SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: Arkivsaksnr.: 18/7241 Finansrapport 1.tertial 2018 TILRÅDING: Kommunestyret tek rapporten til vitande. DOKUMENT: Statusrapport frå forvaltar ikkje vedlagt Finansreglement ikkje vedlagt SAKSUTGREIING: Finansforvaltninga i kommunen vert mellom anna regulert av Forskrift om finansforvaltning samt kommunen sitt eige finansreglement. Rapporten er forsøkt bygt opp slik at ein kan etterprøve dei retningslinjer og avgrensingar som er gitt i forskrift og kommunen sitt eige reglement. Rapporten skal òg vise korleis kommunen sine finansielle aktiva og passiva har endra seg gjennom perioden. 7 i forskrift om finansforvaltning i kommunane gir retningslinjer for kva rapporten minimum skal innehalde og dette kravet er vidare innarbeida i kommunen sitt finansreglement, vedteke i oktober 2015. Forskriften er noko endra med verknad frå 01.01.2017 og endra krav er innarbeida i rapporten. Forvaltning av aktiva Kortsiktig finansiell aktiva (ikkje del av aktiv forvalting)
Pr. 31.12.2017 er kortsiktig finansielle aktiva plassert på konto i Sparebanken Sogn og Fjordane. Rentevilkåra på konto er 3 mnd.nibor, + 0,4 % poeng for kreditrente medan debetrenta vert rekna til 3 mnd. nibor + 0,9 %poeng. Rentesats vert sett med utgangspunkt i daglege noteringar av 3 mnd. Nibor. (Endra prinsipp fom 2.kvartal 2017). Referanseindeks: ST1X, gjennomsnitt 4 mnd. 2018: 0,10%. Sparebanken S og Fj er av Moody s Investers Service kredittvurdert til A2 (oktober 2017). Forvaltning av kortsiktig likviditet er gjort innafor dei rammer som er gitt i finansreglement og forskrift. Langsiktig finansiell aktiva (aktiv forvaltning) Kapital til forvaltning: Kapital pr. 01.01.2018 Kapital pr. 30.04.2018 Endring 1.tertial 89 980 585,00 kr 92 599 990,00 kr 2 619 405,00 kr Avkastning pr.30.04.2018: Månad Januar Februar Mars April Avkastning pr.30.04.2018 Endring pr. mnd 432 606,00 kr 1 092 219,00 kr 844 579,00 kr 2 804 370,00 kr 2 619 404,00 kr Avkastning på akjar og obligajonar/rentefond pr.30.04.2018 er rekneskapsført med ein gevinst på kr.2.619.404,.. Budsjettert positiv avkastning 2018: kr.5.500.000. Gjennomsnittleg investert kapital for perioden 01.01.2018 30.04.2018, kr.89.966.689 Avkastning pr. 30.04.2018 på gjennomsnittleg investert kapital: 2,93%. Plassering i obligasjonar/rentefond har gitt ein avkastning på 1,03%. Gjennomsnittleg investert kapital i obligasjonar/rentefond, kr.58.158.591. Aksjeporteføljen har gitt ein avkastning 1.tertial 2018 på 6,88 %. Gjennomsnittleg investert kapital i aksjar: kr.31.379.215. For tilsvarande periode viser OSEBX (utvikling 55 mest omsette aksjar på oslo Børs) ein utvikling på 5,59 %. Referanseindeks: ST1X, gjennomsnitt 2018: 0,1%. Rekna frå 31.12.2000 har Leikanger kommune fram tom 30.04.2018 oppnådd ein årsavkastning på gjennomsnittleg investert kapital på 6,02 % (på kapital plassert gjennom Pareto).
