Avlingsregistrering økologiske eplefelt Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Marianne Bøthun Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad Norsk Landbruksrådgiving Viken, Gaute Myren 1 BAKGRUNN Det er vanskeleg å gje konkrete råd kring forventa avlingsnivå i økologiske eplefelt. Statistikken til Debio viser at det er over 1400 daa økologisk og karensareal med eple i 2012. Tal frå tidligare SLF (no Landbruksdirektoratet) viser at 1,6 % av den norske produksjonen av frukt og bær er økologisk, men at berre 0,6 % blir omsett som økologisk gjennom daglegvarehandelen. Undersøkingar gjort av Foregangsfylket økologisk frukt og bær i Hordaland og Sogn og Fjordaneviser at berre 27 % av eple som er produsert økologisk vært omsett som klasse 1. 2 GJENNOMFØRING Gjennom løyvingar til «grønvekst-midlar» til Norsk Landbruksrådgiving var det mogeleg å få betre oversikt over dette. Tre einingar som til dagleg driv med rådgjeving innan frukt har samarbeida om å lage ei meir kvalifisert oversikt over kva som er flaskehalsen ute i fruktfelta. Epla som har blitt sendt til pakkeria skal i utgangspunktet være egna til konsumfrukt. Detaljhandelen og grossistane vil unngå samanblanding i butikk og pakkar ofte epla i små-brett med 4-6 eple med plastfolie. Dermed vil småfrukter (<70 mm) og store frukter (>80 mm) ofte bli omsett som konvensjonell vare eller pressa til jus. Det vart val ut tilsaman 6 felt med økologisk produksjon i Vestfold, Buskerud, Østfold, Hordaland og Sogn og Fjordane. To av felta i Østfold vart ikkje gjennomført avlingsregistering, sidan haglskade medførte rotning og djupe sår i fruktene. Det er gjennomført avlingsregistering i sorten (Raud) Aroma. Alderen på felta er 6 til 12 år gamle. To av felta er planta med stokk pr tre, medan dei to andre er tettplanting med streng-system. Planteavstand varierer også frå 0,9 til 2 meter, radavstand 3,5 til 4,5 meter. Treantallet pr daa varierer dermed mellom ca 100 til over 300 tre, som vil gjere utslag når ein framstiller grafisk den teoretisk avling pr daa. 3 FORSØKSOPPLEGG Det er gjennomført avlingsregistering i tre planta samtidig på same grunnstamme og plantesystem. Hausta fem tre etterkvarandre i ei rad. Veid avlinga. Tatt ut tilfeldig 100 eple og sortert etter kl 1 eller begrunna skaden for utsortering. Tre gjentak i same felt.
4 RESULTAT FRÅ FELTA 4.1 SOGN OG FJORDANE Felteigar: Marianne Bøthun Feltstorleik: 5 daa planta på 2 m x 4,5 meter. Sort: Raud Aroma på M9 Planteår: 2004 4.1.1 Feltet er planta i 2004 på tidlegare konvensjonell grasmark og har etablert seg bra og gitt god avling sista åra. Feltet er planta med mypex inntil trea og med gras i midtgangen. Lite problem med skadedyr/sjukdommar bortsett frå noko luseangrep. Feltet er planta som blokkplanting med kombinasjonen Raud Aroma og Discovery i annakvar rad. Vart plukka tre tilfeldig utvalte stader i feltet for registrering. Bilde 1: I Sogn ligg feltet ii Fresvik Figur 1 manuell sortering av tilfeldig 100 epler kvar gjentak. Kvar hausterute er 5 tre. Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Antall bra eple 72 54 67 Små <60 mm 2 5 5 Skurv 0 0 0 Rognebærmøll 1 0 0 Tidleg gnag 0 2 0 Seint gnag 0 3 0 "Lus-eple" 0 0 2 Mekanisk skade 0 4 1 Froststiper/slips 0 2 1 Sprekking 2 4 2 Prikksjuke (Ca-mangel) 0 0 0 Lagersopp 9 1 1 Overmodne (direkte oms) 13 10 12 Eplevikler 0 0 0 Anna (farge, deformasjon 9 15 9 Totalt 108 100 100 Avling kg hausterute (5 tre) 62,7 100,5 88,4 Snitt pr tre 12,5 20,1 17,7
