Side 1 av 7 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune Arkivsak : Arkivkode: 17/375 102 - Sakshandsamar: Steinar Dalland Handsamingar: Utvalsaknr. Utval Møtedato PS 65/17 FORMANNSKAPET 31.10.2017 PS 78/17 FORMANNSKAPET 14.11.2017 PS 82/17 FORMANNSKAPET 22.11.2017 BUDSJETT 2018 - ØKONOMIPLAN 2018-2021 Vedlegg: 1. Økonomiplan 2018 2021 2. Partbrev frå kontrollutvalet 3. Budsjettforslag frå kontrollutvalet 4. Søknad om Auke i tiltakspotten til samarbeidsrådet for Sunnhordland 5. Saksframlegg kykjeleg fellesård 6. Budsjettinnspel kyrkjeleg fellesråd 7. Langtidsbudsjett/investeringsbudsjett kyrkjeleg fellesråd 8. Søknad om støtte til Vinje-senteret 9. Budsjettinnspel Sunnhordland museum 2018 HANDSAMING I FORMANNSKAPET 14.11.2017: Ordføraren orienterte innleiingsvis om at det kan vera behov for å leggja inn eit ekstra møte i samband med budsjett for å gjera det formelle budsjettvedtaket. Aktuelle datoar kan vera 27. eller 28. november, eventuelt som eit kort ettermiddagsmøte. Under handsaming av budsjett vart administrasjonen beden om å gjera greie for følgjande tilhøve fram til møte 22. november: Drift: - Under ansvar for kyrkjeleg administrasjon o Kor store fond ligg i dag til område? o Vurdering av inntektsanslag i budsjettframlegget frå kyrkja. o Det er ønskjeleg at kyrkjeverje går gjennom dette i neste møte. - Under ansvar for kommunestyre, formannskap og nemnder o Kor mykje nyttar Tysnes kommune til tilsyn og kontroll samanlikna med andre kommunar det er naturleg å samanlikna seg med. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 53437020 5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks:
Side 2 av 7 o Det er ønskjeleg at det vert lagt fram statistikk på dette i neste møte. - Under ansvar for næringsutvikling og reiseliv: o Det er ønskjeleg at det vert utarbeidd ein oppdatert reiselivsstrategi og ein strategi for arbeid med næringsutvikling generelt. o Rådmannen vert saman med ordførar og varaordførar bedne om å vurdera eventuelt kjøp av tenester for å hjelpa til med eit slikt arbeid, slik at det kan innarbeidast i driftsbudsjett for 2018. - Under ansvar for barnehagar o Kva effektar kan me sjå av bruk av utebarnehage i høve til tenestekvalitet, avlastning på inneareal. Er dette vurdert som eit tilbod på Onarheim? o Det vert bede om ei nærare orientering frå barnehagerettleiar i neste møte. - Under ansvar fellestiltak skular o Det vart i møte uttrykt ønskje om at Tysnes kommune vurderer ei «innomhus» løysing for PPT si teneste i fortsetjinga. o Det vart i møte gjeve uttrykk for at det vil verta fremja ei eiga sak om PPT, men at det i budsjettet er føresett at løysinga i utgangspunktet må liggja innanfor dagens økonomiske rammer. - Under ansvar Helse og sosial o Formannskapet ber om at søknad frå Smiso ( senter mot incest og seksuelle overgrep Hordaland) vert lagt fram for vurdering i neste møte. - Under ansvar for Tysnes sjukeheim o Det vart i møte teke opp spørsmål om det er høve til å utvida talet på dagaktivitetsplasser for demente. o Helse- og sosialsjefen orienterte om at det er planlagt for 8 brukarar og at det ikkje er lagt inn bemanningsmessige føresetnader om å auka talet her. - Under ansvar edruskap og psykiatri o Det vart stilt spørsmål om det ikkje er lagt opp til aktivitet i høve til rus og psykiatri då det under ansvar synes å vera ei nedgang. o Rådmannen orienterte om at nedgangen er knytt til tilført tilskotsmidlar og at aktiviteten er noko større enn det som vart lagt til grunn i budsjett for 2017. - Under ansvar for bygg og eigedomsforvaltning o Det vart i møte bede om at kostnader til riving av tunet i framkant av omsorgssenteret vert avklara og at det vert gjor ei vurdering på innarbeiding i budsjett for 2018. Investering: - Under tiltak i eksisterande bygg og anlegg o Det vert bede om arkitektutgreiing av sjukeheim vert skyvd fram til 2018 slik at den kan gjennomførast om tilstandsrapporten gjev grunnlag for det. - Under tiltak i eigedom, bustad og næring o Det vart i møte orientert kort om arbeid med utbyggingsavtale for Krokjen- Lande. Det vart skissert eit investeringsbehov for 2018 tilsvarande 3,6 mill eks. mva i eksisterande infrastruktur. o Formannskapet ber om ei nærare orientering om dette før sitt møte 22. nov.
