VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Siv.ing. Svein Holmen - Arealplanlegging Boks 319 6101 Volda Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/639 8156/2007 L12 SVK/ AKE 24.10.2007 MELDING OM POLITISK VEDTAK - KLEPPEBERGET, YTRE ENGESET - REGULERINGSENDRING HANDSAMING ETTER OFFENTLEG ETTERSYN Vi melder med dette frå at Volda kommunestyre den 18.10.07, hadde føre ovannemnde som sak 112/07, der det vart gjort slikt vedtak: opparbeiding av vegen. Kommunen føreset då at kostnaden med opparbeiding av Sakutgreiinga med vedlegg følgjer vedlagt. Ettersom dette er eit enkeltvedtak som kan klagast på i høve forvaltningslova, legg vi ved skjema med meir opplysningar om klagefrist m.m. Volda kommune, servicekontoret Anne-Karin Egseth sekretær Kopi til: Per Heltne Postadresse: postmottak@volda.kommune.no www.volda.kommune.no Stormyra 2 Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6100 Volda 70058882 70058701 939 760 946 3991.07.81727
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar : Per Heltne Arkivsak nr.: 2007/639 Arkivkode: L12 Utvalsaksnr Utval Møtedato 79/07 Det faste planutvalet 24.09.2007 112/07 Kommunestyret 18.10.2007 KLEPPEBERGET, YTRE ENGESET - REGULERINGSENDRING HANDSAMING ETTER OFFENTLEG ETTERSYN Administrasjonen si nye tilråding: opparbeiding av vegen. Kommunen føreset då at kostnaden med opparbeiding av Handsaming: Endra tilråding og saksutgreiing vart utdelt på møtet. Røysting: Administrasjonen si tilråding fekk 6 røyster og vart vedteken. 2 røysta mot. Tilråding frå Det faste planutvalet - 24.09.2007 til kommunestyret: Vår ref.: 2007/639 Side 2 av 7
opparbeiding av vegen. Kommunen føreset då at kostnaden med opparbeiding av Handsaming: Røysting: Tilrådinga frå det faste planutvalet vart vedteken med 25 røyster. 1 røysta mot. Vedtak i Kommunestyret - 18.10.2007 opparbeiding av vegen. Kommunen føreset då at kostnaden med opparbeiding av Vedleggsliste: Framlegg til reguleringsplan for Kleppeberget 28.02.07 Kunngjering av off. ettersyn Merknader etter off. ettersyn: Møre og Romsdal Fylke, brev motteke 14.08.2007 Malvin Fremmerlid, brev motteke 14.08.2007 Stephen J. Walton, brev motteke 28.08.2007 Reguleringsplan datert 17.09.07 Saksopplysningar: Administrasjonen si tilråding i saka utsendt den 18.09.07 har vore sendt over til Walton til orientering. Etter innspel frå han og ny synfaring på tomta har administrasjonen funne grunn til endra tilråding og omformulering av nokre setningar/avsnitt i sak 79/07... Eg rår såleis til at plan vert fremja med sikte på eigengodkjenning, der vegbreidda vert redusert til 6m reguleringsbreidde for å redusere inngrepa i friområdet mest mogeleg. Det utvida vegområdet langs grensa mot gnr. 18 bnr. 50 skal så langt praktisk mogeleg i høve til vegopparbeiding og drift av vegen tene også som vegetasjonsbelte, der ein søkjer å ta vare på ein del av den eksisterande vegetasjon. Eg viser til tidlegare handsaming av denne saka i kommunestyret den 26.06.2007 i sak 75/07, og vedtak i det faste planutval om utlegging av plan till offentleg ettersyn i sak 67/07 den 29.06.07, der det heiter: DFP viser til vedtak i K-sak 75/07 og gjer vedtak om at framlegg til plan Kleppeberget datert 10. feb. 2007, justert 28. feb. 2007, blir lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i PBL 27-1 nr. 2. Vår ref.: 2007/639 Side 3 av 7
