KVAM HERAD - BUDSJETT 2012 Framlegg til budsjett 2012/ økonomiplan 2012-2015 frå Kvam formannskap: Kvam heradsstyre vedtek følgjande: 1. Skatt på eige og inntekt Skatt på eige og inntekt vil verta utlikna med maksimalsatsane. 2. Skattemargin Avsetnad til skattemargin er 9 % 3. Eigedomsskatt 2012 a) Med heimel for utskriving i medhald av Eigedomsskattelova 2 og 3 skal eigedomsskatten i 2012 gjelda heile heradet. b) Eigedomsskattesatsen i 2012 vert 7,0 promille i samsvar med eigedomsskattelova 13. c) Differensiering: I medhald av eigedomsskattelova 12 a vert skattesatsen (skattøyre) for bustader og fritidshus sett til 2,5 promille. d) Botnfrådrag: Det vert ikkje gjeve botnfrådrag på bustaddelen i eigedomar/fritidseigedomar. e) Fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova 7 vert gjeve for eigedomar som fell inn under 7 a (Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten) og 7 b (bygning som har historisk verde). f) Nyoppført bygning som vert nytta til husvære vert etter søknad friteken for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova i 7 i 5 år frå den tida bygningen vart ferdig eller heradsstyret endrar eller opphevar fritaket. 4. Låneopptak Rådmannen får fullmakt til å inngå avtalar om opptak av nye obligasjonslån, sertifikatlån eller andre lån til finansiering av prosjekt etter kvart som dei vert vedtekne, samt å avtala nærare lånetidspunkt og lånevilkår, og underteikne lånekontraktar. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Husbanken om inntil 10,0 mill. kr. i lån til vidare utlån (Startlån). 5. Refinansiering Rådmannen får fullmakt til å inngå avtalar om refinansiering av eksisterande lån, til å inngå avtale om lånetidspunkt og lånevilkår, samt underteikne lånekontraktar. Refinansiering av eksisterande lån skal ikkje medføre endring i den reelle avdragsplanen. 6. Låneavdrag Det skal betalast 24,0 mill.kr i avdrag i 2012. 7. Trekkrett I følgje vedteken plasseringsstrategi for Kvam herad vert det vedteke oppretthalde trekkrett i kontosystemet til Kvam herad. Trekkretten for 2012 skal vera på inntil 40 mill.kr.
8. Godtgjersle til politikarar (jfr. Reglement for arbeidsvilkår) Ordføraren si godtgjersle for 2012 vert kr 735 000. Satsane for møtegodtgjersle til folkevalde vert ihht. Reglement for arbeidsvilkår som skal reviderast 2012 9. Delegeringsreglement Budsjettet for 2012 er definert gjennom obligatoriske hovudoversikter for drift og investering. Rådmannen får fullmakt til å fordela ramma i samsvar med underliggjande dokumentet og tabellar. Prosjekt vert vedtekne i særskilde tabellar. 10. Justering av prosjekt i tid. Rådmannen får fullmakt til å justera budsjetta for prosjekt i høve til endringar i tid. 11. Avgiftsbudsjett og gebyr Avgiftsbudsjett og kommunale gebyr vert vedteke i samsvar med føresetnader i eiga sak. 12. Satsar for økonomisk sosialhjelp Satsar for økonomisk sosialhjelp er i samsvar med statlege rettleiande retningslinjer for utmåling til livsopphald etter sosialtenestelova si 5-1 tredje ledd mv. 13. Driftsbudsjett i 2012-2015 Driftsbudsjettet vert vedteke i samsvar med tabellen nedanfor og underliggjande tabellar. (Mill kr.) Sjå side 45 46-47 14. Rammeområde. Budsjettet fordelt på rammeområde, jfr. Økonomireglementet for Kvam herad (1000 kr) sjå side 9 15. Investeringsbudsjettet for 2012-2015 Investeringsbudsjettet vert vedteke i samsvar med tabellen nedanfor og underliggjande tabellar. Mill. kr. Sjå side 48-49-50 Vidare hovudstrategi for Kvam herad med endringar skal innarbeidast i budsjett som fylgjer: Kvam herad skal i tillegg til lovpålagte oppgåver og servicetenester til innbyggjarane arbeida for vekst i folketalet, auka sysselsetjing og verdiskaping. For å auka interessa for Kvam herad som etableringsstad med bustadbygging og næringsverksemd, er arealdisponering og eit godt vegnett internt og ut av heradet viktig. Kvam heradstyre viser til auke i samla drift og lønskostnader i Kvam herad, som med tillegg av kapitalutgifter ikkje er i samsvar med inntektsutviklinga. Når ein korrigerer for investeringsprosjekt og VAR, viser det ein samla auke i behov for nye inntekter og reduserte kostnader i storleiken 13.5 mill. kr. i 2012. Kvam herad har vedteke ei målsetjing om å oppnå eit årleg netto driftsresultat på 3 % i økonomiplanperioden. Kvam heradstyre viser til vedteke budsjett for 2011. Slik det kjem fram frå rådmannen jamfør rapport for 3. kvartal, vert kravet til netto driftsresultat vesentleg redusert. Kvam heradsstyre ber rådmann og økonomiutvalet i året 2012 leggja særleg vekt på effektiv drift og organisering av heile verksemda, for å oppnå årleg netto driftsresultat på 3% i økonomiperioden 2012-2015.
