Barnehagen som bibliotek: Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Barnehagen som bibliotek: Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage"

Transkript

1 Barnehagen som bibliotek: Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage Alle foto: Davik barnehage Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: Barnehagen ville utvikle seg til å bli ein barnehage med lesande og bokglade barn. Gjennom tidleg start, tettare samarbeid med folkebiblioteket, involvering av foreldra og medvite fokus på lesing og bøker i bruk, har dei vore med på å skape lesarhistorier hos dei yngste. Prosjektet har gjort personalet meir reflektert, og dei har tatt i bruk varierte formidlingsmetodar. Lesing er blitt ein like naturleg del av kvardagen som anna. Barnehagen har tatt initiativ til eit tettare samarbeid med folkebiblioteket, og saman har dei fått til jamlege besøk frå barnebibliotekar, bokkassar og garderobebibliotek i barnehagen. I tillegg har barnehagen: arrangert bokkafé med foreldre hatt tema om lesing på foreldremøte late store barn lese/fortelje ei bok til dei som er mindre hatt presentasjon av «mi favorittbok» kor barna tok med seg bøker heimanfrå skrive bok sjølv og skrive dikt i lag med 1. og 2.klasse jobba med dialogisk lesing, bokdramatisering, e-bøker og digital formidling hatt lesestunder ute i det fri Davik barnehage viser at med rett innsats kan bøker og lesing bli ein like sjøvsagt del av barnehagekvardagen som Lego og rolleleik. Lesing i barnehagen treng ikkje å vere vaksenstyrt, barnehagen melder at barna på eige initiativ finn fram bøker i frileiken sin.

2 Likeins kan bøker bli fullt integrert i det pedagogiske fokuset i barnehagen. Så og si alle tema som ein barnehage jobbar med, kan knytast opp mot bøker. Og bøkene kan brukast i mange ulike samanhengar, enten det er på do i forbindelse med pottetrening eller ute i skogen. I tillegg til språkstimulering og omgrepslæring kan bøker vere utgangspunkt for å lage teater, kostyme, figurar eller kunstutstilling for å nemne noko. Biletboka «Gruffalo» har blitt Davik barnehage «si» bok som dei har fordjupa seg i og jobba aktivt med. Ved å la små barn komme inn i eit bokunivers og la dei vere der over lang tid, - i sin kvardag, kan ein vere med på å forme lesarhistorier. Samarbeid med bibliotek er sentralt for at barnehagebarn skal få ta del i slike bokunivers. Dei gode erfaringane frå Davik barnehage er eit direkte resultat av samarbeidet med folkebiblioteket. Resultat av prosjektet: Bibliotekaren har utvikla litterære «program» med dramatisering, song og høgtlesing som kan brukast i andre barnehagar eller bibliotek. Biblioteket har gjort seg erfaringar med korleis ein kan etablere barnehagebibliotek. Dei har fått kunnskap om kva bøker som passar, høveleg utlånstid, slitasje, plassering, formidling av tilbodet m.m. Dette er kunnskap som kan formidlast vidare til bibliotek som ynskjer å etablere barnehagebibliotek. Biblioteket har fått auka kunnskap om målgruppa og kor viktig det er å nå dei aller yngste lesarane og foreldra deira. Biblioteket har gitt barnehagen den bokkunnskapen dei følte dei mangla. Kunnskap om og tilgang til eit mangfald av bøker gjer at barnehagen kan ta bøkene i bruk på nye måtar. I barnehagen har dei jobba med enkelte bøker over lang tid og på den måten late barna få vere i eit bokunivers i kvardagen, ei oppleving som kan vere med på å forme lesarhistorier. Personalet har blitt meir reflektert når det gjeld val av bøker og nyttar meir varierte formidlingsmetodar enn tidlegare. Det blir brukt meir tid på samtale med barna. Barnehagen er del av eit oppvekstsenter, og skulen og barnehagen er samlokaliserte. Tidleg innsats i barnehagen har gitt meir trykk på leseprosjekt i skulen for å følgje opp satsinga.