I kommunestyresak 75/07 der det vart gjort fylgjande vedtak: Kommunestyret finn at dei aktuelle tomtene bør sikrast betre tidsmessig tilkomst. Kommunestyret ber planutvalet fremje saka, og legge planframlegget ut til offentleg ettersyn. I samsvar med vedtaket har planframlegget vore lagt ut til offentleg ettersyn. Etter krav frå Stephen J, Walton er det gitt utvida merknadsfrist heilt fram til utgangen av august. Difor har saka ikkje vore klar for handsaming før no. Administrasjonen har i høyringsperioden også hatt samtalar med ma. Stephen J. Walton om saka. Etter offentleg ettersyn ligg det føre tre (3) innspel. Dette gjeld: (merknadane ligg ved saka): Møre og Romsdal Fylke som gir melding om at dei ikkje har merknader til planframlegget. Malvin Fremmerlid, oppsittar i same tilkomstvegen, som i brev motteke 14.08.07 gjev støtte til planen, og viser til tidlegare reguleringar for området, og dei behov og ønskjer om betra tilkomst som eigarane her har hatt i lang tid. Stephen J. Walton, brev motteke 28.08.07: Eg viser at brevet ligg ved saka. Merknaden er i 7 pkt. Dei to første punkta finn eg ikkje grunn til å kommentere då synspunkta her er grundig gjennomgått i tidlegare fase av saka, og teke standpunkt til gjennom vedtak om fremjing av saka og vedtak om utlegging til off. ettersyn. Pkt. 3 gjeld omsyn til treveksten bak tomtegrensa, som vil verte røyrde ved eventuell utbygging, og som vil gje redusert skjerming av utearealet på tomta sett frå friområdet og frå Kleppeåsen. Foreslår at vegen vert flytt 4 m mot nord bort frå hans eigedomsgrense, og at det vert etablert ei buffersone med vegetasjon mellom vegen og hans bustadtomt. Pkt. 4 vert det foreslått å redusere vegbreidda på den planlagde tilkomstvegen. Det vert vidare spekulert rundt reguleringsmessige tilhøve og eventuell utbygging på eigedomen til klepp, som bakgrunn for slik vurdering av vegbreidda. I pkt. 5 er på ny spørsmål knytt til standarden på den gamle tilkomsten og korleis S.Walton meiner trafikkproblema her og i Gamlevegen kan løysast. Det vert gjort klart at han krev å få oppretthalde denne tilkomsten sjølv om ny veg skulle bli bygd nord for tomta. I pkt. 6 tek ein opp spørsmål om etablering av biloppstillingsplass på kommunal grunn, dersom vegen vert skuva 4 m. mot nord. Han skal ikkje nytte den nye vegen, berre ha den som reserveløysing. Peikar likevel på at eventuell tilknyting til vegen må vere i austre kant av tomta. I pkt 7 vert det understreka at ein er sterkt i mot dette vegprosjektet, då han prinsipielt ønskjer at ein skal ta vare på eksisterande naturmiljø. Han vil såleis heller ikkje verte pålagd kostnader knytt til forlenging av vegen. (men viser til at han er tent med å få etablert oppstillingsplass ved dagens vegende). Krev at det vert oppretthalde gangtilkomst frå eigedomen over vegen y til friområdet, slik ein også har det i dag. Kommentar: Eg har gått grundig inn i vurdering av dei moment som her er sett fram, men finn ikkje at det er framlegg som gir betre totalløysing for området enn det som no er lagt ut til offentleg ettersyn. Flytting av vegen med 4 m mot nord er fagleg ikkje tilrådeleg, sett i høve til det ønskje som alle har, og som har vore sterkt framheva i planvurderingane så langt, å gje ein enkel tilkomst og å gjere minst mogeleg inngrep i friområdet. Vår ref.: 2007/639 Side 4 av 7
