Vu rd eri n g av Ti n g h u s 2 og Ti n g h u s 3 Kommune: Betegnelse: Adresse: 1419 LEIKANGER KOMMUNE Tinghus ll og Tinghus lll Skrivarvegen 3, 6863 LEIKANGER Dato befaring: 23.08.2018 Utskriftsdato: 31.08.2018 Oppdrag nr: 2018083 Utført av autorisert medlemsforetak i Norsk takst Pb. 63, 6801 FØRDE Telefon: 57 83 24 00 Sertifisert takstmann: Nils Johan Nordang Telefon: 913 47 490 E-post: nordangn@online.no Rolle: Uavhengig takstmann Norsk takst er markedsnavnet til Norges Takseringsforbund
Forutsetninger Dokumentet er bygget opp på basis av Norsk takst sine instrukser og regelverk. Dokumentets innhold er skrevet i fritekst og alle kvalitets- og kontrollfunksjoner er ivaretatt gjennom takstmannens egne rutiner. Egne forutsetninger Mandat er gitt i e-post frå Leikanger kommune v/ervin Beheim 21.08.2018 samt ved møte på Beheim sitt kontor i samband med synfaringa 23.08.2018. Ein ønsker få utarbeidd ei enkel teknisk vurdering av bygningsmassen samt takstmann si vurdering om framtidig bruk av bygningane eller om dei bør rivast. Rapportdata Kunde: Takstmann: Leikanger kommune Nils Johan Nordang Befaring/tilstede: Befaringsdato: 23.08.2018. - Ervin Beheim. Delvis. Tlf. 576 55624 - Nils Johan Nordang. Takstmann. Tlf. 57 83 24 00 Eiendomsopplysninger Eiend.betegnelse: Kilder/vedlegg Tinghus ll og Tinghus lll Dokument/kilde Dato Kommentar Status Sider Vedlagt Planteikningar i pdfformat. Rekvirent KONKLUSJON: Viste rundt samt framskaffa opplysningar. UNDERTEIKNA TILRÅR AT TINGHUS 2 OG TINGHUS 3 VERT RI VNE. Ved riving frigjer ein eit stort tomteareal som etter mi meining må vere attraktivt både til privat og offentlig bruk. Vert bygga fjerna står ein og fritt til å byggje ut frå behov og ikkje minst storleik. Sjå også "Oppsummering": Plassering Bygningane ligg på Leikanger og har vore nytta fram til byrjinga av 2000-talet til kontor for avdelingar underlagt fylkesadministrasjonen. Også Statens vegvesen nytta delar av bygningane i ein periode frå ca 2013 til 2015. Bygningar og storleik: Tinghus 2 og Tinghus 3 er samanbygd og oppført i tre byggjesteg. Tinghus 2: Første byggjesteg oppført i 1953 med underetasje/kjellar og to etasjar. I 1969 blei det bygd på to nye etasjar. Kvar etasje har eit Bruttoareal BTA på ca 324 m2, Til saman ca 1620 m2. Tinghus 3 oppført 1964 med til saman 7 etasjar + noko kjellar samt ventilasjonsrom på taket. Bygningen utanom kjellar og ventilasjonsrommet har eit Bruttoareal BTA på til saman ca1970 m2. SUM BTA : I flg. opplysingar frå rekvirent er samla BTA ca 3775 m2. Oppdr. nr: 2018083 Befaringsdato: 23.08.2018 Side: 2 av 7
TINGHUS 2: Konstruksjon og vedlikehald Konstruksjon: Bygningen er oppført med fundament og bærande konstruksjonar som søyler, dragarar, veggfelt og dekker av plasstøypt betong. Ytterveggane er i mur/betong og utvendig pussa og malt. Innvendig side antas vere mur av porebetong eller liknande og som er pussa og malt. Golvet i innreia del i underetasjen har trebjelkelag over kryprom utan tilkomst. Resten av denne etasjen har truleg støypt golv. Taket er oppbygd med gesimsar, duktekking og svakt fall, truleg av isolasjonsplater. Takvatnet vert ført gjennom gesimsane og leia ned via utvendige taknedløp. Vindauga har trekarmar og isolerglas. Inngangsdørene er i glas og aluminium. Solvendte vindauge har utvendig manuell solskjerming. Vindauga i hovudtrappa har aluminiumskarmar og isolerglas. Alle golv i kontor, korridorar arkiv mm, har belegg. I toalettromma er flis. Innvendige bærande veggkonstruksjonar er pussa og malt. Innvendige lettveggar er i hovudsak platekledd og med malt glasfiberstrie. Toaletta har flis på veggar. Himlingane er hovusakleg malt puss. Enkelte korridorar har nedfora himlingar som er malt. Innvendig hovudtrapp er i betong med terrasso. Oppvarminga er vassboren varme med radiatorar og elektrisk kjele. El-anlegget er tilpassa bruken bygningen hadde då den var i drift. Lysarmaturar er hovudsakleg utanpåliggande med lysrøyr. Innvendig takhøgd i dei fleste etasjane ligger mellom 270 og 280 cm, ein del lågare der himlingane er nedfora. I del av bygningen er montert enkel mekanisk ventilasjon/avtrekk. Påkostningar: På 80- og 90-talet blei bygningen oppgradert med mellom anna skifting av vindauge, oppussing/oppgradering av innvendige overflater, skifta dører og pussa opp toalettromma. Vedlikehald og merknader: Tinghus 2 har i flg. rekvirent stått meir eller mindre tomt sidan byrjinga av 2000-talet. Bygningen framstår som sterkt nedslite både utvendig og innvendig etter lang tids fråvær av vedlikehald. Bygningen er også