Til naboar, gjenbuarar, rettshavarar og offentleg mynde Dykkar ref. Vår ref.: P1493 Dato: 24.10.2018 Detaljplan Vigra næringspark nord varsel om oppstart av regulering og høyring av planprogram I medhald av plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om oppstart av privat detaljregulering for del av eigedomen gnr./bnr. 3/186, 190, 284 og 287 i Giske kommune. Cormoran AS er tiltakshavar og OSE er plankonsulent for planarbeidet. Lokalisering Planområdet ligg søraust for Ålesund lufthamn Vigra. Tilkomst til planområdet vil vere frå rv. 658. Planområdet Planområdet består av eigedomane gnr./bnr. 3/186, 190, 284og 287 og er på om lag 50 daa. Planområdet er næringsområde som er delvis bygd ut. Gjeldande arealplan I kommuneplanen sin arealdel for Giske kommune har planområdet kombinasjonsformål offentleg eller privat tenesteyting og næring, med retningsline om betalingsparkering for inntil 50 % av formålet BKBvi_3. Planområdet er regulert til service og industri. Det er mellombels dispensasjon for betalingsparkering innanfor planområdet. Mål med planarbeidet Føremålet med planarbeidet er fleirdelt. Dei viktigaste måla er: o Leggje til rette for framtidig næringsutbygging med tilhøyrande funksjonar/lagerhotell o Leggje til rette for privat tenesteyting, «kunderetta produksjon» o Utnytting i samsvar med samfunnsdelen og arealdelen inntil 80 % BYA o Leggje til rette for betalingsparkering i samsvar med framlegg til ny arealdel Side 1 av 4
o Ladestasjonar for el-bilar o Vidareføre for sal av volumvarer i samsvar med eksisterande reguleringsplan o Turisme/overnatting Oppstartsmøte med kommunen Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 16.04.2018, med følgjande hovudpunkt: Krav om planprogram og KU sidan det kan byggjast ut med meir enn 15 000 m 2 næringsareal Forprosjekt teknisk infrastruktur Planen skal stette krav til universell utforming Det må gjerast vurdering av konsekvensar ei utbygging vil få for: o Offentleg infrastruktur o Folkehelse o Klima og energi o Kollektivløysingar o Økonomiske konsekvensar for kommunen Konsekvensutgreiing Vurdering av planarbeidet etter KU-forskrifta: Etter 6b skal reguleringsplanar alltid KU-vurderast etter tiltak i vedlegg I. I vedlegg I, punkt 24, er det sett krav om KU dersom det blir lagt til rette bygningsmasse over 15 000 m² BRA. Punkt 30 blir tolka at det er nytt areal over 15 000 m² BRA som må konsekvensutgreiast, ikkje totalt areal. Planområdet er på omlag 50 daa, og det er ønskeleg med utnytting på inntil 80 % BYA. Dette gjer at det kan byggjast over 15 000 m 2 BRA innanfor planområdet, i tillegg vil det også vere mogleg å byggje over 15 000 m 2 utanfor planområdet. Tiltak etter vedlegg I, nr 24, vil slå inn for denne planen. Etter 8 skal planar KU-utgreiast dersom dei får vesentleg verknad for miljø og samfunn og tiltak i vedlegg II. Etter sjekk i naturbase er det ikkje registrert sårbare naturtypar, naturmiljø eller andre miljøomsyn i eller ved området. Etter sjekk i Gislink er det ikkje registrert konflikt med andre omsyn. Området er konsekvensutgreidd i nyleg vedteken arealplan for kommunen. Det vert vurdert at det ikkje er krav om KU etter 8 i KUforskrifta. Etter ei samla vurdering blir det vurdert at planarbeidet for Vigra næringspark nord utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram på grunn av at det blir lagt til rette for utbygging av næringsareal over 15 000 m 2. Informasjon og medverknad Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post bjarte@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje små negative ulemper for naboar. Det blir difor ikkje lagt opp til medverknadsmøte i Side 2 av 4
samband med oppstart av planarbeid. Det vil bli vurdert medverknadsmøte i samband med offentleg ettersyn. Meir informasjon Møtereferat frå oppstartsmøtet 16.04.2018, varslingsbrev og forskjellege kart blir lagt ut på Giske kommune sine heimesider under kunngjeringar og på OSE sine heimesider under kunngjeringar. Merknadar til oppstartsmeldinga Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast: OSE ingeniørkontor as på e-post firmapost@oseing.no eller OSE ingeniørkontor as Vikegata 19 A, 6150 Ørsta Frist for merknadar vert sett til 07.12.2018. Merk fråsegn med P1493. Alle mottekne dokument og merknadar blir sendt kommunen saman med planframlegget. Vidare sakshandsaming Etter at meldingsfrista er ute vil plandokumenta (detaljplanen) bli utarbeidd og sendt Giske kommune for sakshandsaming til offentleg ettersyn. Ved offentleg ettersyn vil det vere høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak. Med helsing Bjarte F Friisvold Arealplanleggar Mob 974 89 987 Oseing.no Side 3 av 4
