i bruk. Brettboka har fungert greit stort sett hele skoleåret. Gyldendal sin smartbok har vært trøblete til tider, men har blitt bedre med oppdateringer. Samlaget sin norskbok (Tema1) har fungert svært dårlig, mye problemer med selve appen og brukere. Nettverket har fungert bra, men har fått noen klager i det siste på at de må logge seg inn på elevnettet oftere enn de må på pc. Jeg mener nettbrett kan erstatte pc, det største problemet vi hadde frem til RIKT var her var innleveringer uten bruk av pc for å laste de opp til fronter, men nå har vi fått RIKT sin Connect til det formålet. (Hører rykter om at fronter skal bli bedre på den siden også?). Det virker også som om nettbrettet begynner å bli litt mer modent for tiden, så jeg tror ikke det tar lang tid før de kan erstatte pcen (nesten) fullt ut i skolesammenheng. Distribusjon av appar har til nå blitt gjort ved at elevene har fått itunes gavekort, og fått beskjed hvilke apper de skal kjøpe. Den modellen vil vi nok bli erstattet med en lik RIKT sin (en felles konto til alle).

Vurdering Forsking viser at det er vanskeleg å endre kulturar, normer, overtyding, vaner og relasjonar (St.m. 20). Å innføre teknologi i skulen er utfordrande, og erfaringar frå innføringa av PC-ordninga viser at utstyret ikkje nødvendigvis blir brukt etter intensjonen berre fordi det er tilgjengeleg. Målet for skuleeigar med å innføre i dette tilfellet nettbrett er først og fremst å utnytte dei teknologiske moglegheitene til auka og meir differensiert læring. Slike endringar tek tid, og vi ser gjennom desse to åra at det er svært viktig at lærarane får tid og rom til å gjere seg kjent med utstyret og blir tryggare på å undervise på ein annan måte. Det må lokalt leggast systematisk til rette for erfaringsdeling og det er avgjerande med godt teknisk og pedagogisk bakkemannskap for å gi lærarane tryggheit til å bruke det i undervisninga. I dei to føregåande prosjekta har elevane hatt tilgang til både PC, trykt lærebok og nettbrett. I delar av den siste perioden har elevane kun brukt nettbrettet. Ei omlegging frå PC til nettbrett inneber ut frå dei tilbakemeldingane vi har fått frå IT-support lite brukarstøtte og få tekniske feil med sjølve bretta. Lærarane opplever frustrasjon knytt til at særskilt læringsplattforma ikkje fungerer tilstrekkeleg med bruk av nettbrett. I følgje Fronter så blir dette løyst hausten 2013. Dei har konkrete planar om forbetringar og dei vil løyse problemet med innlevering (filopplasting). Vi kan i skrivande stund ikkje vere heilt sikker på om det blir til skulestart, men skuleeigar har tett dialog med Fronter om dette. Alternativet er å fortsette med Connect som LMS og ha meir kompetanseheving i den bruken. Fleire av lærarane har gjennom prosjektet uttrykt frustrasjon over at dei må bruke andre ressursar enn det dei er vandt til på PC. Dette er hovudsakleg pga at flash ikkje går på ipad. Det finst i dei fleste tilfelle andre tilsvarande ressursar som kan erstatte desse. Å gå inn i slike utviklingsprosjekt krev endringsvilje på mange områder og kan vere utfordrande for dei som står i det. Trass i utfordringane i prosjektet uttrykkjer dei fleste at dei ikkje ønskjer å gå tilbake til bruk av PC og bok. Resultatmål og effektmål Avdekke om nettbrett er et reelt alternativ til trykte læremiddel Ut frå funna i prosjekta til no viser dei at nettbrettet kan erstatte den trykte læreboka, dersom lærebokprodusentane kan levere innhaldet. Gjennom prosjektet www.brettboka.no har fleire av forlaga gått saman om å levere gjennom ein plattform som fungerer for fleire type brett. Forlaga som til no er med i dette prosjektet er: Cappelen, Aschehoug, Gyldendal og Fagbokforlaget. Gyldendal har i tillegg utvikla Smartboka, www.smarbok.no. Argument som at elevane alltid har med boka og at læreverka er oppdaterte går igjen her som positive fordelar. Avdekke om nettbrett er et alternativ til pc Ut frå funna i prosjektet til no viser er lærarane meir usikre på om nettbrettet kan erstatte PC-en. Truleg er årsaken til denne usikkerheita i stor grad er knytt til problema med læringsplattformen og behovet for tastatur. Begge deler kan løysast gjennom vidareutvikling hos Fronter og gjennom bruk av tastatur til bretta. Utfordringar knytt til eksamen må også løysast i samband med ein eventuell overgang frå PC til nettbrett. UDIR har godkjent nettbrett som PC, og andre skular har levert eksamenssvar via samlemapper og liknande. Dette er ei av utfordringane som det kan vere aktuelt å

