HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 200904562-2 Arkivnr. 135.3 Saksh. Monstad, Torill Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 18.06.2009 ENDRING AV OPPFINNARPRISEN I HORDALAND TIL PRIS FOR GOD NÆRINGSUTVIKLING SAMANDRAG Det har vore ei jamt dalande interesse for Oppfinnarprisen. I 2008 var det kun 5 personar som sendte inn søknad, og prisen vart heller ikkje delt ut. Dette gjer at det er tid for ei vurdering av Oppfinnarprisen. Fylkesrådmannen føreslår at ein endrar Oppfinnarprisen i Hordaland til Næringsutviklingsprisen i Hordaland. Dette gjev rom for å gje prisen til fleire ulike grupper, til dømes enkeltpersonar, verksemder, kommunar, regionråd, næringshagar, inkubatorar og andre organisasjonar. Samt at ein framleis set fokus på dei intensjonane som var utgangspunktet for Oppfinnarprisen; at prisen skal premiere og stimulere til kreativitet, nytenking og verdiskaping. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Oppfinnarprisen i Hordaland vert endra til Næringsutviklingsprisen i Hordaland frå og med 2009. 2. Fylkesrådmannen er sekretariat for Næringsutviklingsprisen i Hordaland. 3. Statuttar for Næringsutviklingsprisen i Hordaland vert vedtatt slik: 1. Næringsutviklingsprisen for Hordaland skal delast ut ein gong i året, på årets siste fylkesting. 2. Prisen skal vere til heider og stimulans for enkeltpersonar, verksemder, kommunar, regionråd, næringshagar, inkubatorar og andre organisasjonar som har gjort særskilte og vellukka tiltak knytt til næringsutvikling. 3. Ein jury skal vurdere innkomne forslag og har mynde til å tildele prisen. Juryen skal bestå av fylkesordføraren, som skal leie juryen, samt representantar frå Innovasjon Noreg, LO, NHO, KS, og FoU-miljøet v/høgskulen i Bergen - Senter for Nyskaping. Det bør vere god kjønnsbalanse i juryen. 4. Alle står fritt til å nominere kandidatar til prisen. Juryen kan òg vurdere andre kandidatar enn dei som er foreslått. Prisen skal kunngjerast i media med frist for å kome med forslag. Forslaga skal vere grunngjevne. 5. Vinnaren av prisen får eit diplom samt ein pengesum på kr 50.000.
Paul Nilsen Jan Per Styve 2
FYLKESRÅDMANNEN, 22.05.2009: Bakgrunn Fylkesutvalet gjorde i sak 294 i 1993 eit vedtak om å opprette Oppfinnarprisen i Hordaland. Saka dreidde seg opphavleg om finansiering av kr 100.000 til eit prøveprosjekt i regi av Oppfinnerforeningen i Bergen og Omland. Foreininga ville etablere ein modell for å få betre kommersiell utnytting av oppfinnarane sine idear, gjennom å få til eit betre samarbeid mellom oppfinnarar, eksisterande næringsliv og nyetablerarar. I løpet av møtet kom det følgjande forslag frå Hans Otto Robberstad: Med sikte på å stimulere til kreativitet og nytenking vil Hordaland fylkeskommune dele ut ein årleg oppfinnarpris på kr 30.000 frå og med 1993. Framlegg til statuttar vert utarbeidd av administrasjonen, gjerne i samråd med Oppfinnerforeningen i Bergen og Omland. Saka vart vedtatt med dette tilleggspunktet. I 1997 vart det i sak 48 lagt fram eit forslag for Komité for næring og utdanning der utvalet godkjende administrasjonen sitt skisserte opplegg for Oppfinnarprisen. I saka stod det at prisen hadde som formål å stimulere til auka kreativitet og nyskaping. Sjølv om prisen var på kun kr 30.000, så vart prisen opplevd som