MØTEBOK. Utval sak Utval Møtedato 77/17 Formannskapet Kommunestyret

Like dokumenter
Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 13:00

Budsjett 2018 Økonomiplan Fitjar kommune 20. desember 2017

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar Rådhus Dato: Tid: 13:00 15:05

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 15:00 19:20

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

Saksframlegg Valle kommune

Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 12:00 17:45

Wenche Tislevoll Dagfinn Brekke Grete Marit Veka Maraas Ordførar

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato:

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 13:00 15:15

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete Marit Veka Maraas Vigdis Røen Leirvik. Leiar Nestleiar

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Rådet for eldre og funksjonshemma

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Budsjett 2019 og økonomiplan

Budsjett 2019 Økonomiplan Fitjar kommune

Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Magny Lundeberg Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Saksnr. Utval Møtedato 174/17 Formannskapet Kommunestyret. Sakshandsamar: Anne Marie Mo Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr.

Oppmøte for omvisning på Fitjar bu- og behandlingssenter kl. 13:00. Utvalsmøtet vert sett på rådhuset etter omvisninga.

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

Behandling i Formannskapet den

Ordføraren bad om gruppemøte. Etter gruppemøtet vart det lagt fram 2 framlegg til vedtak. Administrasjonssjefen trekte sitt framlegg.

Forfall: Namn Funksjon Representerer Arne Prestbø Medlem H. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer Terje Træet Arne Prestbø H

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Fitjar kommune Møteprotokoll

Saksgang Møtedato Saknr 1 Formannskapet /17 2 Formannskapet /17 3 Kommunestyret

Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 15:00 17:30

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Wenche Tislevoll Ordførar H Arne Prestbø Medlem H Dagfinn Brekke Medlem KRF

Behandling i Formannskapet den NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ HØGRE, SENTERPARTIET, FRAMSTEGSPARTIET:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

Møteprotokoll for Formannskapet

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Møteprotokoll for Formannskapet

Saksnr. utval Utval Møtedato 040/18 Rådet for eldre og menneske med nedsett

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Inntekter. Utgifter. Saksprotokoll i Kommunestyret Vedtak:

ETNE KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Måndag 21. november 2016 blei det halde møte i Etne kontrollutval under leiing av utvalsleiar Ståle Tungesvik.

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 106/12. Tittel: :: Kommunale avgifter og betalingssatsar 2013 Arkivsak: 12/3133

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Saksgang Møtedato Saknr 1 Økonomiplanutvalet (Formannskapet) /16 2 Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /18 Kommunestyret /18

Offentleg møteprotokoll

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Budsjett 2017 Økonomiplan Kommunestyrevedtak 21. desember 2016

Oversyn over økonomiplanperioden

Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 16:10 18:15

Forfall: Namn Funksjon Representerer Dagfinn Brekke Medlem KRF

Forfall vert å melda til kundetorget på tlf , som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling.

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

Møteprotokoll for Formannskapet

Forfall: Namn Funksjon Representerer Bjørg Karin Tislevoll Medlem H

Møteprotokoll for Formannskapet

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Handlingsprogram og økonomiplan , budsjett 2017

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 021/16 Administrasjonsutvalet PS /16 Formannskapet PS Kommunestyret Arbeidsmiljøutvalet

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 15:00 19:30

Fitjar kommune Møteprotokoll

MØTEBOK - TITTELBLAD - Formannskapet

Transkript:

Fitjar kommune Arkivkode: 150 Saksmappe: 2017/557 Sakshandsamar: Trond Salmo Dato: 29.11.2017 MØTEBOK Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 Utval sak Utval Møtedato 77/17 Formannskapet 06.12.2017 Kommunestyret 20.12.2017 Vedlegg: 1) Budsjettavtale på Stortinget mellom H, Frp, V og Krf dagsett 22. november 2) Notat frå KS dagsett 24. november, m/vedlegg 3) Rådmannen sine innspel til budsjettet 4) Uttale frå Råd for funksjonshemma i Fitjar i høve budsjettforslag 2018, m/vedlegg 5) FAU Selevik skule: Innlegg til budsjett forslag for Fitjar Kommune 2018 og økonomiplan 2018-2021 frå FAU Selevik» dagsett 27. november 6) SU Øvrebygda skule: «Brev om budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 frå samarbeidsutvalet ved Øvrebygda skule» dagsett 22. november 7) Referat frå møte i samarbeidsutvalet/skulemiljøutvalet ved Rimbareid barne- og ungdomsskule den 14. november 8) Uttale frå Klubben ved Rimbareid skule november 2017 9) FAU Øvrebygda skule: «Innlegg til budsjett forslag for Fitjar Kommune 2018 og økonomiplan 2018-2021» dagsett 14. november 10) «Utgreiing av konkurranseutsetjing av reinhald førebels vurdering» 11) «Notat utgreiing av moglegheit til å redusere kostnader med fysioterapeuttenesta og erstatte den med ergoterapi» Utrykte vedlegg: 1) Sak 67/17 i formannskapet - Budsjett2018 og økonomiplan 2018 2021-15.11 2) Sak 107/17 i utval for plan og miljø Budsjett for plan og miljø 23.11 3) Sak 108/17 i utval for plan og miljø Sakshandsamingsgebyr 2018 23.11 4) Sak 109/17 i utval for plan og miljø Eigedomsavgifter 2018 23.11 5) Sak 51/17 i utval for oppvekst og omsorg Budsjett 2018 oppvekst og omsorg 28.11 Bakgrunn: Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2018 2021 vart presentert i formannskapet 31. oktober, og endeleg lagt fram i møtet 15. november. Formannskapet handsama budsjettet i møtet 15. november, og gjorde slikt vedtak: Budsjettet vert sendt utval for oppvekst og omsorg, utval for plan og miljø, eldreråd, ungdomsråd og råd for funksjonshemma for uttale. Formannskapet ber utvala drøfta omprioriteringar og tiltak som kan styrka drifta, særleg med tanke på balansen i langtidsplanen (forbetra resultat). Formannskapet skal også drøfta omprioriteringar og tiltak innafor eige budsjett. Ein ber administrasjonen ved plan og miljø om ei utgreiing av konkurranseutsetjing av m.a. reinhald. Ein ber administrasjonen ved oppvekst og omsorg om ei utgreiing av fysioterapitenesta for om mogeleg å ta ned kostnader, dette for å koma ned på KOSTRA-snittet i vår kommunegruppe. Også med tanke på krav om ergoterapeut frå 2020. Utval for plan og miljø handsama saka 23. november, og gjorde følgjande vedtak:

Utval for plan og miljø kan ikkje sjå at Fitjar kommune er stor nok til å få noko effekt av å privatisera reinhaldstenesta. Me vil heller oppmoda om å gjera vår eigen reinhaldsavdeling betre og gjera den konkurransedyktig for framtida. Utvalet vil gjera nødvendige grep innan sjølvkostområde. Utval for oppvekst og omsorg handsama saka 28. november og stemte over to framlegg, med slikt vedtak: Representanten Harald Rydland (KrF) kom med slikt framlegg på vegne av Krf, Sp og Ap. Denne uttalen har som utgangspunkt at inntektsnivået i budsjettet vert minst like høgt som i rådmannen sitt framlegg. Utvalet ynskjer at dei forholda som vert kommentert nedanfor får merksemd i det vidare arbeidet med budsjettet. Skule og oppvekst I rådmannen sitt framlegg er det føresett at det skal gjerast innsparing i skulebudsjettet frå hausten 2018. Innsparinga skal gjennomførast m.a. ved å flytta 7.-klassen frå Øvrebygda til Rimbareid, samt å ha berre ein andreklasse på Rimbareid. Utvalet meiner desse tiltaka ikkje bør iverksetjast i 2018-budsjettet. Kommunen har ein skulebruksplan som går ut 2018. Kommunestyret bør i løpet av 2018 fastsetja skulestrukturen for dei kommande åra gjennom ein ny skulebruksplan og leggja endringar som måtte komma av dette inn i budsjett og langtidsplan frå 2019 og framover. Stortinget kjem i statsbudsjettet til å fatta vedtak om ei ny norm for kor mange elevar/lærarar det skal vera i kvar klasse. Utvalet forventar at dette vert følgt opp med løyvingar som gjer kommunen i stand til å halda seg innafor norma. Helse og omsorg Utvalet vil peika på nokre forhold der ein bør sjå på evt. endringar i budsjettet for helse og omsorg. Rådmannen peikar på at Fitjar, i forhold til andre kommunar, brukar meir ressursar på fysioterapi. Utvalet ynskjer å få greie på om det er noko som tilseier at det må vera slik, eller om dette er eit område der kommunen kan gjera forsvarlege innsparingar. Økonomiske konsekvensar av å eigne tilsette fysioterapeutar i forhold til fysioterapeutar med driftstilskot må og greiast ut. Utvalet ser at det i 2017 er teke i bruk meir ressursar til administrasjon på helseområdet enn tidlegare, utan at kommunen si verksemd på dette området har fått større omfang. Prioritering av ressursar mellom administrasjon og direkte tjenesteyting er noko utvalet vil ha merksemd på i budsjettarbeidet. Det er komme uromeldingar for at heimetenestene i rådmannen sitt budsjettframlegg få reduksjon i bemanninga. Utvalet ynskjer at kommunestyret i det endelege budsjettet finn løysingar som gjer at ressursane i heimetenestene vert prioritert til dei områda der behovet er størst. Dersom det skulle komma til forhold som gjer at føresetnader for rådmannen sitt budsjett vert endra fram til kommunestyremøte i desember, vil medlemane i utvalet ta dette med seg i budsjettarbeidet etter kvart som det måtte verta kjent. Representanten Terje Træet (H) kom med slikt framlegg på vegne av H Høgre ønskjer ikkje å auka eigedomsskatten i Fitjar, men å holde den på dagens nivå Me ønskjer å sjå på skulebruksplanen tidleg i 2018 for å sjå på langsiktige innsparingar. Når det gjeld flytting av 7. klasse frå Øvrebygda til Rimbareid og å samla 2. klasse på Rimbareid til ei klasse vil me avventa dette til dei økonomiske konsekvensane er klarlagd.