sjå på i ei eventuell vidareføring av prosjektet. Senter for IKT i utdanninga er kopla inn i dette arbeidet. Finne ut kva kompetanse læraren må/bør ha før dei skal undervise med nettbrett Gjennom prosjektet har ein funne at det er viktig at lærarane får god opplæring i starten av prosjektet. Fleire av tilbakemeldingane på opplegget frå RIKT går på at dette tiltaket burde ha vore satt inn i starten av skuleåret. Lærarane treng å vite noko om teknologien og mykje om korleis dei kan bruke teknologien fagleg. Kompetanse på klasseleiing er minst like viktig som med bruk av PC. Forsking viser at leiing av teknologitunge klasserom er utfordrande og stiller store krav til lærarane. I ei eventuell vidareføring av prosjektet bør dette vektleggast enda meir. Prosjektet kan godt sjåast i samanheng med Betre læringsmiljø som Utdanningsdirektoratet har ansvaret for. Her ser ein mellom anna særskilt på klasseleiing og kva prinsipp som fungerer heilt konkret. Også vurdering for læring kan trekkast inn i ei vidareføring av prosjektet. Finne gode modellar for bruk av nettbrett Mange av lærarane har svara at dei har bruka nettbrettet på annan måte enn PC og bok. Eit nettbrett gir mange moglegheiter som er enkelt tilgjengeleg for både lærarar og elevar. Men, som vist over, er innføring av nettbrett vel så krevjande i forhold til utanomfaglege aktivitetar som med PC. Her er det behov for tydeleggjering av krav, forventningar og systematisk arbeid med klasseleiing m.m. Kontraktsforhold: elevar, forlag, lærarar Gjennom prosjektet har vi funne modellar for korleis elevane får tilgang til lærestoffet. Som nemnt over har forlaga gått saman om brettboka.no for å kunne levere pdf-ar på ein straumlinje forma måte. Elevane fekk utdelt gåvekort til itunes med beskjed om å laste ned 3 appar a kr 70,-. Det er viktig at elevane blir ansvarleggjort på at gåvekortet skal brukast til desse, men denne problemstillinga handlar ikkje i første rekke om teknologi. Infrastruktur IT-support rapporterer at utdeling og registrering av brett går greitt. Appar Etter erfaringar frå prosjektet i 2011/12 vart det beslutta at elevane skulle ha appar til skriving (Pages), rekneark(numbers) og presentasjon (Keynote). Det er utfordringar knytt til dette med rettskrivingsprogram og liknande. Dette kan det vere aktuelt å sjå nærmare på i ei eventuell vidareføring av prosjektet. Det er inngått rammeavtale med Kunnskapsforlaget og gjennom denne har elevane moglegheit til å bruke online-versjonen. Denne vil ikkje vere tilgjengeleg utan netttilgang og såleis ei utfordring i samband med eventuell bruk av ipad til eksamen. Erfaringsdelingsarenaer Skulen har lagt til rette for 1 time i veka med systematisk erfaringsdeling blant lærarane i prosjektet. Erfaringar har vist at det er viktig at denne tida blir tydeleg leia og at det er det pedagogiske som skal stå i sentrum her. Bestillingsrutinar Skulen har gjort bestillingar av lærebøker direkte med forlaga. Dette har fungert til dels bra. Nokre av faga har hatt særs store utfordringar knytt til tekniske problem med bruk av bøkene. Her er det behov for god kommunikasjon i prosjektet slik at lærebokprodusentane og lærarane får beskjed om korleis dette skal handterast. I eitt av faga fungerte det så dårleg at boka måtte delast ut til elevane. Det er også viktig at lærebokprodusentane gir korrekt beskjed om når ein kan forvente at produkta er klare.

Pdf-er versus faglege appar Ut frå dei tilbakemeldingane som blir gitt i undersøkinga varierer det veldig om det er behov for å utvikle eigne faglege appar i staden for bruk av pdf. Mange av lærarane meiner at dette vil variere frå fag til fag. Elevane er delt på å om pdf er greitt eller er usikre. Det er truleg at det vil vere mest ideelt om det blir utvikla tilpassa appar, der ein også kan legge inn meir interaktive element. Effektmål Effektmåla er mål som kan sjåast noko fram i tid så det er fortsatt tidleg å konkludere på desse. Vi har likevel fått eit inntrykk av korleis elevane og lærarane sjølve opplever det. Elevene får lærestoffet presentert på variert måte og får fleire tilgangar til lærestoffet Fleirtalet av elevane og lærarane melder at dei har brukt nettbrettet på ein annan måte enn PC/bok til å lære fag. Dei har også brukt funksjonar som kamera, lydopptak m.m. i fagleg samanheng. Pedagogiske modellar som omvendt undervisning kan vere enklare å få til når brukargrensesnittet er så enkelt som det er på nettbrettet. Men dette kjem ikkje av seg sjølv utan ei heilskapleg pedagogisk tenking og leiing. Elevene får tilgang til oppdaterte læremiddel Elevane og lærarane ser på det som ein stor fordel at dei gjennom bruk av nettbrett får tilgang til oppdaterte læremiddel. Dette er særskilt eit argument sett opp mot den trykte læreboka, då dei gjennom bruk av digitale læremiddel også har denne fordelen. Elevene opplever meir motivasjon for å lære Motivasjon for læring er vanskeleg å måle og som er avhengig av så mange faktorar, men er samtidig eit svært viktig element i fagleg samanheng. Fleirtalet av elevane meinte at dei var meir motiverte for læring av fag ved bruk av nettbrett i forhold til boka. Dette trass i alle dei tekniske problema som dei opplevde. At nettbrett enno er såpass ny teknologi kan farge svaret på dette spørsmålet. Lærarane var i hovudsak usikre på om elevane var meir motiverte. Viktig at du som lærer styrer aktiviteten i timen. Du må være bevisst på når ipaden skal brukes. Elevene lærer meir Dette er og vanskeleg å måle. Vi kan bruke argument som at ipaden er raskare i bruk, meir fleksibel og at dette kan føre til meir tid til læring. Elevane seier at ipad er topp og at dei trur Ipad er framtida. For å måle dette enten kvalitativt eller kvantitativt så må elevane og skulen ha fokus på læringsarbeidet, først da kan vi rekne med å få mange elevar som reflekterer over læring når vi spør. I det siste spørsmålet i undersøkinga så seier mange elevar at dei vil ha ipad neste år, og at dei gjerne vil fortsette med ipad. Ingen vil slutte med ipad. Miljøbelastninga blir redusert gjennom færre trykte bøker