Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2017/1383 Løpenr.: 23757/2018 Arkivkode: 138/1 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 12.12.2018 18/152 Sakshandsamar: Lotte Næss PlanID 20060002 Kommunedelplan Rauland - dispensasjon frå plankrav - 138/1 - frådeling av to hyttetomter Vedlegg: 1 138/1 - Knut Halvorson Kostveit - Søknad om deling/justering av grunneigedom med oppretting av ny grunneigedom (parsell) med oppmålingsforretning. 2 Frådelingssøknad av to hyttetomter ved Krubba 3 Områdekart 4 Foto frå bygda, Fylkesveg 362 og staden der hyttetomtene skal vera. Dokument i saka: Kommunedelplan for Rauland Knut H. Kostveit Søknad om frådeling av to hyttetomter frå 138/1 datert 5.10.18 Vinje kommune høyringsbrev til fylkeskommunen og fylkesmannen datert 20.11.18 Privat avløpsanlegg - forskrift om utslepp av sanitært avløpsanlegg frå bustadhus, fritidsbustader og liknande i Vinje kommune Bakgrunn: Knut Halvorsen Kostveit søker 5.10.18 om å dele frå to hyttetomter frå sin eigedom 138/1 i Rauland. Tomtene er kvar på 1,225 da. Tomtene er tenkt oppe på ein rygg, ca 100 m sør for Krubba (tidlegare støyl, nå fritidseigedom). Det er opparbeid skogsbilveg frå Harkjelstaul.
Figur 1 : situasjonskart
Tomtene er tenkt bygd på med fire bygg som eit tun. Bygga skal ha låg mønehøgde og dei skal senkast 1 1,5 m ned i terrenget. Figur 2 : foto av prinsippmodell I kommunedelplan Rauland er området sett av til byggeområde YF6, med plankrav (føresegnene pkt. 2.1 a). Figur 3 : Utsnitt av kommunedelplan Rauland
Det er såleis nødvendig med dispensasjon frå plankravet. Det er sendt høyringsbrev til fylkeskommunen og fylkesmannen, med frist for uttale 10.12.18. Uttale frå dei vil såleis liggje føre ved handsaming i plan- og miljøutvalet 12.12.18. Det er sendt nabovarsel til fire naboar, som ikkje har merknader. Vurdering: Pbl 19 2 seier : «Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.» Bakgrunnen for plankravet er at tiltak ein gjennomfører ikkje skal vere til hinder for vidare utvikling på arealet. Knut Kostveit opplyser at han ikkje ynskjer eit hyttefelt på sin del av YF9. Terrenget ligg heller ikkje godt til rette for ei omfattande utbygging. Figur 4 : Terreng i eit større område. Kommunedelplanen. Planadministrasjonen har laga ei skisse som viser ein tenkt utbygging med 8-10 hyttetomter i tillegg til Krubba. Skissa viser at dei to tomtene han har søkt om, ikkje vil vere til hinder for å dele frå nokre tomter til.
Figur 5 : Kartskisse som viser mogleg utbygging med fleire tomter
Eksponering Tomtene det er søkt om, ligg oppe på ein markert rygg. Generelt vil ein vere forsiktig med å tillate slik plassering, av omsyn til eksponering i landskapet. Søknaden inneheld materiale som viser at tomta ikkje er sers synleg frå Fv 362, sjå vedlegg 4. Figur 6 : Terreng mot vest: «Synlighet frå kirka og veien er blokkert av kolle ved Bitustøyl». Dersom ein dispenserar frå plankravet, og med ein slik utbyggingsform, vil det vere naturleg at det blir kommunedelplanens føresegner for spreidd hyttebygging som blir gjeldande, jfr føresegnenes pkt. 3.1 c): «Maksimal storleik på hyttetomt er 1 da. Maksimalt tillete hyttebygging er 120m2 BYA som sum av alle bygg på frådela tomt. Største bygning kan vere maksimalt 80 m2 BYA. Husa skal ha maksimal mønehøgde 5m og maksimal gesimshøgde 3,5 m.» Her søker ein om tomter på 1,225 da. I notatet til søknaden, vedlegg 1, står at ein tenkjer å fylgje kommunedelplanens føresegner når det gjelder storleik på bygga. Bygga er dessutan tenkt senka ned i terrenget. Ein kan akseptere tomtenes storleik, ettersom dei ikkje er vesentleg større enn det dei aktuelle føresegnene seier. Ein kan òg akseptere plasseringa av tomtene, på vilkår av at dei fylgjer opp det dei har gjort greie for om nedsenking i terrenget, byggehøgder, materialbruk, storleik på bygg mm. Med slike føringar, vil ein tru at denne saka ikkje får uheldig presedensverknad i høve til det å bygge på ryggar i terrenget. Naturmangfald : Det er ikkje registrert funn av truga artar i området,jf. artskart. Det er ingen MiSregistreringar eller viktige naturtyper i området, jf. Naturbase. Ein reknar potensialet for viktige funn som lite, og dermed tilhøvet til naturmangfaldlova som avklart.
Konklusjon Ut frå ei totalvurdering kan ein ikkje sjå at omsyna bak plankravet blir vesentleg sett til side. Slik ein ser det, er fordelane ved å gi dispensasjon i dette høvet større enn ulempene. Ein vi difor rå til å gi dispensasjon. Ein minner om kulturminneloven 8 som seier at ein skal kontakte Telemark fylkeskommune dersom arbeidet på tomtene kan virke inn på eit automatisk freda kulturminne. Ein må stanse arbeidet i den utstrekkinga det kan røre kulturminnet. Kulturminnemyndigheitene avgjer snarast mogleg - og seinst innan 3 veker - om arbeidet kan fortsetje og vilkåra for det. Fristen kan forlengast når særlege grunnar tilseier det. Vatn og avlaup : I notatet til søknaden, vedlegg 1, står at dei tenkjer seg minireinseanlegg med infiltrasjonsanlegg. I hht kommunens føresegner om utslipp frå private utslipsanlegg er dette ikkje tillete, det som er aktuelt er biodo og infiltrasjonsanlegg for gråvatn. Rådmannens framlegg til vedtak: I medhald av pbl 19 2 blir det gitt dispensasjon frå plankravet i kommunedelplan Rauland for å dele frå to hyttetomter frå 138/1 slik det er søkt om 15.10.18, på vilkår av at frådeling, byggesøknad, bygg og andre tiltak blir i tråd med søknaden m/vedlegg. Rådmannen, 03.12.18 Jan Myrekrok, rådmann /s/ Handsaming i Plan- og miljøutvalet 12.12.2018: Plan- og miljøutvalet fann samrøystes Liv Sigrunn N. Midtun (Sp) gild i saka, jf. FVL 6, 2. ledd. Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. I medhald av pbl 19 2 blir det gitt dispensasjon frå plankravet i kommunedelplan Rauland for å dele frå to hyttetomter frå 138/1 slik det er søkt om 15.10.18, på vilkår av at frådeling, byggesøknad, bygg og andre tiltak blir i tråd med søknaden m/vedlegg.