Drenering
Viktige moment ved drenering: Hindre vatn å kome inn på teigen Få vatnet på teigen inn i dreneringssystemet. Infiltrasjonsevna må stå i forhold til nedbørsmengda! Tette jordarter og stor nedbør forutset at ein legg til rette for overflateavrenning. Mykje nedbør krev meir bruk av opne avløp. Ved større anlegg bør ein vurdera renseløysingar (rensepark) i tilknyting til dreneringa. Vatn har stor gravekraft! Vurdering av erosjonssikring er viktig.
2017 var våt! Nedbør April Mai Juni Juli August September Oktober Sum Etne 193 79 198 162 188 131 366 1238 Hjelmeland 168 111 261 190 225 173 356 1544 Særheim 98 82 82 146 163 169 197 1012 Landvik 67 61 118 100 125 291 346 1108 Dagar utan nedbør April Mai Juni Juli August September Oktober Sum Etne 7 14 7 8 5 14 5 64 Hjelmeland 8 14 3 7 3 14 5 55 Særheim 6 14 7 10 5 11 4 69 Landvik 17 16 11 11 12 9 10 86
Hindre vatn å koma inn på teigen Avskjeringsgrøfta er truleg den aller viktigaste grøfta! Avskjeringsgrøfta SKAL væra open. Ei lukka avskjeringsgrøft er inga avskjeringsgrøft. Lukkar vi denne, lagar vi bru for vatnet inn på teigen. Til nøds fylt med pukk, åkerstein eller grov singel. Grøftekantane må formast slik at vi ikkje får erosjon og utrasing. Vi tilrår sterkt å lage transportveg langs avskjeringsgrøfta, nedstraums. Lettar vedlikehaldet av grøfta. Transportveg for gjødsel og avling.
Sikring av kantane i opne kanalar er viktig!
Lage eit transportnett for vatn ut av teigen Nedgravne grøfter. Grøfteavstand. Røyrdiminsjon. Fall. Opne kanalar. Effektive. Krev jamnleg vedlikehald. Forme overflata på jordet, slik at vatn renn av (profilering). Krev gode entreprenørar. Passar ikkje alle stader/jordtypar. Nedgravne grøfter forutset jord med infiltrasjonsevne. Pakka jord (etter tunge maskiner, beiting på feil tid, m.m.) slepp ikkje vatn gjennom og nedgravne grøfter er bortkasta.
Nedgravne grøfter Grøfterøyr(sugegrøfter) Vi tilrår dobbeltvegga røyr, ikkje kveil. Mest vanleg er DV 110 mm. I fastmark med god botn kan DV 75 mm brukast. Grøfteavstand Sand/morene: 6-10 meter Silt: 6-8 meter Myr, leire: 4-6 meter Kostnad: ca. kr. 110,- meter. Fall: Helst 50 cm pr 100 m grøft. Aldri under 20 cm pr 100 m grøft.
Kapasitet på røyr Vi planlegg ut frå ei avrenning på 1,0 l/s pr. 10 dekar. DV 110 røyr (sugerøyr) har kapasitet til 40 daa v/ 5 fall. DV 160 røyr (samlerøyr) har kapasitet til 120 daa v/ 5 fall.
Steingrøfter Ved nydyrking vil 2-3 meter djupe, steinfylte grøfter gje gode og effektive grøfter, samstundes ein får gøymt bort dyrkingsstein. Bruk fiberduk over steingrøftene, så jorda ikkje forsvinn ned mellom steinen. Minst 35 cm, helst 50 80 cm jord over fiberduk! Foto: Magne Risanger
Filtermasse «Grøfting er eit drittarbeid. Ikkje spar på filtermassen så du slepp å gjera dette drittarbeidet på nytt!» Magne Risanger, bonde og entreprenør. Bruk gjerne meir enn dei tilrådde 1,5 m 3 /100 m grøft. Grov sagfils Godt filter, men kan være vanskeleg å få fatt i. Grøftegrus 2-8 Kanskje det beste filteret. Singel Vernar grøfterøyret, auka dreneringsarealet. Men filtrerar ikkje bort finstoff. Kutterflis Ofte for grov. Må liggje ute eit år før bruk (groing). Skjelsand Fører til jernutfelling og tett filter.
Rust Der rust er eit problem: Siste røyr før utløp utan slisser. Utløp nedsenka under vatn for å hindra luft inn i drensrøyret. Sagflis som filter ikkje skjelsand. Ikkje sugegrøfter i fiskebeinmønster mulighet for grøftesyling
Korleis kome til med spyleutstyr
Kum Kummar muliggjer inspeksjon og mulig for grøftespyling. Effektiv drenering av overflatevatn. Men kan gjere innhausting m.m. mindre rasjonell. Må lagast rett. Bruk av grusfilter kan væra eit alternativ i våte punkt.
Slik går det når det ikkje er tette koplingar!
Å få vatnet inn i grøftesystemet Alt for ofte ser vi grøfter som i og for seg ser OK ut, men der vatnet ikkje kjem fram til røyr og kanalar. Mange stader er jorda sørpeblaut i ploglaget, tørr og fin under. Pakking av jorda (for tungt utstyr) Øydelagd jordstruktur (jordabeiding) Tilslemming Tette jordarter og stor nedbør forutset at ein legg til rette for overflateavrenning.
Grusfilter varer ikkje evig! Dei vil etter nokre år gå tette i toppen, og må fornyast. I dammar og våte parti, lag grusfilter eller kum.
Kanalkanten Ofte ser vi vått parti nokre få meter innanfor kanal eller open grøft. Bruk planeringsskjer og dra massen lenger inn på teigen slik at det ikkje dannar seg voll mot kanal. Kanalkanten må reinskast med jamne mellomrom (NB! Kan stride mot kravet til kantsonevegetasjon).
Omgraving av myr Myr der vi har sand eller morene mindre enn 2 meter under torva kan omgraving væra eit godt og varig alternativ til vanleg grøfting. Omgraving bør kombinerast med profilering, slik at mesteparten av vatnet kan renne av på overflata. Omgraving i skrått terreng
Omgraving Store areal er omgrave på Haugalandet av entreprenør Jakob Blikra frå -80 talet og fram til i dag. Der det er sand eller silt i undergrunnen har dette fungert veldig bra. Der det er leire, meir problematisk. I tillegg til å auka bæreevna, og dermed gjera areala meir robust mot eit våtare klima, får vi konservert det organiske materialet og redusert utsleppet av klimagassar.
Tilskot til drenering (https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/om-tilskudd-til-drenering-av-jordbruksjord) Kr. 2.000,- pr dekar, Eller kr. 30,- pr meter grøft. Krav: Gjeld jordbruksareal som tidlegare er drenert. Søknad må bli godkjent av kommunen før arbeidet vert sett i gang. Søknad skal innehalde plan, kart og beskrivelse av tiltaket. Samt vurdering av dei miljømessige verknadane av tiltaket.
Dersom du vil lage plan og søknad sjølv: Forskrift om tilskudd til drenering : https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2013-06-25-769 Diverse skjemaer: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-ogokologisk/drenering/hvordan-soke/skjema Kart å planlegge på (NIBIO): https://kilden.nibio.no/?x=7334000.00&y=400000.00&zoom=0&lang=nb&to pic=arealinformasjon&bglayer=graatone_cache Fagstoff om drenering: https://hydroteknikk.nlr.no/