På sporet av grunnar til sjølvskading

Like dokumenter
E-terapi verkar godt. Arne Olav L. Hageberg. Jan Kåre Wilhelmsen

Ikke-suicidal selvskading hos ungdom: Eksekutive funksjoner og rollen til serotonin i impulsivitet. Linn T. Fikke 30. august 2012

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

Teknikk og konsentrasjon viktigast

OK, seier Hilde og låser.

Frå dikt til teikneserie

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

mmm...med SMAK på timeplanen

Refleksjon og skriving

KROPP: Barns motorikk og utfoldelse har tradisjonelt ikke vært innenfor psykologiens interessefelt. Foto: Stefan Schmitz / Flickr

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Mobbing på mindre og større skular

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Økt 5; Effekt Introduksjon av økta Gruppe: Repetisjon av dei fire øktene Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Du er 45 år og sonen/dottera di er 16.

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

6-åringar på skuleveg

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Til deg som bur i fosterheim år

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Årets nysgjerrigper 2010

KOMPETANSEKARTLEGGING Rettleiar

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Å løyse kvadratiske likningar

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Samfunnsoppdraget er å utdanna kliniske psykologar

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Elevundersøkinga 2016

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Rusarbeid i ein kulturell kontekst

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Vel nynorsk for barnet ditt!

Til Kunnskapsdepartementet

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS


Velkomen til Røde Kors!

Rike investerer grønt når dei tener på det

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Må kutta i praksistilbodet

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

NYTT FRÅ INSTITUTT FOR INFORMATIKK

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim


Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Kommunal planlegging: Strategisk, med pbl2008? Nils Aarsæther, dr.philos., seniorforskar Norut / NORCE (tidl. prof. i samfunnsplanlegging ved UiT)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

«Mestringsforventningar»

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

FRAM TIL NÅ: Fullkomne marknader (1. velferdsteorem gjeld): Fullstendige betinga kontraktar.

Kva vil det seie å vere buddhist?

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Psykologisk førstehjelp i skulen

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Trivsel og vekstvilkår

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Regional Satsting Psykisk Helse

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

Eksamen APO3001 Helsefremjande arbeid / Helsefremmende arbeid. Programområde: Apotekteknikar / Apotektekniker.

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Høring - finansiering av private barnehager

Frå novelle til teikneserie

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Revidering av akkreditert mastergradsstudium i farmasi ved Universitetet i Tromsø fase 2

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

4.) Stedsanalyse. I denne analysen er Fotlandsvåg sentrum undersøkt i tre forskjellige rom : orienteringsrommet, hugsrommet og identifikasjonsrommet.

Transkript:

På sporet av grunnar til sjølvskading Kvifor er det så mange unge som med vilje skadar seg sjølv? Linn Toril Fikke har fått snusen av noko som kan vera kimen til eit delsvar. For det har ho fått utmerkinga Årets doktorgrad 2011. TEKST: Arne Olav L Hageberg PUBLISERT 5. september 2012

GODT ARBEID: Linn Toril Fikke si doktoravhandling om serotoninfungering hos unge sjølvskadarar er kåra til årets doktorgrad 2011. Foto: Arne Olav L. Hageberg

Då Linn Toril Fikke skulle velja emne for doktorgradsarbeidet sitt, var ikkje valet så vanskeleg. Etter å ha hatt hovudpraksis under psykologistudiet ved Ullevål sjukehus si akutteining hadde ho møtt så mange unge som utførte ikkje-suicidal sjølvskading at spørsmålet meldte seg sjølv: Kvifor? Då ho fekk nevropsykologen Nils Inge Landrø og utviklingspsykologen Annika Melinder som rettleiarar, fall også valet av fagleg perspektiv på plass. At ho etter fire års arbeid med screening og testing av hundrevis av ungdomar kan dra i land pris for orårets beste doktorgrad, tyder på at ho har snust og leita meir grundig og strukturert enn dei fleste andre doktorgradsstudentar. Kan henda har ho òg fått ferten av noko nytt. Svikt hos kontorsjefen Fikke har undersøkt nevropsykologiske funksjonar hos ungdom som utfører ikkjesuicidal sjølvskading, altså som øydelegg eige kroppsvev med vilje utan å ha til hensikt å ta sitt eige liv. Det finst god støtte for hypotesen om at unge kan skada seg for å regulera kjensler, men gruppa er veldig samansett, og tilhøvet mellom sjølvskading og emosjonsregulering er lite utforska frå eit nevropsykologisk perspektiv. Eitt av funna hennar er at desse ungdomane presterer svakare på testar av eksekutive funksjonar enn jamaldrande som ikkje skadar seg. Eksekutivfunksjonane blir ofte kalla kontorsjefen i hjernen, forklarar Fikke. Desse funksjonane er viktige for styring, kontroll og modulering av mentale prosessar. Naturleg nok er det difor ein nær samanheng mellom eksekutive funksjonar og evna til å kontrollera impulsivitet. Dei er òg viktige for å regulera kjensler. Resultata samsvarar med at mange ungdomar sjølv fortel at dei skadar seg for å regulera kjenslene sine, seier forskaren. Saman med assistentane sine undersøkte ho over 60 sjølvskadarar og 35 personar i ei kontrollgruppe. Undervegs i arbeidet blei det klart at sjølvskadarane var ei veldig heterogen gruppe, og desse blei difor delte inn i to undergrupper basert på graden av sjølvskadingsåtferd. Dei som dreiv med mest alvorleg sjølvskading, viste nedsett eksekutivfunksjon knytt til arbeidshukommelse, medan dei som dreiv med meir milde former for sjølvskading, viste seg å vera svært impulsive, meir enn både dei andre sjølvskadarane og kontrollgruppa. Tryptofansenking Mest interessert var Linn Toril Fikke i å finna ut meir om samanhengen mellom serotonin og impulsivitet. Det er forska mykje på dette, men ikkje i denne spesielle ungdomsgruppa, fortel ho. Fikke og kollegane nytta ein avansert forskingsdesign til å undersøka samanhengen mellom serotoninnivå i hjernen og impulsregulering. Forsøkspersonane blei delte i to grupper, der den eine fekk ei drikke som inneheldt alle dei viktigaste aminosyrene som kroppen treng. Den andre gruppa fekk alle aminosyrene utanom tryptofan, som er avgjerande for produksjonen av serotonin. Signalstoffet serotonin er mellom anna viktig for regulering av humør, og låge nivå av serotonin kan vera ein viktig årsak til

