23 Utval : KOMMUNESTYRET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 10.05.11 Tid : 17.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 8/11 10/1091 REFERAT, SKRIV OG MELDINGAR PS 9/11 11/24 ÅRSMELDING 2010 PS 10/11 11/338 REKNESKAP FOR TYSNES KOMMUNE 2010 PS 11/11 11/339 ÅRSMELDING 2010 FOR KONTROLLUTVALET I TYSNES KOMMUNE PS 12/11 11/59 KONTROLLRAPPORT 2010 - SKATTEOPPKREVJARENFUNKSJONEN I TYSNES KOMMUNE PS 13/11 11/96 FRITAK FRÅ POLITISKE VERV - KRISTINE A. EPLAND PS 14/11 11/379 RISIKO- OG SÅRBARANALYSE - AKSEPTKRITERIAR FOR NY AREALBRUK - RULLERING AV KOMMUNEPLAN PS 15/11 11/384 RULLERING AV RUSPOLITISK PLAN
24 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 10/1091 022 - Sakshandsamar: Steinar Dalland Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 8/11 REFERAT, SKRIV OG MELDINGAR Møtet var kalla inn ved skriv frå ordføraren 28. april 2011. Møtet hadde óg vore kunngjort i bladet Tysnes, på kommunen si nettside og ved oppslag. Det var ingen merknader til innkallinga, sakslista eller møteboka frå førre møte. Følgjande skriv og meldingar var lagt fram for kommunestyre: Skriv frå Fylkesmannen; - Budsjett og økonomiplan 2011 2014. Tilsvar frå til fylkesmannen sitt skriv om budsjett og økonomiplan 2011-2014, dagsett 01.03.11. Skriv frå om oppfølging av selskapskontroll dagsett 06.04.11 Skriva var sendt ut i forkant av møte. Følgjande vart teke opp under ymseposten 1. Utbetring av tunnel på Jektevik Kåre Haugland stilte spørsmål om kvifor arbeidet med utviding av tunnelen på Jektevik vert trekkt så langt ut i tid. Dette fører til store ulemper for pendlarar og andre reisande, representanten ber om at kommunen gjev innspel om at dette arbeidet må skytast fram. Ordføraren orienterte om at arbeidet skal gå fram til 1. september d.å. Arbeidet gjev mellom anna utfordringar for pendlarar som ikkje kjem seg heim etter skiftarbeid som følgje av at nattferja ikkje går. Dette er eit tilhøve som er teke opp med Skyss. Det vert sett inn nattferje under Tysnesfest. Ei anna problemstilling er at born som skal på skuletur ikkje kjem seg heim att, også her vil det verta sett inn tiltak. Ordføraren tek elles med seg innspelet frå Kåre Haugland. 2. Kaien på Malkenes
25 Bjørn Tore Malkenes viste til at noverande leigeavtale for kaien på Malkenes går ut og tok i den samanheng opp spørsmål om det er kontroll over turvande utbetringar. Det ville vera svært uheldig om Tysnes mista stoppet på Malkenes. Ordføraren orienterte om at vegkontoret vil planera ut dei massane som er køyrd inn. Når betongverket no er lagt ned kan det også vera aktuelt å gå i samtaler for å sjå om denne kaien kan nyttast. Kommunen vil gjera turvande tiltak slik at det vert stopp på Malkenes også i framtida. Kåre Haugland og Steinar Frugård vart valde til å skriva under møteboka saman med ordføraren.
26 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 11/24 001 - Sakshandsamar: Audun Hovland Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 03.05.11 PS 24/11 KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 9/11 ÅRSMELDING 2010 Vedlegg: 1. Årsmeldingsdokumentet 2010 HANDSAMING I FORMANNSKAPET 03.05.11: Ordføraren sette fram slikt framlegg til vedtak: Årsmeldinga vert teke til orientering. Formannskapet slutta seg til framlegget. FRAMLEGG TL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 03.05.11: Årsmeldinga for 2010 vert teke til orientering. VEDTAK I KOMMUNESTYRET 10.05.11: I samsvar med framlegget frå formannskapet.