Ved eit opplegg som skissert i merknaden, ser ein heil bort frå kva påverknad dette har for friområdet. Eg har også ved synfaring på tomta vurdert skjerminga som vegetasjonen i denne stripa mellom vegen og tomta vil ha, og finn verknaden sterkt overdimensjonert, særleg sett i høve til innsyn frå Kleppeåsen som det vert vist til. Ei flytting av vegen vil gje sterkt inngrep i heile friområdet og den vegetasjon som i dag er høgast og skjermar mest også i høve til dette. Det ein kan tilrå er ein mogeleg reduksjon i vegbreidda med for å kunne redusere inngrepet i friområdet. Avstand til nabogrense burde eigentleg vere som for eigedomane lenger aust (Fremmerlid/Hoggen/Engeset Barnehage), der det er 1.5 m frå eigedomsgrense/gjerde til asfaltkant. Ei normal reguleringsbreidd for å sikre snøopplag. Det må også sikrast slik avstand langs vegen si nordside, men eg finn å kunne tilrå at ein på denne strekninga går ned til 1 m gjerdeavstand her. Etter nytt initiativ frå Walton, og der han har peika på ein del vegetasjon som kanskje kan takast vare på i denne del av regulert vegområde, har vi vurdert dette på nytt og kome til at ein kan tilrå denne sona auka til 2m. Total regulert vegbreidd vert då 6 m (2.0 +3.0 +1.0). Vi vel framleis å nytte reguleringsformålet Felles privat veg, då det vert lagt til rette for at begge desse eigedomane kan nytte den, om eigar finn dette tenleg. Det er ikkje aktuelt å nekte bruk av eksisterande veg. I kva grad ein brukar av felles veg skal vere med på å dekkje kostnader med opparbeiding og vedlikehald av slik veg, må løysast gjennom avtalar. Slike avtalar med naudsynt kostnadsfordeling, må i så fall vere på plass før opparbeiding vert sett i gang. Det er i dag ikkje høve til å krevje refusjon for slike kostnader for eksisterande bebygd eigedom. Kommunen vil for sin del ta opp dette spørsmålet i samband med sak om avståing av grunn til vegen. Kommunen vil ikkje selje grunnen, men gje løyve til etablering av veg på kommunal grunn i samsvar med godkjent plan. Eg viser elles til at Klepp i prosessen har gjort det klart at han i så fall tek alle kostnader med opparbeidinga av vegen. Når det gjeld spekulasjonar knytt til utbygging på bnr. 49, finn eg ikkje grunn til å kommentere dette nærare. Her er gjeldande planføresetnader fylgt opp også i nytt planframlegg, med omsyn til bruksformål og utnyttingsgrad. Når det gjeld bruk av /kryssing av vegen mot friområdet finn eg vanskeleg for å tru at dette skulle vere noko problem. Her er også i dag lett tilkomst til friområdet like aust for tomta, og denne vil verte oppretthalden også etter eventuell utbygging. Eg finn elles grunn til å vise til føresetnader i reguleringsføresegnene om korleis avslutning mot friområdet skal gjennomførast. Avslutningsvis vil eg vise til den omfattande prosess som saka har hatt. Saka har vore realitets-handsama i Det faste planutvalet tre gonger, og alternative løysingar har vore vurdert. DFP og kommunestyret har også i samband med handsaminga gjennomført synfaring i området. Bakgrunn for saka er at eigedomane gnr. 18 bnr 49 og 18/50, har ein bratt og svært dårleg (og til dels trafikkfarleg) tilkomst frå Gamlevegen. Det har over lang tid vore arbeidd med sikte på få til betra tilkomst for den eine av eigedomane (18/49), seinast ved utarbeiding av reguleringsplan for Omsorgssenteret i 2000. (Regplan Barstadmarka eigengodkjent 22.02.2001.) Vår ref.: 2007/639 Side 5 av 7