umoderne, energikrevjande, manglar ventilasjon og stettar på langt nær dagens gjeldande forskrift. Utvendig har fasadane omfattande fuktskader med puss- og malingsavskalling. Trevindauga er nedslitt med malingsavskalling og byrjande råte. Det er registrert utette taknedløp og i øvste etasjen er det merker frå taklekkasjar. I kjellaren står eit stort utrangert fyranlegg, delvis senka under kjellarnivå. I bakre kjellar er det merker frå fuktinntrenging. TINGHUS 3: Konstruksjon og vedlikehald Konstruksjon: Tinghus 3: Bygningen er oppført i stor grad slik som Tinghus 2 med fundament og bærande konstruksjonar som søyler, dragarar, veggfelt og dekker av plasstøypt betong. Ytterveggane er i mur/betong og utvendig forblenda med keramisk flis. Innvendig side antas vere mur av porebetong eller liknande og som er pussa og malt. Golvet i del av 1. etg. har trebjelkelag over kryprom utan tilkomst. Det er også noko kjellar under med støypt golv. Øvrige etasjeskiljer er betongdekke. Taket er oppbygd med gesimsar, duktekking og svakt fall mot innvendige taknedløp. Vindauga har trekarmar og isolerglas. I trappesjakta er vindauge med enkle ruter. Inngangsdørene er i glas og aluminium. Solvendte vindauge har utvendig manuell solskjerming. Alle golv i kontor, korridorar arkiv mm, har belegg. I hovudinngangen er marmorflis og i toalettromma er keramisk flis. Innvendige bærekonstruksjonar er pussa og malt. Innvendige lettveggar er hovudsakleg platekledd og med malt glasfiberstrie. Himlingane er hovusakleg malt puss. Enkelte korridorar har nedfora himlingar som er malt. Innvendig hovudtrapp er betongtrapp med terrasso. Frå 4. til 7. etasje er ekstra trapp i betong med malte trinn. Oppvarminga er vassboren varme med radiatorar og tilknytt kjelen i Tinghus 2. El-anlegget er tilpassa bruken bygningen hadde då den var i drift. Lysarmaturar er hovudsakleg utanpåliggande med lysrøyr. I bygningen er montert enkel ventilasjon/avtrekk. Det er montert heis som er stempla 1 963. Innvendig takhøgd er som i Tinghus 2, og ligg i dei fleste rom mellom 270 og 280 cm. I hovudinngangen, vestibyla i 1. etg. og korridorane er himlingane nedfora til ca 250 cm. Påkostningar: På i stor grad same måte som for Tinghus 2 blei også dette bygget oppgradert/oppussa på 80- og 90-talet. Vedlikehald og merknader: Tinghus 3 har i flg. rekvirent også stått meir eller mindre tomt sidan byrjinga av 2000-talet. Bygningen framstår også som nedslite både utvendig og innvendig, men utvendig fasade med flis har holdt betre enn fasadane på Tinghus 2. Tinghus 3 er også umoderne, energikrevjande, manglar tilfredstillande ventilasjon og stettar på langt nær dagens gjeldande forskrift. Personheisa reknar eg og med er gått ut på dato. Utvendig er det registrert skadar på murstett over øvste vindusrekka mot vest med nedfall av stykker med mur/betong. Trevindauga er nedslitt med malingsavskalling og byrjande råte. I trappesjakta samt i enkelte kontor er det registrert Oppdr. nr: 201 8083 Befaringsdato: 23.08.201 8 Side: 3 av 7
fuktinntrenging i ytterveggar. I kjellaren er det teikn på fuktproblem med store mengder skrukketroll på golvet. Oppsummering Tinghus 2: Bygningen er etter mi vurdering i svært dårlig stand, er umoderne og vil koste uforholdsmessig mykje å oppgradere. Tinghus 3: Sjølv om denne bygningen kan virke noko betre enn Tinghus 2 vil det slik som for Tinghus 2 bli svært kostbart å oppgradere. Både Tinghus 2 og Tinghus 3 har stått lenge tomme, utan vedlikehald og vil for kvart år dei ikkje er i bruk verte meir og meir forringa. Sjølv om ein vel å oppgradere eksisterande bygg vil ein uansett pengebruk ikkje rekke opp til det som ein i dag vil kalle moderne lokaler og god standard. Sidan bygga har stått tome så lenge må ein og stille spørsmål om det i nær framtid er behov for så mykje kontorareal på Leikanger. Med ei så stor bygningsmasse utan leigetakarar kombinert med manglande vedlikehald, dårleg tilstand samt at det blir svært kostbart å oppgradere, anbefaler eg at både Tinghus 2 og 3 vert rivne. FØRDE, 31.08.201 8 Nils Johan Nordang Telefon: 57 83 24 00 Oppdr. nr: 201 8083 Befaringsdato: 23.08.201 8 Side: 4 av 7
Andre bilder Andre bilder for oppdraget Tinghus 2. Fasade nord Tinghus 2. Hovudinngang Tinghus 2. Fasade nord Tinghus 2. Fasade sør Oppdr. nr: 201 8083 Befaringsdato: 23.08.201 8 Side: 5 av 7
Tinghus 2. Fasade sør Tinghus 3. Fasade aust. Tinghus 3. Fasade sør Tinghus 3. Fasade vest Oppdr. nr: 201 8083 Befaringsdato: 23.08.201 8 Side: 6 av 7
Tinghus 3. Fasade nord Oppdr. nr: 201 8083 Befaringsdato: 23.08.201 8 Side: 7 av 7