27 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 11/338 103 - Sakshandsamar: Audun Hovland Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 03.05.11 PS 25/11 KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 10/11 REKNESKAP FOR TYSNES KOMMUNE 2010 Vedlegg: 1. Rekneskapsdokumentet 2010 2. Fråsegn om årsrekneskapen 12.04.11 3. Kontrollutvalet saksframlegg i sak 12/11 4. Kontrollutvalet særutskrift i sak 12/11 vert delt ut i møte 5. Uttale frå kontrollutvalet 29.04.11 HANDSAMING I FORMANNSKAPET 03.05.11: Ordføraren sette fram slikt framlegg til vedtak: Rekneskap for 2010 vert vedteken slik den ligg føre. Formannskapet slutta seg til framlegget. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 03.05.11: Rekneskap for 2010 vert vedteken slik den ligg føre. VEDTAK I KOMMUNESTYRET 10.05.11: I samsvar med framlegget frå formannskapet.
28 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 11/339 001 - Sakshandsamar: Audun Hovland Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 11/11 ÅRSMELDING 2010 FOR KONTROLLUTVALET I TYSNES KOMMUNE Vedlegg: 1. Årsmelding 2010 for kontrollutvalet i 2. Kontrollutvalet særutskrift sak 14/11 vert delt ut i møte VEDTAK I KOMMUNESTYRET 10.05.11: Kommunestyret godkjenner årsmelding frå kontrollutvalet for 2010.
29 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 11/59 111 - Sakshandsamar: Audun Hovland Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 12/11 KONTROLLRAPPORT 2010 - SKATTEOPPKREVJARENFUNKSJONEN I TYSNES KOMMUNE Vedlegg: 1. Kontrollrapport 2010 frå Skatteetaten 17.02.11 2. Årsrapport 2010 frå skatteoppkrevaren i Tysnes 21.01.11 3. Kontrollutvalet saksframlegg sak 13/11 4. Kontrollutvalet særutskrift sak 13/11 vert delt ut i møte VEDTAK I KOMMUNESTYRET 10.05.11: Kommunestyret tek kontrollrapport 2010 om skatteoppkrevjarfunksjonen i til orientering.
30 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 11/96 022 - Sakshandsamar: Anders Teigen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 22.03.11 PS 15/11 KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 13/11 FRITAK FRÅ POLITISKE VERV - KRISTINE A. EPLAND SAKSUTGREIING: Frå Kristine A. Epland har me motteke følgjande skriv av 01.02.11: Søknad om permisjon frå politiske verv. Eg, Kristine A. Epland, søkjer med dette fødselspermisjon i frå alle politiske verv ut nåverande periode. Vedlagt ligg godkjent fødselspermisjon frå arbeidsgjevar. Kommunelova 15 nr. 1 og 2 seier følgjande: 1: Den som taper valgbarheten til et folkevalgt organ i valgperioden, trer endelig ut av dette. Hvis tap av valgbarhet skyldes registrert utflytting fra kommunen eller fylkeskommunen for to år eller mindre, trer vedkommende ut av vervet for den tid utflyttingen varer. 2: Kommunestyret og fylkestinget kan etter søknad frita, for et kortere tidsrom eller resten av valgperioden den som ikke uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet. Kommunelova 16 nr. 3 og 4 seier følgjande om opprykk og nyval: 3. Dersom et medlem av et annet folkevalgt organ enn kommunestyre og fylkesting, kommunestyrekomité og fylkestingskomité trer endelig ut, velges nytt medlem, selv om det er valgt varamedlem. Organet skal suppleres fra den samme gruppe som den uttredende tilhørte. Viser det seg at denne fremgangsmåten fører til at et kjønn vil bli representert med mindre enn 40 prosent av medlemmene i organet, skal det så langt det er mulig velges nytt medlem fra det underrepresenterte kjønn. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:
31 Tredje varamedlem i kommunestyret, Kristine A. Epland Krf., vert i samsvar med søknad friteken frå sine verv som varamedlem i kommunestyret og oppvekst/omsorg resten av denne valperioden, jf. kommunelova 15 nr. 2. Kristine A. Epland sin varamedlemsplass i kommunestyret vert erstatta ved opprykk i fritaksperioden. Kristine A. Epland sin varamedlemsplass i oppvekst/omsorg vert erstatta ved opprykk i fritaksperioden. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 22.03.11: I samsvar med innstilling. VEDTAK I KOMMUNESTYRET 10.05.11: I samsvar med framlegget frå formannskapet.
