Kompetanse 2010 - høyringsuttale frå Møre og Romsdal fylke



Like dokumenter
HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Retten til spesialundervisning

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

NOKORT Nettverket av Opplæringskontor- og ringer i Troms 9386 Senjahopen. Høringsuttalelse Kompetanse 2010!

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Forskrift til opplæringslova Særskilte regler for fag- og svenneprøver

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ny strategiplan for Høgskulen

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Spørsmålsrunde

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

. Sak 10/2006 YON. Strategi for kvalitet i fag- og yrkesopplæringen. Bakgrunn for saken

1. Fagleg støtte. 2. Medverknad. 0.1 Eg jobbar til dagleg i eit opplæringskontor 0.2 Eg jobbar til dagleg i ei bedrift/verksemd med lærling

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Overgang og samarbeid grunnskule - vgo. Rådgivar Berit Brudeseth Rådgivar Trygve Brunvoll

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Arne Roar Lier Høgskolen i Akershus

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

TROMS FYLKESKOMMUNE Fagopplæringskontoret

Vegvisar til vilbli.no

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Strategi for kompetanseutvikling

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Til deg som bur i fosterheim år

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

RAPPORTERING FYLKESPLAN 2014 SATSINGSOMRÅDE KOMPETANSE

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Høring Kompetanse 2010, utkast til strategi for kvalitet i fag- og yrkesopplæringen

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Desemberkonferansen PPT, Åndalsnes Anita Steinbru Utdanningsavdelinga MR fylkeskommune

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørnar Dahle Nils Peter Hole. Leiar Nestleiar

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Høring - "Kompetanse 2010", utkast til strategi for kvalitet i fag- og yrkesopplæring

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Vidaregåande opplæring Ditt val!

YRKESOPPLÆRINGSNEMNDA I MØRE OG ROMSDAL. Årsoversikt 2011

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Transkript:

Utdanningsdirektoratet Postboks 2924, Tøien 0608 Oslo - Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: MR 4579/2006/ Anita Steinbru,71 25 86 95 08.03.2006 Kompetanse 2010 - høyringsuttale frå Møre og Romsdal fylke Innleiing generelle merknader Høyringsuttalen frå Møre og Romsdal bygger i hovudsak på sak Yn-05/06 som vart lagt fram for yrkesopplæringsnemnda i fylket 9.2.06. Her vedtok yrkesopplæringsnemnda å føye til i innleiinga Vi er samde i at ein strekar under kor viktig partssamarbeidet og samarbeid skole/arbeidsliv er for kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Bortsett frå dette tillegget er det berre språklege rettingar og nokre presiseringar, mellom anna av opplæringskontora si rolle, som er endra i høve til saka i yrkesopplæringsnemnda. Utdanningsdirektoratet har lagt fram eit høyringsutkast Kompetanse 2010 - Strategi for kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Strategien skal gi retning og rammer for arbeidet med fag- og yrkesopplæringa i landet, og vere ein hjelp til systematisk og kontinuerleg arbeid med kvalitet. Her har utdanningsdirektoratet formulert viktige utfordringar for fag- og yrkesopplæringa framover som ein del av grunnopplæringsreforma. Det er positivt at ein så tydeleg poengterer samanhengen mellom yrkesopplæring i skole og bedrift, og generelt ser vi på utkastet som eit godt utgangspunkt for å utvikle metodar og verktøy i det lokale vurderingsarbeidet. Vi ser at ein presiserer omgrepet tilsyn og vil bruke det i høve til det statlege tilsynet, medan ein for det fylkeskommunale ansvaret vil nytte omgrepa vurdering og resultatoppfølging av eiga verksemd. Dette kan og sjåast på som ei presisering av det fylkeskommunale ansvaret for opplæringa både i skole og bedrift. Bruken av omgrepa bør truleg og innarbeidast i opplæringslova 4.3, 4.7. og 12.4. Fokusområda Strategien er delt inn i ti fokusområde, og vi knytter nokre kommentarar til dei under. 1. Hovudmodellen for fag- og yrkesopplæringa Manglande gjennomføring er eit stort problem for yrkesfaga. Altfor mange har problem med å skaffe seg læreplass, og allmennfagleg påbygging er ikkje eit godt alternativ for alle. Betre samarbeid mellom fagkonsulentar på fylkesnivå, skolane, opplæringskontora og lærebedriftene frå 9.-10.trinn med programfag til val og gjennom heile vidaregåande opplæring er ein Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon: 71 25 87 80 Telefaks: 71 25 87 99 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no

