«MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/365-120 Ingunn Hellerdal ingunn.hellerdal@bykle.kommune.no 08.05.2018 Melding om vedtak Detaljregulering av Djupetjønn hyttegrend, planid 201702. Slutthandsaming Kommunestyret i Bykle fatta i møte 26.04.2018 følgjande vedtak: I medhald av plan- og bygningslova 12-12 vert detaljregulering av Djupetjønn hyttegrend, planid 201702, vedteken. Sjå saksframlegg. Meir informasjon ligg på kommunens heimesider, under menyen «kunngjeringer». Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen. Klaga skal vere underteikna, jf forvalningslova 32. Klaga skal sendast skriftleg til Bykle kommune. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på, gjerne med saksnummer, den eller dei endringar De ynskjer, og grunnen til at De meiner klaga må takast til fylgje. Med helsing Bykle kommune Ingunn Hellerdal rådgjevar areal og plan Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift. side 1 av 8
side 2 av 8
Saksmappe: 2017/365 Sakshandsamar: IHE Dato: 06.04.2018 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 21/18 Planutval 16.04.2018 29/18 Kommunestyre 26.04.2018 Detaljregulering av Djupetjønn hyttegrend, planid 201702. Slutthandsaming Saksprotokoll i Kommunestyre - 26.04.2018 Handsaming: Saka vart drøfta Bjørn Einar Andersen sa seg ugild i saka Jarle Sørensen møtte som varamann Kari Hovden Hoslemo sa seg ugild i saka Sondre Hoslemo møtte som varamann Hans Blattmann orienterte om grunnlaget for framlegget i planutvalet, og at han ville støtte rådmannnes tilråding. Rådmannens tilråding vart samrøystes vedteke Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova 12-12 vert detaljregulering av Djupetjønn hyttegrend, planid 201702, vedteken. Saksprotokoll i Planutval - 16.04.2018 Saka vart drøfta. Framlegg frå Hans Blattmann ta vekk tomt 141, 142, 143 frå planforslaget. Veg nr. SV 17 vert teke bort. Tomt 182 vert omarbeida slik at den ligg i tilknytting til eksisterande veg. Røysting: For rådmannens tilråding 3 røyster: Olav Skinnarland, Anne Karin B. Grimestad, Åsmund Hoslemo. For framlegg frå Hans Blattmann 3 røyster: Sondre Hoslemo, Bettina Schaanning og Hans Blattmann Med Hans Blattmann si dobbeltstemme vert vedtaket som følgande: I medhald av plan- og bygningslova 12-12 vert detaljregulering av Djupetjønn hyttegrend, planid 201702, vedteken med denne endringa. side 3 av 8
Ta vekk tomt 141, 142, 143 frå planforslaget. Veg nr SV 17 vert teke bort. Tomt 182 vert omarbeida slik at den ligg i tilknytting til eksisterande veg. Rådmannen si tilråding: I medhald av plan- og bygningslova 12-12 vert detaljregulering av Djupetjønn hyttegrend, planid 201702, vedteken. SAKSUTGREIING Samandrag/ konklusjon Rådmannen tilrår at detaljregulering av Djupetjønn hyttegrend vert vedteken. Planen inneber ei fortetting med 75 nye hytteeiningar, totalt tillate 230 i heile feltet. Det ligg ikkje føre motsegn frå offentlege myndigheiter, men mange private har kome med merknader. Planen har vore til høyring i juli/august 2017, og etter opprettingar av plandokumenta, vart dei sendt på ei avgrensa høyring til dei som vart direkte råka av endringane, samt offentlege myndigheiter. Rådmannen meiner at sjølv om fortettinga vil føre til at mindre grøne areal mellom hyttene vert bygde på, og det vert lagt til nye felt langs ein veg høgare oppe i lia mot Hovdenut, vil utbygginga føre til ein samla samfunnsgevinst. I dei faglege vurderingane er det lagt vekt på at omsynet til naturmangfald, kulturminne og viktige grøntdrag og turstiar ikkje vert skadelidande ved fortettinga. Det er behov for ei omfattande utbygging/dokumentasjon av teknisk infrastruktur før det kan gjevast løyve til nye tiltak. Dette er ivareteke gjennom rekkefølgjekrav. Skredfare er vurdert i to uavhengige rapportar, og etter råd frå NVE er verneskogsbeltet i vest lagt inn i planområdet. Bakgrunn for saka Detaljregulering for Djupetjønn hyttegrend (planid 201702) var til 1. gongs handsaming i planutvalet 26.06.2017 (sak 76/17). Ein syner til dette saksframlegget for å sjå forhistoria til planarbeidet. Etter opprettingar av plandokumenta i samsvar med vedtaket i planutvalet, vart saka sendt til offentleg ettersyn og høyring med frist for å kome med merknader 30.08.2017. I høyringsperioden var det også halde informasjonsmøte, og fristen vart forlenga til 07.09.17. Det kom inn 53 merknader. Gjennomgang av merknadene, samt ny gjennomgang av plandokumenta frå administrasjonen si side førte til mange mindre endringar i side 4 av 8