3 Pedagogisk leiar Astrid Olsbø ved Davik barnehage: Tidleg start om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid Målgruppe: Davik barnehage har ei avdeling med barn frå 1-5 år. Den eldste aldersgruppa, 3-5-åringane har deltatt i prosjektet. Bakgrunn: Vi vil at alle barn i barnehagen skal finne bøker : -som skaper interesse -som treffer deira utviklingsnivå -som er gjenkjennande -som viser veg til nye erfaringar/kunnskap Vi vil bidra til at alle skal bli glade i bøker! Barnehagen ligg langt frå nærmaste folkebibliotek, og er difor aldri på biblioteket. Barnehagen har ei lita boksamling som ein fornya med nokre få bøker kvart år. Mange barn var glade i å lese, men vi ynskte å inspirere alle barna i barnehagen til å bli glade i bøker. Det var eit ynske om å tilby barna meir variert og nyare barnelitteratur enn det vi hadde tilgang til. Vi ville bli ein barnehage med «lesande» barn. Gjennom prosjektet oppretta vi samarbeid med Bremanger folkebibliotek. Barne- og ungdomsbibliotekar Trond Strand kom til barnehagen 3-4 gongar pr. semester. Ved oppstart av prosjektet hadde vi informasjonsmøte med foreldregruppa. Her deltok forskarane Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Linhart frå OsloMet, Bente Lund frå fylkesbiblioteket og Trond Strand. For å auke interessa for lesing er det viktig med samarbeid med foreldre. Difor fekk vi laga eige bibliotek i garderoben. Her kunne foreldre og barn låne bøker med heim. Bøkene blir skifta ut når bibliotekaren kjem på besøk. Aktivitetar: Besøk av barnebibliotekar: Bibliotekaren viser fram og les høgt frå ei eller to bøker. Dei snakkar om boka før dei dramatiserer eller syng innhaldet. På førehand har bibliotekar bytta ut bøkene i samlinga til biblioteket. Nye bøker er lagde ned i bokkassa som har fått kallenamnet «bokbussen». Besøket avsluttast med at barna finn seg nye bøker frå «bokbussen».

4 Barnebibliotekar Trond Strand les høgt og syner fram boka med dokumentkamera. Og etterpå «leiker» dei boka i lag.

5 Etter leik og høgtlesing er det tid for å sjå på dei nye bøkene bibliotekaren har lagt i bokkassa. Kos med bok: Etter lunsj vart eit av leikeromma «stillerom». Her la vi til rette med stemningsfullt lys, madrassar, kosedyr, puter og bøker. Barna fekk kome stille inn i rommet, finne seg ei bok og lese sjølve. Dei kunne sjølve bestemme kor lenge dei ville vere i stillerommet. Alle måtte lese ei bok, etter det kunne dei gå ut, eller finne seg ei ny bok. Store les til små: Barna som deltok i prosjektet fekk i oppgåve å finne ei bok som passa til eit av dei minste barna. Dei fekk øve seg i å fortelje utifrå bilda, før dei henta barnet som dei skulle formidle boka til.

6 Etablere lese-/formidlingsplass i skogen: Å vere i naturen og lese bøker gav rom for spanande måtar å dramatisere innhaldet i bøkene på. Vi kjøpte òg felthandbøker som vart brukte både i skogen og i fjæra.

7 Bokkafè: I samband med utskifting av bøkene i biblioteket baka vi bollar og inviterte foreldra til ei kosestund med bøker, lesing og kaffi. Besøk frå Nynorsksenteret: Vi arrangerte foreldremøte der nynorsksenteret presenterte mykje god nynorsk barnelitteratur, og snakka med foreldra om kvifor det er viktig å lese til barna. Mi favorittbok: Som eit ledd i samarbeidet med heimen vart barna oppmoda om å ta med ei bok heimanfrå som dei likar spesielt godt og presentere den for dei andre barna. Verdens beste traktorbok: «Eg likar denne boka fordi eg likar traktorar.» Karius og Baktus: «Eg likar denne boka fordi eg likar Karius og Baktus. Eg syns alle sidene er fine.» Skrive bok sjølve: Barna fekk presentert eit bilde, og gjennom samtale og fantasering skreiv vi ei forteljing. Ein periode arbeidde vi med dikt og vi laga vår eiga diktsamling. Formidlingsmetodar: Personalet i barnehagen hadde ynske om å bli meir bevisst på å variere måten ein formidlar barnebøkene på. Vi valde å prøve ut dialogisk lesing som metode. Her fordjupar vi oss i ei bok over ein lang periode. Dette er ein metode der barna blir tekne aktivt med i lesinga gjennom spørsmål, gjenfortelling og samtale. Det blir lagt vekt på omgrepsinnlæring gjennom Gode ord.