føresetnad for å betre gjennomføringa slik at fleire når yrkeskompetanse. Eit betre samarbeid lokalt mellom skole og arbeidsliv er ein føresetnad i denne strategien. Side 2

Side 3 2. Unntak frå hovudmodellen med heile opplæringa i skole Vi er spesielt opptekne av utfordringane knytt til vg3 som alternativ til læreplass. Å sikre relevans og kvalitet i desse tilboda er svært viktig. Det er viktig at søkarar som får tilbod om vg3 i skole får eit tilbod etter læreplan i bedrift med stor grad av praksisopplæring, og tilhøve så nær arbeidslivet som mogeleg. Dette krev god planlegging ved skolen, noko som gjer at dei må få vite om tilbodet så tidleg som mogeleg. Det er og en fordel for elevane å få starte tidleg på hausten og får brukt heile skoleåret med minst mogeleg lediggang. Avgjerd om oppstart av alternativ vg3 i skole må likevel ikkje hindre formidlingsarbeidet for den einskilde søkjaren. Spørsmålet om avviksfag og kryssløp treng avklaring i den nye reforma raskt etterkvart som læreplanane tek form. 3.Yrkeskompetanse utan fag-sveinebrev eller vitnemål Fylkesutdanningsdirektøren i Møre og Romsdal er samd i at arbeidet for å auke andelen elevar som oppnår dokumentert og relevant kompetanse må styrkast og at dette krev eit forpliktande samarbeid mellom fleire aktørar: fylkeskommune, lærebedrifter, opplæringskontor, OT, PPT og partane i arbeidslivet. Vi har og erfaring frå at det er positivt å kople inn Aetat i mange høve, både i planfasen og som oppfølging etter opplæringstida. Den nye NAV-organisasjonen vil vere ein svært aktuell samarbeidspart framover i dette arbeidet. Lærekandidatordninga er eit godt alternativ for søkjarar som skal ha opplæring med sikte på kompetanse i delar av læreplanen. Vår erfaring er at lærekandidatar ofte har eit stort behov for oppfølging og at lærebedrifter difor ofte treng både fagleg støtte frå våre fagkonsulentar og eit ekstra lønetilskott for å kunne frigjere ressursar til fagleg oppfølging av lærekandidaten. Både fagkonsulentar på fylkesplan, faglege leiarar i lærebedrifta og opplæringskontor må ha kunnskap om ulike lærevanskar og metodar for tilrettelegging for læring. Det same gjeld om ein finn løysingar med alternativ vk2 i skole. Det er behov for kunnskap om korleis ein løyser dette i ulike fag/bransjar og i ulike delar av landet for å finne fram til ein god praksis eller nokre felles normer i dette arbeidet. Det er eit stort behov for informasjon om lærekandidatordninga både hos opplæringskontor, lærebedrifter, arbeidsmarknadsmyndigheiter og arbeidslivet generelt med tanke på vidare sysselsetting etter læretida. Vi har truleg eit potensiale i høve til å involvere opplæringskontora i større grad i dette arbeidet. 4. Fleksibel fag- og yrkesopplæring for vaksne Her har vi ein jobb å gjere med å nå vaksne med høg terskel til vidaregåande opplæring. Informasjon om retten til realkompetansevurdering og tilrettelegging for ulike vegar til opplæringsmålet er stadig like viktig. Den nye NAV-etaten vil vere ein kanal for informasjonsog motivasjonsarbeidet i denne strategien, i tillegg til nettverket mot arbeidslivet. 5. Karriereveiledning Vi sluttar oss til at ein i strategiframlegget legg stor vekt på yrkes- og utdanningsrettleiing for å lette overgangar i opplæringsløpet fra gs til vgs til læreplass. Betre kvalitet og samspill mellom alle instansar som har eit ansvar og interesse i dette arbeidet er heilt naudsynt. Viktige aktørar er kontaktlærarar, rådgjevarar, OT, PPT, opplæringskontor/lærebedrifter, kommunar, NAVorganisasjonen, Aetat og arbeids- og næringsliv ellers. Innføring av programfag til val og prosjekt til fordjuping krev betring av denne tenesta på alle nivå. Hjelp til avklaring av eigne interesser og føresetnader og kunnskap om yrke- og utdanning er avgjerande for rett val av utdanningsprogram og prosjekt til fordjuping. I Møre og Romsdal sett vi no i gang eit toårig