depresjon og andre stemningslidingar. Enkelt sagt korrelerer låge nivå av serotonin med det å vera nedstemt. Rar impulsivitet Som den første i verda nytta Linn Toril Fikke ein computerbasert impulsivitetstest på denne spesielle ungodmsgruppa med manipulert serotoninnivå. Studien viste at dei unge jentene som hadde utført sjølvskading, blei impulsive når serotoninnivået i hjernen blei midlertidig senka. Men dei viste ei veldig rar form for impulsivitet! fortel Fikke. Dei unge sjølvskadarane hadde ein liberal responsstil, dei var altså impulsive, men samstundes var merksemda høg! Dei responderte ikkje på skjermtesten med å klikka på lukke og fromme. Tvert om hadde dei svært mange riktige treff, og få uriktige. Dei unge sjølvskadarane var altså impulsive, men ikkje ukritiske. Dei viste ein slags målretta impulsivitet. Dette var uventa, men verkar jo òg naturleg, når ein tenkjer etter, reflekterer Linn Toril Fikke. Resultata kan tolkast som at unge med lågt serotoninnivå har kort veg frå tanke til handling. Kan henda gjer dette også vegen mellom sterke kjensler og sjølvskadingsåtferd kortare. Trening Om du fekk fire nye år og uavgrensa med midlar, kva ville du forska på? Eksekutivfunksjonane ser ut til å vera viktige ved sjølvskading, og desse kan trenast, svarar Fikke. Ho skulle difor likt å testa om innføring av treningsprogram gjerne som ein del av utgreiing og behandling kunne vera med på å redusera sjølvskadingsåtferd. Og så er det veldig gøy med den rare impulsive stilen, smiler ho. Det kunne vore interessant å testa ei større gruppe ungdomar som ikkje var sjølvskadarar, på same måten, inkludert gutar. Sjølv om eg er nokså overtydd om at den målretta impulsive stilen er nko som kjenneteiknar ungdom som skadar seg, har vi jo ikkje utelukka at dette òg kan gjelda for ungdom meir generelt. Kva ser du som dei største utfordringane for feltet ditt? Å få forskarar til å samarbeida på tvers av ulike fagområde. Vi jobbar ofte med same tema, men med litt ulik innfallsvinkel. Likevel klarar vi ofte ikkje å sjå verdien av kvarandre sitt arbeid. Dette er ikkje ein konkurranse. Vi må samla perspektiva, det trur eg er veldig viktig, seier Linn Toril Fikke, som understrekar at heller ikkje det ho har funne om ein mogleg samanheng mellom serotoninsenking og sjølvskading er svaret. Men det er eitt perspektiv, og det er eit litt nytt perspektiv inn i dette feltet, avsluttar ho. LINN TORIL FIKKE

Tilsett ved DPS Edwin Ruud, Sykehuset Østfold, Mysen Forsvarte 30. august 2011 avhandlinga Non-Suicidal Self- Injury in Adolescents: Executive Functions and the Role of Serotonin in Impulsivity for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo Avhandlinga er av Norsk Psykologforening kåret til Årets doktorgrad 2011 Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 9, 2012, side 918-919 TEKST: Arne Olav L Hageberg