8 Vi tok for oss biletboka Gruffalo av Julia Donaldson og Axel Scheffler, som fylkesbiblioteket hadde presentert på oppstartsmøtet. Bokomslag: Omnipax forlag I «Gruffaloskogen». Skiltet viser veg til slangen sitt hus. Dette er ei fortelling på rim om ei mus som unngår å bli eten opp av skogens rovdyr ved å dikte om sin farlige venn, Gruffalo. Når så Gruffalo plutseleg står føre musa, klar til å ete ho, klarar den snartenkte musa å lure han til å tru at musa er den farlegaste skapningen i heile skogen. Barnehagen har laga sin eigen Gruffalofigur og gjenskapt skogen og stadene frå boka i sitt eige nærmiljø. Her har dei også dramatisert innhaldet frå boka.

9 Resultat: Samarbeidet med biblioteket har gitt oss mange gode lesestunder. Fornyinga av bokutvalet har skapt ei levande boksamling, og formidlinga i barnehagen set alle stor pris på. Barna gler seg til alle besøk av bibliotekaren. Personalet har lært mykje av å vere med når han formidlar bøker gjennom lesing og leik. Vi ser eit stort engasjement i heile barnegruppa når det gjeld å lese bøker. Biblioteket i gangen er stadig i bruk i leiken. Barna lagar seg «hytter» under sofaen, bak skap, stolar og vogner. Her finn vi dei både åleine og saman med andre barn, med bøker i fanget. Kjekt å sjå at barna i større grad enn tidlegare vel lesing som aktivitet i frileiken. Vi vil fortsetje det gode arbeidet for at bøker og dagleg lesing skal vere like naturleg val som Lego og rolleleik. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå foreldra. Det har gjennom heile prosjektperioden vore godt frammøte på alle invitasjonar til bokkafé og andre møte. Vi har òg gode erfaringar med felles opplevingar for barn og foreldre med m.a. besøk av bibliotekar som formidlar på bokkafé. Måloppnåing: Vårt utgangspunkt var at vi skulle skape lesarhistorier gjennom samarbeid. Vi ser at vi er avhengig av samarbeid, både med foreldre og bibliotek. Personalet har gjennom denne perioden blitt meir reflektert når det gjeld val av bøker og brukar meir varierte formidlingsmetodar enn tidlegare. Det blir brukt meir tid på refleksjon og samtale med barna. Boka har fått ein ny plass i barnehagen. Vi har éi avdeling, men bokkasser på alle rom. Vi set av tid til lesing på vekeplanen og arbeider for at alle skal bli lest for kvar dag. Erfaringar andre kan ha nytte av: For å halde lesegløden oppe med så små barn, må ein ha eit nært samarbeid med foreldra. Difor er det lurt at biblioteket er plassert i garderoben, godt synleg og lett tilgjengeleg. Vi sender ut påminning om når Trond kjem med nye bøker. Vi har òg lagt vekt på at barna får møte ulike sjangrar innan barnelitteraturen. Skal ein lykkast i arbeidet med at alle barn skal bli glade i bøker, må heile personalgruppa vere engasjert og interessert. I tillegg til at bibliotekaren kjem på besøk etter fast plan, har vi hatt planfesta aktivitetar kvar månad som er med og minner personalet om å halde fokus på satsinga vår. Davik, januar 2018

Lesarhistoria. Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid

Lesarhistoria. Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid Lesarhistoria Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid Eit prosjektsamarbeid mellom HiOA, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Bremanger folkebibliotek og Davik barnehage Astrid Olsbø, Davik

Detaljer

Lesarhistoria ny veg til lesaren Presentasjonar av delprosjekta

Lesarhistoria ny veg til lesaren Presentasjonar av delprosjekta Lesarhistoria ny veg til lesaren 2015-2018 Presentasjonar av delprosjekta Utfyllande rapportar med biletmateriale vil bli lagde ut på heimesida til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: http://fylkesbiblioteket.sfj.no/lesarhistoria