Røysting: Framlegg frå Harald Rydland på vegne av Krf, Sp og Ap fekk 3 røyster. Framlegg frå Terje Træet på vegne av H fekk 2 røyster og fall. Vedtak: (3 (Krf, Sp og Ap) mot 2 H)) Denne uttalen har som utgangspunkt at inntektsnivået i budsjettet vert minst like høgt som i rådmannen sitt framlegg. Utvalet ynskjer at dei forholda som vert kommentert nedanfor får merksemd i det vidare arbeidet med budsjettet. Skule og oppvekst I rådmannen sitt framlegg er det føresett at det skal gjerast innsparing i skulebudsjettet frå hausten 2018. Innsparinga skal gjennomførast m.a. ved å flytta 7.-klassen frå Øvrebygda til Rimbareid, samt å ha berre ein andreklasse på Rimbareid. Utvalet meiner desse tiltaka ikkje bør iverksetjast i 2018-budsjettet. Kommunen har ein skulebruksplan som går ut 2018. Kommunestyret bør i løpet av 2018 fastsetja skulestrukturen for dei kommande åra gjennom ein ny skulebruksplan og leggja endringar som måtte komma av dette inn i budsjett og langtidsplan frå 2019 og framover. Stortinget kjem i statsbudsjettet til å fatta vedtak om ei ny norm for kor mange elevar/lærarar det skal vera i kvar klasse. Utvalet forventar at dette vert følgt opp med løyvingar som gjer kommunen i stand til å halda seg innafor norma. Helse og omsorg Utvalet vil peika på nokre forhold der ein bør sjå på evt. endringar i budsjettet for helse og omsorg. Rådmannen peikar på at Fitjar, i forhold til andre kommunar, brukar meir ressursar på fysioterapi. Utvalet ynskjer å få greie på om det er noko som tilseier at det må vera slik, eller om dette er eit område der kommunen kan gjera forsvarlege innsparingar. Økonomiske konsekvensar av å eigne tilsette fysioterapeutar i forhold til fysioterapeutar med driftstilskot må og greiast ut. Utvalet ser at det i 2017 er teke i bruk meir ressursar til administrasjon på helseområdet enn tidlegare, utan at kommunen si verksemd på dette området har fått større omfang. Prioritering av ressursar mellom administrasjon og direkte tjenesteyting er noko utvalet vil ha merksemd på i budsjettarbeidet. Det er komme uromeldingar for at heimetenestene i rådmannen sitt budsjettframlegg få reduksjon i bemanninga. Utvalet ynskjer at kommunestyret i det endelege budsjettet finn løysingar som gjer at ressursane i heimetenestene vert prioritert til dei områda der behovet er størst. Dersom det skulle komma til forhold som gjer at føresetnader for rådmannen sitt budsjett vert endra fram til kommunestyremøte i desember, vil medlemane i utvalet ta dette med seg i budsjettarbeidet etter kvart som det måtte verta kjent. Råd for funksjonshemma sin uttale er vedlagt. Eldrerådet skal ha møte 3. desember. Uttale vil bli lagt fram i møte. Undomsrådet skal ha møte i veke 49. Andre innkomne uttalar er vedlagt saka. Saksopplysingar: 22. november inngjekk H, Frp, V og Krf budsjettavtale på stortinget. Avtalen er presentert som ei opplisting av ei rekke punkt med endringar til statsbudsjettet (vedlagt). Bemanningsnorm i skulen var det omstridte punktet. Det er sagt lite om kva krav reforma stiller til kommunane, og finansiering av denne. Regjeringa skal utreie konsekvensar fram mot revidert nasjonalbudsjett i mai. Førebels er det ikkje lagt inn midlar til kommunane, men 200 mill. er lagt til kunnskapsdepartementet.

Kommunenes sentralforbund la fram eit notat om budsjettavtalen 24. november (vedlagt), der dei forsøker å fordela midlar til kvar einskild kommune ut frå tidlegare nytta kostnadsnøklar. Dei opplyser at denne fordelinga er usikker. Vidare handsaming av budsjettet i stortinget kan gje utdjupande informasjon om saker som er relevante for Fitjar sitt budsjett. Innstillinga frå finanskomiteen skal m.a. seia noko om kompensasjonsordning for bortfall av eigedomsskatt på produksjonsutstyr. Viktige datoar i stortinget sitt budsjettarbeid: Finanskomiteen (salderingsdebatt): Innstilling 30. november Handsaming 4. desember Dei ulike departementa handsamar deretter sine budsjett innanfor sine rammer. Kommunal- og forvaltningskomiteen: Innstilling 11. desember Handsaming 18. desember Utdannings- og forskningskomiteen: Innstilling 12. desember Handsaming 19. desember Rådmannen har utarbeida eit notat om ny informasjon som er komme til etter presentasjonen av hans framlegg (vedlegg). Presisering av premissar i Rådmannen sitt framlegg: Gebyr og avgifter: a. Ved utrekning av forskotsskatt og forskotstrekk for 2018 og likninga for 2017 nyttar ein følgjande satsar: Inntektsskatt for personlege skatteytarar følgjer høgaste sats, justert i høve Stortinget sine vedtak. b. Endringar i kommunale avgifter for vass, kloakk, brannsyn og feiing og tilsyn med fyringsanlegg går fram av eiga sak. c. Festeavgiftene på Fitjar kyrkjegard vert vedteke i samsvar med vedtak i Fitjar Kyrkjelege Fellesråd (ingen endring frå 2017): a. Festeavgift per år 200,- b. Reservering av grav 4 000,- c. Seremoni i kyrkja for utanbygds og ikkje-medlem 3 000,- d. Gravlegging utanbygds, kistegrav 7 000,- e. Gravlegging utanbygds, umegrav 3 000,- d. Administrasjonsavgiftene for festeavgifter i Fitjarstølane bustadfelt vert uendra i høve til 2017. e. Betaling for kommunal barnehage følgjer maksimalpris sett av staten. f. Betalingssats for SFO vert auka med 2,6 % i høve til 2017. g. Betalingssats for kulturskulen vert uendra i høve til 2016. h. Kjøp av mat frå sjukeheimen aukar om lag med 3,0 % i høve til 2017. i. Eigenbetaling for praktisk bistand og opplæring aukar om lag med 3,0 % i høve til 2017. j. Vederlag for opphald i institusjon vert fastsett på grunnlag av vedtekter fastsette av staten. Maksimal betalingssats i Fitjar bu- og behandlingssenter vert fastsett til kr 93 619,- per månad / kr 3.120,- per døgn. k. Sosialsatsane føl Statens sine satsar i 2018. l. Satsar for tilskot til ikkje-kommunale barnehagar vert: a. 187.204,- for små born med full plass b. 89.086,- for store born med full plass c. 2 214,- for små born for ekstra bemanning d. 1 230,- for store born for ekstra bemanning e. Dei nasjonale satsane for kapitaltilskot er i. Byggeår til og med 2009 kr 9 200,- ii. 2010-2012 kr 15 700,- iii. 2013-2015 kr 18 500,- iv. 2016-2018 kr 22 500,- Eigedomsskatt: I samsvar med eigedomsskattelova 3 og 4 vert følgjande nytta for skatteåret 2018: a. Kommunestyret skriv ut eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen

b. Eigedomsskattesatsen vert sett til 6 promille for verk og bruk og anna næringseigedom, 3,0 promille for andre faste eigedommar med bygningar og 0 promille for ubygde eigedomar. c. For bustaddel av eigedommar, inkludert fritidseigedommar, som ikkje nyttast til næringsverksemd gjeld eit botnfrådrag på kr 200.000,- av takstverdi. d. I samsvar med eigedomsskattelova 7a skal følgjande eigedommar ha fritak: I. Prestegarden (huset), FKIB AS, Havnahuset, Fitjartun, Hamn burettslag, Fitjar vidaregåande skule, bedehus, gamle skulehus (grendehus), Fjellheim Friluftsbarnehage, Bakken barnehage og Årskog barnehage. e. I samsvar med eigedomsskattelova 7b er bygning av historisk verdi definert som bygning registrert i SEFRAK gjeve fritak. Tidlegare gjevne fritak vert oppheva om eigedommen kjem inn under dette vedtaket. f. Bustadhus (ikkje hytter) som er inntil 5 år gamle, skal ha halv eigedomsskatt. For 2018 gjeld dette bustadar som er tatt i bruk 2013-2017. g. Eigedomsskatten skal for 2018 betalast i fire terminar. h. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter i Rammer for arbeidet med eigedomsskatt vedteke 19. desember 2012. Låneopptak: a. Det vert teke opp nye lån på inntil kr 29 020 000,- til investeringsføremål i 2018. Fond: a. Det vert vedteke å nytta følgjande fond til finansiering av driftsbudsjettet 2018: I. 100 000,- frå velferdsfond sjukeheimen II. 65 549,- frå museumsfondet III. 503 420,- til vassfondet (må avstemmast med eigen sak) IV. 369 577,- frå kloakkfondet (må avstemmast med eigen sak) V. 46 502,- frå vassdirektivet VI. 200 000,- frå fondsmidlar frå Bufdir b. Det vert vedteke å setja av følgjande til driftsfond i 2018: I. 93 148,- til fond for oppmåling c. Inntekter og kostnadar med renovasjon og slam vert ført mot renovasjons- og slamfondet i samsvar med oppgåver frå SIM. Driftstilskot Fitjar Kommune gjev driftstilskot til følgjande organisasjonar: a. Fitjar Kyrkjelege Fellesråd kr 2 460 000,- b. Andre livs- og trudomssamfunn kr 190 180,- c. Fitjar Frivilligsentral kr 637 000,- d. TV-aksjonen kr 7 000,- e. Norsk Landbruksrågiving kr 30 000,- Eining for Kultur får fullmakt til å disponera kr 82.700,- til tilskot lag og organisasjonar og tilskot fritid- og kulturaktivitetar (i tillegg til 47.500,- i faste tilskot til 17. mai, flagging og Polentur). Framlegg til vedtak/tilråding: Formannskapet rår kommunestyret til å vedta Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018 og økonomiplan 2018 2021, med følgjande endringar: Formannskapet legg framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2018 2021 på høyring i perioden 6. til 20. desember. Behandling i Formannskapet - 06.12.2017: Delt ut i møtet: Notat frå rådmannen: Finans og skatt Innlegg frå FAU ved Rimbareid barne- og ungdomsskule Innspel frå foreldra i 1a og 1b ved Rimbareid barne- og ungdomsskule Innspel frå elevrådet på mellomtrinnet ved Rimbareid barne- og ungdomsskule