Side 3 av 7 - Under tiltak sal av eigedomar o Det vert bede om ei vurdering knytt til reduksjon av prisar då særskilt på tomter for fleirbrukshus på Kattaland. Ein reduksjon må gjerast slik at det ikkje øydelegg grunnlaget for private initiativ. o Rådmannen orienterte om ein slik reduksjon i pris neppe vil påverka budsjettet i 2018 negativt, men at det budsjettvedtak kan tingast ei slik utgreiing. HANDSAMING I FORMANNSKAPET 22.11.2017: Møte vart gjennomført ved at formannskapet gjekk gjennom samla budsjettinnstilling og at det vart oppsummert i eit samla framlegg som vart lagt til avrøysting. Driftsbudsjett 2018: Under ansvar 1100 kommunestyre, formannskap og nemnder: Økonomisjefen gjekk gjennom kommunen sine utgifter til tilsyn og kontroll per innbyggjar samanlikna med andre kommunar. Formannskapet konkluderte med at det er viktig at det vert gjennomført årlege revisjonar, dei ønskjer ikkje å redusera budsjett for 2018, men ønskjer at kontrollutvalet vuderer om forvaltningsrevisjonar kan gjennomførast til ein lågare pris om kvar einskilde revisjon vert sett ut på anbod. Under ansvar for næringsutvikling og reiseliv: Ordførar og rådmann har vurdert kjøp av tenester i samband med gjennomføring av ein strategi for næringsutvikling og turisme. Det er vurdert at dette må kunne løysast ved ei eventuell overføring av midlar frå konsulentkjøp plansakshandsaming til tilsvarande kjøp innan næringsutvikling. Under ansvar for kyrkjeleg administrasjon: Kyrkjeverje og leiar av kyrkjeleg fellesråd gjekk gjennom sitt innspel til budsjett. Dei understreka at det kan vera vanskeleg for dei å gjera langsiktige grep om kommunen pålegg dei å nytta fond for å løysa drifta. Rådmannen understreka at han meinte at inntekter i budsjettet er noko forsiktig og at det Formannskapet har forståing for dette og legg til grunn at ny stilling som organist kan føra til at overføringane over tid må justereast. Under fagområde for innkjøp, ført under ansvar for rådmannskontor: Det vart i møte drøfta kor store innsparingar det er mogleg å gjera på innkjøp, jamfør felles kurs for kommunestyre 14. november d.å. I formannskapet vart det lagt vekt på at ein ønskjer at moglege gevinstar vert synleggjort når det vert fremja ei sak knytt til revidering av innkjøpsreglementet. Under ansvar for barnehagar: Oppvekstsjefen orienterte i møte om reglar knytt til utebarnehagar, konklusjonen er at utebarnehage kan vera eit godt kvalitetstilbod i barnehagane utan at det gjev rom for å redusera inneareal. Formannskapet ønskjer at administrasjonen greier ut interesse og gjennomføring av ei friluftsgruppe ved Onarheim barnehage. Under ansvar for Helse- og sosial: Formannskapet merkjer seg søknad frå Smiso og ønskjer at saka vert handsama vidare av tenesteutvalet. Ei løyving må løysast innanfor den samla budsjettramma i dag.