Detaljer

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Lesarhistoria -ny veg til lesaren Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Kven er vi? Lesarhistoria Kverndokken den enkelte si historie som lesar ligg til grunn for vidare lesing. -interesser,

Detaljer

Trollnytt for januar og februar

Trollnytt for januar og februar He Trollnytt for januar og februar. Henry-førstehjelp for barnehagebarn er eit pedagogisk læringsopplegg utviklet for barn mellom 3-6 år. Målet er å lera dei eldste barna i barnehagen om førstehjelp. Henryførstehjelp

Detaljer

Brevskriving og dømmekraft: Flora folkebibliotek og Krokane skule

Brevskriving og dømmekraft: Flora folkebibliotek og Krokane skule Brevskriving og dømmekraft: Flora folkebibliotek og Krokane skule Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: Delprosjektet er integrert i Flora kommune sin årlege leseaksjon med mål om å vekkje leselyst. Skulebibliotekar/lærar

Detaljer

Månadsbrev for Februar

Månadsbrev for Februar Månadsbrev for Februar Februar månad er over, og me har fått opplevd mykje forskjellig. Me starta månaden med eit lite kunstprosjekt. Naturmateriale henta me på tur, og la til tørk. Me mala namnet vårt

Detaljer

Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Bibliotekar Eli Kjos-Wenjum viser fram brev ho har fått frå elevar ved Kaupanger skule. Foto: Sogndal bibliotek Sogn og Fjordane

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER Så er september over og vi er godt i gang med oktober. Det har gått veldig fint med oppstart av nytt barnehageår, barna viser trivsel og vi har det kjekt i lag. Vi har

Detaljer

Skjema for eigenvurdering

Skjema for eigenvurdering Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje

Detaljer

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage 2016-2017 Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage HØGTLESING SOM FOKUSOMRÅDE Bakgrunn for val av metoder: Lesing og samtalar rundt bøker har stor verdi for språkutviklinga til barn. For å lukkast

Detaljer

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år Storebjørn Året 2016-2017 Kva vi jobbar spesielt med i år September 2016 1 Innhald Satsingsområde 3 Hakkebakke skogen 3 Førebygge mobbing i Ågotnes barnehage 5 Fellessamlinger, 6 Gymsal, Barn sin medverknad

Detaljer

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: HEI, HEI! No er me komne godt i gong med kvardagen på Bikuben med rutinar, friluftsdagar, smøremat, kvilestund og små grupper. Me ser at gode daglege rutinar er med på å skape

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal

Detaljer

Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Foto: Sogndal bibliotek Foto: Kaupanger skule Kva gjorde vi: Biblioteket Brev til bibliotekar (interesser, favorittfilmar, bøker dei har lese ) Samtale med lærar (store

Detaljer

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Denne månaden har me jobba med tema tog. Me har lagt opp til varierte erfaringar for læring. Dei store har lekt med det fine toget dei har laga av banan-øskjer. Det

Detaljer

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016 KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016 Problemstilling: Kilden/kjernekomponentane Korleis kan arbeid med språk og samspel sikre fleirspråklege barn

Detaljer

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 1. Kommunikasjon, språk, tekst: Gjennom arbeid med dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barnet blir kjent med bøker, sanger, bilder m.m. (Rammeplanen).

Detaljer

«Kule krabatar leikar»

«Kule krabatar leikar» «Kule krabatar leikar» Eit leikeprogram som blir nytta i arbeid med psykisk helse i barnegruppa v/linda Midtun, Gamlestova barnehage - Side 1 - Kvifor står eg her - bhgkonf 2017 har fokus på implementering

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Sjangerkunnskap og myndiggjering

Sjangerkunnskap og myndiggjering Sjangerkunnskap og myndiggjering Gloppen folkebibliotek og Nordstranda skule Alle foto: Ann-Kristin Hovstad og Reidun Sandøy Os Sogn og Fjordane fylkesbibliotek om prosjektet Gloppen folkebibliotek ville

Detaljer

Språkstimulering i det fysiske miljøet

Språkstimulering i det fysiske miljøet Fokusområde 15 Språkstimulering i det fysiske miljøet Snøkrystallen Småbarnehage Avlevering februar 2018 Ein må gi rom så barna kan finne orda. Standar 1, med våre beste praksis. Skrift og symbol er synleg

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Me satsar på lesing! Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Anne-Cath Vestly 1 Lesing for livet

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre

Detaljer

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE BØ KOMMUNE SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE Folkestad og Bø Skule Gullbring barnehage Folkestad barnehage Veslekroa studentbarnehage Maurtuva barnehage Sandvoll barnehage Bøhamna

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal sikre progresjon, heilskap

Detaljer

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6 KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan

Detaljer

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar.