Innspel frå Fitjar eldreråd Uttale frå foreldregruppa i 6b ved Rimbareid barne- og ungdomsskule Notat frå rektor ved Øvrebygda skule: Om mat & helse 6. klasse Øvrebygda skule Rådmann Atle Tornes orienterte om endringar av føresetnader i budsjettet etter sist møte. Formannskapet drøfta saka. Representanten Arne Prestbø (H) la på vegne av H og AP føre framlegg til endring av budsjettet, og kommenterte dette. Det vert ikkje lagt føre innspel til investeringsbudsjettet i denne omgang. Protokolltilførsel frå KRF: KrF legger ikke frem eget budsjettforslag i dag. Det hefter stor usikkerhet rundt innføring av lærernorm og de økonomiske konsekvensene av dette. Fitjar KrF vil frem mot kommunestyremøte 20. desember arbeide frem et budsjett som bl.a. forsøker å unngå sammenslåing av 2. klasse ved Rimbareid og flytting av 7. klasse fra Øvrebygda. Det vart røysta over rådmannen sitt framlegg til budsjett, med endringar frå H og AP. Framlegget fekk 4 røyster (H, AP og FRP) mot 1 røyst (KRF). Formannskapet legg framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2018 2021 på høyring i perioden 6. til 20. desember. Tilråding til kommunestyret: 4 røyster (H, AP og FRP) mot 1 røyst (KRF) Kommunestyret vedtar rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018 og økonomiplan 2018 2021, med følgjande endringar: BUDSJETT 2018 LANGTIDSBUDSJETT 2018 2019 2020 2021 Resultat rådmannens budsjett 1 435 842 2 722 225 2 144-3 393 246 766 965 Ikkje auke eigedomsskatten -1 000 000-1 000 000-2 000 000-2 000 000 Ikkje slå saman 2. klasse -265 000-663 000-663 000-663 000 Mat i politiske møter -15 000-15 000-15 000-15 000 Reiseliv - auke 5 kr. Pr. innb. -15 000-15 000-15 000-15 000 Auka kai-inntekt Aarskog - større aktivitet 140 000 140 000 140 000 Auka eigedomsskatt næring- auka aktivitet 300 000 300 000 Skulebruksplan 2018 - innsparingspotensiale ukjent 1 500 000 3 000 000 Sosialhjelp - berre auka til 600 000 200 000 Finans - bankavtale på anbud 200 000 200 000 200 000 200 000 Leige 1 ekstra sjukeheimsplass til Stord midt 2018 - midt 2019 500 000 450 000 Næringsarbeid - til 100 000 100 000 RÅDMANN NOTAT: Notat vedk. diverse budsjettforlik 163 000 163000 163 000 163 000

Eigedomsskatt nett - budsjettforlik 920 000 920 000 920 000 Tilskot private barnehager -80 000 Barnehageopptak Stord kommune -230 000 Vikarlege (rekruttering 2017) -210 000 Overlapp rådmann -103 000 Resultat etter endring 680 842 2 902 225 532 144-1 363 246 2 751 965 Atle Tornes Rådmann Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.