Vedlegg: Detaljplan Vigra næringspark nord - framlegg plangrense_kart_06.07.2018 Detaljplan Vigra næringspark nord framlegg plangrense - ortofoto_06.07.2018 Detaljplan Vigra næringspark nord framlegg plangrense kommuneplan sin arealdel_06.07.2018 Detaljplan Vigra næringspark nord framlegg plangrense gjeldande reguleringsplan_06.07.2018 Dokument på heimeside: Detaljplan Vigra næringspark nord - framlegg til planprogam_06.07.2018 Planinitiativ Vedlegg også sendt elektronisk: Referat frå oppstartsmøte 16.04.2018 Oversiktskart Brev sendt elektronisk til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Møre og Romsdal fylkeskommune Statens vegvesen NVE ÅRIM Giske kommune Avinor Mørenett AS Brev: Jan Erik Røsvik Rørvikvegen 18 6040 Vigra Peder Lars Rørvik Rørvikvegen 29 6040 Vigra Atle Solholm Nørestranda 377 6040 Vigra Karoline B AS Flyplassvegen 22 6040 Vigra Sjur Per Roald Nørestranda 329 6040 Vigra Ingrid Laura Furmyr Postboks 5092 6021 Ålesund Sigbjørn Inge Furmyr Kristoffer Randers veg 15B 6007 Ålesund Side 4 av 4
GISKE KOMMUNE Arkiv: PlanId - 2018006, K2 - L12 JournalpostID: 18/11787 Sakshandsamar: Per Inge Aakvik Dato: 24.09.2018 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker 18.10.2018 060/18 Detaljregulering Vigra næringspark, gnr 3 bnr 19 - oppstart av planarbeid og høyring av planprogram Innstilling: I medhald av plan- og bygningslova 4-1, 12-8 og 12-9 vedtek komite for miljø og tekniske saker at det kan bli starta opp regulering av Vigra næringspark nord med framlegg til plangrense som synt på kart datert 06.07.2018., og at utkast til planprogram for reguleringsforslaget vert lagt ut på høyring. 18.10.2018 Komitè for miljø og tekniske saker Innstillinga vart samrøystes godkjend. Jan Ove Skodje vert oppnemnd som saksordførar. KMT- 060/18 Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova 4-1, 12-8 og 12-9 vedtek komite for miljø og tekniske saker at det kan bli starta opp regulering av Vigra næringspark nord med framlegg til plangrense som synt på kart datert 06.07.2018., og at utkast til planprogram for reguleringsforslaget vert lagt ut på høyring. Vedlegg: Detaljplan Vigra næringspark nord - politisk behandling
Detaljplan Vigra næringspark nord - framlegg plangrense - gjeldande regulering_2018.07.06 Detaljplan Vigra næringspark nord - framlegg plangrense - kart_2018.07.06 Detaljplan Vigra næringspark nord - framlegg plangrense - kommuneplanen sin arealdel_2018.07.06 Detaljplan Vigra næringspark nord - framlegg plangrense - ortofoto_2018.07.06 Detaljplan Vigra næringspark nord - oversiktskart Detaljplan Vigra næringspark nord - planprogram_2018.07.13 Detaljplan Vigra næringspark nord - varselsbrev oppstart_2018.07.13 Referat frå oppstartsmøte - Vigra næringspark nord Detaljregulering Vigra næringspark nord - referat frå oppstartsmøte Referat frå oppstartsmøte - Vigra næringspark nord Detaljplan Vigra næringspark nord - planinitiativ og digital plangrense Planinitativ detaljplan Vigra næring nord_2018.04.16 Saksutgreiing: Tiltakshavar av gnr 3 bnr 186, 190, 284 og 287 har fremma forslag om detaljregulering for privat regulering av eit eit vel 50 daa areal på Vigra ved flyplasskrysset. Her er det ønskje om å leggje til rette for: Framtidig næringsutbygging med tilhøyrande funksjonar/lagerhotell Privat tenesteyting «kunderetta produksjon» Utnytting i samsvar med samfunnsdelen og arealdelen inntil 80 % BYA Betalingsparkering i samsvar med framlegg til ny arealdel Vidareføring for sal av volumvarer i samsvar med eksisterande reguleringsplan Turisme /overnatting Det er halde oppstartsmøte med kommunen om planspørsmålet, sjå vedlagt møtereferat. Heimelsgrunnlaget Plan og bygningslova kap. 12 Reguleringsplan Økonomiske konsekvensar: Vil bli avklart i planprosessen Vurdering: Iflg. Forskrift om konsekvensutredninger kapittel 2, 6 b) jf. pkt. 24 i vedlegg 1, er det krav
om planprogram og konsekvensutgreiing då det med BYA på inntil 80% kan byggjast meir enn 15000 m2 næringsbygg innafor planområdet. Av referatet frå oppstartsmøtet går det fram at det er plankrav til at det i planomtalen må vurderast kva konsekvensar ei utbygging av planområdet vil medføre for : Offentleg infrastruktur Folkehelse Klima og energi Kollektivløysingar Økonomiske konsekvensar for kommunen
Detaljplan Vigra næringspark nord Plangrense kart 06.07.2018 Målestokk 1:2000 OSE
Detaljplan Vigra næringspark nord Plangrense gjeldande regulering 06.07.2018 Målestokk 1:2000 OSE
Detaljplan Vigra næringspark nord Plangrense kommuneplanen sin arealdel 06.07.2018 Målestokk 1:2000 OSE
Detaljplan Vigra næringspark nord Plangrense ortofoto 06.07.2018 Målestokk 1:2000 OSE