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar. NORSKPLAN FOR 2.KLASSE Veke Mål Metode Læremiddel Tips Vurdering 34 40 Leike, improvisere og eksperimentere med, - vite kva ei setning er - kunne ta bort første lyd og seie kva resten av ordet er - kunne

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

Foreldregruppe i barnehagen

Foreldregruppe i barnehagen Foreldregruppe i barnehagen Barnehagen - ein naturleg stad å ha fokus på læring og mestring. Janett Lillås Mathiassen Brukarrepresentant FOUSAM Foto: colourbox Anita Weltzien Dalaker Styrar Aksdal barnehage

Detaljer

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL

PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL PLAN FOR BRUK AV SKULEBIBLIOTEKA FOR BARNETRINNET I SULDAL SKULEBIBLIOTEK OG KUNNSKAPSLØFTET Alle barn og unge er sikra tilgjenge til bibliotek gjennom skulebiblioteka. Velfungerande skulebibliotek er

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med borna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marit Tiltak og arbeidsmetodar: Skape rom - som inspirerer og appellerer til borns utforsking

Detaljer

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Leseglede saman for betre lesing i alle fag Leseglede saman for betre lesing i alle fag Brandsøy skule (1 7 + barnehage) og Krokane skule (1 7), Flora, Sogn og Fjordane Av Mari-Anne Mørk Flora kommune ønskjer å nytte skulebiblioteka meir systematisk

Detaljer

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. BARNEHAGE: Helland barnehage AVDELING: Havhesten FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: KVALITETEN I HENTESITUASJONEN ER GOD NÅR DEN VAKSNE: Legg

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar

Detaljer

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. 26. 5. 2010 Bilde 1 Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. Sofus får vere med Marius nesten over alt Det er tidleg på dagen. Marius

Detaljer

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret Nynorsk lesefrø Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret Dagen i dag: Lesefrø kva er det? Litteratur som utgangspunkt for språkstimulering

Detaljer

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. Handlingsplan for biblioteket ved Sylte skule, perioden 2009-2010 Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. 1. Biblioteket skal vere ein viktig aktør når det gjeld å stimulere elevane til leselyst, og vere

Detaljer

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Utviklingsplan Gamlestova barnehage Utviklingsplan Gamlestova barnehage 2016-18 UTVIKLINGSPLAN GAMLESTOVA BARNEHAGE 2016-2018 Utviklingsområder 2016-18 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse / Sosial kompetanse Sosial kompetanse

Detaljer

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE 2012 13 SAMARBEIDSUTVALET Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valde av foreldre, 2 valde av

Detaljer

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt

Detaljer

Standera, teikn på kvalitet. Felles for alle barnehagane i kommunen. 1. Dialogisk lesing fremmer positiv interaksjon mellom barn og vaksne 2.

Standera, teikn på kvalitet. Felles for alle barnehagane i kommunen. 1. Dialogisk lesing fremmer positiv interaksjon mellom barn og vaksne 2. Dialogisk lesing Fokusområde 14, Avlevering januar 2017. Beste praksis ferdi innen veke 41. Samtaler personaler innen veke 42. Avklaring planleggingsdag i januar. Standera, teikn på kvalitet. Felles for

Detaljer

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19)

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19) Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #d4acbf19) Søknadssum: 540 000 Varighet: Treårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass og arena for offentlig samtale og debatt Biblioteket som læringsarena

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Heile året: Lærarstyrt Samtale Syngje Klippe, lime og teikne Skrive

