ØRSTA KOMMUNE Tekniske tenester Anita Aksnes og Jon Skare Åmdal 6150 ØRSTA Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2012/1029 3177/2013 WANGEN 34/5 13.03.2013 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET 12.03.13 SAK 20/13: GNR/BNR 34/5, ÅMDAL - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN FOR BYGGING AV NYTT BUSTADHUS Saksprotokoll tilråding / vedtak i samfunnsutvalet - 12.03.2013 Samfunnsutvalet syner til søknaden om å rive eksisterande hus og bud på gnr/bnr 34/5 og søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for bygging av nytt hus på same tomt. SFU syner til sine tidlegare vedtak i samband med sak PS50/10 og ser at søknaden no ikkje lenger medfører tapa av dyrka jord eller beite. Konflikten med landbruksinteressene må såleis oppfattast å vere mindre enn i tidlegare sak. Samfunnsutvalet finn såleis framleis etter ei samla vurdering at søknaden ikkje set plangrunnlaget vesentleg til side, og at det er større fordelar enn ulemper med å gje dispensasjon. Nytt hus må tilknytast offentleg kloakk- og vassleidningsanlegg. Handsaminga ( 9 røysteføre) Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Rett utskrift av møteprotokollen 13.03.13 Toril Langlo konsulent Kopi til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Statens vegvesen Region midt Fylkeshuset 6404 Molde Landbrukskontoret Dalevegen 6 6153 ØRSTA Postadresse: Dalevegen 6 postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6153 ØRSTA 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2012/1029 Løpenr.: 394/2013 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 20/13 Samfunnsutvalet 12.03.2013 GNR/BNR 34/5, ÅMDAL - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN FOR BYGGING AV NYTT BUSTADHUS TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet syner til søknaden om å rive eksisterande hus og bud på gnr/bnr 34/5 og søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for bygging av nytt hus på same tomt. SFU syner til sine tidlegare vedtak i samband med sak PS50/10 og ser at søknaden no ikkje lenger medfører tapa av dyrka jord eller beite. Konflikten med landbruksinteressene må såleis oppfattast å vere mindre enn i tidlegare sak. Samfunnsutvalet finn såleis framleis etter ei samla vurdering at søknaden ikkje set plangrunnlaget vesentleg til side, og at det er større fordelar enn ulemper med å gje dispensasjon. Nytt hus må tilknytast offentleg kloakk- og vassleidningsanlegg. Utskrift til: Jon Skare og Anita Aksnes, Åmdal, 6156 Ørsta Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde Statens vegvesen Region midt, Fylkeshuset, 6404 Molde Landbrukskontoret, her
Saksvedlegg: Utdrag av søknad om dispensasjon, datert 05.09.2012 m.m. Tidlegare sakshandsaming, sak 50/10 Uprenta saksvedlegg: Ekstra dokumentasjon for fråsegn knytt til nyare tids kulturminne Innkomne merknader Diverse saksdokument Saksopplysningar: Det ligg føre søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for bygging av bustad på Åmdal. Området ligg i kommuneplanen sitt LNF-område sone C, der det er fastsett følgjande føresegn: Innanfor desse områda kan det berre gjevast løyve til bygging og frådeling i samband med tradisjonell stadbunden næring som har direkte tilknytning til landbruket. Oppføring av fritidshus kan tillatast, men berre på svært strenge vilkår og dersom sektormynde ikkje har merknader. Nokre av dei registrerte viltområda i høve Viltregisteret til Fylkesmannen ligg i denne sona. Det vert synt til temakart nr. 8. I tidlegare søknad den 11.12.2009 vart det søkt om riveløyve for "gamlehuset" og buda på gnr 34 bnr 5, og om dispensasjon frå kommuneplanen for bygging av nytt bustadhus på eit areal like aust for tunet. Samfunnsutvalet fann i møte 30.06.2010 å gje dispensasjon. I brev dagsett 20.8.2010 påklaga Fylkesmannen i Møre og Romsdal kommunen sitt vedtak ut frå landbruksmessige omsyn. Settefylkesmannen i Trøndelag gav Fylkesmannen medhald i saka. Det er no søkt om riveløyve og dispensasjon for bygging av ny bustad på same tufta som gamlehuset står i dag. Det ligg ikkje føre merknader ved