plandokumenta. Alle endringane vart gjort greie for og sendt på ny, avgrensa høyring til berørte partar og regionale myndigheiter, inkl NVE, der ein bad om særskilt vurdering av skredfare. Frist for å komme med tilbakemelding i den avgrensa høyringa var 1.04.2018. Det kom då inn 11 merknader (sjå meir under «vurderingar»). Planen opnar for ei betydeleg fortetting i Djupetjønn. Auke i nye hytteeiningar er 75, totalt er det no tillate 230 einingar i heile feltet. Av desse ligg 102 einingar i doble hytter. Fortettinga er lagt på restareal som ligg innimellom delfelta i dag, dels som fortetting/deling av enkelttomter, og også som nye delfelt, som ligg høgare opp i lia mot Hovdenut. Formelt grunnlag Plan- og bygningslova 12-10 12-12 Naturmangfaldlova 6 12 Kulturminnelova 8-9 Vurderingar og konsekvensar Planprosessen Forslag til detaljregulering vart fremma til 1. gongs handsaming i planutvalet 26.06.2017. Etter opprettingar i samsvar med vedtaket, vart plandokumenta lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i tida 04.07 07.09.2017. Det vart halde informasjonsmøte på Hovden grendehus den 21.08.17, der mange nytta høvet til å spørje og få gjennomgang av planen. I høyringsperioden var det sett ut stikk i terrenget som synte trasear for dei fleste nye vegane. Det har undervegs i planprosessen halde fleire møte med representantar for Djupetjønn Velforening, sjå planomtalen, kap. 5.1 om medverknad. I høyringa kom det inn 53 merknader. Innhaldet i desse er oppsummert i planomtalen, kap. 5.5, med rådmannen sine kommentarar. Kort kan ein seie at planen fekk få vesentlege merknader frå dei offentlege myndigheitene, mens mange av dei som i dag har fritidsbustad i området, var negative. Rådmannen syner til kommentarar til den enkelte merknaden i planomtalen. Vurderingane er samanfatta tematisk i nedanfor ståande. Etter høyringa vart det gjort mange mindre endringar i plandokumenta. Nokre av endringane var som følgje av innkomne merknader, mens andre var endringar som administrasjonen sjølve såg var ønskjelege/nødvendige. Endringane er gjort greie for i planomtalen, kap. 5.6. Det vart gjort nye vurderingar av kva endringane ville ha å seie for hovudrammene i planen, og kven som vart direkte råka av endringane. Nye plandokument vart derfor sendt ut på ei avgrensa høyring den 05.02.18 til offentlege styresmakter, og 08.03.18 til private partar, med kopi til Djupetjønn Velforening. Fristen for tilbakemelding var sett til 01.04.18. Det kom inn 11 merknader. Desse er oppsummert med rådmannens kommentarar i planomtalen, kap. 5.7. Etter siste avgrensa høyringa, vart det gjort opprettingar av teknisk karakter, samt ei lita retting, jf merknad nr 6. Følgjene av denne opprettinga er avklart direkte med grunneigarane. Plandokumenta (plankart, -føresegner og omtale) som vert lagt fram til politisk handsaming, er daterte 05.04.2018. Hovudgrepa Detaljreguleringa er i hovudsak i samsvar med overordna kommunedelplan for Hovden. Ein syner til mindre avvik, som er gjort greie for ved 1. gongs handsaminga. Eit viktig prinsipp om fortetting er vidareført med heimel i kommuneplanen og kommunedelplan for Hovden. side 5 av 8
Når det gjeld fortettinga, har det vore til dels sterke protestar frå mange av dei som i dag har hytte i området. Djupetjønn Velforening har i stor grad vore talerøyr for dei, og representert kontakten mot kommunen. Av merknadene frå dei private ser ein også at det kjem til uttrykk andre haldningar til fortettinga. Frå regionale styresmakter er det tydeleg uttrykt positive haldningar til fortettinga. Rådmannen har sjølve vore kritisk til ei så omfattande fortetting, særleg gjeld det tap av landskapskvalitetar og grøntdrag, samt trafikkavvikling, men har etter synfaringar og vidare arbeid med plandokumenta kome til at inngrepa vil vere akseptable, og at heilskapen i planen samla sett vil gje ein positiv samfunnsgevinst. Landskap, grønstruktur og turveg Det er laga illustrasjonsmodellar (3D) som syner korleis dei nye hyttefelta opp mot Hovdenut vert liggjande i landskapet. Terrenget her er bratt, og nye tiltak vil verte eksponerte mot aust. Det vil likevel ikkje vere tale om silhuettverknad, då bebyggelsen vil ha god «ryggdekking» i landskapet bakaføre. Det har kome inn mange merknader på at inngrepa vil