32 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 11/379 840 - Sakshandsamar: Asle Bernt Rekve Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 03.05.11 PS 26/11 KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 14/11 RISIKO- OG SÅRBARANALYSE - AKSEPTKRITERIAR FOR NY AREALBRUK - RULLERING AV KOMMUNEPLAN Vedlegg: 1. Litteratur-, nettkjelder og sjekklister for ROS analysearbeidet SAKSUTGREIING: Bakgrunn for saka: I samband med rullering av kommuneplanar er det i plan- og bygningslova eit krav om å gjennomføra ein risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse), for ny arealbruk. Det er ei kommunal oppgåve å syta for at risiko- og sårbarheitsanalysar vert gjennomført. Føremålet med ROSanalysen er å laga ei oversikt som avdekkjer risiko og sårbarheit som følgjer av planutkastet, dvs. ny arealbruk. Vidare skal ROS-analysen identifisera avbøtande tiltak som reduserer eller eliminerer uakseptabel risiko. Plan- og bygningslova 3-1 syner til at planlegginga skal; Fremme samfunnssikkerhet ved å forebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdier mv. Uttrykk: ROS-analyse Risikovurdering Sannsyn Konsekvens Forklaring En systematisk framgangsmåte for å skildre og/eller kvantifisere uønska hendingar. ROS-analysen vert utført ved kartlegging av uønska hendingar og årsaker til desse hendingane. I analysen vert såbarhet kopla mot risiko. Ei vurdering av sannsyn for og konsekvens av ei uønska hending. Risiko = Sannsyn + konsekvens Vurdering av frekvens/sjansane for og kor ofte ei hending vil førekomma. Mogleg verknad/resultat av ei hending. I forkant av gjennomføring av ROS-analysen skal akseptkriterium og metode vera fastsett, jf. Norsk standard NS 5814:2008 Krav til risikovurderingar. Rett vedtaksorgan er kommunestyret.
33 Uttrykk: Akseptkriterium Forklaring Akseptkriterium for risiko gir uttrykk for det risikonivået (farenivået), som ein vedtek er akseptabelt i ein gitt periode. Akseptkriteria utgjer ein referanse ved vurdering av val av løysningar og trong for risikoreduserande tiltak. (Jf. risikomatrise). har ei overordna ROS-analyse frå 2008 (Analyse av risiko- og sårbare tilhøve, ). ROS-analysen i samband med pågåande revisjon av kommuneplan vil basera seg på rapporten frå 2008, men samtidig oppdatera og vidare utdjupa denne. ROS-analysen i samband med kommuneplanen vil ikkje gå inn i vurderingar av risikobildet for eksisterande byggeområde. Ein føreset at tilhøva for eksisterande byggeareal vert teke i vare ved revisjon av den overordna ROS-analysen frå 2008. Den overordna ROS-analysen for syner at kommunen er i frå naturen si sida ikkje spesielt sårbar, og det er heller ingen installasjonar eller andre menneskeskapte tilhøve som er spesielt farlege. ROS-analyse Kravet til ROS-analyse for arealdelen i kommuneplanen inneber å kartleggja risikotilhøve for ny arealbruk. ROS-analysen vert integrert i konsekvensutgreiinga for å få eit heilskapleg bilete av situasjonen i kvart enkelt innspelsområde, og totalt i kommunen. har valt å gjennomføra ein grov-analyse (ROS-analyse). Analysen inneheld følgjande fasar: 1. Kartlegging av uønska hendingar 2. Årsaker og sannsyn 3. Konsekvensar 4. Forslag til mottiltak (avbøtande tiltak) ROS-analysen skal utførast i samsvar med Veileder for kommunal risiko- og sårbarhetsanalyser utgitt av Direktoratet for sivilt beredskap (2010), brev frå Fylkesmannen i Hordaland ved beredskapseininga og Norsk Standard NS 5814:2008. Metode Ved tilrettelegging av nye arealføremål i kommuneplanen sin arealdel, skal desse vurderast med omsyn til det konkrete tiltaket og tiltaket sin lokalisering. Summen av nye tiltak kan til saman utgjera større risiko for kommunen sitt overordna risikobilde, slik at vurderingar må også gjerast for totaliteten av planframlegget. ROS vurderinga på kommuneplan nivå vert difor gjennomført på to ulike nivå (sjå sjekkliste av uønska hendingar).