Heile året: Lærarstyrt Samtale Syngje Klippe, lime og teikne Skrive Årsplan i norsk for 2.årssteg Kommentar til planen: Bibliotek: Elevane låner bøker dei les i på skulen. Lekser: Alle les høgt frå leseleksa si kvar dag til ein vaksen. Data: Årsteget disponerer «datarommet»

Detaljer

Heile året: Lærarstyrt Samtale Syngje Klippe, lime og teikne Skrive

Heile året: Lærarstyrt Samtale Syngje Klippe, lime og teikne Skrive Årsplan i norsk for 2.årssteg Kommentar til planen: Bibliotek: Årssteget disponerer biblioteket 1 time pr.veke. Elevane låner bøker dei les i på skulen. Vi tar og del i ulike lesekampanjer (lesekompis)

Detaljer

Årsmelding for Urhei barnehage

Årsmelding for Urhei barnehage Årsmelding for Urhei barnehage 2014 15 Målekartet byggjer på Prinsippa i «Balansen» og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og vaksenopplæring: Alle barn/elevar opplever kvar dag læring

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage. Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage. Tema: Inkluderande barnehagemiljø Leiar for kultur og oppvekst Gjermund Flage hadde eit innlegg om inkluderande barnehagemiljø og samarbeidet

Detaljer

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Lese snakke skrive OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Som tittel på sitt ressursprosjekt har Os barneskule i Hordaland valt Lese snakke skrive, der den sentrale tanken er at elevane må

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

ANSVAR OMSORG - GLEDE

ANSVAR OMSORG - GLEDE PEDAGOGISK PERIODEPLAN SKOGTROLLA Januar-Februar-Mars ANSVAR OMSORG - GLEDE Side 1 av 6 Innhald Viktige datoar / sangar og eventyr på avdelinga...3 Evaluering...4 1:0 Tema «kven er eg?»...4 1:1 hovudmål

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE 1.1 Føremål og mål Føremålet med denne planen er å sikre ein trygg overgang frå barnehage til skule for alle barn i Kviteseid

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Skulestart Repetisjon

Skulestart Repetisjon Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret 2014 2015 (Olweus) Revidert februar 2015 Planen inneheld 3 delar: Ein førebyggjande del (f eks øvingar frå Det er mitt val), ein handlande del (handsaming

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som bur i fosterheim år Til deg som bur i fosterheim 0-12 år VIKTIGE TELEFONNUMRE: Tilsynsførar: Saksbehandlar i barneverntenesta: Forord til dei vaksne Denne brosjyren er laga for barn i aldersgruppa 0 12 år som bur i fosterheim.

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE Tidlegdanning. - Å skape trygge bibliotekbrukarar Lesarhistorie - Nordstranda skule Korleis jobbe med Lesarhistorier i denne klassa? Ferske lesarar: - Lytte til elevane -

Detaljer

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR

Detaljer

Stedje barnehage særleg formål. Eit utviklingsarbeid barnehageåret 2011/12

Stedje barnehage særleg formål. Eit utviklingsarbeid barnehageåret 2011/12 Stedje barnehage særleg formål. Eit utviklingsarbeid barnehageåret 2011/12 Samfunnsmandat Frå særleg formål Stedje barnehage sitt mandat og oppdrag er forankra i Barnehagelova 1 Rammeplan - fagområde Etikk,

Detaljer

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016 Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016 Periode Fag Mål/innhald Arbeidsmåtar/ materiell August- veke 33-35 Bli kjende med kvarandre. Lære om bokstavane -s- og -i-. (Frå veke 35). Blyantgrep. Forme bokstavane

Detaljer

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 1. kommunikasjon, språk, tekst Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et

Detaljer

Månadsbrev Januar 2017

Månadsbrev Januar 2017 Månadsbrev Januar 2017 Godt nytt år alle saman! Endeleg er me komen godt i gong att etter flytting, jule- og nyttårs-feiring. Veke 2 kom me endeleg i gong med tilrettelagte aktivitetar. Ting tek litt tid

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på vandring til Sør-Odal (Kommentarane i nokre felt vert litt forkorta i dei tilfella mine notat fell saman med kommentarane frå fylkesbibliotekarane

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE Overordna mål for samarbeidsrutinane - Born og foreldre skal oppleve overgangen frå heim til barnehage som trygg og god - Borna skal oppleve