Kredittrisiko langsiktige finansielle aktiva Krav iflg. Leikanger kommune sitt finansreglement: Renteberande investeringar kan plasserast i verdipapirfond med betre eller lik gjennomsnittleg kredittrisiko slik i matrisen under (prosent av total porteføljen) viser: Kredittrisiko Kredittrating skal være utført av eit annerkjent selskap Rammer i prosent av heile porteføljen 1. Beste kredittrisiko kredittrating AAA til A 100% 2. Moderat kredittrisiko kredittrating BBB+ til BBB 80% 3. Høg kredittrisiko kredittrating BB+ til CCC 15% Leikanger kommune plasserer midlar i fond med rating slik det er vist i tabellen under og investeringane er innafor dei rammer som er gitt i finansreglementet: Beholdning pr.30.04.2018 Vekt (av portef.) Rating Pareto Høgrente 58 759 927 63 % BBB+/BBB Transaksjonskonto 413 017 0 % Rating av fondet er gjort av forvaltar og ligg innanfor den kategorien som finansreglementet set krav om. Porteføljesamansetning Krav iflg finansreglementet til kommunen: Investeringer maksimalt normalt avkastnings referanser Rentemarknad 100 % 70 % ST1X Aksjemarknad 40 % 30 % ST1X Samansetning av portefølje (som er del av aktiv forvaltning): Beholdning Vekt (av pr.30.04.2018 portef.) Pareto Høgrente 58 759 927 63 % Transaksjonskonto 413 017 0 % Aksjar 33 427 046 36 % Totalt 92 599 990 100 %
Plassering i aksjar er gjort innafor ramma som er sett i finansreglementet til kommunen. Plassering av lang likviditet er gjort innafor dei rammer som er gitt i finansreglementet. Vurdering Plassering av langsiktig finansielle aktiva er plassert og forvalta i samsvar med kommunen sitt eige reglement og finansiell risiko vert vurdert til å vera på eit akseptabelt nivå. Denne vurderinga kjem og som fylgje av kommunen sitt kursreguleringfond der ein har reservar tilsvarande 50% av aksjekapitalen pr. 31.12.2018. Etter diponering av mindreforbruk 2018, vil andre generelle disposisjonsfond bli ytterlegare styrka. Balansepostar (EKfond) 25699090 Kursreguleringsfond 17 030 824 25699130 Driftsfond 4 085 951 Andre disp.fond 306 125 Sum disposisjonsfond 21 422 900 25399080 Kapitalfond sal av aksjar Sognekraft 50 787 496 Andre kapitalfond 84 961 Sum kapitalfond 50 872 457 Sum frie fond 72 295 357 Budsjettert bruk av fond 2018: kr.9.730.000 Er ikkje belasta fondet. Disponering av årsopppgjersdisposisjonar for 2017 (vedtak i juni 2018): Driftsfond 25699130 vert styrka med kr.10.235.982 er ikkje tillagt fondet. Kursreguleringsfond Leikanger kommune har sett av midlar på kursregulerlingsfond og har såleis teke høgde for variasjonar i marknaden. Fondet skal målast mot aksjeporteføljen pr.31.12. og utgjere 50 % av marknadsverdien på aksjeporteføljen. Regulering skal gjennomførast i samband med årsoppgjeret for kommunerekneskapen. Pr.31.12.17 har Leikanger kommune eit kursreguleringsfond på kr. 17,0 mill. Aksjebeholdninga var pr.31.12.2017 pålydande kr.31.166.524. Krav til kursreguleringsfond; kr.15.583.262 og saldo på kursegulseringsfondet er difor innanfor kravet. Gjeldsforvaltning Leikanger kommune (gjeldsportefølje):
Forfalls Kupong Dato rente Beholdning FLOATING RATE BONDS NOK Husbanken 95/25 01.12.2025 1,58 1 086 637 Kommunalbanken FRN 17/20 (+30bp) 18.03.2020 1,49 39 000 000 Kommunalbanken FRN 17/20 (+38bp) 16.09.2020 1,57 30 000 000 Kommunalbanken FRN 18/22 (+ 31bp) 16.03.2022 1,38 50 000 000 Leikanger komm 16/18 FRN 19.09.2018 1,73 28 500 000 Leikanger komm 16/18 FRN 19.09.2018 1,62 36 000 000 SUM FLOATING RATE BONDS NOK 1,54 184 722 467 IR SWAPS (FLOATING)NOK Renteswap DNB 17/27 (Leikanger) 17.03.2027 1,19 15 000 000 Renteswap Nordea 11/21 (Leikanger) 15.09.2021 1,19 15 000 000 SUM IR SWAPS (FLOATING)NOK 1,09 30 000 000 IR SWAPS (FIXED)NOK Renteswap DNB 17/27 (Leikanger) 17.03.2027 1,96 15 000 000 Renteswap Nordea 11/21 (Leikanger) 15.09.2021 3,76 15 000 000 SUM IR SWAPS (FIXED)NOK 2,86 30 000 000 TOTALT 1,97 184 722 467 Ingen enkeltlån utgjer åleine meir enn 40% av porteføljen og oppfyller kravet i finansreglementet. Gjennomsnittleg løpetid på lån (over eitt år), samt bindingstid for rente (gj. maks 3 år) er innafor kravet i finanseglementet. Rentebytteavtale Leikanger kommune har rentebytteavtalar pålydane 30 mill. kroner. Slik avtalane føreligg i dag, er ca 16% av låneporteføljen til Leikanger kommune sikra med rentebytteavtalar. Avtalane går ut i 2021 og 2027 (Fordelt med 15 mill i kvar avtale). Avdrag og renter for 2018 Pr. 30.04.2018er det ikkje betalt avdrag. Avdrag vert betalt i samband med årets låneopptak. Renter på investeringslån, forfalt og betalt 1,2 mill. kroner. Budsjett kr.3,4 mill kroner. Renter av kr.119.000.000 mill. forfell til betaling to gonger i året, mars og september (Kommunalbanken). Renter av kr.64,5 mill. forfell fire gonger i året (Swed. bank og Danske Bank). Ubrukte lånemidlar i balansen: kr.21.018.000,. Budsjettert bruk av lånemidlar 2018: kr.29.917.000,. Årets låneopptak er ikkje effektuert.