Lånegjelda til Kvam herad er ved utgangen av 2011 ca. 616 mill. kr. Lånegjelda vil auka i 2012 til ca. 733 mill. kr. Med bakgrunn i den høge lånegjelda vil Kvam heradstyre oppretthalda investeringstopp for åra 2012-2013 som vedteke i HST sak 121/10. Målet er å redusera lånegjelda. Investeringsstoppen gjeld ikkje rådmann sitt forslag til investeringar i VAR område. Framtidige investeringsprosjekt som kan fremjast i perioden 2012-2013 må vera sjølvfinansierande med inntekter som dekkjer renter/avdrag og driftsutgifter med tiltaket. Investeringsplanen skal ta inn fylgjande postar: - Kvam heradsstyre ber rådmannen fremja ei sak vedrørande opprusting av skule i Ålvik innan sommaren 2012. - Erverving av grunn/opparbeiding av kommunal veg til Thon Hotel. Administrasjonen kjem tilbake med plan for finansiering. - Midlar til Sjusete skianlegg vert overført frå 2011 til 2012 (Diversekode: K106). Heilskapleg kvammaskule med felles styring og mål. Me ynskjer å styrkja tilpassa opplæring i ordinære klassar, for å redusera andelen elevar i spesialundervisning. Rådmannen skal utarbeida ein ny skulebruksplan for Kvam Herad. SFO: frå 01.08.2012 må det vere minst 10 barn i kvar avdeling. Rådmannen ser på alternative løysingar når det gjeld SFO om morgonen i avdelingar med under 10 born. Kvam heradsstyre vedtar tilsetjingstopp, men den tenesteytande produksjon vert skjerma i størst mogeleg grad. Rådmannen skal rapportere til økonomiutvalet på kvart møte. Kvam heradsstyre ber rådmannen setta i verk revisjon av serviceerklæringane. Det må også utarbeidast ein plan/revisjon vedrørande soneinndeling i helse og omsorg. Det er eit mål å arbeide for reduksjon og seinare fjerning av eigedomsskatt på bustad og fritidsbustader så snart økonomien tillet det. Kvam herad er i dag eit fleirkulturelt samfunn, som skal ha stort fokus på likestilling og integrering. Rådmannen fremjar plan til HST som gjeld integrering av barn av flyktningar og arbeids innvandrarar snarast. Kvam herad ser med gleda fram til at Hardanger kunstskule vert ein realitet og ønskjer å vera ein positiv støttespelar.
Budsjettframlegg 2012-2015 2012 2013 2014 2015 Definering av inntektsbehov: Netto driftsres. i rådmannens budsjettframlegg 6 100 (3 700) (3 600) (5 100) - - Korrigert netto driftsres. 6 100 (3 700) (3 600) (5 100) Endringsframlegg: Inntektsbehov/kutt i drift for å oppnå rådmannens budsjettframlegg 6 100 (3 700) (3 600) (5 100) Finansiering: Auke utbytte BKK 1 000 1 250 1 500 2 000 Reduksjon i drift / forbetra innkjøpsavtalar / kjøp av tjenester 1 000 1 500 1 500 1 500 Reduksjon i Helse og omsorg 2 500 2 000 2 000 2 000 Reduksjon i Skule 1 500 1 500 1 500 1 500 Reduksjon Barnehage 1 000 1 250 1 500 2 000 Reduksjon Sosialtjenester og NAV 500 500 500 500 Reduksjon i lønnsutgifter øvrige / Tilsetjingsstopp generelt 2 000 2 500 3 000 3 000 Reduksjon i Kulturelle skulesekk 250 250 250 250 Sum nye inntekter 9 750 10 750 11 750 12 750 Netto driftsresultat i fellesframlegget 15 850 7 050 8 150 7 650 Krav til netto driftsresultat (3 %) iflg budsjettvedtak 19 500 20 000 20 500 21 000 Differanse i høve kravet (3 650) (12 950) (12 350) (13 350) Saksordførar: Jostein Ljones, Sp