REGULERINGSPLAN ENDRING HYTTEFELT HAMMARHAUG/HÅVIK Gnr. 157, bnr. 2 m.fl. KVINNHERAD KOMMUNE SKILDRING PROSJEKTADMINISTRASJON - TAKSERING - KVALITETSUTVIKLING - OPPLÆRING Postboks 103-5649 EIKELANDSOSEN, Tlf: 56 58 11 30, Fax: 56 58 11 99, E-mail: post@byggadmin.no 1
REGULERINGSPLAN ENDRING HYTTEFELT HAMMARHAUG/HÅVIK GNR. 157, BNR. 2 M. FL. Tiltakshavar: Heimelshavar: Formål: Hans Håvik Hans Håvik m/fl. 3 stk hyttetomtar som i opprinneleg plan låg på øvre sida av fylkesveg er flytta til nedsida, inn i eit område med 3 hytter og ein godkjent tomt. Planstatus: I gjeldande reguleringsplan, område for hytter og skog. Område der dei 3 tomtane er plassert, er i reguleringsplan frå 1976 merka skog. Oppstartmelding vart sendt frå oss i ekspedisjon av 07.07.2010. Forholdet til konsekvensutredning: I oppstartvedtaket av 04.03.2010 står: Planen skal behandlast i.h.t. PBL 12.3. I.h.t. PBL 4.1 skal det utarbeidast planprogram, den skal sendast ut til høyring og reguleringsplanen kan starta opp. Etter muntlege drøftingar med saksbehandlar hos fylkesmannen Miljøvernavdelinga, er det godtgjort av den gamle planen frå 1976 inneheld hyttetomtar med tilhøyrande areal rundt, i den gamle planen merka skog. Tomteflyttinga utløyser ikkje krav om konsekvensutredning. Vår utlysing i ekspedisjon av 07.07.2010 melder oppstart av ein ordinær reguleringsplan utan krav til konsekvensutredning. Til oppstartmeldinga er det kome inn desse merknadane: 1. Fylkesmannen, Miljøvernavdelinga. Planarbeidet ser ut til å vere i rimeleg samsvar med gjeldande planstatus for området. Føresett at dei tre tomtene vert lokalisert bak eksisterande hytter i høve til strandsona, ser ikkje planarbeidet ut til å vere i strid med nasjonale føringar for arealpolitikken. Ingen merknad bortsett frå generelle. Tiltakshavar: ok. 2. Statens Vegvesen. Ingen merknadar. Tiltakshavar: ok. 3. Fylkesmannen, Kultur og Idrett. Synfaring 09.09.10. Det er ikkje påvist automatisk freda kulturminne etter andre verneverdige kulturminne. Det er særs ynskjeleg at ein søkjer å la terrenget bestemma kvar hyttene skal liggja, og ikkje tilpassar terrenget til hyttene. Tiltakshavar: Ok. Til etterretning. 2
PLANEMNE 1. Landskap og estetikk Området er småkupert og skogkledd. Søre delen sør for hyttene er eit unikt strandområde med fine svaberg. Eit nes med mykje synleg fjell. Den austre delen av strandområdet har strand med fin rullestein av forskjellige størrelsar. Planområdet er den vestre delane av eit større hytteområde. Hyttene her er fint plassert i terrenget, godt skjerma frå sjøen av skogkledde flater. Området har ved fleire høve fått skryt for fint utvikla hytteområde. 2. Samfunnssikkerheit/ ROS Der er ingen elvar eller bekkar i området. Der er ingen teikn til rasfarlege område. NVE sitt aktsomhetskart viser ingen merknadar i området. Området har ingen byggverk til sjøen. 3. Barn og unge Området har mykje natur som friluftsområde. Strandområdet er unikt og gjev store muligheiter. 4. Universell utforming Her er utfordringar i tilhøve mellom god terrengtilpassing og universell utforming. For tomt 3 og bnr. 35 er universell utforming mulig. For tomt 1 og 2 vil vegen opp ikkje tilfredstilla standard krav til universell utforming. 5. Støy Der er ingen faste støykjelder i området. For tomt 1 og 2 kan trafikkstøy frå fylkesvegen bemerkast. 6. Strandsone Strandsona er unik, og må takast vare på slik ho er i dag. 7. Kulturminne Fylkeskommunen, Kultur og Idrett, har etter synfaring 09.09.2010 ikkje registrert freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne. 8. Energi Det er ikkje tiltenkt spesielle fellestiltak i feltet. 9. Naust og kaiar Det er ikkje planlagt nye naust og kaiar i området. 10. Trafikkteknikk/ sikkerheit Avkøyring frå fylkesvegen er ei eldre landbruksavkøyring tilpassa i godkjent plan. Frisikta frå avkøyring mot vest og ved avkøyring frå fylkesvegen, er ikkje perfekt. Å sprengja ned det høge fjellpartiet i innersvingen mot vest er i praksis økonomisk ulaseggjennomgjørlegførbart. Me fremjar denne planen utan rekkefølgjekrav. 3
Bilde nr. 1 Strandparti Bilde nr. 2 4
Bilde nr. 3 Bilde nr. 4 5
Eikelandsosen, 21.12.10 Harald Bjørndal 6