Detaljer

VURDERING AV PROSJEKT GRUFFALO

VURDERING AV PROSJEKT GRUFFALO VURDERING AV PROSJEKT GRUFFALO I januar og februar har vi hatt prosjekt om Gruffalo på Møllestua. Bakgrunnen for prosjektet er at vi har sett at barna har vist stor interesse for Gruffalo. Vi hadde som

Detaljer

Lesarhistoria ny veg til lesaren

Lesarhistoria ny veg til lesaren Lesarhistoria ny veg til lesaren Samarbeidsprosjekt mellom folkebibliotek, skule og barnehage 2014-2018 Begrepet leserhistorie brukes for å karakterisere mer enn en lesers kodekompetanse, leseflyt, leseforståelse

Detaljer

Halvårsplan, hausten 2011

Halvårsplan, hausten 2011 Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen

Detaljer

OsloMet storbyuniversitet Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Hernæs Linhart

OsloMet storbyuniversitet Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Hernæs Linhart OsloMet storbyuniversitet Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Hernæs Linhart Lesarhistoria ny veg til lesaren Prosjektet Lesarhistoria ny veg til lesaren tok til med eit forprosjekt i 2014 og vert avslutta

Detaljer

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. Ein vaksen møter barn og foreldre. Personalet opprettar kontakt med barnet. Utveksling av

Detaljer

LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal

LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE 2012 2014. V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal Barnehageloven 1 formål 3.ledd Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens

Detaljer

Å bli gamal i eigen heim

Å bli gamal i eigen heim Å bli gamal i eigen heim Eldre sitt syn på og erfaring med å bu i eigen bustad Master i Samhandling innan helse- og sosialtenester Heidi M. Starheim Avdelingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter Oppgåva

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Dei gode forteljingane

Dei gode forteljingane Utarbeidet av Småfolk barnehage, Etne PROSJEKTTITTEL «Dei gode forteljingane» FORANKRING I RAMMEPLANEN 2.5 Språkleg kompetanse Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Samhandling

Detaljer

Fear in a librarian s heart

Fear in a librarian s heart Fear in a librarian s heart Om formidlingssamtala i norske folkebibliotek Oppgåve Litteraturformidling HiO, 2011 Litteraturformidling Masteremne 15 stp HiO Kommunikasjon og formidling Kvalitet og vurdering

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

MÅNEDSPLAN FOR PYRAMIDEN PERIODEN 03.MARS T.O.M. 28.MARS

MÅNEDSPLAN FOR PYRAMIDEN PERIODEN 03.MARS T.O.M. 28.MARS MÅNEDSPLAN FOR PYRAMIDEN PERIODEN 03.MARS T.O.M. 28.MARS 2014 VÅR VERDEN PENTAGON 10 3 MARS Barnemøte! 4 MARS 5 MARS 6 MARS 7 MARS 11 10 MARS 11 MARS 12 MARS 13 MARS Vitenfabrikken 14 MARS 12 17 MARS 18

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Månedsbrev Bikuben mai 2016

Månedsbrev Bikuben mai 2016 Månedsbrev Bikuben mai 2016 I APRIL HAR ME HATT Fokus på språket som basiskompetanse i dagligdagen. Tarkus har vore ein populær person og verta kjent med, og han er vorte ein god venn for barna. Me har

Detaljer

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016 Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016 Torsdag 17 mars inviterer vi til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Vi inviterer entreprenørskapsungdom til å vise fram sine elevbedrifter, og

Detaljer

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra Språk stilmulering gjennom lesetrening: Språk prosjekt 2008-2009. Fokus på korleis barnehagen kunne

Detaljer

Internt i barnehagen har vi vært opptatt av følgende:

Internt i barnehagen har vi vært opptatt av følgende: Rapport om hvilke spor prosjektet GROMBA 2004-2007 (Gi rom for lesing i barnehagen) har etterlatt seg i Peterson barnehage. Det er sendt inn to rapporter til departementet i prosjektperioden. Denne rapporten

Detaljer

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar Gul gruppe månedsbrev for januar og februar I Januar har me hatt oss nokre snødagar. Me benytta snøen og aka i barnehagen og utfor barnehagen. Me har og hatt utelunsj med både pølsespidding, graut og skiver.

Detaljer