4.2 HORDALAND Felteigar: Annhild Oma Feltstorleik: 2,5 daa. Planteavstand 1,25 X 3,8 m Sort: Raud Aroma Planteår: 2008 Det er hausta Raud Aroma i eit felt planta i 2008 på areal som tidlegare hadde vore nytta til konvensjonell grasproduksjon. Feltet vart lagt om til økologisk drift ved planting. Feltet ligg vendt mot søraust, fritt og åpent ned mot fjorden. På feltet er det det planta sortane Raud Aroma, Discovery og Lord Lambourne. I tillegg er det nokre tre av Karen Schneider og Håkonseple. Alle sortane er poda på svaktveksande grunnstamme. Andre vinteren var det eit stor museangrep i fruktfeltet. Fleire tre gjekk ut og mange tre fekk seg ein knekk. Det er planta inn nye tre, som enno ikkje har kome i full produksjon. Det har også vore problem med vassjuke område i feltet, og noko frukttrekreft. 2014 var et bra år for fruktdyrking. Det var tidleg veksttstart og mye tørt og varmt vær i vekstsesongen. Bilde 2. I Hordaland ligg feltet på Oma I ytre Hardanger. Figur 2: manuell sortering av tilfeldig 100 epler kvar gjentak. Kvar hausterute er 5 tre. Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Antall bra eple 66 53 53 Små <60 mm 8 4 12 Skurv 2 6 2 Rognebærmøll 2 0 3 Tidleg gnag 0 0 0 Seint gnag 17 27 28 "Lus-eple" 0 0 0 Mekanisk skade 5 6 2 Froststiper/slips 0 4 0 Sprekking 0 0 0 Prikksjuke (Ca-mangel) 0 0 0 Lagersopp 0 0 0 Overmodne (direkte oms) 0 0 0 Eplevikler 0 0 0 Anna (farge, deformasjon 0 0 0 Totalt 100 100 100 Avling kg hausterute (5 tre) 12,2 17,3 15,5 Snitt pr tre 2,4 3,5 3,1
4.3 VESTFOLD Bilde 2: feltet i Vestfold er etablert på moderne vis med pollineringstre for kvart 20.tre. spesielt store eple. Felteigar: Jannicke Sando Feltstorleik: 20 daa Planteavstand 1 X 4 meter Sort: Raud Aroma Planteår: 2009 4.3.1 Feltet er etablert på tidlegare grasjord. Tettplanting med strengssytem, pollineringstre ca kvart 20.tre med Kobenza og Dolgo. Det er stadvis utfordring med drenering, men større arbeid med avskjæringsgrøfter gjer at det er lite vatn i feltet denne sesongen. Ugraset har blitt prøvd å holde i sjakk med fresing inntil trea. Det er utfordring med mykje ugras i syre-familien og en del syreveps er å finne ved hausting. Generelt bra i år og lite skurv, men det er prikksjuke på Figur 3 manuell sortering av tilfeldig 100 epler kvar gjentak. Kvar hausterute er 5 tre. Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Antall bra eple 76 Små <60 mm 5 Skurv 1 Rognebærmøll 1 Tidleg gnag 5 Seint gnag 2 "Lus-eple" 0 Mekanisk skade 1 Froststiper/slips 2 Sprekking 0 Prikksjuke (Ca-mangel) 1 Lagersopp 1 Overmodne (direkte oms) 0 Eplevikler 1 Anna (farge, deformasjon 4 Totalt 0 0 100 Avling kg hausterute (5 tre) 23,8 12,2 34,5 Snitt pr tre 4,8 2,4 6,9
4.4 BUSKERUD Felteigar: Marius Egge Feltstorleik: 30 daa Planteavstand 0,9 X 3,5 meter Sort: Raud Aroma Planteår: 2002 4.4.1 Det er tettplanting med strengsystem/hesje-system blokkplanta 4 rader Aroma og med bestøvingsrader med Katja og Tohuku 2. Feltet har hatt utfordingar med vasssjuk og hard jord, men det er i nyare tid grøfta og gjort tiltak. Ugrasfjerninga har vore manuelt og med fresing. Det er bruka dei same trea som tidlegare registeringar og trea er i god kondisjon. Resten av feltet er tilstanden varierande, med ein del utgang og suppleringsplanting. Generelt bra år, mindre skurv og råteflekkar enn tidlegare år. Størrelsen er nok eit større problem enn det som kjem fram her. Det er likevel variasjon og ved stor avling kan det bli for liten størrelse eller at eplene ramlar ned. Bilde 3: feltet vart etablert i «pioneer-tida» med tettplanting og eindel av støttesystemet er for svakt. Figur 4 manuell sortering av tilfeldig 100 epler kvar gjentak. Kvar hausterute er 5 tre. Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Antall bra eple 77 75 73 Små <60 mm 5 4 15 Skurv 1 3 2 Rognebærmøll 0 0 0 Tidleg gnag 8 5 2 Seint gnag 4 1 3 "Lus-eple" 0 3 0 Mekanisk skade 0 2 0 Froststiper/slips 2 0 1 Sprekking 0 0 0 Prikksjuke (Ca-mangel) 0 0 0 Lagersopp 0 2 0 Overmodne (direkte oms) 1 1 1 Eplevikler 1 2 1 Anna (farge, deformasjon 1 2 2 Totalt 100 100 100 Avling kg hausterute (5 tre) 37,8 61,7 63,4 Snitt pr tre 7,6 12,3 12,7
5 DISKUSJON- SAMANLIKNING MELLOM FELTA Det er i denne undersøkelsen ikkje sett på kva utlag forskjelleg stell og oppfølging har hatt for sorteringsresultatet. Felta er stelt på vanleg måte og det er ikkje gjort ekstra tiltak i felta. Epla vart hausta i ein omgang ved rett haustetid for sorten. Tabell 1: viser sammensatt oversikt for fire felt med Raud Aroma. Sorteringsresultat % alle felt Antall bra eple 67 Små <60 mm 7 Skurv 2 Rognebærmøll 1 Tidleg gnag 2 Seint gnag 9 "Lus-eple" 1 Mekanisk skade 2 Froststiper/slips 1 Sprekking 1 Prikksjuke (Ca-mangel) 0 Lagersopp 1 Overmodne (direkte oms) 4 Eplevikler 1 Anna (farge, deformasjon 4 Det er ganske stor variasjon mellom felta. For alle felta sett under eitt kan ein forvente 67 % klassse 1 i økologisk. Årsakene til utsortering er mange og samansette. Seint gnag og småfallne eple er den viktigaste årsaka til utsortering. Spesielt for året 2014 er det at mange eple som var «overmodne» ved hausting og hadde lite lagringsevne. Epleskurv er ofte den sjukdommen som har stort fokus, men ein grei ascospore-sesong og tørr ettersommar har medført lite epleskurv i dei undersøkte felta.
Figur 5: viser samanstilling av faktisk avling pr tre. Det var 5 tre pr gjentak. Kg pr tre 25,0 20,0 15,0 10,0 5,0 0,0 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Buskerud Vestfold Hordaland Sogn og Fjordane Antall kg utsortert pr tre 1,7 3,1 3,4 1,1 0,6 1,7 0,8 1,6 1,5 3,5 9,2 5,8 Antall kg 1.klasse pr tre 5,8 9,2 9,3 3,6 1,9 5,2 1,6 1,8 1,6 9,0 10,9 11,8 Antall kg 1.klasse pr tre Antall kg utsortert pr tre
kg/daa Figur 6: viser teoretisk avling pr daa. Treantallet vil variere mellom plantesystema frå litt over 100 til 300 tre/daa. Teoretisk avling pr daa 4000 3500 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Gjentak 1 Gjentak 2 Gjentak 3 Buskerud Vestfold Hordaland Sogn og Fjordane Kg daa utsortert 522 925 1026 286 146 414 174 342 306 390 1026 648 Kg daa 1.klasse 1747 2775 2775 904 464 1311 338 385 345 1002 1205 1315 Aksetittel Kg daa 1.klasse Kg daa utsortert For å kunne gje gode råd kring økologisk epleproduksjon er det viktig å gjere undersøkingar ute i fruktfelt. I tillegg må det for å kunne diskutere utfordringar kring skadegjerar og ha ei god kartlegging over kva som er viktige faktorar. Spørsmålet frå dyrkarane er ofte kva kostar med mest pengar, skurv eller andre skadegjerar? 6 KONKLUSJON Det er fult mogeleg å få ein stor andel konsumfrukt og det teoretisk avlingsnivået er over 1200 kg/daa i dei undersøkte felta. Størst utsortering var grunna småfalne frukter og seint gnag av insekter.