Side 4 prosjekt for å utvikle eit heilskapleg system for karriererettleiing i eit livslangt perspektiv. Ei styrking av tenesta er viktig for gjennomføring av grunnopplæringsreforma. Hjelp til rett val for den einskilde kan bidra til å redusere feilval, bortval og fråfall. 6.Lærar- og instruktørkompetanse Instruktørar i mindre og mellomstore lærebedrifter kan ofte føle seg aleine om eit stort oppfølgingsansvar. Opplæring som sikrar grunnleggjande oppfølgingskompetanse i høve til gjeldande læreplanar og jamleg rettleiingsfagleg oppdatering er difor viktig for å støtte dette arbeidet i lærebedriftene. Med nye målstyrte læreplanar blir det viktig å hjelpe instruktørane i konkretisering av læreplanar og i lokalt læreplanarbeid. Instruktørar og prøvenemnder er difor viktige målgrupper også for opplæring i høve til læreplanane på vg1 og vg2, for å sikre at lærara i skolen og ansvarlege for oppfølging av opplæring i bedrift begge får forståing for heilskapen i opplæringsløpet. Opplæringskontor og store lærebedrifter tek i vårt fylke direkte og indirekte, gjennom fagkonsulentane, del i kompetansehevinga som skjer i dei faglege nettverka som er oppretta for kvart utdanningsprogram. På denne måten ønskjer vi å kople lærebedrifter/opplæringskontor til læreplanarbeidet også på vg1 og vg2. Dette skal bidra til heilskap og samanheng i opplæringa. 7.Læremiddel Dette er ei utfordring når det gjeld små fag. 8.Innhald og struktur i opplæringa Her kjem dilemmaene inn i høve til mis-match mellom tilbod av læreplassar og søkjarønska mellom dei unge. På den eine sida har vi dimensjoneringsdebatten der regionalt utviklingsansvar krev at vi møter behova for kompetanse i lokalt og regionalt næringsliv. På den andre sida har vi søkjaranes ønske, og retten til å få innfridd eit av tre opplæringsønske. Slik vi ser det, vil det alltid vere ønska til søkjarane som må vere mest styrande for dimensjoneringa. Når det gjeld innhaldet i opplæringa vil arbeidet med lokale læreplanar vere svært viktig for kvalitetssikring av opplæring i bedrift. Vi treng ein viss grad av samordning og felles standardar når vi skal operasjonalisere dei overordna læringsmåla i dei nasjonale læreplanane i det lokale læreplanarbeidet. Her er forskrifta eit verkemedel. 9.Elev- og lærlingvurdering Vi har svært gode erfaringar med mappevurdering som formativ vurderingsform. I Møre og Romsdal har vi prøvd ut ein modell som fungerer godt som vurderingsmetode i utprøvingsbedriftene. Mykje tyder på at metoden lettar den avsluttande vurderinga. Det er positivt at prøvenemndene med sin kompetanse kjem inn i vurderinga tidlegare i opplæringa til støtte for den faglege leiaren. Mappevurdering gir lærebedrift og instruktør ein metode for betre oppfølging av opplæringa etter læreplanen. 10. Kommunikasjon og kunnskapsforvaltning. For å seie noko om stoda og vegen vidare i fag- og yrkesopplæringa, må ein ha kunnskap om faktiske tilhøve når det gjeld opplæring i bedrift. Statistikk-kvalitet er viktig for å gje godt grunnlag for å ta avgjerder og prioritere i arbeidet vårt.