34 1. Vurderingar av aktuelle og spesifikke hendingar for kvar enkelt innspelsområde. Føremålet med denne analysen er å avdekka moglege risikotilhøve som kan oppstå innanfor område som vert tilrådd omdisponert. ROS-analysen vil vurdera lokaliteten sin risiko i høve til plassering (risiko frå ytre tilhøve) og lokaliteten sin risiko for omkringliggjande areal (risiko for omkringliggjande areal). 2. Planen sett under eitt for overordna og generelle hendingar: Den overordna og generelle ROS-vurderinga er knytt til sine beredskapsplanar og ROS-analyse. Føremålet med denne fasen er å vurdera om det har oppstått nye risikomoment og/eller om nye tiltak er nødvendige. I den overordna analysen vil ein sjå på planen sin totalitet i høve til risiko for definerte fareområde/hendingar. ROS-analysen vil vurdera risiko knytt til den nye arealplanen og planen sin påverknad på samfunnet på Tysnes, beredskap og sårbarheit. Akseptkriterium Risiko er knytt til uønska hendingar, omfang, og deira usikkerheit til om hendinga inntreff. Ut frå ei vurdering i høve til sannsyn og konsekvens vil analysen syne om det ligg føre akseptabel eller uakseptabel risiko av det nye føremålet med omsyn til liv og helse, miljø og økonomiske tilhøve, samt samfunnsviktige funksjonar. Det er viktig å finne moglege tiltak for å redusera risiko og sårbarheit for område med uakseptabel risiko. Slike tiltak kan vera både førebyggjande og skadereduserande. For innspelsområda og planen som heilskap må kommunen vurdera om innspel med uakseptabel risiko skal takast ut av planframlegget eller om avbøtande/skadereduserande tiltak kan betra situasjonen. I plankartet vil område med potensiale for risiko synast med omsynssone for den enkelte risiko. Sannsyn og konsekvens av ulike hendingar gir som produkt risikoen som ei hending representerar. I matrisa nedanfor har me plassert dei ulike hendingane. Risikomatrisa har tre soner; grøn, gul og raud. Svært sannsynleg (5) Mykje sannsynleg (4) Sannsynleg (3) Noko sannsynleg (2) Lite sannsynleg (1) Ufarleg Som akseptkriterium har ein lagt til grunn: (1) En viss fare (2) Alvorleg/farleg (3) Kritisk (4) Katastrofalt (5)
35 Uakseptabel Tiltak skal settast i verk for å redusera risikoen. Det skal gjennomførast risiko ytterlegare undersøkingar/utgreiingar for å belysa risikoen (ROS-analyse). Risiko bør vurderast med omsyn til tiltak som reduserer risiko. Gjennomføring Middels risiko av tiltak skal vurderast i høve kostnad - nytte. Kommunen kan, basert på tiltaket sitt innhald, utforming og lokalisering, i reguleringsplan/ byggesak krevje ROS-anlayse. Akseptable risiko Det bør i kvar enkelt regulerings- og/eller byggesak vurderast om det må gjennomførast førebyggjande tiltak. Inndeling av sannsyn og konsekvens Sannsyn Frekvens Lite sannsynleg Mindre enn ei hending per 1000 år Noko sannsynleg Ei hending per 100-1000 år Sannsynleg Ei hending per 10-100 år Mykje sannsynleg Ei hending per 1-10 år Svært sannsynleg Ei hending per år eller oftare Konsekvens klassifisering: Konsekvens Liv og helse Ufarleg/ubetydeleg Ingen eller små personskadar. Ein viss fare Få og små personskadar som treng medisinsk handsaming