Side 4 av 7 Formannskapet ber om at kostnader knytt til riving av tunet framfor omsorgssenteret vert utgreidd og at rådmannen før kommunestyre sitt endelege budsjettframlegg vurderer å saldera inn tiltaket. Investeringsplan: Under tiltak i eigedom, bustad og næring: I møte gjekk rådmannen gjekk rådmannen kort gjennom status med omsyn til å få på plass ein utbyggingsavtale op Krokjen Lande. Det vert i samband med utbygginga lagt opp til at kommunen tek deler av kostnad knytt til utviding av eksisterande vegnett inn mot utbyggingsområde. Utbyggjar må ta alle kostnader knytt til opparbeiding av ny infrastruktur. I budsjettsamanheng er det behov for å setja av kr. 3,9 mill. inklusiv mva i investeringsbudsjett for 2018. Formannskapet ønskjer at det vert utarbeidd ei gjennomgan av ulike bustadsosiale tiltak slik som til dømes «leige for eige». Målet er å aktivt medverka til å seinka terskelen for å etablera eigen bustad. I møte vart det teke opp manglande oppfylgjing av vilkår om vegutbetringar i byggjefelta på Hagareset og i Vågsmarka. Rådmannen vert beden om å følgja opp vegutbetringane som er lagt i dei aktuelle reguleringsplanane, i første omgang ved at det vert utarbeidd ei kostnadsvurdering. Under tiltak for park og leik: Formannskapet ser ikkje at det er rom for å prioritera tiltak i Peralio med kr. 300` og rår initiativtakar til å alternativt å søkja om anna finansiering. Det vert i samanheng med dette vist til at Tysnes kommune allereie har stetta prosjektet med kr. 150` tidlegare i år. Med bakgrunn i formannskapet sine drøftingar sette ordføraren sette fram slikt samla framlegg til budsjettvedtak: «1. Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2018-2021 med følgjande endringar: a. Kommunestyre vedtek ramme for tilsyn og kontroll i samsvar med framlegg frå kontrollutvalet. Kommunestyre ber og at forvaltningsrevisjonar for 2018 vert gjennomført og ber samstundes om at kontrollutvalet vurderer konkuranseutsetjing av den einskilde forvaltningsrevisjon. b. Kommunestyre ber om at reiselivsstrategien vert oppdatert og at også strategi for næringsutvikling vert innarbeidd. c. Kommunestyre er kjent med at budsjett for kyrkjeleg administrasjon, med styrking av stilling som organist, inneber ei varig auke i driftskostnader som må takast høgde for i framtidige budsjett.
Side 5 av 7 d. Kommunestyre ber om at moglege urealistere gevinstar ved anbodsutsetjing vert vurdert i samband med sak knytt til revidering av innkjøpsreglementet. e. Kommunestyre ber om at det vert utgreidd eit tilbod om eiga friluftsgruppe ved Onarheim barnehage. f. Arkitektutgreiing for eksisterande sjukeheim vert skyvd fram frå 2019 til 2018. g. Det vert sett av kr. 3,9 millionar til utbyggingsavtale/utbetring av Landevegen i 2018. h. Kommunestyre ber om at det vert utgreidd ulike bustadsosiale tiltak slik som til dømes «eige for leige» i 2018. i. Kommunestyre ber om at det vert utgreidd kostnader knytt il oppfølgjin av veg på Hagareseet og gangveg i Vågsmarka i samsvar med vedtekne reguleringsplanar for dei to aktuelle områda. 2. Skatteøre vert sett lik høgaste sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre. 3. I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 vert det vidareført i 2018 utskriving av eigedomsskatt på alle faste eigedomar i heile Tysnes kommune. Eigedomsskattesatsen er for 2018 på 3,8 promille. Det vert ikkje innført botnfrådrag for bustaddelen av eigedommar som ikkje vert nytta til næringsverksemd i 2018. I medhald av eigedomsskatteloven 7 bokstav b vert bygning som har historisk verdi fritatt for eigedomsskatt. Ny oppført bygning som heilt eller delvis vert brukt som bustad vert fritatt etter eigedomsskatteloven 7 bokstav c i 5 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Også tidlegare vedtekne fritak etter eigedomsskattelova 7 bokstav a vert vidareført. Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter og retningsliner. 4. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter i Tysnes kommunemed verknad frå 1. januar 2018 slik det går fram av følgjande vedlegg: a. Betalings- og husleigesatsar, opphaldsutgifter Helse- og sosial 2018 b. Betalingssatsar oppvekstsektoren 2018 c. Gebyr for områda teknisk drift, forvaltning vert justert i samsvar med premissa i budsjettnotatet. Gebyrregulativet vert handsama i eiga sak då det også er behov for noko justeringar av prinsipiell karakter. 5. Kommunestyre gjer vedtak om opptak av lån i samsvar med investeringsplan for 2018. Lån vert teke opp med 30 års nedbetalingstid.» Formannskapet slutta seg samrøystes til framlegget, det ligg då føre slikt samrøystes framlegg:
Side 6 av 7 FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 22.11.2017: 1. Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2018-2021 med følgjande endringar: a. Kommunestyre vedtek ramme for tilsyn og kontroll i samsvar med framlegg frå kontrollutvalet. Kommunestyre ber og at forvaltningsrevisjonar for 2018 vert gjennomført og ber samstundes om at kontrollutvalet vurderer konkuranseutsetjing av den einskilde forvaltningsrevisjon. b. Kommunestyr e ber om at reiselivsstrategien vert oppdatert og at også strategi for næringsutvikling vert innarbeidd. c. Kommunestyre er kjent med at budsjett for kyrkjeleg administrasjon, med styrking av stilling som organiset, inneber ei varig auke i driftskostnader som må takast høgde for i framtidige budsjett. d. Kommunestyre ber om at moglege urealistere gevinstar ved anbodsutsetjing vert vurdert i samband med sak knytt til revidering av innkjøpsreglementet. e. Kommunestyre ber om at det vert utgreidd eit tilbod om eiga friluftsgruppe ved Onarheim barnehage. f. Arkitektutgreiing for eksisterande sjukeheim vert skyvd fram frå 2019 til 2018. g. Det vert sett av kr. 3,9 millionar til utbyggingsavtale/utbetring av Landevegen i 2018. h. Kommunestyre ber om at det vert utgreidd ulike bustadsosiale tiltak slik som til dømes «eige for leige» i 2018. i. Kommunestyre ber om at det vert utgreidd kostnader knytt il oppfølgjin av veg på Hagareseet og gangveg i Vågsmarka i samsvar med vedtekne reguleringsplanar for dei to aktuelle områda. 2. Skatteøre vert sett lik høgaste sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre. 3. I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 vert det vidareført i 2018 utskriving av eigedomsskatt på alle faste eigedomar i heile Tysnes kommune. Eigedomsskattesatsen er for 2018 på 3,8 promille. Det vert ikkje innført botnfrådrag for bustaddelen av eigedommar som ikkje vert nytta til næringsverksemd i 2018. I medhald av eigedomsskatteloven 7 bokstav b vert bygning som har historisk verdi fritatt for eigedomsskatt. Ny oppført bygning som heilt eller delvis vert brukt som bustad vert fritatt etter eigedomsskatteloven 7 bokstav c i 5 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Også tidlegare vedtekne fritak etter eigedomsskattelova 7 bokstav a vert vidareført. Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter og retningsliner.
Side 7 av 7 4. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter i Tysnes kommunemed verknad frå 1. januar 2018 slik det går fram av følgjande vedlegg: a. Betalings- og husleigesatsar, opphaldsutgifter Helse- og sosial 2018 b. Betalingssatsar oppvekstsektoren 2018 c. Gebyr for områda teknisk drift, forvaltning vert justert i samsvar med premissa i budsjettnotatet. Gebyrregulativet vert handsama i eiga sak då det også er behov for noko justeringar av prinsipiell karakter. 5. Kommunestyre gjer vedtak om opptak av lån i samsvar med investeringsplan for 2018. Lån vert teke opp med 30 års nedbetalingstid.