Side 5 Oppsummering Fylkesutdanningsdirektøren ser positivt på innhaldet i høyringsutkastet Kompetanse 2010, og er i hovudsak samd i val av fokusområde. Det er spesielt viktig å følgje opp gjennomstrøyming og læringsutbytte i opplæring i bedrift. Lærebedrifter og opplæringskontor er dei viktigaste samarbeidspartane våre for å høyne kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Spesielt vil vi streke under kva gode samarbeidsrelasjonar til opplæringskontora tyder i dette arbeidet. I mange opplæringskontor er det bygd opp god oppfølgingskompetanse, og dei spelar ei viktig rolle både i informasjons- og rekrutteringsarbeidet, i oppfølgingsarbeidet og i å skaffe fleire læreplassar. Deira rolle kunne ha fått ein større plass i strategidokumentet. Det blir i strategidokumentet peikt på ulike dilemma vi står overfor i vidaregåande opplæring. Det gjeld først og fremst spørsmålet om dimensjonering av opplæringstilbodet på vg1 og vg2, tilgang på læreplassar, kompetansebehov i arbeidslivet og ungdommens søkjarmønster. Arbeidet for å redusere mistilpassing mellom elevsøking og arbeidslivets behov må halde fram, og her er eit tett og godt samarbeid mellom skole og arbeidsliv og ein betre karriererettleiingsteneste avgjerande. Samstundes må vi halde på dei unge sin rett til å få innfridd eit av tre val ikkje må rokkast ved. Dette er avgjerande for motivasjonen og for å hindre bortval/fråfall. Vi prioriterer sterkt å innfri førstevalet. I FAFO-rapporten blir det reflektert over av tilgangen på læreplassar og kva alternative tilbod vi har når det er vanskeleg å skaffe læreplass, i eit lik rett til utdanning perspektiv. Vi har ei utfordring i å skaffe læreplassar i til dømes butikkfaget, medan vi ser at handelsnæringa treng kompetanse, og alt no har mange unge i arbeid. Kommunane bør og i større grad ta inn lærlingar i ulike fag, og her bør ein sjå om det finnes nasjonale strategiar for å oppnå dette. Spesielt ved innføring av nytt lærefag i helse- og sosialfag er dette ei utfordring. Fylkesutdanningsdirektøren ser fram til oppfølging frå direktoratet med omsyn til å utvikle ein felles modell (eit felles kvalitetshjul som kan nyttas på alle nivå) (s.17) og ser positivt på at ein vil ta initiativ til danning av nettverk for informasjon og kunnskapsforvaltning for fag- og yrkesopplæringa (s.31). Vi har og forventningar i høve til progresjonen i arbeidet med å utvikle felles indikatorar for å måle kvalitet. Som ein start på arbeidet med heilskapleg kvalitetsvurdering av fag- og yrkesopplæringa har ein med dette dokumentet tatt eit viktig steg framover. Med helsing Per Hoem fylkesutdanningsdirektør Anita Steinbru seksjonsleiar

Gjenpart: Yrkesopplæringsnemnda Utdanningsutvalet Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Opplæringskontora i Møre og Romsdal Side 6