Alvorleg/farleg Inntil 10 alvorlege person- skadar eller mange små personskadar. Sjukefråvær Kritisk Inntil 25 alvorleg skadde personar eller inntil tre dødsfall Katastrofal Fire eller fleire døde Konsekvens Ufarleg/ubetydeleg Ein viss fare Alvorleg/farleg Kritisk Katastrofal Materielle verdiar/ økonomi Ingen eller ubetydeleg økonomisk kostnad, inntil 50.000 kr. Kortvarig skade eller tap av samfunnsverdiar, mellom 50.000-200.000 kr Skade eller tap av verdiar av noe varigheit, mellom 200.000-2.000.000 kr Skade eller tap av verdi av lengre varigheit, mellom 2.000.000-20.000.000 kr Varig skade eller tap av samfunnsverdi, over 20.000.000 kr Konsekvens Ytre miljø (luft, vatn og grunn) Ufarleg/ubetydeleg Ingen eller ubetydeleg miljøskadar Ein viss fare Miljøskadar, kort restitusjonstid Alvorleg/farleg Miljøskadar, < 1 års restitusjon Kritisk Alvorlege miljøskadar, >1 års restitusjon Katastrofal Svært alvorlege miljøskadar, irreversibel skade Konsekvens Ufarleg/ubetydeleg Ein viss fare Samfunnsviktige funksjonar Systemet vert midlertidig sett ut av drift. Ikkje trong for reservesystem Systemet vert midlertidig sett ut av drift. Dersom det ikkje finst reservesystem/alternativ kan det ha konsekvensar for liv og helse, miljø og
36 Alvorleg/farleg Kritisk Katastrofal økonomi. Driftsstans fleire døgn. Systemet vert sett ut av drift over lengre tid. Hovud- og avhengige system vert sett vekesvik eller permanent ut av drift. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Metode og akseptkriteriar som går fram i saksutgreiinga vert lagt til grunn for ROS-analysearbeidet for all ny arealplanlegging i. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 03.05.11: I samsvar med innstilling. VEDTAK I KOMMUNESTYRET 10.05.11: I samsvar med framlegget frå formannskapet.
37 MØTEBOK Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 10.05.11 Arkivsak : Arkivkode: 11/384 340 - Sakshandsamar: Einar Aslaksen Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer OPPVEKST/OMSORG 03.05.11 PS 21/11 FORMANNSKAPET 03.05.11 PS 27/11 KOMMUNESTYRET 10.05.11 PS 15/11 RULLERING AV RUSPOLITISK PLAN Vedlegg: 1. Ruspolitisk handlingsplan SAKSUTGREIING: Ruspolitisk handlingsplan i vart gjennom ei enkel rullering rullert i kommunestyret 20.02.07 sak 07/07. Dette skjedde på bakgrunn av drøfting i formannskapet 22.08.06. Det vart i dette møte teke opp at kommunen ikkje bør venta lenge med ei fullstendig rullering av planen. Den Ruspolitisk handlingsplanen vart første gong utarbeidd i år 2000. Planen er sektorovergripande har tilsett ruskonsulent i 100% engasjementstilling for 1 år. I prosjektstillinga er det lagt inn at rullering av Ruspolitisk handlingsplan kan vera ei av oppgåvene. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Ruspolitisk handlingsplan i vert fullstendig rullert. Rådmannen får delegert mynde til å organsiere arbeidet med rulleringa av planen. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ OPPVEKST/OMSORG 03.05.11: I samsvar med innstilling. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 03.05.11: I samsvar med innstilling.
38 VEDTAK I KOMMUNESTYRET 10.05.11: I samsvar med framlegget frå formannskapet.