verte store. Rådmannen har derfor redusert utnyttingsgraden (BYA) for dei hyttene som vert liggjande i bratt terreng (med hellingsgrad >1:4) med 30m2 for frittliggjande fritidsbustader, og 20m2 for konsentrert fritidsbusetnad ( 3.2.2 og 3.3.2). Det er også mange hytteeigarar som påpeiker tap av grøntområde mellom hyttene som ein kvalitet dei no mister. Dette kan seiast å vere fortettingas «pris». Rådmannen meiner at det likevel ligg att større og mindre område som kan nyttast til leik og aking. Tilgongen til oppkøyrt skilype i aust er sikra, og det same er den merka stien til Hovdenut. Tilhøvet til naturmangfaldlova Inngrepa som gjennomføringa av reguleringsplanen vil føre til, er vurdert i høve til 8-12 i naturmangfaldlova. I planarbeidet vart det ikkje gjort funn av sårbare eller truga artar, eller at naturtypa er særmerkt. I høyringa har det ikkje kome fram nye opplysningar eller påpeiking frå miljømyndigheita. Ein syner elles til planomtalen og saksframlegg ved første gongs handsaming. Aktsemdsplikta i naturmangfaldlova 6-7 er dermed oppfylt. Kulturminne Heile planområdet er undersøkt av arkeologar frå fylkeskommunen, sjå rapport 12.06.2017. På det grunnlaget vart det sett av eit større samanhengande område i nord som bandlagt område, der fleire automatisk freda kulturminne ligg samla. Spreidde funn av automatisk freda kulturminne er avmerkt med omsynssone på plankartet. Alle desse ligg i arealbruksformål grønstruktur. Andre registrerte freda kulturminne som ligg innimellom og i byggeområda, er frigjevne på vilkår av at eit utval av dei vert undersøkt arkeologisk (avmerkt på plankartet med stipla sirkel og #, dvs såkalla «bestemmelsesområde»). Riksantikvaren har sett krav om at det gjeld to jernframstillingsanlegg og seks kolgroper, men det er ikkje teken stilling til kva for objekt som vert velt ut for nærare undersøking. Arkeologisk utgraving er nedfelt i rekkefølgjeføresegna 10.8. Teknisk infrastruktur: veg, vatn og avløp Sidan høyinga er det innarbeidd rekkefølgjekrav som sikrar at det skal ligge føre godkjent teknisk plan før det vert gjeven rammeløyve eller løyve til nye tiltak, og likeeins at tekniske anlegg er ferdig opparbeidd for dei delområda som skal byggast ut ( 10.1 og 10.2). I side 6 av 8
området er det fleire private tilhøve som gjeld vegrett, vatn og avløpsnett. Rekkefølgjekrava i 10.6 og 10.7 skal sikre at det ligg føre signert avtale som sikrar tilgong til vatn, inkl tilstrekkeleg brannforsyning, avløp og veg fram til offentleg nett før det vert gitt løyve til nye tiltak. Det er også rekkefølgjekrav ( 10.3) om opparbeiding av gang- og sykkelveg til kommunal standard i forlenging av hovudvegen inne i området fram til Fjellparkvegen (o_sgs 1). Det har i høyringa kome fram uro for auka trafikkmengde på hovudvegen gjennom feltet. I reguleringsplanen er det sett av fleire nye lommer til møteplassar. Det er føresett at parking i hovudsak skal vere på eigen tomtegrunn, og det er lagt opp til at dei fleste kan opparbeide køyreveg fram til hytta. Rådmannen vil også peike på at det var eit viktig grep i planen å regulere den nye vegen som ligg oppe i lia mot Hovdenut som ein gjennomgåande veg med mating frå sør. Dermed vert størstedelen av den nye trafikken kanalisert ut av feltet utan å belaste eksisterande vegnett i stor grad, og også sikre framkomst for utrykkingskjøretøy. ROS skred Reguleringsplanen har gjennomgått risiko og sårbarheitsanalyse, som det vert kravd (sjå planomtalen). Det er gjort to uavhengige skredanalyser, og som følgje av det vart eit større område i vest lagt inn i planområdet for å sikre at området vert oppretthaldt som omsynssone skredfare. Etter høyringa vart planen og skredvurderingane sendt til NVE for særskilt vurdering. NVE påpeikte då at føresegnene burde omarbeidast med formål å hindre hogst og skogsvegar i området som er omfatta av omsynssona. Dette er no gjort, jf 8.2. Konsekvensar for folkehelse Området ligg i gangavstand til sentrum, skisenteret og andre aktivitetar. Kort veg ut til løyper og turvegnett. Bykle, Rådmann Vedlegg: 1 plankart 2 Føresegner 05.04.2018 3 Planomtale 05.04.18 4 Detaljregulering for Djupetjønn hyttegrend (planid 201702) - 1. gongs handsaming Detaljregulering for Djupetjønn hyttegrend, Hovden. Høyring og offentleg ettersyn Melding om vedtak blir sendt til: Alle parter, offentlege mynde, Djupetjønn Velforening side 7 av 8
side 8 av 8