nabovarslinga. Det er ikkje registreringar i nokon relevante databasar i høve søknaden. Saka er sendt på høyring og det ligg føre følgjande fråsegner: Møre og Romsdal fylkeskommune, 21.11.12 Kulturminne frå nyare tid Huset som no står på tomta og er tenkt rive er registrert i kulturminneregisteret SEFRAK. Huset ser ut til å vere ei sunnmørsstove av relativt ny dato som på bilder utvendig ikkje ser ut til å vere unik. Fylkeskonservatoren hadde helst sett at huset vart bevart og sett i stand, men ut frå at det enno er bevart mange stover av liknande type er det lite truleg at vi vil sette oss i mot riving. Før vi kan godta at kommunen gjev løyve til riving har vi desse råd om informasjon som må følgje rivingssøknad: 1. Kart av tunet med avmerka funksjonar på husa rundt (også om dei ikkje utgjer eitt bruk). 2. Bileter som syner huset frå alle sider utvendig. 3. Bileter frå synlege gamle delar innvendig: tømmerveggar, dører og listverk, gamle vindaugsdetaljer, takkonstruksjon innvendig, gamle omnar og anna frå kjellar, hovudetasje og loft. 4. Hovudmål på huset: lengde bredde, gesims- og mønehøgde, etasjehøgder og skisse av romløysing. 5. Historikk, tidfesting on det er kjent, har det skjedd ting eller budd folk av særleg verdi i huset. 6. Er det tankar om gjenbruk av delar: skifertak? Målet med dette materialet er for oss å ha dokumentasjon om hus- og tuntype for framtida like mykje som å enklare ta stilling til riving utan synfaring av huset.
Kommentar: På bakgrunn av fråsegna, bad kommunen søkjar om å oversende den etterspurde dokumentasjonen. På dette grunnlag har fylkeskommunen i brev av 19.02.2013 kome med følgjande fråsegn: Kulturminne frå nyare tid Tilsendt dokumentasjon om huset, historisk bilde, tilstand, samenheng mm gir oss eit godt grunnlag for vurdering av saka: Huset er relativt sterkt ombygd, eit ganske typisk hus for området, men ikkje unikt. Huset er eit typisk bustadhus i tradisjonell landbruksknytt kulturlandskap, men ikkje eit kulturlandskap som er utvalt til vern av tradisjonelt kulturlandskap. Vi ser difor ikkje at huset har verneverdi knytt til historiske hendingar eller personar. Det er likevel positivt at skifer og bygningsdelar vert plukka ned for mogleg gjenbruk. Fylkeskonservatoren har etter vurdering av dokumentasjon ikkje innvendingar mot at huset vert rive. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 15.11.12 Landbruksinteresser Gnr34 bnr5 består av totalt 436 daa, derav 171 daa dyrka mark, 149 daa skog og resten fastmark og myr. Dyrkamarka er leigd bort til anna gardsbruk i drift. Det er tre bustader i tunet i dag, og no er det ønskje om å rive den eldste bustaden, for deretter å byggje nytt på same staden. For å kunne gi dispensasjon frå LNF-føremålet vert det i plan- og bygningslova 19-2 mellom anna kravd at omsyna bak den føresegna det vert dispensert frå, ikkje blir vesentleg sett til side. Det må også vere ei klår overvekt av omsyn som talar for dispensasjon. Det nye bustadhuset skal etablerast på ein landbrukseigedom som ligg i eit større samanhengande jordbruksområde, der det i føresegnene til kommuneplana står at det berre kan gjevast løyve til bygging og frådeling i samband med tradisjonell stadbunden næring som har direkte knyting til landbruket. Ut frå opplysningane som er gitt i søknaden er drifta på landbrukseigedomen slik at det ikkje er naudsynt med tre bustadhus. Det er svært sjeldan at den tredje bustaden er naudsynt av omsyn til drifta, sjølv når det er aktiv drift på garden. Det vil vere uheldig å plassere eit nytt tredje bustadhuset i tunet på garden, fordi det kan føre med seg ulemper for ei framtidig sjølvstendig drift. Vi kan heller ikkje sjå bort frå eit framtidig ønskje om frådeling, og da kan drifta på garden og plasseringa i tunet bli avgjerande for utfallet i saka. At det nye huset skal byggjast der gamalhuset står er ikkje eit vesentleg moment i saka. Avgjera i denne saka kan gje føringar for framtidige liknande saker. Konklusjon Å plassere det tredje bustadhuset i tunet på garden er ikkje ei god løysing for landbruksinteressene. Vi vil difor