Austevoll kommune Søknad om oppstart av reguleringsplan Gnr 26, bnr 8 mfl Hille Oppdragsnr.: 5161992 Dokumentnr.: 1 Versjon: dato 10.08.16
Tiltakshaver: Grunneigar: Planlegger: Oppdragsleiar: Nils Magne Bakke Gnr 26 bnr 8 Nils Magne Bakke Norconsult AS, Valkendorfsgate 6, NO-5012 Bergen Fritjof Stangnes Versjon Dato Beskrivelse Utarbeidet Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeidet av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandler. Opphavsretten tilhører Norconsult. Dokumentet må bare benyttes til det formål som oppdragsavtalen beskriver, og må ikke kopieres eller gjøres tilgjengelig på annen måte eller i større utstrekning enn formålet tilsier. Side 2 av 19
Oppstart av planarbeid Det vert med dette fremma søknad om oppstart av reguleringsplan for gnr 26 bnr 8 m.fl på Hille. Vi syner til referat frå førehandskonferanse til oppstart av plansak med saksnummer 16/732. Planområdet er på ca 73 daa og ligg på Hille rundt Grunnavågen. Største delen av utbyggingsområda ligg nord for Grunnavågen. I kommuneplan for Austevoll 2012-2023 er området vist som byggeområde og LNF-område med omsynsone kode H 810_6 (gjennomføringssone etter pbl 11-8 e, krav om felles planlegging). Innafor området er det i kommuneplanen sett av areal til byggeområde for bustader, fritidsbustader, naust, næringsverksemd og småbåthamn. Formålet med reguleringa er å legge tilrette for bygging av ca 7 einebustader og eit mindre tal fritidsbustader og naust. Reguleringsplanen vil legge rammene for gjennomføring av utbygginga, og vil omfatte tilkopling til kommunal veg nord-aust for planområdet. Side 3 av 19
Planområde Forslag til planområde for reguleringsplanen er vist på kart under. Planområdet omfattar heile det området som er vist som areal for felles planlegging i kommuneplan for Austevoll 2011-2023, i tillegg vil ein ta med naudsynt areal for påkobling til offentleg veg frå bustadområdet (med siktliner), og ein vi ta med areal vist som bustadområde og fritidsbustader. Side 4 av 19
Tilhøve til kommuneplanen Det er samsvar mellom kommuneplanen og tiltaket når det gjeld føremål som ein ynskjer inn i planen, men tiltakshaver ynskjer ei endring av føremålsgrensene for byggeområda slik at dei ikkje lenger vert heilt samsvar med grensene for dei einskilde områda slik dei er vist i kommuneplanen. Det er forskjellige grunner for dette: Byggeområde for bustader I kommuneplanen er det vist byggeområde for bustader inne på dyrkamarka for garden bnr 8, og på halve gardstunet. Dette meiner tiltakshaver må vere ein feil i oppteikninga av den gamle kommuneplanen. Det har aldri vore aktuelt å bygge ned dyrkamarka på garden. Områda som har vore diskutert og fremma som areal for bustader ligg på fjellknaustane nord for garden. Reguleringsplanen vil legge opp til ein justering slik at dyrkamarka vert liggande som jordbruksområde, og knausane nord for gardstunet vil endre status frå LNF til bustadområde. Ein ser for seg at det vert 6-7 einebustader i området i tillegg til at bygninga på gnr 26 bnr 7 vil få ligge som gult område.. Reguleringsplanen vil gjere greie for denne endringa og også gje ei fagleg vurdering av dette. Dyrkamarka på høgre side av gardsvegen og driftsbygninga midt på bildet er vist som byggeområde for bustader i kommuneplanen. Side 5 av 19
Byggeområde for naust Kommuneplanen syner store areal for naust sør og vest for Grunnavågen. Tiltakshaver meiner at mykje av arealet der det er teikna inn naust ikkje er eigna for føremålet då det til dømes er bratte skrenter med 10-20 meter høgd rett i sjøen på deler av arealet. Det er og eit spesielt kulturlandskap på deler av arealet. Det er difor ynskje om å trekke ut ein del av naustområda frå sørsida av vågen og erstatte desse områda med mindre naustareal nord for vågen. Ein ser for seg tre fire naust sør for vågen. Reguleringsplanen vil gjere greie for denne endringa og også gje ei fagleg vurdering av dette. Fjellskrentane på sørsida av Grunnavågen er vist som framtidig areal for naust i kommuneplanen. Byggeområde for fritidsbustader Kommuneplanen syner ei avgrensing av arealet som ikkje heilt samsvarer med tomtegrensene for dei tomtene som er solgt som fritidsbustader. I reguleringsplanen vil ein sjå på om det er ynskjeleg å justere føremålsgrensa etter tomtegrensene, eller om det er gode grunnar til å halde føremålsgrensa slik den er vist i kommuneplanen. Side 6 av 19
Utsnitt frå kommuneplan for Austevoll 2012-2023 Side 7 av 19
Teiknforklaring kommuneplan for Austevoll 2012-2023 Side 8 av 19
Trong for konsekvensutgreiing Om det er trong for konsekvensutgreiing er diskutert med kommunens administrasjon på førehandskonferansen. Ein har i utgangspunktet meint at det ikkje er naudsynt med planprogram og konsekvensutgreiing då tiltaket i store trekk samsvarer med arealføremåla i kommuneplanen. Det vert utarbeidd ein enkel konsekvensvurdering som del av planskildringa. Konsekvensvurderinga i reguleringsplanen vil sjå på desse tilhøva: Landskap Naturmiljø Kulturmiljø Naturressurser (landbruk) Friluftsliv Side 9 av 19
Andre utgreiingar Som del av planarbeidet vert det utarbeidd utgreiingar slik lova gjev pålegg om: Naturmangfald (biologisk mangfald) ROS-analyse Ein vil og gjere utgreiingar og vurderingar i høve til Estetikk og byggeskikk Utbyggingsrekkefølge Strandsone Vassforsyning, avløpsanlegg Infrastruktur Leike og opphaldsareal Område for allmenta Trafikkplan/vegutforming Avkjørslar og kryss Trafikktryggleik Universell utforming Området er ikkje utsett for trafikkstøy, det vert her synt til støykart frå Statens vegvesen for gul sone, vist under. Side 10 av 19
Konsekvensutgreiing kommuneplanen I arbeidet med kommuneplanens arealdel 2012-2023 har det vert fremma ulike innspel til arealutnyttinga innafor planområdet. Desse innspela er drøfta av kommunen i samband med kommuneplanarbeidet. På dei neste sidene syner vi utdrag av konsekvensutgreiinga for merknadene som gjeld planområdet. Vi legg desse innspela og vurderingane til grunn i planarbeidet vidare. Side 11 av 19
Side 12 av 19
Side 13 av 19
Side 14 av 19
Side 15 av 19
Side 16 av 19
Side 17 av 19
Side 18 av 19
Side 19 av 19