viktig. I tillegg til at juryen utpeikte ein vinnar, fekk to andre kandidatar heiderleg omtale, noko som hadde høg verdi i oppfinnarmiljøet. I 2002 vart det på ny lagt fram ei sak (104/02) om Oppfinnarprisen for både Komité for næring og utdanning og Fylkesutvalet. I denne saka kom det fram at det dei siste åra har talet på søkjarar til prisen gått ned, samt at kvaliteten på dei innkomne ideane har vorte lågare. I denne saka vart det vedtatt å auke prisen til kr 50.000, samt å auke krava til søkjarane og ideane. I desse nye vurderingskriteria til søkjarane vart det sett større fokus på søkjar si vilje og evne til å realisere ideen. Søknadsskjema og utlysingstekst skulle i større grad poengtera dette. Ideane skulle ha nyhendeverdi, vere funksjonelle, gjennomførbare/kommersialiserbare og ha eit marknadspotensiale. I retningslinjene til prisen vart det trekt fram at det skulle vere eit kommersialiserbart produkt, sannsynleg at produktet kunne bidra til å skapa nye arbeidsplassar, samt at det skulle vere ei kreativ/innovativ løysing som tilfredsstiller krava for å bli patentert. Oversikt over Oppfinnarprisen frå 1993 2008: Antal Årstal søkjarar/idear Vinnar Heiderleg omtale 1993 48 Herman Skjeldal 1994 52 Audun Haugs Stig Ove Bjørgum og Leif Stana 1995 65 Jon Lokøen Helge S. Hansen og Arent Wiken/Magnar Uthaug 1996 42 Leif Stana Einar Knutsen og Leif-Gunnar Opedal 1997 51 Sigve Framnes Johan Hartmann Sand og Leif-Gunnar Opedal 1998 21 Leif-Gunnar Opedal Einar Lid og Gjermund Skjæraasen 1999 46 Øystein Rong Johannes M. Tysse og Rune Anda 2000 22 Torbjørn Aasen Kjell Birkeland og Erling Våge 2001 50 Ingen utdeling 2002 32 Oscar Langeland 2003 Ole Gunnar Søviknes 2004 18 Ingen utdeling 2005 28 Egil Bru Overaa Tore Eide og Torbjørn Aasen 2006 11 Øyvind Kommedal m fl Torbjørn Aasen og Knut Inge Seim/Ronny Soberg 2007 17 Leif Stana, Odda Terje Kreybu og Ole Gunnar Søviknes 2008 5 Ingen utdeling 3
Som oversikta viser har det vore ei jamt dalande antal søkjarar/innsende idear til Oppfinnarprisen. Til tross av annonsering i dei fleste avisene i Hordaland og fleire medieoppslag var det i 2008 dårleg oppslutning om Oppfinnarprisen. Det var kun 5 personar som sendte inn søknad. Prisen vart heller ikkje delt ut då oppfinningane ikkje fylte kriteria. Det er heller ingen kvinner som har vunne prisen eller, så langt ein kan sjå, fått heiderleg omtale. Dette fører til eit behov for å sjå vurdere Oppfinnarprisen. Vurdering Det er ikkje heilt klårt kvifor det har vorte stadig færre som sender inn sine idear og oppfinningar til juryen. Det er òg eit stort tankekors at ingen kvinner har fått prisen eller heiderleg omtale. Poenget er at til trass for marknadsføring har ein sett ei dalande interesse for prisen. Men dette betyr ikkje at det er ei dalande interesse for nyskaping i Hordaland. Fylkesrådmannen har vurdert ulike alternativ, alt frå å avvikle Oppfinnarprisen, marknadsføre den meir, spisse Oppfinnarprisen meir til å inkludere kvinner og unge, samt å endre sjølve prisen. Dersom ein skal endre Oppfinnarprisen er det nyttig å sjå litt på kva andre prisar som finst i fylket vårt knytt til innovasjon, entreprenørskap, slik at den nye prisen ikkje overlappar ein eksisterande pris i Hordaland. Innovasjon Noreg deler årleg ut Bygdeutviklingsprisen. Bergen