Huseigar bad då også om at planlagt felles privat veg vart ført heilt fram til denne tomta. Dette vart då avvist då ein registrerte sterk motstand mot dette frå tilgrensande nabo(18/50 Walton), og ein ikkje ønskte at denne krangelen gjennom klage skulle skape vanskar for framdrifta i plan/utbygging av omsorgssenteret. Eigar av 18/49 gav seg då til tåls med det. Ei eldre dame budde i bygget og behovet for biltilkomst til eige bruk var ikkje så presserande. Eg viser såleis også til innspel i merknad frå Malvin Fremmerlid som peikar nettopp på desse tilhøva. Etter vurdering av ulike alternativ er det frå søkjar og frå kommuneadministrasjonen konkludert med at lenging av dagens tilkomstveg sør for Omsorgssenteret heilt fram til tomta er det beste, ut frå trafikktryggleiksomsyn, med omsyn til inngrep i friområde, og i høve til konsekvensar for naboar/nabointeresser. Eg finn grunn til å nemne at tilkomst etter planframlegget ikkje vil gi fysisk inngrep i andre eigedomar i det heile. I DFP-sak 032/07 er det gitt følgjande konklusjon: - tilkomst frå aust, ved lenging av eksisterande veg er den beste trafikkmessige løysing og den løysing som har minst negative konsekvensar for friområdet og naboeigedomar. Tiltaket gir eit mindre inngrep i avsett friområde, og kan nok og i mindre grad sjåast som ulempe for naboeigedomen, men eg finn at nytten av tilkomst for eigedomane klårt overstig dei ulemper som tiltaket inneber for bruk av friområde og omsyn til ulemper for nabo. I saka er det og allereie her gitt føringar vedkomande eventuelle kostnader knytt til opparbeiding av felles veg: Alt ligg naturleg til rett for at også eigedomen 18/199 vil kunne etablere tilkomst her, med mogeleg garasje/biloppstellingsplass i austre kant av tomta. Om dette ikkje er aktuelt no, så kan det vere ei mulegheit som bør vere der i framtida. Eg kan ikkje sjå at dette, utan etter særskild avtale med aktuell tomteeigar, kan medføre økonomiske konsekvensar for han når det gjeld kostnader knytt til opparbeiding av tilkomsten, så lenge eigedomen ikkje har direkte nytte av vegen og eksisterande veg er oppretthalden. Ut frå trafikktryggleiksomsyn ville nok det beste vore at køyretilkomsten også til denne tomta vart snudd bort frå Gamlevegen. Eg finn elles grunn til å minne om den endring som vart lagt inn i reguleringsføresegnene i sak 032/07, for å redusere inngrepet i friområdet.jf nytt pkt 5c som har slik ordlyd: Vegskjering mot friområde skal gjevast tiltalande utforming, med bruk av natursteinmur som gir redusert inngrep i friområde. Det bør etablerast trappetilkomst til friområde som del av denne løysinga. Det skal settast opp gjerde langs murtoppen som ivaretek sikkerheita for brukarane av friområdet. Utforming av desse tiltaka skal inngå som del av byggeplan for vegen og skal godkjennast av kommunen før anleggsstart, og skal vere fullført før vegen vert teken i bruk. Merknaden no gjev slik administrasjonen vurderer det ikkje grunn til endra haldning til saka ut over det som framgår ovanfor om reduksjon i vegbreidde og vilkår knytt til kostnader med opparbeiding av veg. Eg rår såleis til at plan vert fremja med sikte på eigengodkjenning, der vegbreidda vert redusert til 6m reguleringsbreidde for å redusere inngrepa i friområdet mest mogeleg. Det utvida vegområdet langs grensa mot gnr. 18 bnr. 50 skal så langt praktisk mogeleg, i høve til vegopparbeiding og drift av vegen, tene også som vegetasjonsbelte, der ein søkjer å ta vare på ein del av den eksisterande vegetasjon. Vår ref.: 2007/639 Side 6 av 7
----------------------------- Jarle B. Krumsvik Adm.sjef Utskrift til: Utskrift av saka går som melding til planseksjonen for kunngjering av vedtak i samsvar med pbl 27-2, nr 3., ved, med det ein viser til vedtaket ovanfor. Vedlagt følger melding i forvaltningssak. Kopi med melding i forvaltningssak til: Arealplanlegging Svein Holmen Vår ref.: 2007/639 Side 7 av 7