Arbeidsmiljøutvalet REFERAT 02/2005 MØTE I ARBEIDSMILJØUTVALET TYSDAG 10. MAI 2005 Tid: Kl 14.00 15.15 Stad: Møterom 220, Berte Kanutte-huset Til stades frå arbeidsgjevarsida: Til stades frå arbeidstakarsida: Sverre Tverberg Gonnie Smit Løseth Gerd Sylvi Steinnes, Utdanningsforbundet Hovudverneombod Rune Mo Frå HMS-Consult Ørsta Volda A/S møtte: Bedriftssjukepleiar Odd-Jonny Telseth Forfall: Ikkje meldt forfall: Møteleiar: Referent: Jens Martin Welle, NTL. Varamedlem Rolf Liaskar, var innkalla, men hadde ikkje høve til å møte. Kari Hasle, Forskerforbundet, leiar. Varamedlem, Marie Nedregotten Sørbø, var innkalla, men kunne ikkje møte. Heidrun Torbjørnson, Parat Jon-Arild Kvamme Sollid Bjørn Krøvel Rune Mo Sissel Grete Wahlstrøm Innkalling Ordinær innkalling og saksdokument var sende ut i brev 4. mai 2005. Det var ingen merknader til innkallinga, som vart godkjend. Rune Mo melde desse sakene under YMSE: Vara for AMU-leiar Tenesteplan for HVO 2005, frå HMS-Consult Ørsta Volda AS Desse saksdokumenta vart lagde fram i møtet: HMS Tenesteplan for Høgskulen i Volda. Brev frå HMS-Consult Ørsta Volda AS 25. april 2005 Side 1 av 5
Denne saklista vart godkjent: AMU-S 07/2005 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 01/2005, 25. JANUAR 2005 AMU-S 08/2005 ÅRSKALENDER FOR HMS-ARBEIDET OG MØTEPLAN FOR AMU 2005 AMU-S 09/2005 TEMA OG DATO FOR HMS-DAGEN 2005 AMU-S 10/2005 AMU-S 11/2005 AMU-S 12/2005 OMSTILLINGSAVTALE FOR HØGSKULEN I VOLDA RAPPORT FRÅ VERNERUNDE VED BIBLIOTEKET, GJENNOMFØRT 24. JANUAR 2005 YMSE Saksbehandling: AMU-S 07/2005 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 01/2005, 25. JANUAR 2005 Referatet frå møte 01/2005, januar 2005, blir godkjend. AMU-S 08/2005 ÅRSKALENDER FOR HMS-ARBEIDET OG MØTEPLAN FOR AMU 2005 På bakgrunn av vedtak i førre AMU-møte, hadde arbeidsutvalet for AMU drøfta saka og kome fram til eit forslag til årskalender og møteplan for 2005. HMS-Consult sin representant rådde AMU til å ta inn i kalenderen at det bør vere møte mellom Statsbygg og Høgskulen i Volda om brannsikring og rømmingsplan. Fleire tok til orde for at rømmingsplanen må gjennomgåast på nytt. Kurs for etasjeansvarlege er blitt etterlyst fleire gonger. AMU ser spesielt vanskelege tilhøve dersom det skulle bli brann i det gamle Henrik Kaarstadhuset. Arbeidsmiljøutvalet vedtek årskalender for HMS-arbeidet og møteplan for AMU 2005, med dei merknadene som kom fram i møtet. Side 2 av 5
AMU-S 09/2005 TEMA OG DATO FOR HMS-DAGEN 2005 Arbeidsutvalet for AMU drøfta spørsmålet om tidsrom for HMS-dagen i samband med framlegget til årskalender, og kom fram til at første halvdel av oktober vil vere eit høveleg tidsrom. Rune Mo gjorde framlegg om at tema knytt til den pågåande omorganiseringsprosessen blir den raude tråden i HMS-dagen 2005. AMU-S 10/2005 OMSTILLINGSAVTALE FOR HØGSKULEN I VOLDA Dei tillitsvalde har etterlyst ein slik avtale dei siste åra. Det utkastet til omstillingsavtale som låg ved saka, er utarbeidd av personalsjefen. I arbeidet har han brukt malar utsende av Arbeids- og sosialdepartementet og andre høgskular sine omstillingsavtalar. Temaet har vore oppe i eit leiarmøte og i eit informasjonsmøte. Drøftingsmøtet om saka er tillyst til onsdag 11. mai. Tiltaka/realitetane i ein omstillingsfase er konkretisert i punkt 6. I avtaleutkastet blir det lagt opp til frivillig oppseiing; ei mjuk avvikling av arbeidsforholdet. Intensjonen er å ha ein omstillingsavtale ferdigforhandla i første halvdel av juni. AMU gjorde ikkje noko vedtak i saka. AMU-S 11/2005 RAPPORT FRÅ VERNERUNDE VED BIBLIOTEKET, GJENNOMFØRT 24. JANUAR 2005 Denne vernerunden skulle ifølgje bibliotekleiar ha vore gjennomført hausten 2004, men vart utsett. Etter det hovudverneombodet kjenner til, er dei manglane/feila som er påpeika i rapporten, utbetra av anten Statsbygg eller Driftskontoret. Arbeidsmiljøutvalet tek rapporten frå vernerunde ved biblioteket 24. januar 2005 til vitande. AMU-S 12/2005 YMSE Rune Mo melde desse sakene: Vara for AMU-leiar AMU har ikkje valt ein nestleiar, som kan vikariere for AMU-leiar ved sjukefråvær og anna fråvær. Side 3 av 5
Val av nestleiar i arbeidsmiljøutvalet blir sett på dagordenen til neste møte. Tenesteplan for HVO 2005, frå HMS-Consult Ørsta Volda AS HMS-Consult Ørsta Volda AS har i brev 25. april 2005 gjort greie for dei tenestene Høgskulen i Volda prioriterer frå bedriftshelsetenesta i 2005. Arbeidsmiljøkartlegging m/helsekontakter vil i år bli gjennomført ved Avdeling for humanistiske fag (vår/sommar 2005) Studieadministrasjonen (haust 2005) Vi viser til brevet for utfyllande informasjon. Problem med å få AMU-medlemmer til å delta i HMS-opplæring (gjeld i hovudsak fagtilsette) vart kommentert. Medlemmer i AMU tok til orde for å få slik opplæring inn på den enkelte fagtilsette sin arbeidsplan, evt. kan det setjast av frikjøpsmidlar til formålet. ORIENTERINGSSAKER 07/2005 Informasjon om den nye arbeidsmiljølova. Utskrift frå Arbeidsmiljøsenteret sine vevsider 08/2005 Referat fra kundemøte nr. 01/2005 Høgskulen i Volda. Brev frå Statsbygg 17. februar 2005 09/2005 Tilbakemelding etter helsekontakter for reinholderne 2005. Brev frå HMS-Consult Ørsta/Volda AS 25. februar 2005 10/2005 Kvartalsvis oversyn over sjukefråvær, 1. kvartal 2005 11/2005 Revisjonsgruppe og mandat for HMS-revisjon ved Høgskulen i Volda. Brev frå høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. 13. april 2005 Orienteringssakene vart ikkje gjennomgått spesielt, men Rune Mo kommenterte orienteringssak 11/2005. HMS-revisjonen ved Høgskulen i Volda vil pågå ut 2005. Arbeidsmiljøutvalet tok dei oppsette orienteringssakene og den munnlege orienteringa til vitande. Side 4 av 5
Høgskulen i Volda, 13. mai 2005 Sissel Grete Wahlstrøm referent Side 5 av 5