Teknologioverføring (BTO) delar årleg ut BTO-prisen til personar eller miljø som har vist stor kommersialiseringsevne i sitt arbeid ved forskingsmiljøa i Bergen. Ungt Entreprenørskap delar årleg ut fleire prisar til elev- og ungdomsbedrifter i ulike kategoriar, samt Beste Entreprenørskapsskule. NHO deler kvart år ut Partnarskapsprisen skule-bedrift, der formålet er å synliggjere godt arbeid mellom skule og arbeids- og næringslivet. Det er i tillegg enkelte kommunar som har eigne næringsprisar til verksemder som utmerkar seg positivt, som til dømes Masfjorden kommune. Dersom ein ser på våre nabofylke, så har Rogaland ingen prisar knytt til entreprenørskap og innovasjon, medan Sogn og Fjordane har ein Grunderpris for dei mellom 18-35 år. Dei har òg ein fylkespris til iderike bygder, som er meir knytt opp til livskraftige lokalsamfunn og samfunnsentreprenørskap. Møre og Romsdal fylke har to prisar; Årets Bedrift og Reiselivsprisen. Fylkesrådmannen vurderer det slik at det er svært verdifullt for Hordaland å ha ein pris for å synliggjere og heidre aktivitet som fører til verdiskaping og næringsutvikling. Difor ynskjer fylkesrådmannen å avvikle Oppfinnarprisen og erstatte den med ein Næringsutviklingspris. Dette gjev rom for å gje prisen til fleire, til dømes enkeltpersonar, verksemder, kommunar, regionråd, næringshagar, inkubatorar, og andre organisasjonar. Samt at ein kan sette fokus på dei same verdiane som var utgangspunktet for Oppfinnarprisen; at prisen skal premiere og stimulere til kreativitet, nytenking og verdiskaping. 4
Dette vil forhåpentlegvis òg føre til at fleire kvinner og ungdommar kan få prisen. Det er òg viktig for Hordaland fylkeskommune å ha ein pris der ein får synleggjort våre satsingsområde. Denne endringa vil heller ikkje konkurrere med andre prisar i fylket. Administrasjonen meiner vidare at det er viktig at det er ein jury som framleis skal avgjere kven som skal få prisen. Det er òg ynskjeleg at fylkesordføraren leiar juryen. Å ha ein slik jury gjev prisen meir legitimitet. Det er òg viktig at juryen er samansett av kvinner og menn frå ulike institusjonar. Prisen bør framleis verte delt ut på årets siste fylkesting av fylkesordføraren, for å sikre ein viktig arena for tildelinga. Det skal no vere ein vinnar, det vil seie at ordninga under Oppfinnarprisen med heiderleg omtale fell vekk. Statuttar for Næringsutviklingsprisen for Hordaland: 1. Næringsutviklingsprisen for Hordaland skal delast ut ein gong i året, på årets siste fylkesting. 2. Prisen skal vere til heider og stimulans for enkeltpersonar, verksemder, kommunar, regionråd, næringshagar, inkubatorar og andre organisasjonar som har gjort særskilte og vellukka tiltak knytt til næringsutvikling. 3. Ein jury skal vurdere innkomne forslag og har mynde til å tildele prisen. Juryen skal bestå av fylkesordføraren, som skal leie juryen, samt representantar frå Innovasjon Noreg, LO, NHO, KS, og FoU-miljøet v/høgskulen i Bergen - Senter for Nyskaping. Det bør vere god kjønnsbalanse i juryen. 4. Alle står fritt til å nominere kandidatar til prisen. Juryen kan òg vurdere andre kandidatar enn dei som er foreslått. Prisen skal kunngjerast i media med frist for å kome med forslag. Forslaga skal vere grunngjevne. 5. Vinnaren av prisen får eit diplom samt ein pengesum på kr 50.000. 5