vurdere å klage på eit positivt vedtak i saka, og vi ber om å bli kjent med jordlovsvedtaket når det ligg føre. Statens vegvesen, 26.10.12 Ut i frå vegfagleg vurdering har statens vegvesen ingen merknader til sjølve dispensasjonen, men det må søkjast om utvida bruk av avkjørsle til fylkesvegen. Landbruksnemnda, 06.12.12 Landbruksnemnda viser til søknad datert 05.09.12, frå Enerbygg Bolig AS på vegner av eigar av gnr 34 bnr 5, Jon Skare og Anita Aksnes, om bygging av nytt bustadhus på tomta til gamlehuset i tunet. Landbruksnemnda kan tilrå at det vert gjeve dispensasjon frå kommuneplanen for bygging av nytt bustadhus på denne tomta utifrå denne grunngjevinga:
Nytt bustadhus vert plassert på tomta til eksisterande hus, og talet på bustadhus i tunet vert uendra. Plasseringa vil ikkje medføre omdisponering av jordbruksareal, og det er ikkje søkt om frådeling av tomta. Det vert gjort merksam på at søkjarane ikkje kan rekne med at det vil verte gitt løyve til frådeling av nokon av bustadhusa etter jordlova, sidan desse ligg svært tett i tunområdet. Vurdering og konklusjon: Denne saka er relativt lik tidlegare sak PS50/10 handsama av SFU den 30.06.2010. Skilnaden er at i tidlegare sak var nytt hus omsøkt plassert like i nærleiken av dei eksisterande husa i tunet, på eit 1,4 daa stort bratt areal registrert som dyrka, mest å rekne som beiteareal. I den nye søknaden er nytt hus føresett å plassere på tomta til det eksisterande huset som er søkt om å rive. Det vert såleis ikkje tap av areal. Det prinsipielle knytt til tre hus på garden er det same. Det førre vedtaket vart påklaga av Fylkesmannen si landbruksavdeling, og klagen vart teken til følgje ved klagehandsaminga. SFU gjennomførte synfaring i samband med tidlegare sakshandsaming. Protokollen ved SFU sitt opphavlege vedtak, Fylkesmannen si klage, SFU si klagehandsaming og Fylkesmannen si endelege klagehandsaming er vedlagt denne saka, og utgjer eit grundig utgreiing av momenta i saka. Endringa er som nemnt ovanfor at nytt hus no er omsøkt å plassere på tomta til det gamle huset som er omsøkt rive. Dette medfører at det ikkje lenger er tap av dyrka jord eller beiteareal som følgje av søknaden. Fylkeskommunen si kulturavdeling har etter å ha fått supplerande opplysningar om huset, ikkje merknader til at det vert rive. I samband med høyringa har Fylkesmannen på grunnlag av prinsippet om at det ikkje er behov for tre hus på garden og faren for framtidige ulemper knytt til dette varsla at det vil bli vurdert å klage på eit ev. positivt vedtak. Statens vegvesen har ikkje merknader, det har heller ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune. Landbrukssjefen har tilrådd å gje dispensasjon, og landbruksnemnda har følgt opp tilrådinga i si handsaming. Landbrukssjefen har peika på den prinsipielle problemstillinga knytt til å gje løyve til eit tredje hus, som det fagleg sett ikkje er behov for. Opp mot dette kan det seiast at det er lagt vekt på omsynet til å kunne legge til rette for at ein ny generasjon skal kunne busetje seg på gardsbruket no. Ein kan anta at dette vil kunne ha positiv innverknad på framtidig utvikling på bruket. Det er gitt ei klar føring i vedtaket frå landbruksnemnda om at det ikkje kan påreknast å kunne få løyve til å frådele huset i framtida, på grunn av den tette plasseringa inne på tunet. Rådmannen finn, etter å ha vurdert saka på ny og dei nye momenta i søknaden, at søknaden inneber mindre ulemper for landbruksinteressene enn tidlegare søknad då nytt hus skal plasserast på tomta til det eldste huset i tunet, og ikkje på dyrka mark eller beite. Rådmannen finn elles å vise til tidlegare handsaming og SFU sin to vedtak i tidlegare sak, og tilrår å gje dispensasjon slik det er omsøkt. Etter ei samla vurdering kan det leggast til grunn at plangrunnlaget ikkje vert sett vesentleg til side, og at det vil vere større fordelar enn ulemper ved å gje dispensasjon. Ytterlegare grunngjeving og avveging er å finne i tidlegare saksutgreiingar. Ørsta, 04.03.2013 Eldar Øye Gunnar Wangen
leiar plan og utviklingsstaben avdelingsleiar plan og miljø